Det er plantar fascitt som fører til smerten i hælen(e).
Det tok berre eit par trykk med legetommelen på riktig stad, og saka var klar.
Morsamt er det når eg diskuterar med legen min og han seier "Eg går ut frå at du har lest alt om dette her og kan det meste?" Eg nikkar.
"Ja for det er den fascia som festar seg i forkant av calcaneus, ikkje sant?"
Jepp eg nikkar.
Eg er jo anatominerd. Dessutan synst eg at det er viktig å vite mest mogleg om ein skade eller sjukdom når ein først har fått den.
Fotens knoklar er mangfaldig og har rare navn. Bortsett frå tærne.
Calcaneus er berre hælbeinet, det.
Så kva vidare?
For det første, så hadde ikkje fysioterapeuten min noko ledig time før om to veker.
Kjedeleg.
Min telefon-fjerndiagnose-fysio har nå hjelpt meg med "første hjelp" (mjuke sko, avlaste hælen, mange pausar, unngå hardt underlag, R.I.C.E (bortsett frå Compression kanskje), og intens lytting etter kva signalar foten gir meg etter aktivitet og justering av neste aktivitet deretter.
Okidoki.
Vidare skal eg vera meir nøye med kosthaldet.
Kosthaldet mitt er ikkje så usunt, det.
Men det som er usunt er at sjølv om eg får i meg ein del grønsaker, litt fisk, grovt brød og magert kjøtt (bortsett frå den ukentlege sommarkoteletten som eg berre MÅ ha), så får eg i meg alt for lite.
I sommar har eg hatt så lite matlyst at eg rett og slett har kjøpt meg matlyst på boks.
Jepp, Nugatti. Matlyst på boks, dei tullar ikkje, eit par-tre teskjeier med nugatti får vekk den verste sult-og kvalmefølelsen og ein får lyst på meir (av noko anna - for det finst grenser for kor mykje nugatti det går an å ete utan å bli kvalm).
Når det gjeld maten, så fokuserar eg nå på å få i meg nok protein (oppbygging av kroppens strukturar), vitamin (som er verktøyet til oppbygging av kroppen), sunt fett (som skal byggast inn i cellemembranen til mine flotte fantastiske nybygde kroppsceller i foten, og antioksidanter (minske antall frie oksidantar etter vevsskade).
I tillegg til den daglege tranen min har eg kjøpt inn magnesium og vitaminbjørner.
Dei seier at vitamin i form av kosttilskot har langt ifrå same virkning som vitamin i sin naturlege form (pakka ned i frukt og grønsaker) men eg prøver nå likevel. Om det så berre er placeboeffekten eg får ut av det, greitt for meg!
Magnesium er bra for musklane og støttar opptak av kalsium. Eg trur nemleg at eg ikkje får i meg spesielt mykje magnesium gjennom kosten, så då blir det tilskot.
| Vitaminbjørner er faktisk veldig gode - Mg-tablettane derimot var store å svelge altså! |
Eg skal også gå bort frå 5x5 programmet (er jo ikkje vits når eg ikkje kan utføre knebøy og markløft som er ein vesentleg del av programmet), og trene heile kroppen med øvingar som ikkje stressar fotsolane og skuldrene (for venstre skulderen er også blitt kronisk vondt i sommar).
| Styrketrening utan å belaste føtane (sjølv om skulderpress er ikkje så bra for skulderen min heller for tida :P) |
Eg håpar at eg også kjem meg ut i terrenget på sykkelen, slik at eg får nyte det flotte haustvêret og -landskap, og får blodsirkulasjonen i føtane i gang (og for å "get away from it all" liksom).
Eg skal også lære meg å tape foten med kinesiotape eller annan form for støttetape, slik at fotbogen min, spesielt på høgre foten, får støtte, og skaden får ro til å reparere seg.
Når det gjeld fottøy så brukar eg mine best dempa sko (ASICS Nimbus) med to par innleggsålar som gir litt støtte og ekstra demping.
Eg har også funne fram igjen mine "anti-sko": frå MBT (Massai Barefoot Technology).
![]() |
| Ikkje dei mest kule altså, men i 2009 gjorde dei underverk for min vonde rygg. |
![]() |
| Eg blir usikker kor bra det er å plutseleg få "+18% lower limbs activiy" |
Og fordi dei er mykje finare enn dei MBT-sko eg har frå før.
Men dei er svinedyre.
Så eg skal sjå om eg ikkje kan oppdrive eit par som ikkje tømmer heile kontoen denne månaden...
![]() |
| Hoka One One Stinson Trail - dei har eg mest lyst på, men dei er svinedyre! |
I går kveld gjekk eg tur med Lukas og kjente at dette er problematisk, fordi anten så drar han meg i skulderen som også er overbelasta, eller i magebeltet slik at eg må halde igjen med beina.
Og da blir det anten vondt i foten eller vondt i venstremenisk-kneet.
Eg tok fram krykkene som avlastningshjelp i nedoverbakkane, men eg fekk det ikkje heilt til å avlaste høgrefoten. I alle fall ikkje mens Lukas med full intensitet og snuten i bakken drog med full styrke i vegkanten etter eit spor som ei flott tispe hadde lagt etter seg. Den luringen! Damejegar!
Legen min anbefalte meg også å unngå "hard" trening, sidan den nedsatte allmentilstanden min (eg har så lite å gå på i år) har bidratt til overbelastninga. Og ein utslitt kropp er lite effektiv til å bedre ein overbelastningsskade, sidan den brukar opp alle ressursar til å berre "vera til".
| Inge fleire fjellturar for tida - i alle fall ikkje til fots og med sekk! :( |
| Fotografere kan eg også i nærområdet. |
Så enkelt er det.
"Keep your feet off the ground".
Samanlikna med å ha ein leddbandskade i kneet (som eg hadde i vinter) så er det ikkje så veldig mykje eg kan gjera aktivt, dessverre.
Bortsatt frå "snille" aktivitetar som får opp blodsirkulasjonen utan å belaste føtane.
Eg kan ikkje gjenta kor mykje eg ser fram til at svømmehallen opnar igjen her!
| Rusleturar med Lukas - med mange mange mange sittepausar og fotografering - det går an - med ikkje langs vegen på asfalt der tispene legg igjen sine duftmarkeringar!! |

















