Tysdagen skulle eg eigentleg trene styrke, men så var det så fristande å springe meir på mølle at eg like godt prøva å springe økta som eg hadde planlagt: 50min/8km.
Det var forferdeleg tungt og kjedeleg.
Bortsett frå eit par minutter der eg filma løpesteget mitt. Det var artig. Det skal eg gjera meir.
Onsdagen måtte eg restituere meg. Eg var sliten, og støl i leggane etter løpeøkta dagen før.
Torsdag var det tid for torsdagstur, og eg var så søvnig gjennom heile turen at eg kunne ha lagt meg rett ned mellom orkidear og skogsfiol og tatt ein liten lur. Men på kvelden trente eg lette styrke i ein halv time, og det kjendest godt!
Fredagen skulle eg sykle. Men det var kveld og Lukas hadde enda ikkje vore på tur. Så eg bestemte meg for å ta ei løpeøkt istadenfor og ta med Lukas. Men etter berre 10min oppvarmingsgåtur og eitt minutt springing var det tydeleg: eg treng berre kvile!
Så eg rusla heim att.
Så kom dagen i dag.
Og endeleg fekk eg sova ut!
Tok med meg PCen ut i sola etter frukosten.
Naboane var ikkje heime og det var stille og fredeleg her på tunet.
Og eg storkosa meg!
Og med sola og varmen og fred og ro kom også energien og treningslysten.
Denne veka skulle eg altså sykle to timar.
Nåja, korleis skulle eg få til dette?
Eg har jo ikkje akkurat hatt så mykje energi dei siste dagane?
Men når det er så varmt som det er nå synst eg at det er utruleg deileg å sykle!
ChiCqiloen blir gjort klar for sykkeltur. |
Sola skin og det er blå himmel, og Seljordsvatnet glitrar,
og lysegrønt lauv i sommarvarm bris.
Det var tørr asfalt og lite trafikk.
ChiCqiloen gjekk som ei klokke.
Litt bakgrunnsmusikk på det høgre øyre.
Ekstra pengar, energibar og -gel, reserveslange, verktøy var med.
Eg hadde ingen plan kor hen eg skulle.
Men eg havna i Øvre Bø og tok ein liten pause hos venner før eg snudde og sykla tilbake.
Det var lett å ta ein pause i syklinga når ein får ein såååå avslappa og kosete kattunge i fanget! |
Eg fekk så lyst på ein liten kattunge! |
Beina var tunge, men det løsna faktisk littegrann på tilbakevegen.
Eg hadde nok ete lite i dag, men det gjekk.
Ved Sanden Camping stoppa eg for å fylle på drikkeflaska mi.
Og tok faktisk av meg sykkelskoene og kjøla føtane ned i Seljordsvatnet.
Hmmm deileg å få kjølt ned føtane litt undervegs! |
Nokre fleire dagar med denne varmen håpar eg på at det blir utesvømmeforhold.
Det blir fint å svømme ute igjen! |
Eg begynte å bli sulten men hadde fortsatt ein gel igjen i reserve.
Den siste bakken heim var tung, men ikkje så lang.
Så nå loggfører eg ei sykkeløkt på 2t15min!
Hurra!
Den trengte eg.
Eg elskar å sykle i varmen! |
Håpar virkeleg me får fleire slike nydelege sommardagar!
Trening er så lett da.
Eg har nok ein form for solceller i huden, som produserar energi når sola skin,
det er eg ganske sikker på.
Så då er det jo berre å nyte sola og lade batteriene :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar