26. juli 2014

Er styrketreningskoden knekt?

Nå har eg tatt det ganske med ro når det gjeld trening dei sist vekene.
I alle fall når det gjeld kondistrening.
Eg har riktignok både svømt og løpt, men det har faktisk for det meste blitt styrketrening.
Og det er moro!

Jepp, riktig.
S t y r k e t r e n i n g !
Med tunge vekter.
Eg har unna meg eit månadskort på treningssenter og starta med trening same dag som eg fekk nøkkelkortet i handa.
Moro å trene på treningssenteret, spesielt når det er så god plass ;)
Nå gjeld det fortsatt det same styrketreningsprogrammet som eg starta i april-mai.
Det klassiske 5x5-programmet.
Veit du ikkje kva det er, les gjerne her om programmet, det er Bjørge Fagerli som beskriv det på fitnessbloggen.

I det store og heile handlar det om basisøvelsar som knebøy, markløft, benkpress, skulderpress og roing og chin-ups, som blir gjennomført på ein såkalla A- og B-dag, tre dagar i veka.

Sidan eg ikkje har trent med spesielt tunge vekter før, og slite skikkeleg med å motivere meg til regelmessig styrketrening, så har eg hatt utruleg stor framgang berre dei 2-3 månadene eg har halde på med programmet.
Kan kanske ikkje skryte på meg muskeltilvekst i armane, men sjekk nedre rygg da!
Markløft med over 40kg har satt sine spor!
Og det er der nøkkelen ligg, trur eg.
Det gir resultat, målbart!
Eg har blitt begeistra for dette enkle programmet.
Det er så få øvinga å lære seg, dei er effektive og gir resultat.
Bicepsen har fortsatt fiskebolleform, men dei har blittt sterkare!
skuldrene har i alle fall blitt sterkare og tydelegare!
At ein berre gjennomfører 5 repetisjonar fører til at ein unngår denne utmattelsen på siste rep, og eg synst at treninga er mindre slitsamt.
Samtidig så kan eg auke litt vekt for nesten kvar treningsøkt!
Og progresjon er jo moro!
Endeleg kan eg trene knebøy med større vekt. Det blei 30kg i går.
Det klassiske 5x5-programmet inneber tre dagar i veka, mens eg held meg til to dagar.
Det er nok fordi eg har lengre restitusjonstid.
Eg blir ikkje berre støl, men også fort sliten for tida.
Og ein bygger ikkje musklar og styrke ved å slite ut muskulaturen og ikkje gje den tid til å bygge seg opp!

Så eg gir meg sjølv god tid. To dagar mellom øktene er bra.
Bading er kjemperestitusjon!
Dessutan har eg for tida tilpassa programmet slik at eg har erstatta benkpress med skulderpress alle dagane, sidan eg har hatt så mange dagar mellom øktene, og da er det best å fokusere på enda færre øvingar.
Men snart skal det bli benkpress på meg også, det gledar eg meg faktisk til, for det er ei morsam øving. Og eg treng meir styrke i overkroppen!

Men eg må sei at eg er ganske fornøydd med å ha så god motivasjon for å trene styrke, og synst det er moro!
Kanskje har eg knekt koden?
Men korleis var koden da, tru?






17. juli 2014

Keep calm and go swimming

...and biking and running...

Etter det litt dystre forrige innlegg er det virkeleg på tide med litt blå himmel og solskinn.
Eg brukar fysisk aktivitet til det den er god for: avkobling, nedstressing, kvitte meg med frustrasjon, kome ut i frisk luft og nyte det fine landskapet her i Telemark.
Dette er for ein gong skyld ikkje Seljordsvatnet ;)
Nervene er dessverre fortsatt tynnslitne, det er ganske utruleg eigentleg kor lite eg toler av psykiske påkjenningar for tida. Støy, uregelmessighet på rekningar, viktiger beskjeder som eg skulle ha fått,  men ikkje får, osv, set meg heilt ut.

Fysisk derimot, er det heilt topp.
Eg har kanskje i utgangspunkt ikkje så voldsamt med energi, men når eg først set meg på sykkelsetet, ja da kan motbakkane berre koma!

Eg har ikkje fått "trent" så mykje dei siste dagane, men kome meg ut i vatnet, løpt og sykla litt. Akkurat slik det passar meg, og det er ganske bra.
Tysdagskveld fekk eg berre nok. Sliten og i ulaget, sint og fortvila og frustrert.
Så eg sat meg på sykkelen og sykla avgarde.
Sola var i ferd med å gå ned.
Eg rakk akkurat eit par solstrålar før dei forsvann bak Hattefjell og Skorve (Hattefjell er den vesle toppen til venstre, og Skorve den store på høgre på bildet).
Så eg stoppa sykkelturen, fann meg ei lita brygga og prøva å roa meg ned med lyd av bølgeskvulp og fjern måkeskrik (me er ikkje spesielt plaga av måker her. Det er ein liten gjeng her, men den held seg ut på vatnet).

Eg kjente på vatnet.
Det var såå varmt!
Eg hadde ikkje med svømmebriller eller -hette eller handkle, men dette var for bra. Så eg kom meg uti vatn iført sportsBH og triatlonbukse.
Og det var HEILT NYDELEG å svømme utan våtdrakt! Det er så godt å kjenne vatnet rundt på kroppen, synst eg.
Eg får veldig lyst til å bli vant til å svømme utan våtdrakt, og kanskje med todelt svømmetøy, slik at vatnet kjennest enda bedre...

I går kom "krisen" tidleg på dagen, og alt før eg var ferdig med frukosten. Før første kaffekoppen (men da er ein jo veldig sårbar, ikkje sant. Altså hallo, eg meiner FØR kaffen??), så kjente eg at eg måtte koma meg ut. Før lunsj helst. FØR eg blei eit nervevrak.
Så eg satte meg på sykkelen.
Avgarde.
Fort.
Eg sykla til Kviteseid.
Kviteseit sentrum, nærmare sagt. Det ligg 17km frå Seljord, inkl. ca 400m stigning. Ein fin lang bakke å sykle på.


I sentrum i Kviteseid er det fint. Mange kvitmåla hus, brygge der kanalbåtane legg til, turistar som kosar seg med niste og is...
Eg sat meg på ein benk saman med to "langdistansesyklistar" dvs, eit ektepar frå Nederland som hadde sykla hit heilt frå Kjøbenhavn. Dei meinte at den lange bakken frå Seljord hit hadde fin stigning, jamn og fin.
Sprekingar, og dei var nok mellom 60 og 70år gamle, og kosa seg på sykkeltur!
Flytebrygge, varmt solskinn og bølgeskvulp. Nydeleg!
Då nederlendarane hadde kome seg vidare, sat eg meg ned på brygga.
Det var nydeleg vêr, det blåste kraftig, men likevel, det var ganske varmt. Eg kjenner at eg hentar masse energi av bølgeskvulp og vatn, så å sitte på ei gyngande flytebrygge er balsam for sjela!
Søvndyssande var det. Herleg.
Inspirert av desse to spreke syklistar tok eg sykkelen og sykla vidare eit stykke, retning Vrådal. Her er det småkupert, men landskapet er så fint at det ikkje blir så tungt å sykle eigentleg.
Det er jo nydeleg i Vest-Telemark!
Dette er Kviteseidvatnet, mellom Kviteseid og Vrådal. 
Sjølv om vanntemperaturen i sentrum var aldeles nydeleg, og det til og med var stupetårn på flytebrygga, så ville eg heller finne meg ein strand for å bade.
Og den fann eg.
På andre sida av Kviteseidbrui.
Det er jo så sjarmerande med skilt på dialekt. "Brui" liksom. Søtt :)
For ein fin strand eg fann meg. Klart vatn, familiar med små og store barn, og god plass til å brette ut det "innbilte" handkleet mitt. Triatletar skiftar jo fortast mogleg frå svømming til sykling, så handkle treng me ikkje!
I Kviteseidvatnet er det ein heilt annan farge enn i Seljordsvatnet.
Meir turkisgrønt enn honningfarga.
Her var vatnet kaldare enn i sentrum.
Og ei ung mamma med sine små barn kunne bekrefte at her var det kaldare pga strømmingar i vatnet.
Og det kjente eg godt mens eg svømte langs stranda, for plutsleg var det som om det var ein strøm av skikkeleg ISkaldt vatn eg svømte igjennom. Og plutseleg var det varmt igjen. Artig!

Ja eg hadde tatt på meg speedooverdelen under tritoppen, sånn i tilfelle eg skulle bade. Det er så  nydeleg å kjenne vatnet på magen når ein svømmer!
Er ikkje så lett å fange riktig farge under vatn.
Det var lysare eigentleg.
Men eg hadde berre med mobilen min,
så den fekk halde (og det gjorde den også).
Eg svømte 5-10minutter, og varma meg opp på stranda etterpå.
Sanden var såå deileg varm.
Igjen, så kunne eg gjerne ha lagt meg ned og sova.
Eit par jenter var veldig interessert i kva eg heldt på med.
Rosa 2XU-bukse + lilla svømmetopp, rosa svømmebriller og -hette gjer susen trur eg :D
Eg hadde pakka med svømmeutstyret mitt: svømmebriller og -hette.
Får fint plass i den vesle bagen bak sykkelsetet!
Etter bading så sykla vidare, med berre tribukse og speedotoppen, for nå skulle den lange motbakken opp mot E134 tas, og da blir ein fort nok varm!

Først litt "oppvarming" på 4km, så den 5km lange motbakken frå Kviteseid sentrum og opp. Det er ein fin bakke, ein får fin utsikt på venstre sida, og det er ikkje altfor mykje trafikk. Bakken er også passe lang.
Då eg hadde kome meg opp bakken til Brunkeberg (det veit de sikkert kor er hen, så eg skal ikkje forklare det :D), så fekk eg meg ein velfortent skrytepause hos ein kompis og vennene hans, tøffe guttar som dreiv og å skrudde på bilar og tok seg ein øl i varmen, og dei synst berre det var råtøft av meg at eg sykla "så langt" (og så bratt).
Kjekt :)

Med så mange pausar, så blei det nettosykkeltid på litt over to timar for dei 42km, mens eg totalt hadde vore ute frå 12:30 til 16:30, altså ein tur på fire timar!
Ein time lunsj og soling i Kviteseid, ein halv times bading og strandliv, ein time med gode venner og litt sykling på rosa temposykkel i solskinn.
Det funkar for meg ;)

14. juli 2014

That which does not kill us makes us stronger.

Eg er vel eigentleg ikkje den største fan av slike ordtak som skal inspirere, men det finst dei som er betre enn andre.
Og alt til sin tid, ikkje sant?
Så den her passar bra for tida.

9. juli 2014

Livskraft!

Eg må sei at det å få DNS (Did Not Start) på Ironman 70.3 i Haugesund var tøffare å takle enn eg hadde forestilt meg.
Sundagen så prøva eg å halde meg borte frå sosiale mediar.

Vanlegvis, når venner og bekjente deltar i M-Dotkonkurransar er det moro å følgje med via Lifetracker-sida til IRONMAN.
Men eg takla det berre ikkje.
Var alt for skuffa over meg sjølv.

Måndagen var ikkje noko betre.
Da kom sorgen, og sinne. Eg var utruleg sint og blei ganske sjølvdestruktiv.
Alle dei gode tankane eg hadde gjort meg rundt min ikkje-deltakelre,
alle dei gode grunnane, var som blåst bort.
Eg fekk nokre gode meldingar og kommentarar av venner og bekjente, det hjelpte.

Og det blei bedre på tysdagen.
Etter at eg "rasa frå meg" på måndagen. Så kom stille etter stormen dagen etterpå.


3. juli 2014

Det er ingen skam å snu

lyder fjellvetregel nummer åtte.

Eg har altså snudd på min veg på IM 70.3 Haugesund.
Eg måtte.
Sånn helsemessig så greier eg ikkje å reise dit.

Tja.
Shit happens.
Eg er litt lei meg, men veit at det blir fleire ironman i Haugesund, fleire konkurransar, og at det finst mykje verre ting som kunne skje.
Det er heller ikkje første gong at eg har måtta avlyse ein konkurranse.
Det går ikkje alltid som planlagt, og når helsa er så varierande som den er hos meg, så er det ein risiko eg må ta når eg melder på ein konkurranse så lenge på forehand.

Slik er det.
Men heller snu enn å havne på sjukehuset, og etter nokre konsultasjonar med legen min dei siste dagane blei det riktig å bli heime.
Men eg skal ikkje gje meg med triatlon, berre denne eine gongen.
Så for eg prøve igjen med konkurranse ein annan dag.

Englevakta har eg tru på
men engelen min er kanskje litt utslitt...?

Så den skal få ein liten pause ;)