Eg er nemleg ikkje den mest disiplinerte når det gjeld treningsplanar, og justerar gjerne og raust undervegs.
Siste veke (30.juni-6.mai 2012, 9 veker igjen til IM 70.3) var forslag til trening som følgjande:
Løpeøkt 1: 4km eller 30min RLT (Roleg LangTur),
(Løpeøkt 2: 30min)
Sykling økt1: 1time30min RLT
(Sykling økt2: ein time veldig lett)
Styrke: ein time, heile kroppen
(styrkeøkt 2: lettare økt på 30min)
Så kva gjennomførte eg av dette?
Løping:
4x1km (1km løp vekslar med 1km sykling, samla lengde: 40min)
4km jogging (delt op i 2km+1km+1km med sykkelpause imellom, ca 40min)
Sykling:
Ein økt på ein time/23km. Vanlegvis brukar eg lengre tid på denne strekninga, så eg sykla fort :)
Transportsykling i form av bakkesykling med (av og til tung) sekk: 3x15min
Sykla med Lukas litt over ein time på fredagen, derav den tyngste delen ein lang motbakke i starten, ellers veldig lett.
Styrke:
Styrke? Hm....det blei det dessverre ingenting av denne veka
Tur:
Eg gjekk skogstur med Lukas på til saman 2t30min, torsdagsturen til Morgedal, og to rusleturar laurdag og sundag på til saman to timar.
Alt i alt var det ei ganske bra veke. Eg prøva å gjennomføre det eg hadde satt opp, med nokre justeringar. Eg skal bli flinkare til å trene styrke, det kjenner eg at kroppen treng også.
Deileg å vera ute og løpe igjen! |
Kneet skal vennast til dette, så eg må følgje godt med.
Innimellom kjenner eg at det stikkar i kneet dagen etter løpinga, så eg burde absolutt vera forsiktig.
Lukas og eg på skogstur. |
Og det nyt eg virkeleg :)
God plan. Håper du blir klar om 9 uker. Du har ikke akkurat ligget stille og rolig heller, så det går nok bra. Lukas har det kjempegodt med deg! Han er nok i hundeparadis
SvarSlettJa det må vera ein god plan. Minimalistisk er den, i alle fall, så lenge eg får gjennomført den, skal eg vera klar til Haugesund.
SvarSlettJa Lukas får mange flotte turar.
Sjølv om me nå til hans store fortvilelse har begynt med målretta "gå fint i band"-trening.
Men skogsturar der han kan springe litt laus skal det nok også blir.
Ja eg håpar at han set pris på tilværelsen her :)
Godt forresten Ania at du syntest at Lukas har det godt! Så fort som han brukar kreftene sine på tur, like fort er han nemleg restituert etterpå og klar til ny tur!
SvarSlettIkkje alltid like enkelt å motstå slike bedende blikk, å ikkje få dårleg samvittighet og høyre på hjertesukka hans over at me fortsatt sit inne... ;)