Då var det på tide igjen med ei lita oppsummering av treninga mi frå den siste veka.
Eg blir littegrann usikker på om det eigentleg er bra å skrive ned desse oppsummeringane.
Det er jo slik at eg gang på gang blir påminna om at eg ikkje greier å gjennomføre det som eg tidlegare hadde ansett som realistisk å gjennomføre...
Hm, men tvil til side og ei rask og kort oppsummering, så får eg heller skynde meg og skrive eit blogginnlegg med fine bilder og positivt innhald etterpå:
Siste veke (14. - 20.mai 2012, 7 veker igjen til IM 70.3) var forslag til trening som følgjande:
Løpeøkt 1: 8km eller 45min RLT (Roleg LangTur),
(Løpeøkt 2: 30min)
Sykling økt1: 1time 45min RLT
(Sykling økt2: ein time veldig lett)
Styrke: ein time, heile kroppen
(styrkeøkt 2: lettare økt på 30min)
Så kva gjennomførte eg av dette?
Løping:
Motbakkeløp/bakkeintervall (1min løp-1min gange)x20 = 40min
"Roleg" løp på asfalt 40min (Lukas var med for første gong, og dagen etterpå var eg støl i venstre armen og ikkje i beina. Å løpe saman er noko eg og Lukas må lære oss litt bedre).
Sykling:
Motbakkesykling med tilsaman 45min motbakke, til saman litt over ein time.
Roleg restitusjonssykling på rulle 1 time
Styrke:
Ein heil time med variert styrketrening, med apparat. Moro!
Tur
Ingen torsdagstur pga 17.mai.
Ein god time skogstur med Lukas.
Fleire korte rusleturar med Lukas også, men stort sett lite tur denne veka.
Svømming
Det er Lukas som står for svømminga for tida.
Eg har lyst til å svømme, men får ikkje organisert meg til det.
Det blir styrketrening av svømmespesifikke musklar istadenfor.
Lukas er ein dyktig svømmer. Når vanntemperaturen har stige litt, skal eg nok bli med han uti. |
Den lange sykkelturen på 1t45min fekk eg rett og slett ikkje til.
Det frista ikkje. Siste delen av siste veka var eg stort sett sliten, deppa og tiltakslaus mresteparten av tida.
Og då er det ok med ein liten time motbakkesykling, men heile to timar nesten?
Det får eg ta sidan.
Eg har trent styrke siste veka, og det var utruleg bra.
Dessutan kjenner eg at kondisen blir bedre!
Motbakkeintervalla på måndagen førte til at eg for første gang i år havna på toppen av Hattefjell igjen, og det var såå moro!
Opplegget med grupperterapi på DPS er såpass tøft at eg kjenner at overskuddet til strukturert trening er vanskeleg å få. Eg har ofte rett og slett ikkje nerver igjen til å koma meg ut.
Men men, formkurva er stigande, og eg gir meg ikkje!
Oppsummering slutt.
(Det blei eigentleg ei ganske bra veke likevel, treningsmessig. Eg kjenner berre kor sjølvkritisk eg er, og at dei negative tankane ligg heile tida på lur for å tilintetgjera det som har vore bra. Antagelegvis er den fysiske formen min mykje bedre enn den psykiske formen. Men den den blir nok bedre igjen, den også).
Du hadde en jente før, det er noe annet å løpe med en guttehund. Jeg har faktisk klart å pådra meg en senebettenelse i høyre armen pga Felix. Første 4 km drar han frøm stopper hele tiden for å markere og etterpå må jeg dra ham og rope oppmuntrende hele tida. Han er nok ikke så god til å porsjonere krefter gir alt fra startetn av og blir fort Dau!!! Jeg løper nå bare opp til 10km med Felix og ikke intervaller eller tempoturer! Ellers synes jeg at selvom du ikke klarte programmet til punkt og prikke, så gjorde du masse denne uka.
SvarSlettTakk for gode og oppmuntrande ord, Ania!
SlettSenebetennelse av løpetur med hund?
Det kan eg virkeleg godt skjønne nå.
Då eg var på rusletur med Lukas i kveld, så drog han meg nedover bakken med full styrke, slik at eg måtte korrigere han heile tida, og på veg opp att, då me gjekk midt på vegen slik at han IKKJE skulle få snuse langs vegkanten, så hang han såååå etter, at ja, eg måtte oppmuntre han, for han er jo så tung å dra! :D
Men etterkvart så går det vel bedre, tenker eg.
Ja da, det gjekk jo eigentleg ganske greitt den siste veka med treninga.
Eg er berre litt for sliten til å sjå det.
Og så er eg jo så imponert over kor flink du er til å få til langturane dine!
Det skal eg jammen la meg inspirere av :)
synes du har trent bra jeg!! Og "det er bedre å gjøre noe annet enn det som står på planen enn ikke å gjøre noe som helst" (gammelt jungelord hehe). Flinke er du ;-)
SvarSlett