Men dei siste vintrane har eg ikkje fått gjort det så mykje.
Vinter 2012 og 2014 ha eg jo faktisk greidd å pådra meg sidebandskade i kneet.
Og vinteren 2013? I fjor?
Den hugsar eg ikkje så myke av, eg trur det var rett og slett lite snø den vinteren. Og ja, det var triatlon med profesjonell coach (Dave Scott) det året, så då blei det triatlonbasistrening istadenfor.
Men denne vinteren!
Uansett kva det blir neste år, så må eg i alle fall få meg EIN tur.
Helst før jol.
Og det blei det på laurdag.
Det har kome nok snø lenger oppe i bygda, og det er der treningsbakken min er.
Den bakken er så lite bratt at den fortener i grunnen ikkje navnet sitt.
Men til første økta så held det massevis.
Dessutan er den såpass nærme at eg kan gå dit til fots med snowboardet under armen, og ha med Lukas, og han kan springe laus ved sida av meg.
Det blei nokre turar opp og ned (ned og opp), og det var kjempegøy!
Snowboard er jo berre leik.
I og med at eg går opp bakken i djup snø, så blir det også litt gratis kondistrening.
Og det treng eg absolutt.
Kondisen min er ikkje den beste for tida, og i tillegg så er rygg og nakke stiv og støl og vond og pusten dårleg, men eg satsar på at når det blir bedre når jola først er avvikla.
Men eg savnar løping noko grusamt - eg savna dei fine løpeturane i knirkande (blytung) snø, med stjerner og måneskinn på fjelltoppane omkring. Det er så enkelt å løpe - det er dette eg savnar.
Så eg skal fylle vinteren med vintertrening - snowboard og ski.
Eg har henta mine turski heim (har jo mykje utstyr ståande hos venner pga plassmangel her), så forhåpentlegvis blir det nokre lufteturar med Lukas på ski.
På ein av lufteturane mine med Lukas måtte eg forresten ta bilde av brøytetraktoren som stod parkert langs vegen: han hadde med joletre, inne i førerhuset!
Koseleg :)
Så ønsker eg meg truger til jol, men eg tvilar på at eg får dei, sidan eg alt veit at eg skal få ny turjakke - så då får eg berre degradere truger ned frå "ønskeliste" til "nødvendig kvardagsgjenstand" og gå til innkjøps når kontoen min har kome seg etter joleinnkjøpene.
Så kan eg jo alltids også ønske meg meir snø - den kostar jo ikkje noko da - men gir ganske mykje glede den også ;)
God jol!





























