Viser innlegg med etiketten bilder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bilder. Vis alle innlegg

30. september 2014

Ut på (krykke-)tur, aldri sur!

Ok, eg må innrømme - eg kan også vera ganske sur når eg er på tur.
Men det er heldigvis sjeldan.

Akkurat denne hausten hadde eg planlagt å gå masse tur i fjellet, med sekk, og helst telt og utstyr for overnatting i sekken.
Men - med denne plantar fascitten blir det heilt feil å gå med sekk.
Det blir faktisk også ganske feil å gå i det heile tatt.
Viss eg på lang sikt har tenkt å bruke føtane til noko anna enn å legge dei på bordet, så burde eg bruke dei minst mogleg for tida, dvs, GÅ på dei minst mogleg - ha så lite vekt på dei som råd.
Eg har fått instruks i korleis å tape for Plantar fascitt med kinesiotape- alt hjelper!
For det dreier seg om ein skada forårsaka av overbelastning - dvs all slags belastning fører til at skaden gror dårleg.
Og det gjer den jo frå før.
(Nok om det - eg lova vel eigentleg å ikkje "snikinformere" om plantar fascitt - ehem - så det får vera nok nå.)

Lukas, go'gutten min skal fortsatt på luftetur, så noko turar blir det jo.
Og godt er det, fordi eg bli ganske sprø av å halde meg inne når det er så vakkert ute!

Heldigvis har eg ein bitteliten "fjelltopp" med navn Bringsåsnuten omtrent rett foran inngangsdøra. Det må vera så lite som 800m i luftlinje frå kjøkkenvinduet mitt.


Ein bitteliten topp omgitt av furu- og bjørkeskog med blåbærlyng, sopp, konglar, tyttebær, klatreberg, store og små steinar, små stiar og fin utsikt på Seljordsvatnet og kringliggande fjelltoppar.
Det har blitt mitt favoritt"turmål" dei siste dagane.

For å kunne gå tur utan å gjera meir skade på føtane mine har eg skaffa meg ordentlege krykker.
Dvs, eg laga eit lite utrop, "hjertesukk", ein annonse - kva skal eg kalle det? - på Facebook, om å få låne samanleggbare krykker fram til eg skulle få mine eigne.

Og jammen fekk eg "napp". Ei god venninne av meg (nei, det må vera den beste venninna mi, me har opplevd så mykje saman og støtta einannan gjennom ankelbrudd, hundebitt, mentale samanbrudd, akuttmottak andre joledag ved sjukehuset, rygging av tilhenger i flyttekaos, nedvasking av hus, utlån av hvitevarer osv... eg kunne nevne tusenvis av ting her, og likevel, det beste med "B" er at ho har eit kjempestort og godt hjarte og er snill og god og herleg), "B" fann ut at ho ville bestille krykkene til meg, og det gjorde ho.
På krykketur i terrenget (Bringsåsnuten)
Krykkene kom ikkje berre i posten etter berre få dagar, men også pakka inn i gavepapir med ei lita helsing på.
Eg blei så glad - ikkje berre fekk eg krykkene i posten - men dei var pakka inn i gavepapir, med helsing på :)
La meg presisere at det er få der ute som går på krykker når dei får diagnosen plantar fascitt. Tvert imot, dei fleste antar eg, spesielt blant dei som er dedikert til dagleg hardtrening og spesielt løping, trur eg å prøve å "løpe det av seg", eller "trene det vekk", eller redusere løpinga si til i alle fall "berre 5km om dagen" eller "berre eit par løpeturar på 10km".
Min aktivitet begrensar seg til korte gåturar med Lukas.
Jada.
Skade er skade, og skade i eit senefeste eller leddband er like reelt som eit beinbrudd, og treng behandling.
Så, når eg skal ut og gå, og spesielt på hardt underlag, så avlaster eg med krykker.
Eg greier heller ikkje å gå normalt, utan å halte, og i følge fysio'n SIF er det FY.
Ikkje gjer det.
Det kan bli andre skadar av det.
Greitt.

Samanleggbare krykker er kjekt, dei blir lagt saman i fire delar, akkurat som teltstenger eller ei sondestang, med strikk som held det heile saman.

Det funkar!
Mitt nye NIKON er med på tur også, for det er så mange fine motiv der ute for tida, og lyset er heilt spesielt om hausten, for ikkje å snakke om alle dei nydelege fargane.
I går var eg altså ute i heile halvannan time nesten.

Distansen blei omtrent 2km, vil eg tippe.
Det blei mange pausar.
I sola.
Utsikt.
Nydeleg.
Så eg var aldeles ikkje sur!
Tvert imot.
Fjelltoppane omkring kan berre lokke så mykje dei vil, dei vil vera der neste år også.
Og året deretter.
Eg øver meg i tolmodighet...

27. august 2014

Livsteikn!

Jepp, eg finst fortsatt!
Kven skulle trudd det?
Etter ein slik tung sommar?
Kanskje er det på tide med ei lite livsteikn, tenkte eg meg i dag.
Stikke hovudet opp av sanden liksom?

I juli/august har eg nemleg stort sett vore i "survivalmodus" som eg kallar det.
Ta ein dag av gangen, prøv å sove, ete, gå tur med Lukas, ignorere dårlege tankar, søke hjelp om nødvendig.
Og det gjekk an.
Sliten og i survivalmodus, men det gjekk!
Éin ting var nå at eg ikkje kom meg til Haugesund og dermed gjekk glipp av ein gedigen triatlonfolkefest eg hadde gleda meg til lenge.
Men så skjedde det at fastlegen min sa opp stillinga si og skal flytte til Vestlandet.

DET var faktisk verre enn å måtte droppe turen til Haugesund!!
Fastlegen min som har vore god støtte og uunverleg hjelp for meg gjennom dei siste åtte åra, han har måtte seie opp stillinga si av samvittighetsgrunner. Til tross for at eg er utrøysteleg, så støttar eg han. Eg vil heller ha (hatt) ein lege som handlar i samsvar med sine etiske verdiar, enn ein som gjer som han får beskjed om utan sjølvintegritet.
Bildet er knabba frå Bø legesenter si side.
Sånn er det. Spelar ingen rolle når legen min blir borte nå allikevel :/
Eg skal ikkje gå meir inn på kva som førte til at han sa opp stillinga si, det blir politikk, og det gidd eg ikkje uttale meg om. Konsensus her er at det er tragisk at Bø i Telemark mistar to svært gode og godt likte legar gjennom mange år. På grunn av politisk tull. Men som sagt, nok om det.

Ein fin ting som har skjedd sidan sist, er at eg endeleg kom meg igjen på pilegrimstur!
Eg gjekk, som eg har gjort før, saman med ei gruppe frå Grungedal i Vest-Telemark til stavkyrkja i Røldal.
Ved foten av Hardangervidda, på Ålmannvegen mellom Vågsli og Ulevå
(grensa mellom Telemark og Hordaland).
Til fots.
Over fem dagar.
Det er ein del mil, dette!
Så kan hende det kjem nokre bilder av det her også etterkvart.

For ein annan god ting som har hendt sidan sist er, at eg endeleg har fått meg eit godt kamera igjen.
Hurraaaaa! :)
NIKON D5200 heiter vidunderet, og har blitt trufast turfølgje alt nå.
Hurrraaaaa! Endeleg eit godt kamera igjen! Det er nesten 10 år sida sist nemleg.
Eg har savna å kunne sjå gjennom søker. Manuell fokusering.
Heilt herleg!
Problemet utfordringa med å ha med eit godt kameraet på tur gjennom så mange mil i skog og mark er at eg knapt kan la vera å ta bilder, og når mange bilder blir bra, kva bilder skal eg da velge å vise?
Eg tok minst hundre-og-ørten bilder av myrull. 
Men det er eit luksusproblem, så det er berre bra det!

Så mange dagar med fjelluft har også ført til at eg har blitt utruleg inspirert og motivert til å gå meir i fjellet, så det har eg veldig lyst til å gjera i tida framover.
Eit moltebær, urørt av både pilegrimar og fotografen.
Og hausten er jo ei nydeleg årstid å gå i fjellet på!

Treningsmessig har det for det meste blitt styrketrening. Ein løpetur i ny og ne, men ærleg talt, det var meir morsamt å gå tur med kamera over skulderen enn med løpesko på beina.

Men ein sommar i "survivalmodus" har også ført til at eg har igjen fått kroniske muskelspenningar i overkroppen, og dette har ført til skuldersmerter og stiv muskulatur. Og ein tur til fysioterapeuten. Sjølv om eg ikkje kan tvinga fram avspenning, så kan eg framover hjelpe musklane å slappe av, strekke forsiktig, trene "snilt" og bevisst, og funskjonelt. Puste godt.

Eg har også overtatt ein morsam liten tradisjon etter kjæresten til broren min, som er ei super flott dame, oppvaksen i Sør-Tyskland og med å klatre rundt i Alpane. På kvelden etter lange klatreturar i fjellet, så sit ho og spikkar. Ho lagar "Kreisel":
Ein Bergkreisel, laga av fjellbørk på 831m.o.h.
Av meg.
Og den funkar også!
Og nå gjer eg det same.
Det er absolutt ikkje vanskeleg, og den største utfordringa her er nok å halde den skarpe kniveggen unna fingertuppane når ein spikkar!

Ellers står det eit nettbasert kurs i immunologi frå RICE University på timeplanen min.

Eg har nemleg enda ikkje gitt opp drømmen min om meir helsefagleg utdanning, og håpar at eg seinare, når NAV losnar grepet sitt, kan bruke denne kunnskapen eg har innan helse til noko fornuftig.

Så det er liv, og det bra, ikkje sant?

25. juni 2013

Restitusjon er godt. Jepp.

Det er tid for tapering, altså systematisk redusering av treningsvolumen før konkurransen i Haugesund.
Eg brukar nok min eigen vri i tillegg til treningsplanen til Dave Scott, eg kjenner nemleg at eg godt kan redusere treningsmengda meir.

Eg har lest ein god del om restitusjon og trening i det siste, for her trur eg at eg har enda mykje å lære.

Trening har dårlegare effekt viss ein stadig under restituert.
Men eg skal ikkje skrive om det nå, for det har vore ein lang dag i dag.
(Men for den blant dikkøn som har lyst til å vite meir om under-restitusjon, så har den kjekke smarte Ben Greenfield delt massevis av kunnskapen sin her.

Eg har vore hos fysioterapeuten min igjen, og det har gjort godt.
Resten av dagen blei restitusjon med litt shopping og rusletur med Lukas. Og sommaren er jo virkeleg her, også om det blir nokre regndagar i mellom.

Det er herleg, sommar er herleg.
Eg får lyst til å ta bilde av alle dei fine blomane rundt omkring.
Og sidan eg har så lyst til det, så gjer eg det :D
(Dessutan har eg fått meg eit fancy nettbrett og då er det jo veldig moro å leike seg med forskjellig bildehandlings-apper. Jaja, nokon kjeder seg kanskje når dei skal redusere treningsmengda før ein konkurranse, men eg får jo berre bedre tid til alle dei andre hobbyane mine. Kjekt, det!)


Nyperoser er jo såå fine!
Årets første markjordbær!  Nam nam! 
Kunst for forbipasserande.
Det finst blomar som er reine kunstverket i seg sjølv!
Valmuer er utruleg fine!

Deileg med avkjøling på varme solskinsdagar! 


1. august 2011

Varme = energi

Endeleg så her somaren her.
Den har jo teoretisk sett alt vore her, men nå har det altså også blitt ein god del varmare, og også litt mindre regn.
Og eg kjenner at med varmen og sola så kjem også energien min tilbake.
Siste veke blei heile tre løpeturar, og det er det meste eg har løpt på ei veke dette året faktisk!

Tysdagen sprang eg ein tur som eg kallar "Kivledalen rundt".
Det var overskya den dagen og ikkje så altfor varmt, og Binna blei derfor med.
Dessutane skulle eg berre springe ein liten time i joggetempo, og då er det god tid til badepausar for at Binna skal kunne kjøle seg ned.
Binna legg lystig ut på løpetur, i fin lett stil.
Høgdeprofilen frå "Kivledalen rundt - medsols".
Torsdagen skulle det bli beising av gjerde på kvelden, men eg hadde likevel lyst til å smette inn ein liten løpetur før det, for å sjå om eg  har overskot nok til to "ting" same dag.
Det har nemleg vore slik den siste tida har eg nærmast blitt heilt slått ut av fleire enn eitt eller to ærend om dagen...
Varmt var det på torsdag også, skikkeleg deileg sommarvêr!
Denne torsdagen var det såpass varmt så Binna måtte bli heime.
Eg er ikkje så van med å springe aleine, stort sett er jo Binna med. Då blir det naturlegvis ein god del stopp undervegs. Defor har eg alltid trudd at eg ville bruke mykje lengre tid på turen saman med Binna enn aleine, men det viste seg altså at eg brukte like lang tid då eg var utan henne.
Eg starta nemleg då altfor hardt, slik at dei siste 3km av den 8km lange turen blei grusamt tunge, og eg måtte gå opp den siste bakken, i staden for å springe den opp, slik som eg pleier.
Ikkje så dumt at Binna er med på løpeturane, eigentleg. Som fartshaldar?
Sidan eg måtte gå opp bakken, kunne eg like godt stoppe og ta bilder. Så fine desse her var!
Fredag blei det ikkje noko trening, men te helga skulle eg ut på lang løpetur, på ca to mil.
Med så mykje deileg solskinn på laurdagen blei teppe på plenen og ei god bok det bedre alternativet. Og besøk på kvelden gjorde også at dagen blei brukt til "oppladning" til søndagens langtur.
Binna har løpetid. Ho lengter etter "Skar" (sjå raud sirkel), som er ein kjekk ung veltrent nabohund. Dei to brukte laurdagen på å lengte etter einannan...

Med søndagen kom det enda meir solskinn og varme, og også planlagt besøk. For at eg ikkje enda ein gong skulle finne på fleire unnskyldnignar gode grunnar til å la vera å løpe langtur, gjorde eg det enkelt for meg: eg skulle ta med Binna i bilen, køyre ned til Eventyrøy og springe 20 rundar à éin kilometer.
Lasteplanet på bilen brukte eg som "drikkestasjon" med eit godt utvalg av vatn, to flasker sportsdrikke, High 5 Isotonisk drikke, to bananer og ein sportsgel.
Solkrem, vatn, banan, sportsdrikke, isotonisk drikke, gel... burde vera nok for ein langtur i varmen.
Med musikk i øyra og Binna trygt plassert i bilen i skyggen, la eg på sprang klokka 13.00, midt i varmaste steikesola.
Eg har ofte fått kommentarar når eg har vore ute og løpt i slik varme. Eg hadde ikkje med gradestokk, men det var nok ca 24-25 gradar den dagen, men så låg halvparten av løypa i skyggen, og det blåste ein ørliten frisk bris frå vatnet. Dessutan var Bygdarå med sitt regulerte, iskalde vatn alltid rundt meg, slik at eg ikkje syntest at det vår så ille å springe i varmen.
Godt med iskaldt vatn langs løperunden. Både undervegs, og rett etterpå.

Eg tenker som så, at ein fort kan kome til å vera med på ein konkurranse der det er alt anna enn milde  norske sommartemperaturar, og det er kjekt å vite korleis kroppen reagerar i varmen.
Den solfulle delen av løperunden min.
Det blei ganske varmt, ja. Og eg blei ordentleg sliten. Ikkje så mykje i beina, men pulsen var nok ganske høg frå starten av, så eg er glad for at eg ikkje sprang med pulsklokke...

Vanlegvis så gjer eg ikkje så mykje etter at eg har vore på langtur. Eg prøvar å restituere meg best mogleg i tida etter langturen, noko som fort blir ein del timar med beina høgt på sofaen, og masse god mat.

Men med koseleg besøk av så glade og spreke menneske som Marie og Sakarias så blei det litt alternativ restitusjon denne gongen, noko som viste seg å fungere nesten enda bedre! Me skulle ned til Bjørgesanden og nyte ferien. Men ikkje før etter at både Marie og Sakarias hadde tatt all oppvasken for meg, mens eg fekk ligge i sofaen med beina høgt og slappa av! Kjempesnilt!
Ikkje rart kroppen blir restituert nesten med ein gong da!

Nede på Bjørgesanden var vatnet blitt ganske varmt, og skyene som tømte lokale regnbyger over delar av vatnet, var heldigvis enno i det fjerne.
Sakarias legg ut på svøm, med veiledning frå sin erfarne triatletmamma.

Sakarias er ein liten tøffing, og etter å ha vassa lenge, så ville han også bade og svømme til slutt. Mens han svømte "naturell" og lo og skratta, så kledde eg pent på meg den ermellause våtdrakta, frysepinne som eg er, sjølv om temperaturen i vatnet var utruleg god, nærmare 19 enn 18 gradar kanskje.
Til slutt kunne ikkje Marie motstå vatnet lenger hell, og tok seg eit rask bad ho også. UTAN beskyttande våtdrakt. Tøft!
Dette er livet! Sommarkveld ved Bjørgesanden.
Dei mørke skyene nærma seg stadig, og etterkvart fekk me ganske mykje vêr å sjå og høyre på, både solskinn, regnbyger, regnboge, tordenskrall, lyn, mørke skyar, lyse skyer, grå himmel, open himmel. Alt saman på ein gong!
Mørke skyer og tordenskrall og lyn til venstre, og blå himmel og sol til høgre...

Sakarias lot seg ikkje spesielt skremme av tordenvêret i det fjerne, men fylgte interessert med. Heldigvis drog tordenvêret forbi oss, så bortsett frå nokre raske regndråpar blei det ikkje noko av.
Det skal meir til enn nokre mørke skyer og lyn og torden for å skremme denne tøffe gutten!
Me fekk skikkeleg sommar- og feriefølelse!


25. juli 2011

Godt med fjelluft igjen!

Etter dei siste dagane med så mykje tunge nyheitar på TV, kjenner eg veldig behovet for å framheve det som har vore bra den siste veka.
Treningsmessig har eg igjen følgt den vel utprøvne innfallsmetoden. Eg trenar det som fallar meg inn.
Det var nok ikkje spesielt mykje den siste veka, men litt blei det jo.

Sist måndag var det opphaldsvêr og god temperatur, ikkje for varmt heller, og då blei det motbakketrening.
Rett på andre sida av åsen der eg bur, er lysløypa Raudkleiv.
Eg og  Binna blei i godt humør av fjellufta. Og sidan eg ikkje tok ein dans på dansarsteinen, så blei det litt sprell på Raudkleiv istadenfor :)
Det er ein god del høgdemeter opp til Raudkleiv, men ikkje meir enn at ein fint kan jogge opp på  ca 25min med eit par-tre puste- og drikkepausar undervegs.
Binna i superform. Spesielt på veg opp, mens dette bildet er tatt  på veg ned. Sprek til 10år gamal å vera!
Drikkestasjon undervegs.
Utsikt. Belønning for å kome til topps!

Torsdagen var det tid for tur igjen, og denne dagen var me faktisk veldig heldige med vêret. Blå himmel og strålande solskinn! Oppover i Grunningsdalen (Grunningsdalen ligg her) hadde eg aldri vore før, men der er det lett å gå, og kjempefint terreng, og nydeleg landskap!
Åi i Grunningsdalen.
På tur i Grunningsdalen. Litt hodepine, men det får ein tole.
Sjølv om eg var ganske plaga av hodepine eit par timar på turen, noko som eg trur har samanheng med felleslunsjen vår, som består av middels tung mat i form av brød, suppe og kaffe, så gjekk eg og tenkte mykje på kva eg skulle finne på neste gong eg skulle opp hit. Vegen var innbydande til både vandring, løping og sykling, så her var moglegheitane mange!
Fantastisk lett terreng i Grunningsdalen.
Sidan både blodtrykket og blodsukkeret mitt antagelegvis hadde sunke heilt ned til dei djupaste avgrunnane og hodepinen ikkje ville gje seg, valgte eg å springe dei tre siste kilometrane tilbake til parkeringa, med sekk. Logikken var at eg fortare ville koma fram. Det gjorde eg. Med 4-5kg på ryggen i over 20 gradar og steikesol var det ikkje ideelle forutsetningar for å kvitte meg med hodepinen, men siden Grunningsdalsvegen helte svak nedover igjen mot parkeringa, var det forbausande lett å springe. Ryggsekken satt faktisk ganske godt (til tross for at den har eit volum på 40L), Goretex skoene frå Lowa (10år gamle) hadde akkurat nok demping igjen, og eg hadde med både nok vatn og ein reserveenergibar, så turen på snaue 16minuttar blei utruleg bra, og hodepinen ikkje å merke (i alle fall ikkje mens eg sprang).
Årets første molte! Hurra!
Hm... molte er godt!

Slåkavatn i enden av Grunningsdalen. Og molteterreng.
Turen til Grunningsdalen sist torsdag var første fjellturen etter to veker, så saman med motbakkeløpet mit på mandagen var det nesten som om eg hadde fått ein overdose med fjelluft.
Herleg forfriskande!
Det burde ikkje gå så lang tid til neste gong eg kjem meg til fjells altså...
Å gå i fjellet er alltid bra. Det har det alltid vore, og vil det alltid vera!*





(*bildet er tatt med mobilkamera og så "poladroidisert", med programmet Poladroid)

16. juli 2011

Reviderte mål

Nå er det altså bestemt - til 99,9%: det blir ingen Ironmandeltaking på meg i år.
Eg har brukt eit par veker til å koma fram til beslutninga mi.
Grunnen er vel både det økonomiske som ikkje er på plass,
men også at eg rett og slett ikkje har hatt overskot til å trene til ein langdistansetriatlon.
Det er vel heller noko slik eg treng for tida...

Eg som synst at det er moro å trene, måtte nemleg meir og meir nærmast sparke meg sjølv ut av døra for å koma meg ut. Og ofte så hjelpte ikkje det heller.
Så etter lang betenkningstid har eg bestemt meg for å ikkje reise til Regensburg.
Og sidan eg tok den beslutninga, har eg kjent at brikkene i hovudet sakte men sikkert har dette på plass igjen. Og at eg blir inspirert til å trene igjen.
Den friheten eg har fått, at eg kan hoppe over både to og tre dagar med trening, har inspirert meg.
Så mykje eg kan finne på nå!

Men dei siste to vekene har eg tatt det med ro. Eg svømte ein ettermiddag, og torsdagskveld blei det ein liten joggetur. Etter 10 dagar utan løp eller sykling kjendest denne joggeturen ganske tung, men pussig nok var tida eg brukte på denne "standardturen" den same som alltid, om ikkje mindre, og eg har ikkje kjent noko stølhet etterpå.
Ny ermellaus våtdrakt frå AquaSphere, som eg skulle bruke i Guggenberger See. Men nå får eg jo tid til å teste den litt meir i lokale vatn i staden for...

Eg har også brukt tida til å ta meg av hagen min her heime og nede i Seljord. Om det har vore mykje regn i sommar, så har det vore ypperleg for reddikavlinga!
Og salaten har det også heilt glimrande.
Om regnet er kjedeleg, så er det i alle fall bra for reddikavlinga.

"It's a Jungle Out There"? Det er berre frodige reddik- og ruccolaplanter...
Binna delar ikkje heilt entusiasmen min med hage. Men ho er faktisk veldig glad i salat. I alle fall den med dressing på.

Og med mindre å tenke på, så har også sakte men sikkert matlysten kome tilbake og den konstante kvalmen forsvunne. Magen min reagerar fort og sterkt på stress, og eg har virkeleg hatt vanskeleg for å få i meg mat den siste tida. Så det er deileg å slappe av mesteparten av dagen, ete godt, bruke regndagane til å rydde inne, planlegge nye prosjekt, få orden på ting, og rusle tur med Binna.
På Bringsåsnuten med Binna.
Utsikt frå Bringsåsnuten over Seljordsvatnet.
Så nå sit eg ute på ein finværsdag og nyt sola som skin, og tenker på nye mål.
Eg kjenner at eg har lyst på, og bruk for, eit nytt mål eg kan trene mot.
Og eg har kjent at eg har lyst til å fokusere litt meir på løping utover hausten.
Kanskje skal eg til og med hive meg på ein maraton igjen, det har eg hatt lyst på lenge, men i år så har det ikkje vore plass til dette.Så mykje som eg likar triatlon med både svømming, sykling og løping, så kjennest det ganske befriande å berre kunne fokusere på éin av disiplinane.
Eg har faktisk ikkje deltatt på eit einaste løp i år. Dét kunne eg tenke meg å gjera noko med.Vest-Telemark karusell har sine tre siste løp i august og september, og det er også ein god del halv- og heilmaratonarrangement andre stader denne hausten.
Eller så kan eg plutseleg og uforberedd finne på eitt eller anna morsamt løpeprosjekt, slikt som Linda Eide gjorde. Ho sprang nesten 3 maraton på eit døgn for "å hedre den ukjente løperkongen Mensen Ernst frå Sogn". Det lengste ho hadde sprunge i strekk fram til den dagen, var to mil. Sprek dame!
Linda Eide er ei tøff og morsam dame. Ho sprang nesten tre maraton etter einannan. Les meir her.

Så får eg sjå kva inspirasjon eg får ut av det heile?