Viser innlegg med etiketten self-made. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten self-made. Vis alle innlegg

27. august 2014

Livsteikn!

Jepp, eg finst fortsatt!
Kven skulle trudd det?
Etter ein slik tung sommar?
Kanskje er det på tide med ei lite livsteikn, tenkte eg meg i dag.
Stikke hovudet opp av sanden liksom?

I juli/august har eg nemleg stort sett vore i "survivalmodus" som eg kallar det.
Ta ein dag av gangen, prøv å sove, ete, gå tur med Lukas, ignorere dårlege tankar, søke hjelp om nødvendig.
Og det gjekk an.
Sliten og i survivalmodus, men det gjekk!
Éin ting var nå at eg ikkje kom meg til Haugesund og dermed gjekk glipp av ein gedigen triatlonfolkefest eg hadde gleda meg til lenge.
Men så skjedde det at fastlegen min sa opp stillinga si og skal flytte til Vestlandet.

DET var faktisk verre enn å måtte droppe turen til Haugesund!!
Fastlegen min som har vore god støtte og uunverleg hjelp for meg gjennom dei siste åtte åra, han har måtte seie opp stillinga si av samvittighetsgrunner. Til tross for at eg er utrøysteleg, så støttar eg han. Eg vil heller ha (hatt) ein lege som handlar i samsvar med sine etiske verdiar, enn ein som gjer som han får beskjed om utan sjølvintegritet.
Bildet er knabba frå Bø legesenter si side.
Sånn er det. Spelar ingen rolle når legen min blir borte nå allikevel :/
Eg skal ikkje gå meir inn på kva som førte til at han sa opp stillinga si, det blir politikk, og det gidd eg ikkje uttale meg om. Konsensus her er at det er tragisk at Bø i Telemark mistar to svært gode og godt likte legar gjennom mange år. På grunn av politisk tull. Men som sagt, nok om det.

Ein fin ting som har skjedd sidan sist, er at eg endeleg kom meg igjen på pilegrimstur!
Eg gjekk, som eg har gjort før, saman med ei gruppe frå Grungedal i Vest-Telemark til stavkyrkja i Røldal.
Ved foten av Hardangervidda, på Ålmannvegen mellom Vågsli og Ulevå
(grensa mellom Telemark og Hordaland).
Til fots.
Over fem dagar.
Det er ein del mil, dette!
Så kan hende det kjem nokre bilder av det her også etterkvart.

For ein annan god ting som har hendt sidan sist er, at eg endeleg har fått meg eit godt kamera igjen.
Hurraaaaa! :)
NIKON D5200 heiter vidunderet, og har blitt trufast turfølgje alt nå.
Hurrraaaaa! Endeleg eit godt kamera igjen! Det er nesten 10 år sida sist nemleg.
Eg har savna å kunne sjå gjennom søker. Manuell fokusering.
Heilt herleg!
Problemet utfordringa med å ha med eit godt kameraet på tur gjennom så mange mil i skog og mark er at eg knapt kan la vera å ta bilder, og når mange bilder blir bra, kva bilder skal eg da velge å vise?
Eg tok minst hundre-og-ørten bilder av myrull. 
Men det er eit luksusproblem, så det er berre bra det!

Så mange dagar med fjelluft har også ført til at eg har blitt utruleg inspirert og motivert til å gå meir i fjellet, så det har eg veldig lyst til å gjera i tida framover.
Eit moltebær, urørt av både pilegrimar og fotografen.
Og hausten er jo ei nydeleg årstid å gå i fjellet på!

Treningsmessig har det for det meste blitt styrketrening. Ein løpetur i ny og ne, men ærleg talt, det var meir morsamt å gå tur med kamera over skulderen enn med løpesko på beina.

Men ein sommar i "survivalmodus" har også ført til at eg har igjen fått kroniske muskelspenningar i overkroppen, og dette har ført til skuldersmerter og stiv muskulatur. Og ein tur til fysioterapeuten. Sjølv om eg ikkje kan tvinga fram avspenning, så kan eg framover hjelpe musklane å slappe av, strekke forsiktig, trene "snilt" og bevisst, og funskjonelt. Puste godt.

Eg har også overtatt ein morsam liten tradisjon etter kjæresten til broren min, som er ei super flott dame, oppvaksen i Sør-Tyskland og med å klatre rundt i Alpane. På kvelden etter lange klatreturar i fjellet, så sit ho og spikkar. Ho lagar "Kreisel":
Ein Bergkreisel, laga av fjellbørk på 831m.o.h.
Av meg.
Og den funkar også!
Og nå gjer eg det same.
Det er absolutt ikkje vanskeleg, og den største utfordringa her er nok å halde den skarpe kniveggen unna fingertuppane når ein spikkar!

Ellers står det eit nettbasert kurs i immunologi frå RICE University på timeplanen min.

Eg har nemleg enda ikkje gitt opp drømmen min om meir helsefagleg utdanning, og håpar at eg seinare, når NAV losnar grepet sitt, kan bruke denne kunnskapen eg har innan helse til noko fornuftig.

Så det er liv, og det bra, ikkje sant?

14. desember 2013

Brodder eller biller?

Ettersom det ikkje berre er snø som dalar ned frå himmelen for tida, men jaggu meg også regn og sludd (om enn lite) så merkar eg at ikkje lenger vil gå ut utan broddar. Med bratte 100m høgdeforskjell ned til sentrum, så gidd eg rett og slett ikkje å skli rundt som bambi på isen!
Eg brukar broddar.
Heilt vanlege.
Sånn til ein femtilapp. Dei fungerar veldig bra.

Men på løpetur så treng eg broddar som sit litt bedre på foten, og da har eg altså brukt broddar laga for løping, av Nordic Grip.
Dei har eg blogga om før her, i gamle bloggen min.
Eg er fortsatt fornøydd med dei.
Men at dei gjekk i stykke då eg skulle stramme dei på siste løpetur, er eg ikkje fornøydd med.
Korleis skal eg  fikse dei, tru?

Heldigvis har eg fortsatt mine "gå"broddar.
Dei er av typen 50kr på Rema og fungerar glimrande.
Så dei anbefalar eg på det sterkaste.
I praksisk er det ikkje stor forskjell mellom billige broddar og den dyre typen, trur eg.
Piggane er ganske like.
Dei stikk meir ut av gummien, så dei løsnar nok fortare enn på NordicGrip sine.

Gåbroddar av den typen har fire piggar framme og fire piggar bak, mens løpebroddane frå NORDIC GRIP har fem piggar framme og to piggar bak.
Bak på hælen hadde eg gjerne hatt fleire.
(Det går an å få tak i reservepiggar av akkurat denne typen - kanskje dét er ein mulighet?)
"WinterWise ® replacement studs"
Forskjellen mellom gå-og løpebroddar er bl.a. korleis dei blir festa på skoene.
Løpebroddar har gjerne reimer, og dei er heilt nødvendige for at broddane ikkje skal skli av under bruk.
Løpebroddar frå NORDIC Grip til venstre, vanlege gåbroddar til høgre.
Som ekte selfmadewoman skal eg nok få lage reimer til gåbroddane også.
Berre gje meg litt tid ;)
Sjølv om gåbroddane er enkle og solide, så gjekk også desse i stykke sist vinter.
Men det viste seg at det berre tok fem minutter å fikse dei:

Eg laga tre par hol med hulltang og trædde igjennom rundstrikk. Trur nok det er lurt med strikk, ellers ryk vel gummien igjen ganske fort viss ein brukar noko som ikkje elastisk.

På løping er det jo mange som brukar piggsko.
Det har eg ikkje prøvd, og grunnen til dette er at eg ikkje har funne piggsko som eg likar til ein god pris, og dessutan likar eg ikkje tanken på at eg ikkje kan "ta av" piggane når eg kjem på bar asfalt.
Men eg må innrømme at det fristar med sko frå Icebug, om det så berre er for å ha biller under føtane :D
Detail frå Icebug sine Anima2-BUGrip-sko.
Ein kan også lage seg piggsko sjølv, eller la dei bli pigga, anten av løplabbet, bildekkforhandlarar (har eg hørt) eller andre. Det kunne eg godt tenkt meg også, så eg undersøkte litt.
Det går an å bruke piggar som er laga for å pigge sko, ellers så kan ein også bruke skuer.
Det er visst ein bestemt type skruer som eignar seg best (pga av det kantete skruehode):

Dei har eg ikkje fått tak i hos lokale byggmaker, så det får vente til seinare.
Michelle, som løper i Alaska, bloggar om korleis ein gjer det heile:

How to Put Studs in Your Running Shoes


På min jakt etter brodder og piggar så snubla eg over forskjellige variantar og versjonar av broddar.
For eksempel desse her, som er tenkt til bruk i terrenget:
Broddar frå ICERS. Ein heil såle med gummiknottar med innfelte piggar, og festereimar på oversida.
Eit seriøst kanadisk firma som lagar desse. Dei har set med reservepiggar.
Så er det ein variant frå den kjente Yaktrax:
Pussig nok, så har desse aldri frista meg så veldig...men dei funkar kanskje?
Så er det ein morsam hybdrid frå ArtiMate, den får eit pluss pga fargeutvalget, og har ellers også mange forskjellige typar broddar:
Ser ut som broddane kan ramle av når som helst, men fargen er fin,
og ArtiMate tilbyr set med reservepiggar.
Så finst det entusiastar i Arizona, Kahtoola, som lagar skikkelege broddar, stegjern og truger:
Det er Kahtoola sine "Microspikes"
(korleis ser MAKRO-spikes ut, da, mon tru???).
Dei skulle eg gjerne prøvd ut!
NordicGrip har faktisk også denne varianten, dei kallar den "Monster Grip":
Monster Grip frå NORDICGRIP - ser jo akkurat ut som Kahtoola sine -
kven var først ute, tru? Eller er det akkurat same produkt?
Då eg først var inne på  Nordic Grip sine sider, fann eg også den "norske" varianten av brodde-sålen frå kanadiske ICERs. Kven var eigentleg først ute?
Dette er kraftige saker, "Extreme Grip" frå Nordic Grip.
Liknar VELDIG på ICERs sine.
Men får eit pluss pga den fine fargen.
Det ville vera best om det kom eit godt lag med bra snø, slik at isen blei dekka, og det ikkje var behov for verken piggar eller broddar. Med løpesko som har gode såler, så går det også fint an å løpe på snø utan broddar eller piggar, det har eg gjort gjennom mange vintrar.
Lukas har klør som fungerar utmerket som  broddar .
Han er heldig!
Me får håpe på ein fin isfri vinter!
(Og hugs: Det er ingen skam å bruke broddar!)

5. desember 2013

Å halde hodet kaldt - eller varmt

På min siste løpetur, sist fredag, så prøva eg å halde hodet kaldt.
Det funka ikkje.
Så då kan eg jo heller prøve å haldet hodet varmt.
Så nå har eg funne fram bilder av luer eg har laga.

Lett var det ikkje å bla gjennom hundrevis av bilder, men til slutt så fann eg i alle fall fleire fargevariantar av ein av yndlingsmodellane mine.

For moro skyld har eg kalla den "Equinox", noko som betyr at natt og dag er like lang, og dette skjer på haust- og vårjamndøger, altså rundt 20.marks og 22.september.
Det er nemleg rundt denne tid at lua eigner seg best til bruk - det er ei haust- og vårlue, rett og slett.

Luen er baggy i fasongen, og hekla med halvstavar.
Den sit godt inntil hodet, men utvidar seg etter bruk.
Garnet er frå Viking of Norway og heitar Bjørk. Det består av 90% bomull og 10% merino og er supermjuk mot huden. Til og med eg greiar å ha den rett på utan å klø!
Garnet er superwashbehandla, dvs at lua kan vaskast i maskin, med ullvaskemiddel på 40gradar (men utan skyllemiddel!). Det finst i mange fine fargar:

Den lilla farga lua er den første eg laga, og så laga ein blå variant:
Lua er kjempegod når det er er litt småkjøleg om hausten og våren, eller når ein er i aktivitet om vinteren.
Pga merinoulla i garnet held lua litt fuktighet unna (rein bomull ville suge til seg fukt og bli våt).
Det som er fint med baggy luer er at ein kan dra dei langt nedover ørene, eller lenger opp, alt ettersom om ein treng å halde hodet kaldt eller varmt ;)
Denne lua er min absolutt favoritt, men til vinterbruk er den kanskje litt tynn, så eg vurderar å lage ein variant som er fôra med fleece.
I stil med både sykkel og yndlingsbukse måtte eg lage meg ei lue i svart og oransj:
Sjølv om eg ikkje er så glad i svart og oransj, så er akkurat denne lua bitt den absolutte favoritten min.
Eg elskar den, rett og slett!
Lua falt viss i smak hos andre også, for plutseleg så fekk eg bestilling av heile tre luer via venner av meg.
Men eg er ganske treg til å lage luer på bestilling, så blir det salg av luer etterkvart, så blir det salg av eksisterande luer (og det finst det faktisk nokre av).
Enn så lenge kosar eg eg med å lage luer akkurat som det fallar meg inn - innfallsmetoden er nemleg ikkje berre nyttig i off-seasontrening, men også når det gjeld lueproduksjon!