Viser innlegg med etiketten pust. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pust. Vis alle innlegg

27. august 2014

Livsteikn!

Jepp, eg finst fortsatt!
Kven skulle trudd det?
Etter ein slik tung sommar?
Kanskje er det på tide med ei lite livsteikn, tenkte eg meg i dag.
Stikke hovudet opp av sanden liksom?

I juli/august har eg nemleg stort sett vore i "survivalmodus" som eg kallar det.
Ta ein dag av gangen, prøv å sove, ete, gå tur med Lukas, ignorere dårlege tankar, søke hjelp om nødvendig.
Og det gjekk an.
Sliten og i survivalmodus, men det gjekk!
Éin ting var nå at eg ikkje kom meg til Haugesund og dermed gjekk glipp av ein gedigen triatlonfolkefest eg hadde gleda meg til lenge.
Men så skjedde det at fastlegen min sa opp stillinga si og skal flytte til Vestlandet.

DET var faktisk verre enn å måtte droppe turen til Haugesund!!
Fastlegen min som har vore god støtte og uunverleg hjelp for meg gjennom dei siste åtte åra, han har måtte seie opp stillinga si av samvittighetsgrunner. Til tross for at eg er utrøysteleg, så støttar eg han. Eg vil heller ha (hatt) ein lege som handlar i samsvar med sine etiske verdiar, enn ein som gjer som han får beskjed om utan sjølvintegritet.
Bildet er knabba frå Bø legesenter si side.
Sånn er det. Spelar ingen rolle når legen min blir borte nå allikevel :/
Eg skal ikkje gå meir inn på kva som førte til at han sa opp stillinga si, det blir politikk, og det gidd eg ikkje uttale meg om. Konsensus her er at det er tragisk at Bø i Telemark mistar to svært gode og godt likte legar gjennom mange år. På grunn av politisk tull. Men som sagt, nok om det.

Ein fin ting som har skjedd sidan sist, er at eg endeleg kom meg igjen på pilegrimstur!
Eg gjekk, som eg har gjort før, saman med ei gruppe frå Grungedal i Vest-Telemark til stavkyrkja i Røldal.
Ved foten av Hardangervidda, på Ålmannvegen mellom Vågsli og Ulevå
(grensa mellom Telemark og Hordaland).
Til fots.
Over fem dagar.
Det er ein del mil, dette!
Så kan hende det kjem nokre bilder av det her også etterkvart.

For ein annan god ting som har hendt sidan sist er, at eg endeleg har fått meg eit godt kamera igjen.
Hurraaaaa! :)
NIKON D5200 heiter vidunderet, og har blitt trufast turfølgje alt nå.
Hurrraaaaa! Endeleg eit godt kamera igjen! Det er nesten 10 år sida sist nemleg.
Eg har savna å kunne sjå gjennom søker. Manuell fokusering.
Heilt herleg!
Problemet utfordringa med å ha med eit godt kameraet på tur gjennom så mange mil i skog og mark er at eg knapt kan la vera å ta bilder, og når mange bilder blir bra, kva bilder skal eg da velge å vise?
Eg tok minst hundre-og-ørten bilder av myrull. 
Men det er eit luksusproblem, så det er berre bra det!

Så mange dagar med fjelluft har også ført til at eg har blitt utruleg inspirert og motivert til å gå meir i fjellet, så det har eg veldig lyst til å gjera i tida framover.
Eit moltebær, urørt av både pilegrimar og fotografen.
Og hausten er jo ei nydeleg årstid å gå i fjellet på!

Treningsmessig har det for det meste blitt styrketrening. Ein løpetur i ny og ne, men ærleg talt, det var meir morsamt å gå tur med kamera over skulderen enn med løpesko på beina.

Men ein sommar i "survivalmodus" har også ført til at eg har igjen fått kroniske muskelspenningar i overkroppen, og dette har ført til skuldersmerter og stiv muskulatur. Og ein tur til fysioterapeuten. Sjølv om eg ikkje kan tvinga fram avspenning, så kan eg framover hjelpe musklane å slappe av, strekke forsiktig, trene "snilt" og bevisst, og funskjonelt. Puste godt.

Eg har også overtatt ein morsam liten tradisjon etter kjæresten til broren min, som er ei super flott dame, oppvaksen i Sør-Tyskland og med å klatre rundt i Alpane. På kvelden etter lange klatreturar i fjellet, så sit ho og spikkar. Ho lagar "Kreisel":
Ein Bergkreisel, laga av fjellbørk på 831m.o.h.
Av meg.
Og den funkar også!
Og nå gjer eg det same.
Det er absolutt ikkje vanskeleg, og den største utfordringa her er nok å halde den skarpe kniveggen unna fingertuppane når ein spikkar!

Ellers står det eit nettbasert kurs i immunologi frå RICE University på timeplanen min.

Eg har nemleg enda ikkje gitt opp drømmen min om meir helsefagleg utdanning, og håpar at eg seinare, når NAV losnar grepet sitt, kan bruke denne kunnskapen eg har innan helse til noko fornuftig.

Så det er liv, og det bra, ikkje sant?

6. august 2014

Kanskje du har blitt sterkare?

I går var eg igjen på Sterke-Nils senteret for å trene styrke.

Som vanleg (er det ikkje bra at eg kan faktisk skrive det? "Som vanleg"? Nå er styrketreninga blitt ein vane. Ein god vane), så stod det basisøvingar på programmet:
Benkpress, Roing, Markløft.

Sidan eg ikkje hadde trent på fire dagar, så valgte eg å supplere med resten av øvingane frå basisprogrammet.

Altså full pakke:

  • Benkpress
  • Knebøy med stang
  • Militærpress/skulderpres
  • Markløft
  • Nedtrekk (istadenfor roing)

På knebøy og markløft brukar eg olympisk vektstang pluss vektskiver.
På markløft kan eg fortsatt auke vekt (løfter 47kg nå :D), mens eg på knebøy held meg til 30kg, sidan eg skal forsatt skal trene på teknikken.
Ei olympisk vektstang veg 20kg. Så da kan eg legge på litt vekt til knebøy.
Men fortsatt så skal eg trene teknikk. 
Det som har forundra meg, er at eg blir svimmel på set 4 av 5.
Drøfta dette med ei venninne som også trenar og er utdanna sjukepleiar.
Varmen? Lågt blodtrykk (kombinasjon lågt blodtrykk+trøtthet+varme som gjer at blodtrykket fallar enda meir)? Dårleg allmenntilstand?
Spontan badetur à la "Keep calm and go swimming".
Eg er fortsatt sliten mentalt, men eg held ut.
Eg sendte melding til fysio'n, og til tross for at han var på ferie og på hytta med dårleg dekning, så var han så snill og kom med fjerndiagnose og råd frå hytta på fjellet (han er ikkje min faste fysioterapeut slik at eg kan tillate meg å gjera dette - ellers synst eg at alle som jobbar i helsevesenet skal ha ferie når dei har ferie - og skal ikkje bli forstyrra da!).
Han meinte at eg måtte hugse på å puste naturleg og ikkje halde pusten.
Da eg prøva dette i går, blei eg riktignok ikkje svimmel, men berre litt ør.
Så me får sjå.

For benkpress og skulderpress/militærpress ligg eg akkurat under 20kg/17kg, så da brukar eg mindre vektstenger. Dei er tross alt meir handterlege, og mindre i bruk på senteret:
Stativ med vektstenger frå 10kg til 35kg ca
Eller så brukar eg eit bodypumpsett:


Men så var spørsmålet:
Kor mykje veg ei slik bodypumpstang?

Den kjendest nemleg så utruleg lett.
For ei veke sida spurde eg ei jente som trena knebøy med ganske tunge vekter.
Ho må vel vite det, ikkje sant?
"Njaa, den var jo så lett, den kunne vel umogleg veie nokonting, denne, kanskje berre ein kilo?" foreslo ho.
Tja.
Eg tenkte meg at stanga på ein hantel veg gjerne 1,75 til 2kg, og er jo mykje kortare.
Og ei bodypumpstang skal i alle fall tole 20kg belastning og litt til, så den må da vera litt solid?

I går så spurte eg ein fyr som også såg ut til å ha trent ein god del.
Han hadde i tillegg tid, såg det ut som.
"Kor mykje trur du kan denne stanga veie?" spurte eg.
Han heldt litt i stanga og me måtte le litt.
For eg hadda akkurat tatt markløft på 47kg, mens han hadde tatt pull-ups, så stanga kjendest så lett som om den var av plast!! :D

Stanga var så lett. Var den virkeleg laga av metall?
"Nei, den var jo kjempelett" meinte han.
Eg hadde lest på nettet at vekta skulle vera på 3kg, men kunne det stemme?
Eller berre éin kilo?
Like mykje/lite som ein liter mjølk?

Neeei, me lo igjen, det kunne da heller ikkje stemme.
"Ja den kjennest jo så utruleg lett?" sa eg.
"Kanskje du har blitt sterkare?" foreslo han.
Det må det vera.
Det høyrdest ut som ei god forklaring.
Eg har blitt sterkare.
Og det er jo også det som er heile poenget med styrketrening.
Eg skal bli sterkare.
Og eg har alt blitt sterkare.
Moro!

(Psssssst ifølge Sportsmaster sine nettsider så er netto vekt på denne bodypumpstanga på 2,5kg.
Mystery solved :D).

12. juni 2013

Kva skal eg ha på meg? (Blir eg ein rosabloggar???)

Nå var det jammen på tide med litt bloggoppdatering.
Tida går fort nå, synst eg, og eg har hatt mange bloggetema i hovudet, men ingenting av dette blei brakt ned på papiret digitalisert og publisert.
Men nå!

Den siste tida har faktisk vore litt tung, både treningsmessig og ellers.
Eg har måtte droppe altfor mange økter.
Eg har nemleg blitt kronisk støl i ryggen.
Det er mest sannsynlegvis den iliopsoasen igjen, som eg har krangla med før.

Eg tok meg ein tur til fysioterapeuten for å avklare dette, men "dessverre" så var det ingen styrkeøving eg gjorde feil, eller ingen løpeteknikk som var for dårleg, ingen dårlege sko, dårleg haldning, feil sykkel eller andre eksterne faktorar som eg lett kunne ha fiksa.
Nei da, det er nok totalbelastninga som er litt stor for tida, og han beklaga at han måtte gje meg ei så kjedeleg forklaring.
Syklinga har ikkje skylda for støl hoftemuskulatur.
Pusten min har deretter også vore litt plagsam og har krangla.
Og det er berre så stressfult og frustrerande når eg ikkje får puste ordentleg!
Dårleg pust er virkeleg teikn på at det er litt too much for meg.

Så då prøva eg å kjenne litt bedre etter.
Og tok dei øktene som passa.

Treningsopplegget til Dave Scott likar eg eigentleg godt, men det berre litt for lite tid til restitusjon for min del.
Eg trur faktisk om eg hadde fordelt ein vekesplan på 10 dagar, så hadde det blitt optimalt for meg.
Men nå er det ikkje lenge igjen til IM 70.3 Haugesund, så eg skal gjera så godt eg kan.
Eg vil heller stille til start litt undertrent enn å ikkje stille i det heile tatt.
Løpeintervall har eg løpt ein gong i veka - sidan mars!
Det er jo mellom treningsøktene at kroppen hentar seg inn igjen og betrar formen, det er viktig å hugse på!
Restitusjon er nok ekstra viktig for meg, trur eg.
Sjølv om eg kan ta ein heil dag "fri" for trening, er det dermed ikkje sagt at eg er restituert til ny treningsøkt dagen etterpå.
Så det gjeld å ha litt is i magen og ikkje tenke på alle dei øktene eg ikkje greier å gjennomføre, men heller vera trygg på at det er den gjennomførte treninga som gir effekt!

Og apropos is i magen, så kjenner eg også at mat er noko eg kan bli flinkare med.
Når eg ikkje er i form, dvs ikkje greier å trene ein dag, så har eg også stort sett også dårleg matlyst, og får i meg altfor lite mat.
Så eigentleg burde eg ha is i magen, bokstaveleg talt!
Eller helst mat med bedre næringsinnhald enn is kanskje.

Sidan konkurransen nærmar seg, så brukar eg mykje av treninga for å teste utstyr og bruk av næring (=energibarar, gel og sportsdrikke). Våtdraktene blir også fortsatt testa.
Re-testing av ORCA-våtdrakt. Den er berre trang, den :/
Kva eg skal ha på under konkurransen er eg heller ikkje sikker på enda, det står mellom to "outfit" (hehe, blir snart sånn rosabloggar eg :D):

Blir det dette...
CRAFT tri singlet og 2XU - tri comp shorts

eller dette...?
Blue Seventy tri-drakt
Å finne om akkurat dette er berre moro eigentleg, og av erfaring så blir den siste beslutninga ikkje tatt før kvelden før konkurransen.
Fargane på det første alternativet er jo såå fine, men samtidig så er tri-drakta så utruleg behageleg å ha på, den sit som støpt. Ingenting som strammar rundt magen, og ingen top som kryper opp når ein løper...
Så kva blir det til slutt?

Det blir spennande :D

2. desember 2012

Vinterdvale...

Når eg ser tilbake på månad november, så blir det tydeleg at det eg har nærma meg ein tilstand av vinterdvale.
I gjennomsnitt har eg løpt 1-2 gonger.
Styrketreninga som eg skulle fokusere på, har det blitt lite av, ingenting dei siste tre vekene faktisk.

Grunnen til det er at eg ikkje har orka.
Pusten var og er dårleg, og det betyr at det nesten er umogleg å trene med låg intensitet, eller slik som eg føler for.
Eg har blogga mykje om det før, så dette er jo ikkje noko nytt.
Eg håpar berre så veldig på at det løsnar snart igjen!

For ei veke sida var eg og ei venninne på tur med hundane, og eg sleit meg opp bakkane i ein time, mens venninna mi hensynsfult føreslo at me kunne ta det rolegare (ho trenar ikkje, og røyker. Snakk om at eg føler meg i dårleg form altså!).

Men med nokre pustepausar kom me oss til toppen etter ein time.
Hundane fekk leika og herja så mykje dei ville, det er heilt utruleg kor hundar får denne energien ifrå altså, det skulle eg gjerne visst!
Lukas og Bianco leika og herja heile tida!
På veg ned att blei me belønna med ein superfin solnedgang.
Turen varte berre i to timar, men for meg med forbigåande redusert lungekapasitet var dette ei ganske bra økt og god prestasjon.
Nå skal eg avtale ny time hos fysioterapeut, og prøve å fordjupe meg i meditasjon, avspenningsteknikkar osv, kanskje lære meg yoga, og ete og sova så mykje eg treng.
Kanskje er eg i ferd med å gå i vinterdvale?


21. november 2012

Min stakkars iliopsoas...

Hjelpe meg, nå er det heile 10 dagar sidan sist blogginnlegg!
Og bloggen kallar eg liksom triatlondagbok?

Men men, slik er det, også dagbøker må tole å vente.
Eg har ikkje heilt vore i bloggehumør.
Det har blitt lite trening dei siste dagane, og eg har mentalt ikkje vore heilt til stades,  men levd i ei boble.
Og i tillegg har pusten min blitt dårleg igjen.

Og som resultat av at pusten er dårleg (dvs mellomgolvet er stramt, og då må hjelpepustemuskulaturen ta over, noko som dei slett ikkje er utstyrt for i lengda) er blodsirkulasjonen dårleg, og det fører til stivhet, stølhet, svimmelhet osv.
Årsak-virkningsamanheng her er ikkje heilt klart, det blir ein ond sirkel som opprettheld seg sjølv.
Men at stress spelar ein stor rolle hos meg, er klart.
Eg har to store og viktige møte til veka, og har nok derfor blitt kronisk anspent.

Treningsmessig så har eg gått på sparebluss og minimal vedlikehaldstrening, eller kva skal eg kalle det.
Turar med Lukas har det blitt, men ikkje lange.
Det er nemleg ganske frusterande at eg blir andpusten i rusletempo!!
Kveldstur med Lukas i rusletempo.
I går tok eg derfor ein tur til fysioterapeuten min.
Eg opplevar nemleg også ein merkeleg stivhet ein stad i kjernemuskulaturen.
Utan å ha trent styrke.
Stivheten er verst når eg reisar meg etter å ha sitte ei stund.
Det er vondt å "rette meg ut", ganske enkelt.
Som om eg har for korte musklar heilt innerst i kroppen.
Og det er vondt og stivt i korsryggen.

Etter å ha beskrive situasjonen min så tippa fysioterapeuten min (som har spesialisering i psykomotorikk, midt i blinken for mine utfordringar) med ein gong på muskelen iliopsoas.
Det dreier seg eigentleg om ein muskel som er samansett av tre adskilte musklar, m.iliacus som går frå innsida av hoftebeinet, og m.psoas minor og m.psoas major, som begge går ut frå kvar sida av korsryggens virvlar. Iliopsoas er den viktigaste bøyeren i hofteleddet.

Årsaken i at denne muskelen plutseleg begynde å krangle er også samansett, og heng nok saman med det endra pustemønsteret mitt som heng saman med spenningsnivået mitt osv.
Kort sagt: muskelen har kanskje fått litt for mykje å jobbe med.
Både på mine løpeturar i motbakkar, og at muskelen prøvar å dra beina opp mot magen, slik at kroppens framsida blir "beskytta mot ytre truslar".
Sånne gamle reaksjonsmønster er jo lite hensiktsmessig når truslane ikkje er av fysisk art,
men dette er nå eingong slik kroppen reagerar frå gamalt av.

Heldigvis ser det ut som om pusten sakte men sikkert blir bedre.
For kvar djup innpust eg får til, og kvar gjesp så blir eg litt lykkeleg!
Tenk det, å bli glad over ein gjesp!


Eg har opplevd dette her så mange gonger før, og pusten kjem alltid tilbake, men mens den er dårleg, så kan eg nesten ikkje skjønne at den skal bli bra att nokon gong.
Pusten er jo saman med hjarteslaga den mest grunnleggande livsfunksjonen me har.
Ikkje rart eg savnar den når den er dårleg?

Nå er det i mitt tilfelle ikkje så mange tiltak eg kan gjera for å bedre pusten.
Å tøye stive musklar virkar gjerne mot sin hensikt, det her eg erfart mange gonger.
Då er det bedre å drive med avspenning.
Meditasjon, visualisering, oppmerksamhetstrening og liknande for å signalisere kroppen at den er trygg og dermed får musklane til å slappe av att.

Dette har eg gjort litt kvar dag, ca 20min med visualiseringsmeditasjon.
Så får me sjå om det hjelpar, det kan i alle fall ikkje skade.

Så eg skal fortsette med å løpe når eg har lyst, for slik som fysioterapeuten min seier (og eg har vore hos han sidan hausten 2007, det er ganske lenge, og han kjenner meg godt nå), så er i mitt tilfelle all trening berre bra.
Eg har også endeleg svømt igjen, det var herleg, så det skal eg forsette med, kanskje til og med så regelmessig som ein gong i veka.
Eg blir ein gladfisk når eg svømmer :D
Styrketreninga skal fortsatt prioriterast, men du verden så lite sjølvdisiplin eg har her altså!?
Men då kan det jo berre bli bedre ;)

9. februar 2012

Er aking bra for pusten?

Nå har halvparten av veka gått og eg har alt fullført tre av dei fire "minimums"- øktene som eg hadde planlagt: ein time sykling på rulle (på måndag), ei økt svømming (på tysdag), og ei økt styrketrening (i går).
I dag var det som vanleg torsdagsgruppetur igjen, og der blei det tur til fots og aking på rumpeakebrett (som nok kvalifiserar til ei lett styrkeøkt med fokus på å halde kroppspenning, og statisk trening av  magemusklane).

Om eg derimot gjennomfører den planlagte løpeturen denne veka, er eg ikkje så sikker på.
Eg trur kanskje at når det gjeld pust, så er det best å heller trene styrke ein gong til, eller svømme.

På tysdag svømte eg for første etter eit halv års opphald. Minst!
Eg kan eigentleg ikkje hugse siste gong eg svømte.
Det må ha vore ute, i august kanskje.

Forholda i bassenget på tysdag var perfekte: eg hadde heile bassenget for meg sjølv.
Herleg!
Eg svømte litt krål og litt rygg, mellom to kortare opphald i badstoga.
Slik føltest det å svømme igjen: Deileg!
Dagen etterpå var eg støl i musklane som ligg mellom ribbeina (external intercostal muscles): klassisk for meg når eg svømmer og ikkje har god og djup nok pust: dei intercostale musklane jobbar på spreng for å utvide brystkassa og dermed auke lungevolumen, noko som mellomgulvet er blitt dårleg til...
Eg måtte snike inn eit anatomi-bilde. Er ikkje anatomi fascinerande?
Eg synst det.
Styrke hadde eg ikkje trent på heile fire veker, så det blei ei forholdsvis lett og allsidig økt, med størst fokus på kjernemuskulatur og øvre rygg og nakke.
Dessutan fekk eg tid til nokre push-ups!
Sidan eg startar her heilt på scratch (skrætsj?) så blei det 3-2-2-3-4 push-ups, med eit minutt pause imellom. Så får eg sjå om eg har nok sjølvdisiplin til å bygge vidare på dette.
Jammen fekk eg også skvisa inn nokre chin-ups. Like mange omtrent, innleda av eit lite hopp opp mot stanga. Ellers greier nok dei puslete armmusklane mine ikkje heilt utfordringa ;)
Chin-ups. Ein plass må ein jo starte.
Dette var i alle fall ein god start på triatlontreninga.
Og det kjendest godt.
Nå skal eg berre ikkje forhaste meg.
Pusten er viktigast, og den lar seg ikkje tvinge fram, så gjerne eg enn skulle ønskje det.
Men eg kjenner at både svømminga og styrketreninga har gjort godt for pusten så langt.
Og sidan eg bytta til rulle-dekk på ChiCqiloen, pussa eg like godt heile sykkelen.
Hmmm ja blank og fin :)
Og akinga i dag gjorde godt.
Eg skulle hatt med kamera.
For ein fart me fekk på den nypreppa bakken i anlegget i Morgedal...
Kanskje er det lettelsen over at alle bein fortsatt var i god behold etter dei fartsfylte turane som fekk lokka fram eit par gode djupe innpust?
I så fall skal eg også begynne med regelmessig aking i bratte bakkar.
Ikkje den verste øvinga i så fall ;)
Og så turar med Binna er fint.
Spesielt i så nydeleg  vintervêr!

25. januar 2012

100 push-ups????

Nå kjenner eg at sakte men sikkert så slepper musklane i rygg og nakke, og mellomgulvet slappar av igjen. I dag har eg legetime så då skal eg diskutere med legen min vegen vidare framover.

Ellers så har eg tatt ein liten treningspause.
Eg blir jo så frustrert over dette muskelpanseret eg ber med meg, og som hindrar pusten på ein måte at det ikkje er moro å springe ute i det heile tatt.
Så då har eg  heller trent litt meir snowboardteknikk (dette er jo så fantastisk moro - og litt trening blir det jo faktisk, sidan eg køyrer på eit jorde her i nærheten, og tråkkar gjennom snøen opp att), og rusla tur med Binna.
Binna er med når eg står på brett. Ho spring ned bakken, og  gjeng opp att saman med meg. Ho synst faktisk at det er moro og begynner å bjeffe når eg somlar litt med bindingane på toppen av bakken. Herlege Binna :)
Dette er på Raudkleiv.
Mens Anne Ingvild tok heile tre rundar på ski i lysløypa, leika eg meg i bakken. 
Det har heller ikkje blitt noko styrketrening den siste veka.
Eg merkar at eg manglar litt mål når det gjeld styrketrening.
Det blir meir plikt enn moro.
Sjølv om eg skriv treningsdagbok ganske nøye, med vekt og antall repetisjonar, og dermed kan følgje med på min eigen framgang, så er treninga allikevel litt prega av "vedlikehald".

Muskelmasse skal eg ha. Så er det praktisk med litt styrke. Det ser også bra ut med ein veltrent muskuløs kropp. Det har god effekt på triatlontreninga mi. Det er kult å vera litt sterk. Det kjennest godt også.
Så det er mange fordelar.

For nokre år tilbake, då eg las litt om dei forskjellige styrketreningsøvingar på nettet, kom eg over denne sida:

Den gongen dreiv eg ikkje med noko målretta styrketrening, berre rein løping og litt sykling.
Eg blei heilt satt ut av tittelen. Heile hundre push-ups?
Er det mogleg?
For folk flest?
Hæ?
Eg elskar jo slike sprø utfordringar, så eg tok og printa ut det vesle heftet med seksvekers-programmet. Sat i gang. Det varte i éi veke.
Så blei det rett og slett litt for mykje/ofte for meg.
Du skal gjennomføre 3-4 repetisjonar tre dagar i veka.

Ja, eg skjønner det skal litt innsats til for å klare å koma opp til 100 push-ups. Spesielt frå eit magert utgangspunkt. Denne gongen så greidde eg meg opp til 10-14 push-ups, trur eg.
Så har eg aldri trent push-ups meir.
Eg synst push-ups krever ein innsats og ein styrke som eg rett og slett ikkje alltid greier å produsere.

Så då eg testa meg for ei veke sida, så klarte eg heile to (2!) push-ups. Så vidt.
Huff huff.
Men men, her er jo forbedringspotensiale stort, ikkje sant?
Så for andre gong, så har eg tatt og printa ut det vesle heftet.
Og for å vera på den sikre sida, så har eg også printa ut programmet for
- 200 knebøy
- 50 triceps dips
- 200 situps
Sånn, då er det formelle på plass ;)
Så når eg ikkje trenar styrke, så kan desse øvingane kanskje vera eit alternativ?

Viktig med god musikk når ein trenar styrke.

19. januar 2012

Årets første bad (ute)

Pusten er fortsatt ikkje tilbake.
I tillegg vakna eg i natt kl.4 og fekk ikkje sova att ordentleg.
Eg trur kanskje det blei noko smådøsing fram til eg skulle stå opp.
Mareritt, grubling, og ein uroleg kropp.

Derfor var det eigentleg heilt greitt at vekas torsdagstur for ein gongs skyld ikkje bestod av ein tur, men av eit opphald i ei utandørs badstoge.
Og ikkje kva som helst badstoge, men Sauna Vebekkdalen som er ein del av kunstprosjektet "Into the Landscape" rundt Seljordsvatnet.

Gruppa vår delte seg i to i dag.
Nokon hadde meir lyst til å gå ein tur, mens andre føretrekte badstoge.
Eg høyrde til dei sistnevnde.
Det hadde blitt fyrt opp i badstogas ovnen alt tidlegare i dag, så då me kom dit var det alt littegrann varmt.

Sauna Vebekksdalen - badstoga langs Seljordsvatnet -
bildet er tatt frå www.intothelandscape.no
Og med medbrakt ved og bøttevis med vatn var det ikkje lenge før temperaturen nærma seg 40 og 50, og noko over 50 gradar. Sånn ca.
Konstruksjonen til denne badstoga er litt spesiell, golvet er nemleg ope, og består av eit spaltegolv av tre, slik som det finst i ein del saue- og geitefjøs.

Me var fire stykke inne i badstoga, og tre av oss var ute og bada/plaska/plumpa i Seljordsvatnet heile tre gonger kvar. Og nydeleg var det!
Det hadde eg aldri trudd.
Eg som er slik frysepinne.
Mitt første bad. Bildene er limt saman av ein videosnutt som blei tatt.
Men det blei litt dugg på kameraet. Ikkje så dumt, då  ser det jo enda kaldare/tøffare ut :D
Og dukkerten var faktisk veldig forfriskande!
Berre isflaka i vatnet var litt skarpe.
Dette er isen på Seljordsvatnet sett frå undersida.
Pentax-kameraet mitt blei ekstatisk av denne  utfordringa. Kjekt med vanntett kamera!
Vatnet kjendest eigentleg ikkje så kaldt.
Det var berre føtane som fraus litt etterpå.
Og dei blei fort varme att inne i badstoga.

Dette gjorde godt for ein støl og sliten kropp og tynnslitte nervar.
Reine balsam!
Akkurat det eg trengte i dag.
Pusten har riktignok ikkje latt seg lokke tilbake med det same, men mellomgolvet fekk seg noko god trening mens eg tok ein dukkert i det iskalde vatnet.
Badeplassen vår. Me høgg hol i isen med øks.
Neste gong blir det større og lengre og djupare badeplass, det har me bestemt oss for alt nå!
Og for ein god følelse ein får i kroppen etterpå!
Nå skal eg jammen hugse på å ta meg ein tur i badstoga ned i svømmehallen her snart.
Det er jo så godt med varme nå på vinteren.
Og det gjer godt for stive musklar og eit slitent hovud...
Hovudet var litt mindre slitent etter fleire timar i badstoga...

18. januar 2012

Eg vil ha pusten min tilbake...

Den siste veka løp eg heile tre gonger.
Så ofte har eg ikkje løpt på mange månader.
Så har eg tatt to økter på snowboard (utan heis, dvs køyre ned bakken, GÅ opp att).
Dessutan har eg handla med stor sekk, og bore den 15kg sekken heim att (og eg skal ikkje ein gong til skrive kor mange høgdemeter det er, kor bratt bakken er - det er bratt).
Eg har gått tur med Binna kvar dag, om enn berre rusleturar.
Eg har hatt éin fellestur på torsdag der me gjekk lenge, om ikkje så langt.

På måndagen denne veka hadde eg ei avtale som eg grua meg til.
Eg grua meg faktisk så mykje at øvre rygg og nakke og spesielt mellomgulvet låste seg.
Pusten blei borte.
Mellomgolvet nektar å samarbeide, og dei auksiliære respirasjonsmusklene mine tok over jobben for det. Derfor låste øvre rygg og nakken seg.
Musklane der kjennest ikkje lenger elastisk, men som ein plastisk masse, modell-leireaktig.
På veg heim att frå møtet på mandag som eg hadde grua meg til i to dagar.
Overstått var det, men eg blei heilt ekstremt  utslitt av det. Utredning er krevande...
Huff det der er ikkje godt når musklane er støle utan grunn!
Og det er skikkeleg kjedeleg å ikkje kunne puste djupt og godt.
Eg blir så frustrert. Og det gjer det jo verre, for ved å undertrykke frustrasjonen min (det hjelper jo ikkje å vera frustrert, så då nektar eg liksom å vera det, og latar som ingenting...) så spenner eg enda fleire musklar.

Dette har eg fått behandling for sidan hausten 2007 gjennom psykomotorisk fysioterapi.
Den svært dyktige fysioterapeuten min har lært meg nokre avspenningsmetodar, og jobba med musklane mine i nakke, skuldrane og øvre rygg og fått meir "orden" i systemet.

Men sjølv om eg meir enn gjerne skulle hatt ein akuttime nå, så veit eg også av erfaring, at det ikkje nyttar å motarbeide spenningsnivået i kroppen utanfrå.
Når det har vore som verst, har fysioterapeuten tidlegare gjennom ein times behandling greidd å mjukne opp musklane mine og fått meg til å puste godt igjen, men etter endt time så har musklane som regel spent seg igjen etter berre få minutter, vanlegvis alt mens me sat og avtalde neste time.

Spenningsnivået varierar gjennom dagen og vekene, i ulik grad, og skal faktisk gjera det.
Fysioterapi gir lindring der og då.
Men å "bryte opp" denne aktuelle muskelspenninga ved hjelp av tøying gjer det heile verre.
Så trening hjelpar dessverre ikkje så mykje heller.

Det var som verst søndagsvkeld og heile måndagen.
I går, på tysdag, kjendte eg littegrann mjukare musklar på kvelden, og fekk til nokre gode djupe innpust med deileg gjesping...etter å ha tilbrakt to timar på sofaen under eit par varme teppe.

I dag så er det likeeins som i går.
Så eg har ikkje trent nokonting denne veka enno, og skal heller prøve avspenning.
Eg har riktignok sykla ned til sentrumet og opp att både i går og i dag, av praktiske grunnar, og det var deileg, for når eg blir så andpusten som eg blir på glatt føre i bratte bakkar, so kjenner eg jo ikkje dårleg pust. Pusten går jo ganske fort då uansett..

Så nå får eg berre ta tida til hjelp, så kjedeleg som det enn er....

26. mars 2011

Ny våtdrakt!!!

Siste helg var eg på besøk hos Helene på ei slags triatlontrenings- og inspirasjonshelg.
Det blei ikkje så reint lite diskusjon med tanke på alt det morsamme me kunne finne på av trening i løpet av helga:
  • utesykling: " ...det går vel an? Det er jo bart? Men det kom jo snø i natt. Eller?..."
  • sykling på rulle: "...me kunne sykle på laurdag og springe på søndag? Eller ha ei overgangsøkt? Eller roleg langtur, det er jo morsammare når ein er to stykke?..."
  • løp: "...eg treng å løpe. Men det burde vera på laurdag. Viss ikkje me spring ein roleg tur på søndag da. For då spring eg berre ein kort tur på fredag. Løp etter å ha sykla? Kva intensitet da?..."
  • styrketrening: "...ryggen min treng å trene styrke. Viss me gjorde det på laurdag? Det er så godt å løpe dagen etter styrketrening. Me kunne jo både sykle inne og trent styrke? Skal me berre trene kjernemuskulatur? Det kunne me gjort inne. Nei det hadde vore morsamt å trent på styrkerom også...."
  • ski: "...ja det hadde jo vore deileg med ei skitur. Nei veit du me droppar skitur, det blir for mange valg.."
  • tur: "...altså me skal jo gå tur med Binna uansett. Men skal me gå lang tur? Men det blir berre rusletempo, ikkje sant? Ikkje så bra å springe same dag kanskje?..."
  • svømming: "..det er jo teknikktrening på søndag som me kan dra på. Kanskje ikkje så lurt at det er så tidleg? Den eine svømmehallen er open på laurdag også. Nei kor mykje folk er det da, tru? Me kunne svømme og trent styrke same dag. Blir kanskje litt mykje å gå tur same dag i tillegg?.."
Dette er berre eit bittelite utdrag frå den telefonsamtalen me hadde to dagar før.
Både eg og Helene hadde berre trent roleg gjennom veka og var så og seie klar for det meste. Det endte med at me droppa utesykling og skitur, og at eg pakka med meg sykkel + rulle + sykkeltøy, løpetøy og svømmetøy.
Pakking som før ein konkurranse. Det er moro å bruke "beutlane" frå IM i Frankfurt!

Valget falt til slutt på å sykle mest mogleg, og gå tur med Binna ute i det fine været. På den måten fekk me både nyte det fine været ute, og ein del timar på sykkelrulle. Det blei i overkant av to timar på laurdag ved heller låg intensitet, og litt over ein time på søndag, med litt meir variasjon i kadens, motstand og intensitet. Dessutan gjekk me ganske mykje tur med Binna, og Helene fekk også med seg svømmeteknikktrening på søndagen (mens eg føretok med nødvendig restitusjon på sofaen saman med Binna).

Binna blei skikkeleg bortskjemt hos Helene, og fekk til og med ligge på sofaen. Derfor tok ho det også med knusande ro då to halvgalne hobbytriatletar sat og tråkka lystig framfor TVen INNE, mens det var fint turvêr UTE. Menneske er rare...
Det var ei inspirerande og motiverande helg, og eg kjenner at eg virkeleg har fått opp lysten til å trene enda meir nå.
Synd berre at eg virkeleg har slite med dårleg pust i snart fire veker nå, og går med konstant stivt mellomgulv og støle ryggmusklar, slik at trening ikkje virkeleg er så artig som den kunne ha vore. Men då eg antyda at eg kunne trengt ein triggerpunktbehandling for å løyse opp i stive musklar, så hadde Helene løysinga: eit slags "gjør det self"-instrument, til triggerpunktbehandling:
Ein merkeleg dings. Men den funkar. Å så herleg å kunne trykke vekk litt muskelsmerte altså. Den dingsen har eg lyst på!

Eg fekk også prøvd og lånt med meg ei våtdrakt av Helene. Eg og Helene er omtrent like høge og brukar same klesstørrelse, så sjansane var gode for at drakta skulle passe meg. Spesielt sidan denne drakta viste seg å vera for kort i ryggen og rundt skuldrene for Helene. Me har nemleg ganske så forskjellige proporsjonar, og med min korte rygg kunne det kanskje klaffe.
Den våtdrakta som eg har brukt hittil er ei prisgunstig triatlondrakt frå O'Neill, og den isolerar godt og glir godt gjennom vatnet. Men eg kjenner altfor lite bevegelighet i skuldrane når eg brukar den, og dessutan er ryggen min for kort, slik at drakta faktisk "saggar". Ikkje så farleg når ein skal svømme krål eigentleg, men likevel, den sit ikkje spesielt godt.
ORCA women's sonar.
Orcadrakta derimot sat som støypt, og det beste med den var, at armane mine fekk ei slags "oppdrift". Det kjendest som om drakta nesten "slengte" armane opp og fram i krålstilling!
Ingen sagging heller.
Og onsdagen viste det seg også at den stod si siste prøve, nemleg i bassenget. Sjølv om det var vanskeleg å kjenner etter kor mykje vatn den ville sleppe inn rundt halsen (vatnet i bassenget i Seljord held nemleg heile 30gradar, då er det ikkje lett å kjenne etter), så kjendest den ellers kjempebra.
Eg har fått meg ny våtdrakt, sykkelen er klar, løpesko er klare. Ein litt utolmodig triatlet som ventar på sesongstart.
Eg testa også farten med drakta, og med tida på 1:32 på 100m virkar den lovande. Isoleringsevnen kan eg ikkje seie nokonting om, for eg greidde såvidt å unngå heiteslag etter 10min i bassenget, og snøen utanfor svømmehallen frista VELDIG til å kjøle meg ned i, men eg let vera, for ikkje å kaste noko tvilsamt lys over triatletar og deira oppførsel.
Eg er så fornøydd. Ny våtdrakt. Hurra!


Så inspirert som eg blei og så god plass som det var i bassenget, så frista det med ein rask 1000m på tid (i vanleg badedrakt), og med tida på rundt 18min blei eg enda meir fornøydd.
Berre synd at eg må vente med å bruke den nye våtdrakta til laaaaangt på våren. Det er jo tvilsamt at eg får meg ei utesvømmingøkt i Norge før 14.mai i år, så det kan hende at første gong blir faktisk på Mallorca...

Kan hende det ikkje er så dumt å vente med å prøve våtdrakta til eg kjem til Mallorca...?