Læringskurva mi om temaet er like bratt som stien opp til Skorve (fullstendig ubrukeleg samanlikning for alle som aldri har gått opp til Skorve, men - berre bytt ut "Skorve" med navnet på ein fjelltopp med den brattaste stien du veit om).
Altså - det er mykje å lære om plantar fascitt.
For å spare dikkøn der ute som ikkje orkar å lese om belastningsskadar, sjølv om det sikkert er nyttig å vite mykje for å forebygge slike skadar i framtida, så begynner eg alle desse innlegga med "Plantar fascitt" og så tittelen på temaet på innlegget.
På den måten er det berre å bla vidare for dikkøn som ikkje er interessert. Eg skal altså ikkje begynne med "snikundervisning" om eit tema som eigentleg burde fått etiketten "skrekk og gru", "løpernes mareritt" "plantar fa-skit" osv.
Dagens innlegg blir ikkje store greier, men eg blei inspirert til å avdekke ein stor myte om plantar fascitt:
Det er ingen betennelse!
I medisinen blir endinga -itt brukt på betennelsestilstander.
Men forskninga har vist at det er ingen teikn på betennelse i føtane til folk som er plaga av plantar fascitt. Sett bort frå akutt betennelse da, som er ein reaksjon på vevsskade. Men, det er ikkje kronisk betennelse i seg sjølv om er, eller er årsak til, plantar fascitt.
Blei du usikker nå?
Da kan du følge linken til ein artikkel som har tatt seg av denne forskninga ("Plantar fasciitis: a degenerative process (fasciosis) without inflammation" av Lemont H, Ammirati K.M og Usen N).
Berre klikk HER så kjem du til artikkelen i den store NCBI-databasen.
Faktum er at plantar fascitt er ein skade ("fragmentation and degeneration") som er oppstått pga overbelastning, og vevet i den plantare fascia (det sterke bandet under foten som dannar fotbuen, ikkje sant) er delvis skada/øydelagt/nedbrote. Og treng derfor ro og tid til å bygge seg opp igjen.
Så "enkelt" er det.
Dermed hjelper ikkje Ibux og andre NSAIDs (non-steroide anti-inflammatory drugs), sjølv om ein får lindring av smertane i føtane. Men, som det er med smertestillande, du fjernar symptom (=smerten) og ikkje årsaken.
Eg brukar mykje tid på å lese om plantar fascitt, men skal halde meg til forskningsbaserte artiklar, for det er veldig mykje rart av tips og råd der ute.
Eg er likevel fortsatt interessert i å høyre om andre sine erfaringar med plantar fascitt, så har du erfaringar, kom med dei!
Eg skal nok kome med mine.
I morgo for eksempel skal eg få hjelp til å lære meg å teipe.
Altså med slik kinesiotape.
For mekanisk støtte, om det nå dreier seg om skada sener, leddband eller bein, er viktig og bra for å gje dei skada strukturane ro til å lege seg.
Så det.
Ha ein fin skadefri sundag alle saman :)
















