Sidan me budde eit godt stykke unna både barnehage og skulen og ikkje minst, byens sentrum, og mor mi ikkje køyrde bil, så var det å bruke sykkelen til transport eit opplagt valg.
Og nå som "stor jente" så eg er fortsatt glad i å sykle.
Denne gode følelsen av fart, og vind, landskapet som glir eller susar forbi, luktene og lydene undervegs, underlaget, beherskelsen av sykkelen, denne friheten av å kunne styre sykkelen kor hen eg vil, av rein spontanitet og muskelkraft, blir eg glad av.
Eg likar både landeveissykling og terrengsykling.
Med riktig utstyr (=beskyttelsesutstyr) kunne eg til og med tenkt meg å prøve downhill ein gong.
Men éin ting av gangen.
Kneet først, og IM 70.3 først.
På torsdagskvelden trengte eg å lufte hovudet mitt.
Etter to dagar med gruppeterapi ved DPS var det visst nokre brikkar som hadde falle på feil plass, så då passa det bra å riste dei laus igjen på sykkelen på grusunderlag, tenkte eg.
Dessutan innbiller eg meg at mange av dei negative tankar som til tider herjer i hovudet mitt, ikkje orkar å henge på i lange motbakkar.
Ein god plass for å lufte hovudet mitt. Negative tankar ligg igjen nede i Seljord. |
Det er ca. 284m høgdeforskjell over 1,5km og dette passar bra for ein kort sykkeløkt.
Underlaget er grus. Sidan vegen stoppar ved lysløypa, er det lite trafikk.
Sjølv om det er skog rundt, så får ein fin utsikt over Seljord og kringliggjande toppar undervegs.
Er ein heldig, og det er sol, så får ein nyte dei siste solstrålane på Raudkleiv også.
Motbakkesykling på grus. Det likar eg! |
Tørt og fint underlag, berre tre bilar, musikk i øyra, perfekt kledd i forhold til temperatur, pusten var god, beina sterke, rygg og nakke avslappa, det var fuglesong og blå himmel og litt skyer, det lukta vår og nesten litt sommar, HardRocx'en funka så bra som han alltid gjer.
Eg bruka ein halv time som eg har gjort før, og då eg kom fram til parkeringsplassen, kom sola med ei lita kveldshelsing fram rundt ei sky.
Sol, sykkel og musikk i øyra. Herleg :) |
Men slik adrenalin har eg så godt av, og det blei ein fartsfull og herleg sykkeløkt på ein liten time.
Eg elskar å sykle ned att bakkane som eg har sykla opp! |
Lukas venta heime mens eg var på sykkeltur. |
Kanskje var det fleire jenter på terrengsykkeltur denne dagen? |
Fin tur, fine bilder, utrulig sjarmerende Lucas. JEg er ikke så glad i sykling sannsynligvis fordi jeg har utrulig, gammel, tung og dårlig sykkel, men sønnen min er med i sykkelklubb (tereng sykling) og jeg må si at det frister når jeg ser ham eller leser om fine turer som din
SvarSlettTakk Ania!
SvarSlettJa det hjelpar virkeleg med fint landskap.
Eg tok og sykla ein time på rulle i gårkveld, det var langt ifrå så moro...
Terrengsykkelen min kjøpte eg på tilbud for 10år sida, og den er utruleg god.
Ikkje av dei lettaste, men den passar meg bra og funkar som den skal.
Fram til da hadde eg berre hatt brukte syklar som ikkje passa eller var dårleg.
Det er nok meir moro med ein sykkel som passar deg og som du likar godt.
Og sykling er fin restitusjon dagen etter lange løpeturar.
Kanskje du kan la deg inspirere til meir sykling i år?