Viser innlegg med etiketten bakkar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bakkar. Vis alle innlegg

9. juni 2015

Heile 7,5km i skogen - det går framover!

I dag var det så fint vêr så tidleg på dagen, og hodepinen så irriterande at eg bestemte meg for like greitt å koma meg ut med det same, og få litt frisk luft og sol på meg.
Lukas er jo alltid klar for tur og det er deileg å få lufta han ordentleg før lunsj, då har eg litt bedre tid (og samvittighet) til å gjera andre ting etterpå.

Sidan det var så varmt i dag tok eg like greitt på meg kort tights og treningstopp. Med bakkane her i skogen blir det nesten alltid svettedrivande turar, uansett om det er sommar eller vinter.
I dag var det også dagen for Fivefingers igjen.
Som planlagt så brukar eg Fivefingersane annankvar dag.
Vibram Fivefingers Spyridon MR min favoritt på tur i skogen!
Sjølv om eg har lyst til å bruke dei oftare, i alle fall i skogen.
Og etterkvart kan eg sikkert trygt gjera det. På asfalt ser eg ingen poeng med Fivefingers, men på ujamnt underlag i skogen, med steinar og røter og mose og myr og lauv og sand og grus så er dei berre så utruleg morsamme å ha på.
Eg diggar å gå og småløpe tur med Fivefingers!


For å ha hendene fri gjekk eg også i dag med belte der eg kunne feste bandet til Lukas, eg hadde nemleg også idag tenkt å legge inn små løpe"intervall".

Det har eg fram til nå gjort god erfaring med.
Både føtane ser ut til å akseptere det, kondisen blir bedre, koordinasjonen, balansen, nytelsen...

Apropos nytelse så var det ein rein nytelsestur i dag. Med solskinn og lite vind og og temperaturar rundt 18gradar var det reine sommarstemning.
Utsikt frå motbakken over Seljordsvatnet.
Eg tok det veldig med ro, og gjekk mykje,
Når eg løp, så jogga eg.
Eg tenkte eg ville gjera som Kenyanarane visstnok gjer, dei spring visst så sakte ofte at dei knapt kjem av flekken.
Det same gjorde eg i dag.
Og tok masse bilder.

Eg synst jo at vêret den siste tida har vore så skiftande at eg vil nyte finvêret så godt eg kan.
Så eg knipsa i veg.
Det blei mange stopp.
Og så blei det mange stopp fordi Lukas måtte bade og drikke.

Den første halvdelen var det berre motbakke på tørr grus på sørvendt bakke, så sola steikte godt og me stoppa ved alle vannpyttar og bekkar me kom forbi.
Stakkars Lukas blir veldig påvirka av varmen, og eg hadde ikkje akkurat lyst til å slepe han etter meg oppover bakkane.

Med ein del bekkar langs vegen kom forfriskningane med jamne mellomrom, og Lukas kunne til tider springe "laus i band" dvs med lang line slepande etter seg.
Starten på gå/løpeturen var heller tung, men så løsna det etterkvart.
Eg sprang nok sjeldan meir enn 30sekund av gangen, bakken er ganske bratt, og også på mine sprekare dagar har intervalla her vart frå 30-45 sekund, så det var godkjent.


Tilbake i skogen på mjuk sti og med halvskugge frå trea gjekk det litt raskare, og sidan stien førte oss sakte nedover, var det ganske uanstrengt og forfriskande å jogge her.
Her jogga eg kanskje ein km av gangen, to gonger.
Det var faktisk godt å jogge litt i halvskuggen!

Men i løpet av den 7,5km lange turen så trur eg kanskje at eg maksimalt "løp" halvparten av strekninga, og gjekk resten.
Det er bra.
Det kjendest lett og uanstrengt ut, og føtane mine protesterte ikkje heller i etterkant.

Sånne turar er herlege, og eg er så glad for at eg får det til.
At foten blir bedre og ikkje verre.
At kondisen veldig sakte, men sikkert, blir bedre.
Og sommaren er her.

Eg skal samle på inntrykk av slike turar, slik at eg har noko å sjå tilbake på når vintaren kjem.
Solen og varmen og dei gode turane med Lukas skal eg ta med meg.
Då kjenner eg at det er "helse i kvart steg" nesten.
Er berre deileg med sånne turar!

3. juni 2015

Bakketrening og nye Merrell Allout Rush

Både i går og i dag var eg ute på "bakketrening".
Det er det eg kallar det, i treningsdagboka, forkorta "bt".

Det er altså verken intervall, eller motbakkeløp, men det handlar om å ta seg opp ein bakke i litt raskare tempo og litt høgare intensitet enn det ein ville gjort om ein berre skulle nyte utsikten.
Klar for bakketrening!
For tida så går eg uansett mykje tur i skogen, gjerne på Fivefingers, for å trene opp føtane. Og kondisen.
I går skulle eg først berre ta den vanlege runden med Lukas, men så var det så godt å vera i skogen at eg like godt tok også ein liten topp. Den toppen likar eg godt, den er ikkje så høg men den er ganske bratt på den eine sida, og der kan ein småklatre litt på veg opp. Altså gjera det dei kallar for "scrambling" på engelsk.


Det er spesielt morsamt å bruke Fivefinger til å "scramble" med. Glatt berg har dei godt grep på. På våt mose og lav derimot var det mindre grep, men der trur eg er det ingen skotøy som dugar.

I dag skulle eg først trene styrke, men så var eg framleis ganske støl etter måndagens innsats, så då gav det meir meining å ta ein tur i skogen med Lukas.
Eg skal etterkvart trene føtane mine opp til å kunne bera meir vekt igjen, og derfor tok eg på meg ein liten løpesekk som då veidde ca 2kg. Ein kan jo ikkje starte med 10kg, ikkje sant?

Til hausten skal eg nemleg vera med igjen og gå pilegrimstur frå Grungedal til Røldal, og det er jo mange mil. Dessutan skal eg ha med dagstursekk, og sidan det er berre 2,5mnd igjen, så er det godt å venne føtane til. Eg har jo absolutt ikkje lyst til å gå på ein smell igjen og få plantarfa-skit igjen, slik som i fjor.
Nå skal eg ta tilvenninga s-a-k-t-e!

Turen i går blei på 6,4km med 315m stigning, så i dag ville eg helst ta litt fleire meter stigning og bittelitt lengre tur, men ikkje så altfor mykje meir.

Ein god regel er jo å auke belastninga med 5-10%. Så dette i dag skulle ikkje bli blodslit!
Tvert imot, eg hadde lyst til å kose meg.
Me må ha det litt gøy også, det er lov å kose seg på tur, også når det samtidig er "trening",

I staden for den eine planlagte runden blei det faktisk to rundar, for sola skinte så fint og i skogen var det ly for vinden, så eg tok rett og slett og snudde og tok same runden tilbake.
Heile turen blei på 7,75km med 475m stigning. Altså litt meir enn i går, heilt perfekt.
Mens eg bruka SPYRIDON Fivefinger i går, så bruka eg mine Merrellsko i dag.
Dei er fortsatt i testfasen.

Og etter å ha nå testa dei i ca to veker, er eg sikker: dei er utruleg stilige, har fine fargar, kjempegod mjuk sole med godt grep, tørkar fort, har supergod plass til tærne framme og gode lissar å knyte skoene med.
Merrell Allout Rush på sti.
Men - dei eignar seg nok best for flate grusvegar, stiar eller asfalt.
Så snart underlaget blir meir ujamnt, krevande, eller stien ligg litt på skrå i terrenget, så gir ikkje skoene tilstrekkeleg støtte.



Dvs, dei har godt grep mot underlaget, men dei er rett og slett veldig glatte og mjuke på innsida, slik at foten glir rundt i skoen. Nå brukar eg anten bambussokkar som er jo ganske glatte, eller tynne ullsokkar som også er forholdsvis glatte, men likevel så savnar eg god kontakt med skoen på innsida, føtane blir ikkje godt nok støtta, til dette er materialet litt for mjukt og glatt. Men knottane på sålen likar eg godt, dei har som sagt godt grep og lagar "god lyd" når ein går på asfalt (dei er ganske stille).



Det som eg likar veldig godt med skoen er at den er veldig god på hardt underlag som asfalt, betong og grusveg, der er dei heilt glimrande. Det virkar som eg ikkje treng å leite etter eit nytt par løpesko som kan brukas på asfalt, sidan dei har nok demping til mitt bruk.

Forøvrig så har dei liten "drop" dvs høgdeforskjell mellom hæl og tå, nemleg på 6mm. Eg har tru på at for mine føter og spesielt min rygg, så er det gunstig å redusere denne drop'en. Då har ryggen det bedre, og føtane slappar litt meir av, virker det som.
Merrell Allout Rush - utruleg fine, utruleg gode, plass til tærne og mjuk såle, 6mm drop, og her vist for det eg synst dei er eigna best: på jamnt underlag som f.eks.grusveg.
Eg diggar at skoane har så god plass til tærne, det er herleg, samtidig så sit dei som støypt rundt foten. Eg trur til og med at folk med breie føtar eller høg fotrygg vil kanskje synast at skoen er for smal eller trang, men dei går greitt for meg.
Dei har alt blitt ein trufast kvardags- og tursko, og som sagt, på fine stiar og grusvegar er dei heilt nydelege, så der skal dei nok blitt mykje brukt framover. For bakketreninga i dag gav meirsmak!
Utsikt frå bakketrening i dag. Vind- og solfylt og masse deileg skog! 

21. april 2015

"Vi kommer i begravelsen din!"

Er det nokon som har sagt dette til deg?
Nei?

Det er kanskje ikkje så rart.
Sist tysdag var eg igjen med på fellessykling i gruppe.
Sidan det første gong endte med fullstendig utmattethet og synsforstyrrelsar og legevakt, så var eg meir forberedd denne gongen.
Eg hadde fått i meg nok mat, ete middag sånn eit par timar før me skulle sykle, utsatte turen med Lukas til etter syklinga, osv.
Denne gongen var me igjen to gruppar.
Den store raske gruppa, og så oss tre, som skulle ta det med ro.
Hardrocxen og den innstøpte kua.
Me syklar på terregnsykkel i gruppa.
Akkurat som sist så greidde eg meg fint den første timen.
Me stoppa nede i Flatdal for å organisere veivalget vidare, og delte oss inn i "Nutheim opp" og "eit stykke innover mot Åmotsdal". Første var kortare.
Så eg blei med der.
Utsikt frå Nutheim.
Foran meg sykla det to karar, og så ei dame som var med for første gong.
Eg blei så imponert over styrken hennes.
Ho tråkkar med utruleg tunge gir, men i jamnt tempo oppover stigninga.
Men eg greidde til slutt å henge med.
Moro var det au, me  var igjen heldige med vêret og ved Nutheim gjestgiveri venta dei to karane på oss.
Utsikt frå Nutheim i Flatdal. Dette var sist søndag.
Jaja, eg er kanskje ikkje den sterkaste og raskaste på sykkel.
Ikkje så rart etter så lite trening som følge av plantar fascittfoten som skulle tas omsyn til.

Men - i nedoverbakke - ja då er eg god.
I alle fall ved gode forhold, dvs lite trafikk og tørre fine vegar.
Så eg susa ned, forbi alle andre, og det var jo sååå moro :)

Me samlast nede på flata (for då det begynte å bli flat, så sakta eg akterut igjen må vite).

"Jøss for ein fart du hadde nedover?!"
"Ja vi kommer i begravelsen din!" sa dei.
- Så koseleg da, svarte eg.

Det er heilt klart ikkje utan risiko å suse ned ein utforbakke på sykkel i over 60km/t.
Men - denne bakken har eg sykla ned såpass mange gonger, og med HardRocx'en min føler eg meg ganske trygg.
Sjølvsagt, det kan skje noko allikevel.
Ein kan plutseleg punktere, eit lemmen kan finne på å løpe innpå vegen frå sida, osv.
Men - bilulykker skjer også, og me let ikkje vera å køyre bil av den grunnen?

"Livet er eit risikofult prosjekt og det endar alltid med døden."
Eg synst eigentleg det er dumt sagt.
Samtidig er det mykje sant i det også.

Eg har i alle fall investert i nye bremseklossar på Hardrocxen, for teknisk svikt vil eg helst ikkje oppleve i 60km/t på sykkel.
Gode dekk er også viktig.
Turen endte forresten med at eg sykla meg tom igjen, men heldigvis denne gongen med synssansen i behold.
Eg blei dytta.
Jepp, dytta. Eg greidde ikkje å henge med dei tre andre.
Tom, rett og slett.
Eg skjønner ikkje. Eg åt ei banan, men det hjelpte ikkje.

Dei siste tre km lot eg gruppa sykle ifrå meg.
Og hadde ein venleg men bestemt dialog inni meg "Dette er heilt greitt. Du har dårleg dagsform. Du er i god form ellers. Formen er stigande. Sjå så fint det jordet der ser ut! Formstigninga kjem nå. Herleg å kunne sykle i mitt eige tempo. Å så fint lys det var i dag."
Når eg syklar aleine, blir det pausar.
Då hentar eg meg inn igjen - og tek bilder :) 
Eg blir jo berre motivert til å trene meir.
Så etter den tysdagen har eg sykla to gonger, og tilbakelagt nokre høgdemeter.
Du blir god til det du trenar på, så då får eg trene på å sykle.

Og så får me sjå kva dagsformen bringer i dag...
Nutheim tok eg også på søndag, den gongen i rosa utstyr og med tempo'en,
i sommartemperatur og strålande solskinn. Det var godt :)