Viser innlegg med etiketten mental trening. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mental trening. Vis alle innlegg

9. juli 2014

Livskraft!

Eg må sei at det å få DNS (Did Not Start) på Ironman 70.3 i Haugesund var tøffare å takle enn eg hadde forestilt meg.
Sundagen så prøva eg å halde meg borte frå sosiale mediar.

Vanlegvis, når venner og bekjente deltar i M-Dotkonkurransar er det moro å følgje med via Lifetracker-sida til IRONMAN.
Men eg takla det berre ikkje.
Var alt for skuffa over meg sjølv.

Måndagen var ikkje noko betre.
Da kom sorgen, og sinne. Eg var utruleg sint og blei ganske sjølvdestruktiv.
Alle dei gode tankane eg hadde gjort meg rundt min ikkje-deltakelre,
alle dei gode grunnane, var som blåst bort.
Eg fekk nokre gode meldingar og kommentarar av venner og bekjente, det hjelpte.

Og det blei bedre på tysdagen.
Etter at eg "rasa frå meg" på måndagen. Så kom stille etter stormen dagen etterpå.


26. juni 2014

Når alarmen går - "Å leve med en overaktiv røykvarsler"

Tittelen har eg berre lånt.* Den passa så bra.
Den beskriv tilværelsen min veldig bra nemleg.

Me har alle ein slags innebygd røykvarslar. Ein alarmsentral, om ein vil.
I hjernen.
Den ligg i eit område i hjernen, i det limbiske systemet (også omtalt som "pattedyrhjernen").
Og den heiter amygdala ("mandelhjernen").
Det er hjernens røykvarsler.
Den oppfattar trusselsignalar.

Er det stor fare, fare for livet, er det veldig nyttig, for då kjem heile den kroppslege reaksjonen med det same: høg puls, økt fokus, klar for kamp eller flukt, osv (og det er ein annan del i hjernen, nemleg hjernestammen, "reptilhjernen" som har ansvar for).

Er det mindre fare, så er det ein annan del i hjernen (i hjernebarken) som vurderar: Er det grunn til å reagere? Slik at den kroppslege reaksjonen eventuelt uteblir ("Det var ingen hoggorm, berre ein rar pinne.").

Hos meg (og mennesker med same diagnose eller problematikk) så er denne røykvarsleren, amygdalaen, hyperaktiv. Dessutan er det så å seie lite kommunikasjon mellom denne og hjernebarken - den gjer stort sett som den vil (dette fenomenet blir også kalla for "amygdala hijack" - amygdalaen kaprar heile hjernen, så då eg i eit av mine siste innlegg skreiv av hjernen "køddar med meg", så var det i grunnen ikkje så dum omskriving - men det er berre ein liten del av hjernen da. Det er amygdalaen som køddar med resten av hjernen).

Dette opplevar eg altså gang på gang på gang.
Og det er rimeleg frustrerande.
Og slitsamt.
Det er også slik at når alarmen først har gått, er den vanskeleg å "slå den av".
Heile kroppen er i alarmberedskap. 
Og den er mistenksam. 
Kan jo hende at trusselen dukkar opp igjen?

Når "trusslane" er av psykologisk natur, så er det vanskeleg å avreagere - det er lettare å finne ut at pinnen ikkje var ein hoggorm likevel - pust ut og gå vidare. Men kva gjer du med ein psykologisk trussel som ikkje går over?.

I går så var det ein slik dag der alarmen gjekk.
Det var ingen konkret situasjon, men fleire faktorer som spela saman, så var terskelen nådd, og alarmen utløyst, og eg blei stressa, sliten, aggressiv, tenkte ikkje lenger klart, eg orka ikkje, alt blei for mykje, eg blei kvalm, fekk sjølvdestruktive tankar...
Det at eg skal til Haugesund spelar nok litt inn der, eg er anspent, og stressa.

Igår var det sommarfest på senteret, og sjølv om eg hadde mest lyst til å grave meg ned så skrapa eg saman den siste resten av fornuft og kom meg dit (eg gravde meg også ned i dyner og tepper og puter først, og det roa meg littegrann ned, men dette orkar eg eigentleg heller ikkje - det kan hjelpe å koma seg ut - verre kunne det ikkje bli eigentleg).
Sommarfesten i går.
Sommarfesten var fin, den, og eg fekk ein pause frå meg sjølv.
Men pussig nok, så var det som alarmen berre var "sett på vent". Snooze-button liksom.
Eg kom meg heim etter festen og tok ein luftetur med Lukas.
Og da snakkar med om tur i rusletempo. Men likevel, sjølv om eg prøva å ta det med ro, så var pulsen skyhøg, og eg hadde pusteproblem, og hjartet var i utakt - eg hadde berre lyst til å grine.
Det er godt eg har Lukas som selskap.
Og då eg hadde kome heime etter rusleturen, som altså berre varte i ein halv time, så var eg så sliten at eg omtrent ikkje visste kor eg var hen.
Og eg var altfor stressa til å sova.
Altfor stressa.
Kroppen var fortsatt i alarmberedskap.
Eg angra at eg ikkje hadde tatt turen til legevakta. 
Der er det nemleg nokre flinke sjukepleiarar som greier å roe ned eit kaotisk hode.
Det tok lang tid før eg sovnar.
Dei timene fram til kl.02. blei hodet mitt fullt av tankar om å slutte å trene, kvitte med meg Lukas, kansellere alle konkurransar i framtida, kutte kontakt med alle venner, og verre sjølvdestruktive tankar som ville gjera slutt på tilværelsen slik eg kjenner den.

Heldigvis, så sovna eg. Utmatta. Resignert.
Med tanken i hodet om at eg drit i kva som skjer vidare.
Og pussig nok, så gjekk pulsen ned.
Eg sovna.

I dag så er eg sliten etter i går, og eg tek det med ro.
Eg har eigentleg lyst til å skrive om våtdrakt og nye svømmebriller, men det er som eg får skrivesperre når eg ignorerar slike hendelser som i går.
Eg kallar jo ikkje bloggen "triatlonterapi" utan grunn (i staden for "super-sprek-og-glad-triatlet-som-er-full-av-energi-og-svømmer-sykler-og-løper-kvar-dag-og-lagar-deilege-matretter-på-fritida"-blogg).

Niks, her blir det opp-og-ned-turar.
Så, mens andre pleier formtoppen sin foran konkurransen i Haugesund (og ja, dette var eit planlagt innlegg hos meg også, men pytt pytt), så driv eg mine eigen vesle survival-camp...
Sykkelsko i sand. Det luktar triatlonterarapi her...


*Delar av innleggstittelen er lånt frå foreslesningsnotater"skrive av Psykiater Arild Steinsholt Jervell, og heile forelesningsnotat kan du lese viss du trykker her (er i PDF-format).

19. juni 2014

Triatloninput


Eg er ein veldig visuell person.

Dvs, eg likar bildar framfor lyd, eg får energi av fargar, og former, og når eg skal lære meg noko nytt, så likar eg godt å teikne det framfor å skrive det ned i ord.
Min glødande interesse for anatomi og fysiologi til tross, blei vevslære litt kjedeleg.
Men det hjelpte absolutt å teikne det!
Samtidig så likar eg veldig godt å skrive.
Som mine faste blogglesarar kanskje har skjønt nå, med tanke på lengda på innlegga :)
Eg trur kanskje eg treng mykje "input" i form av bilder, mens "output" er i form av ord.
Eller handling.

Akkurat etter turen min til Tyskland for to veker sida, så har eg vore litt tom.
Eg hadde ikkje sett broren eller niesa mi på 10år, så det var fint, men også merkeleg å møte dei igjen.
Mange familiegreier som har vore gløymt har dukka opp att.
Og det var både gode og vonde ting.
Men å møte og bli kjent på nytt igjen med niesa har vore heilt super fantastisk!
Så alt i alt var turen god.
Sjekk den nydelege niesa mi! Ho er berre heilt superskjønn! ♥
Eg er fornøydd.
Sjølv om tida etterpå har vore litt tung.
Det er ikkje noko nytt, og eg har gjennom mange år lært meg å handtere tunge periodar.
Eg må berre jobbe meg igjennom desse, eller la tida hjelpe til, om ikkje anna.
Pause på syklinga - hodet var ikkje med - og eg ville svømme - kunne jo prøve tridrakta?
Og svømme UTAN våtdrakt for ein gong skyld? Men tør eg?
Ein måte å jobbe på er også fylle hodet med andre ting enn uklare ubehagelege minner frå arkivet.
Og der kjem bloggen inn, og treninga, og triatlon, og bildene.
Når eg mistar meg sjølv i vonde minner, så trengst det sterke gode bilder som overdøyver dei gamle.
Bilder i farge!
På veg heim frå fysioterapien i går - ein treng ikkje manipulere fargane her,
når himmelen er knallblå og sola skin og blomane er sååå fine!
Bilder med bevegelse, eller ro.
Innbydande vatn, høg blå himmel og solide fjell.
Sand mellom tærne og vind i håret på sykkelsetet.
Sol i ansiktet og lukten av fargerike blomar.
Eller også mektige skyer og regn i lufta.
Løpesko på grus.
Rytmiske steg, eller tunge.
Landskapet som endrar seg undervegs.
Velkomsten av hunden heime.
Strekke ut støle musklar, la ein svett kropp kvile mot stuegolvet mens hunden vimsar rundt og byr på seg sjølv.

Eg er av og til nødd til å minne meg på kva eg likar ved trening og triatlon.
Det høyrest kanskje merkeleg ut, men det har seg slik at hodet mitt av og til er på autopilot, og køyrer berre det mest nødvendige, så når eg prøver å få fram motivasjonen min for å trene så kjem det "Access denied.".

Så då er det berre å "mate inn" igjen med noko av det eg eigentleg alt veit.
Men berre ikkje har tilgang til der og da.
Så framover, fram til konkurransen i Haugesund 6.juli, så skal eg bruke bloggen til å mate inn gode tankar om triatlon, trening, meg sjølv og fokusere på det eg likar.
Det er ikkje tvil om at eg kosar meg på konkurransar.
Eg blir jo heilt religiøs når eg nærmar meg mål! :D :D
Dette var i IM 70.3 Haugesund 2013.
Altså eg meiner, på ein innfallsrik dag så beslutta eg å gje bloggen min tittelen "triatlonterapi", så da kan eg vel vie litt tid til dette temaet også innimellom???
Selfmademultisportwoman (meg) er forfattar, så selfmade skal det bli, for eg er min eigen beste coach.
Ikkje noko vondt om Dave Scott - eg ville meir enn gjerne hatt han som coach igjen, men da kanskje ikkje i forberedelse på ein konkurranse, men som ein slags treningscoach.
Eg kom godt overeins med Dave Scott! 
Men  - eg coacher meg sjølv.
Og akkurat nå er det tide for nedtrapping av trening (hahaha, som om eg hadde noko treningsvolum å trappe ned frå :D) og oppkøyring av motivasjon, gnisten, inspirasjon og kortare økter i racepace (eg likar ordet racepace - det får det til å virke lett - konkurransefart virkar derimot litt - ehem - litt omstendeleg).

Nok skriving, nok output.
Nå skal eg bruke opp mine siste slantrer på "godbitar" som eg skal ha med på konkurransen i Haugesund. Konkuransegodteri, på ein måte.
Hmmmmm Sport Beans er berre såå gode!
Alt hjelpar! Og det er jo input det også;)


16. juni 2014

Hodet mitt kødder med meg!

Nå likar eg best å skrive positive innlegg.
Om gode løpeturar, sykling, små bølger og blå himmel.

Og det er mykje denne bloggen handlar om, nemleg å skrive om det som er bra.
Om gleda ved trening, om å sette fokus på det positive rundt meg.
Eg er ein ganske positiv og optimistisk person, men når det røyner på, så blir eg fort utslått.
Det er små marginer.

Og saka er, at hodet mitt køddar med meg.
For å sei skrive det rett ut.
Det har seg slik at eg er plaga med mareritt om natta.

Ikkje kvar natt, heldigvis. 
Men omtrent annankvar natt.
Det er ikkje alltid at eg vaknar skrekkslagen. 
Av og til så vaknar eg berre med ein dårleg følelse, ein slitenhet, eit eller anna som sit i kroppen på morgontimane, som eg ikkje skjønner kor kjem frå.
Noko stemmar ikkje. Det er uklart.
Noko er berre ikkje på plass - sjølv om  - Lukas er der jo?
Så dukkar det plutsleg opp bilder og følelser frå drømmene eg hadde den natta.
Huff.
Det handlar stortsett om vanskelege situasjonar, kranglar, diskusjonar og smertefulle konflikter med mine foreldre.
Det eg ikkje fekk gjort opp under oppveksten hentar meg inn igjen om natta.
Og det er ganske ubehageleg.
Det er greitt med ein gong imellom, men for å vera ærleg: slik har eg hatt det i fleire år nå.

Så snart eg begynte å grave litt djupare i kva som kanskje kunne vera årsaka til at eg "møtte veggen", "blei utbrent", "ikkje orka meir" osv, så dukka bildene og situasjonene opp, ikkje berre i samtaleterapi, men også om natta.

Det er slitsamt!
Det steler utruleg mykje energi.
Slik som i dag.
Eg vaknar, og det er noko som ikkje stemmer.
Det er ein slags tristhet, følelse av forlatthet, fortvilelse, og sorg, som ulmar inni meg, djupt inni meg, slik at det knapt er kjennbart.

Og dette til tross for at eg hadde ein fin dag i går, og at sola skin i dag, det er meldt 24C heile dagen, kroppen er i fin form eigentleg, Lukas er frisk, det er fredeleg i nabolaget og eg har ein heil dag til min disposisjon.
Likevel så er eg utmatta før dagen har ordentleg begynt.
Til tross for mange timar med søvn og god frukost.

Hm.
Dette er i følge terapeuten min ikkje noko uvanleg, eller urovekkande.
Me jobbar tross alt med mange av desse traumene frå oppveksten.
Mykje av dette har lege skjult sidan den gongen, godt forsegla, arkivert ein stad der nede inni meg.
Så når eg begynner å stikke hull på denne "infiserte byllen", så er det ikkje rart at det blir smertefult?
Rive opp eit gamalt sår som ikkje hadde grodd?

Men likevel - eg skulle ønske eg slapp å bli henta inn igjen av gamle konfliktar.
For i dag, tross alt, når eg tenker rasjonelt, så skjønner eg jo at dette ligg 20år tilbake i tid.
Dette treng eg ikkje bry meg om lenger.
Det er over.

Kan ikkje også underbevisstheten min skjønne dette etterkvart???

Heldigvis har eg skjønt mønsteret i dette, og derfor veit eg at det som hjelper, er tid.
Det går seg til. Det tek føremiddagen.
Av og til heile dagen.
Blomstring tek tid.
Timar, der sjølve omgivelsane minner meg på at eg er den eg er i dag, og ikkje den eg var.
Eg kan ikkje tvinge fram at følelsane slepper taket, men eg kan hjelpe til litt.
Minne meg på kven eg er i dag.
Kanskje skrive innlegg om trening.
Lese andres bloggar.
Kose med Lukas.
Planlegge konkurransar.
Tråle gjennom nettbutikkar etter treningsutstyr.
Kikke på bilder, osv.
Vera meg sjølv.
Ignorere gamle stemmar i hodet som fortel meg om ubrukelighet.
Fokusere på meg sjølv, på her og nå.
På mål eg har satt meg.
Minne meg på gleden av trening.
Det er som om eg må bygge meg sjølv opp att etter slike netter.

Men er det dette som skal til, så får eg gjera det.
Igjen og igjen.
Eg kan jo ikkje gje opp når eg har kome så langt...
Og når det gjeld trening, så er nok ikkje kroppen heilt klar til dyst på slike dagar som denne. Men, som eg har som mantra for slike dagar: 
Do what you can do in the moment.
Noko går an.
Om ikkje den planlagte lange sykkelturen, så kanskje ein kortare tur?`
Litt styrketrening i staden for fult 5x5.program?
Noko går an.
Eg får finne ut.


25. mai 2014

Innsatsmuskelen - musculus laboris


Etter at eg har vore velsigna med eit overskot på energi, innsatsvilje, inspirasjon og motivasjon over eit par veker, var det både i går og i dag heller labert med treningsviljen.
Eller eigentleg begynte det fredagskveld med grusam utmattelse.

Sjølv om eg hadde lyst til å trene, så orka eg ikkje.
Fredagskveld blei det ein kompromiss: eg gjekk tur med Lukas, og hadde med tung sekk. Ikkje så super tung, men rundt 10-11kg.
Eg fekk litt drahjelp av Lukas:
både for å koma meg ut i skogen,
og opp dei bratte bakkane.
Så gjekk me vår vanlege runde gjennom skogen. Eg likar nemleg godt å gå med sekk, ryggen har godt av det, beinmuskulaturen får også litt uthaldenhetsstyrketrening, og muskulaturen rundt kne og anklane blir styrka.
Alt dette treng eg, så det er alltid ok å gjera, gå tur med sekk i terrenget.
Fin "belønning" for slitet er jo den blide gutten min,
som alltid er såå lykkeleg når me er på tur!
Laurdagen hadde eg først store planar om både det eine eller andre, men kroppen var matt og slapp, og innerst inne hadde eg mest lyst til å ligge i sola og lese.
Og da gjorde eg akkurat det.
Fekk lest om det elektriske ledningssystemet i hjartaet og hjarteklaffane.

På kvelden orka eg rett og slett ikkje nokonting anna enn å rusle tur med Lukas.
Med tok ein tur ned til sentrum der det går an å nyte den siste kveldssola, var innom venner, og tusla heim att.

Men skulle ikkje innlegget handle om innsatsmuskelen?
Musculus laboris, altså, kor sit den hen, tru?

På engelsk så heiter den effort muscle, og det er to psykologiprofessor som har æren for navnet. (Ikkje for den latinske, musculus laboris, den har eg funne på :D).
Michael  W. Otto og Jasper A. J. Smits forskar på samanhengen mellom fysisk aktivitet og mental helse. Mens Michael W. Otto skriv om strategiar for å forbedre behandling for angst, affektive lidelser (depresjon og bipolar og slikt) og rusavhengighet, så er Jasper A.J. Smits forskning fokusert på utvikling av tiltak som mosjon/trening for behandling og forebygging av angst og røykeavhengighet.

Klart eg måtte finne ut kva desse karane hadde å sei om temaet!
Dei skriv ein god del om motivasjon.
Motivasjon til trening, og det er jo eit ganske viktig tema.
Kven ønsker seg ikkje ubegrensa motivasjon til trening og kanskje også sunt kosthald?
Røykefrihet og regelmessig "riktig" fysisk aktivitet?

Kva stoppar oss?
Kvifor er ikkje alle friske, veltrente, røyekfrie, balanserte og glade mennesker?
Fordi det rett og slett ikkje lett å motivere seg sjølv til alt det som skal til for å bli akkurat dette: veltrent, røyefri, balansert og glad.
Sånne glansbilder av sunnhet og velvære gjer
 det ikkje lett å koma i gang for folk flest!
Eg har alltid lurt på kvifor eg ikkje orkar å trene når kroppen er klar, når eg har tid, når eg har ete nok mat, når vêret er bra, osv.
For eg synst da at det er morsamt å trene?
Det er mange grunnar til at eg av og til ikkje kjem meg ut.
Eller at eg brukar fleire timar på å koma meg i løpesko og ut av døra.
Tenk det kan vera solskinn ute og eg kjem meg ikkje ut...
sånne dagar finst det også!
Merkeleg? Velkjent?
Ein teori av desse (forresten ganske spreke) psykologane er, at det krevst eit lite push for å få oss i gang. Det startar om morgonen, når ein er trøtt men likevel står opp.
Me skal jo stå opp, vekke barna, lage frukost, gå på jobb, osv?
Har me lyst, er me motiverte?
Ikkje alltid, men me gjer jo alt dette likevel.

På jobb e.eks. er det mange slike små push som får oss gjennom dagen. Mange gjøremål, ærend. Ein siste korrekturlesing. Ein siste telefon. Mest lyst til å koma heim, men innom butikken først.
Etter middagen så hadde det vore moro å sett på TV, men så var det nokre rekningar som venta.
You get it.

Så viss nå trening blir berre enda eit punkt på gjøremålslista, så kan det hende at vi alt har brukt opp denne innsatsmuskelen vår gjennom dagen. Slik at  innsatsmuskelen vår blir utslitt nok i løpet av dagen, og me kan ikkje bruke denne til å gje oss eit ekstra push til å ta på treningstøy. Ta og løfte nokre vekter. Ta på løpesko. Til å opne døra. Gå ut. Løpe.
Blir trening berre eit kryss på gjøremålslista?
Derfor burde me finne og bruke andre strategiar enn innsatsmuskelen for å koma oss ut på løpetur. Eller i skogen. Eller treningssenteret.
Men samtidig som altså den utslitte innsatsmuskelen kan vera årsaka til at det blir tungt å koma i gang, så er det akkurat fysisk aktivitet som også styrkar denne muskelen!
"The effort muscle is different from any of your other muscles."
Mens me er ute (eller inne) og trenar eller mosjonerar, så overvinn me heile tida små øyeblikk der me blir slitne men likevel held ut, der me gir på litt ekstra i motbakken, der me spring litt raskare, fordi me veit at på lang sikt, så er dette godt foross og kroppen vår.
Kanskje er det ein konkurranse me har lyst å perse. Så me gir eit ekstra push.
IM 70.3 Haugesund gjer at eg pusher litt ekstra,
som her på min tempoøkt på tysdag.
Og neste gong me møter motgang, og trur me må gje oss, så hugsar me kanskje at det går an å gje eit ekstra push. Og innsatsmuskelen er sterkare enn før, så det kostar mykje mindre å pushe litt ekstra.

For min del så skjønte eg i dag at eg hadde sett på min lite brukte triatlontreningsplanen min som foreslo at eg anten skulle sykle minst seks mil eller løpe 14km.
Huff. Det hadde eg på ingen måte lyst til å gjera.
Så blei det meir hjarteanatomi.
Samtidig, innerst inne, så visst eg at eg ville hatt godt av å trene.
Så eg bruka ein halv time på å kartlegge kor hen eg skulle sykle, kor hen eg kunne løpe osv, men eg kom fram til at tanken uansett var avskrekkande.
Treningsplanen som heng på kjøkkenskapet.
Eg trudde at den skulle motivere meg,
men den er berre avskrekkande eigentleg. Rart?
Men så kom eg på at eg kunne godt ha trent styrke denne veka. Den første økta denne veka greidde eg ikkje heilt å gjennomføre, og dessutan hadde eg fått ein kink i nakken på eit eller anna vis, og styrketrening pleier å hjelpe på det.
Plutseleg så var det ingen innsatsmuskel som meldte seg (eg har kanskje ikkje nevnd det, men for min del så er teorien min om min tidvis manglande "motivasjon" for å trene betinga i at innsatsmuskelen min ser ut til å vera kronisk utslitt - sidan den sa stopp i 2006 og sidan berre har fungert sånn delvis. Men meir om det kanskje ein annan gong).

Styrketrening it is! Fram med treningstøy og treningsdagbok og oversikt.
Kort planlegging kva økter og i kva rekkefølge (eg held fram med 5x5 og har god progresjon, men må av og til stokke om på rekkefølga av øvingane etter dagsformem), og kva utstyr eg skal bruke (eg har henta heim vektstanga mi og kan nå bytte mellom manualar og vektstang. DIGG).
Velkomen heim igjen, vektstanga mi!
Det var på ingen måte vanskeleg å sette i gang.
Eg bruka ganske god tid også, over ein time, og tok med tid til å teste ulike måtar å ta knebøy på, var nøye med oppvarminga osv.
Og så har eg forsatt god progresjon, og kan auke vekt på markløft og roing, så det er moro!
Nå må eg faktisk skaffe meg fleire vektskiver. Tyngre. 
Innsatsmuskelen min er under opptrening, denne.
Min teori er forresten at denne muskelen, viss me skal halde oss innanfor anatomiens verden, består av to hoder (og derfor burde heite musculus laboris biceps). Den eine delen er styrt innanfrå, og er godt utvikla hos meg. Den får meg til å løpe maraton og trene for langdistansetriaton.
Den andre delen er styrt utanfrå, dvs av omverda som jobb, familie og samfunnet. Denne delen blei lamslått hos meg i 2006 og har sidan vore på rehabilitering.

Kanskje musculus laboris biceps er best når den får brukt alle fibrane sine, og ikkje berre ein del, kva veit eg, nå driv eg berre og funderar. Eg har nådd slutten på dette lange innlegget og skal resten av filosoferinga overlate til lesarane mine. Det er nemleg Lukas som snart gir meg eit lite push er for å koma ut i skogen viss eg sit enda lengre..
Viss eg ikkje passar på, reisar Lukas aleine ut på tur -
han har nemleg ingen problen med å koma seg ut. Aldri.



10. august 2013

Å omfavne det mørke

Omfavne det mørke?
Eg?
What?
Og eg som er så glad i sol og lys, og sommar og varme?

Nå er sommaren visst ikkje heilt over likevel, heldigvis.
Men sommarferien er over, og "kvardagen" er tilbake.
Nå er eg jo ikkje i fast arbeid, men det betyr jo ikkje at eg ikkje jobbar.
For å seie det slik: Jobben min er for tida å bli friskare.
Og dette er ingen jobb ein kan ta ferie frå.
Eg kan heller ikkje dra heim frå jobb kl.15:30 og sette meg i godstolen, spise middag, trene, omgås venner og dermed slappe av etter ein endt arbeidsag.
Jobben min er ein fulltidsjobb!
Døgnet rundt.
24/7.
Heile veka.
Året rundt.
Eg har starta opp att med samtaler hos terapeuten min nå etter sommarferien.
Og så godt som det er å få hjelp til løyse opp floker, så er det også ganske slitsamt og krevande.
Dette er noko som er vanskeleg å formidle til folk som ikkje har opplevd dette sjølv. Eg skal ikkje gjera eit forsøk her heller til å prøve å få lesarane mine til å forstå kor stor belastning ein terapeutisk prosess kan vera.
Det er altfor innvikla.

Eg har opplevd at mange "psykisk friske" trur at ein anten skal vera skikkeleg gal, "uberekneleg", "skrudd i hodet" osv for å måtte søke hjelp hos psykolog eller psykiater, eller at det er slik som det blir vist spesielt på amerikansk TV, at terapi handlar om å sitte i godstolen hos terapeuten sin og pratar om kor tungt livet er, og så får ein plutseleg ein "aha-opplevelse" og ein spaserar ut av kontoret helbreda og med nytt livsmot, som eit nytt menneske liksom.

Det finst sikkert desse to variantane også. Men det mest vanlege er nok alt som ligg innanfor desse to ytterpunktene.
For min del, så har eg nok tilbrakt alt for mange timar hos ein psykolog som ikkje skjønte kva som eigentleg var galt, og dermed brukt mykje tid og krefter med å ikkje koma vidare.
Heldigvis har eg etter utredninga i 2011 fått ein terapeut som eg virkeleg kan jobbe med og har tillit til, som er fagleg dyktig, visar empati og gir støtte, utfordrar og vurderar undervegs.
Og det gjer at eg virkeleg kan gå inn og jobbe med ting som ligg langt tilbake og visar seg til å vera viktige faktorar i dei helseproblemene eg har hatt i mange år.
Så det er jo bra, ikkje sant?
Eg synst jo at eg er heldig som får så god hjelp.
Men som sagt, det er også ganske krevande.
Det er mykje som skjer i terapeutiske prosessar som er vanskeleg å forstå.
Eg er jo ingen psykolog, og om eg var det, så er det ikkje sikkert eg hadde skjønt alt som skjedde ved meg sjølv. Me er dessutan alle forskjellige, så same behandling/terapeut har jo ulik virkning hos ulike menneske.
Me er litt like men først og fremst ganske forskjellige alle saman!
Eg blei minna på kor krevande terapi er etter første samtalen med terapeuten min etter sommarferien denne veka. Timen varte lengre enn vanleg pga at me måtte koma litt ajour og gå igjennom det som hadde skjedd i løpet av sommaren.
Det heile blei ganske intenst, det var mykje å drøfte og analysere og finne ut om.
Etterpå så var eg saman med venner i eit par timar, men då eg så kom heim, så sa det stopp.

Eg er nå vant med varierande dagsform og at eg er mykje sliten og nedstemt og manglar energi, og prøvar forskjellige måtar å meistre dette på. Av og til er det godt å løpe ein tur. Eller så kan eit par timar foran TVen med god mat gjera underverk. Oppmerksamhetsmeditasjon har eg også prøvd, men det funkar foreløpig berre når eg har eit visst "rest-overskudd" igjen.

Men den gangen var det einaste som hjelpte, å legge meg i senga og få det så stille og mørkt som mogleg rundt meg. Sidan det fortsatt var midt på dagen, så ønska eg meg faktisk vinter. Eller i alle fall haustmørke.
Det måtte helst vera HEILT SVART.
Utan lys og lyd og lukt.
Sånn ordentleg mørkt. 
Då gjekk det sånn nokonlunde.
Jaja.
Eg sovna nok littegrann innimellom, sjølv om hjernen var forsatt i høygir.
Men det hjelpte.
Etter eit par timar i mørke så blei det litt ro i kropp og sinn.
Det er heller ikkje slik at eg blir deprimert eller får negative tankar, eg er berre heilt utslitt da, det er liksom ingen energi igjen til nokonting, alt er brukt opp, så også det minste sanseinntrykk blir altfor mykje.
Eg synst jo ikkje at det er så greitt det, å ligge i mørket når det er fint vêr ute.
Men viss det hjelpar?
Ønska meg å kunne gå ein tur i tussmørke.
Så viss eg blir betre av å ligge i mørke eit par timar, så får eg gjera det.
Det er nå i alle fall utan skadelege bivirkningar.
Bortsett frå Lukas som etterkvart blir uroleg og synst at å ligge i senga i fleire timar på lyse dagen er litt i meste laget av inaktivitet.
Men så er det også til hans beste, sidan det som regel blir det jo ein rusletur med han etterpå viss eg orkar det.

Det som er så bra med Lukas,
er at han er glad i å tur uansett - lyst eller mørkt,
sol eller regn. Go'gutten min :)

Pussig nok så hugsar eg at den dagen så sa eg til ein venn at eg skulle ønske at me kunne ta vare på "ein lys sommardag som denne" og få den igjen midt på vinteren, i januar f.eks. Tenk å hatt ein strålande lys og varm solskinns-sommardag midt i januar?
Nokre timar seinare låg eg altså i senga og ønska meg ein mørk vinterdag, mens det var lyst og varmt ute.
Jaja.
Som sagt.
Eg har det betre etterpå og det er jo det viktigaste.
Så får eg heller nyte sol og lyset ein annan dag.
For det veit eg at eg skal.
Og det ser eg fram til!

15. mai 2013

Do what you can do in the moment!


Då me hadde vårt "kick-off" møte med Dave Scott i februar, var eg den einaste av triatletane som budde på Olympiatoppen hotell. Og det var kjekt.
For sidan eg var tidleg ute den dagen, hadde eg god tid til å få nokre ord med Dave Scott på tomannshand før det offisielle opplegget begynte.
Dvs, eg var sliten etter busreisa (blir bilsjuk må vite) og han var litt sliten etter flyreisa og jetlag, så det blei litt hyggeleg uformell prat om det eine og det andre.
Og me snakka litt om trening, og helse, og eg fortalde litt om min eigen situasjon, og at eg over fleire år har vore sjukmeldt i varierande grad og om kroniske helseplagar osv.
Eg tenkte som så at om han skal vera coachen min for dei neste månadene, så kan han vel like godt vite dette, for eg har da ikkje noko å tape på det?

Så lurte eg på kva eg kunne gjera, når eg er så dårleg at eg uansett ikkje orkar så mykje, for ikkje å snakke om å svømme, sykle og løpe i tillegg?
Han hadde eit godt mantra å koma med: "Do what you can do in the moment."
Dave Sott på kick-off i Oslo.
Foto: Dag Oliver
Kan du ikkje gjennomføre den planlagte løpeturen på 1,5 timar, så kan du kanskje løpe i 45min?
Virkar det heilt umogleg å sykle tre timar, så er det å sykle halvparten av tida bedre enn ingenting.
Er det planlagt knallharde intervall, og formen er dårleg og kroppen sliten og hodet i opprør, så er kanskje ein lett løpetur gjennom skogen utan mål og meining løysinga?

"You may go through several days when you’re not clicking or maybe you’re highly
motivated but your body is just not responding. The phrase I like to use is “Do what you
can do in the moment.” This is key. Just do what you can. Things will start clicking again." 
Dave Scott, taken from his Training Guide, 2013.

Treninga mi så langt har gått bra.
Men det har vore mange økter som eg har måtta redusere eller droppe.
Sånn er det.
Siste veke blei ganske redusert fordi eg ikkje var i form i det heile tatt.

Spesielt helga, der det var planlagt ei kjempeøkt på 3,5t med veksling mellom løp og sykling og løp, var tung. Eg hadde tatt fredagen "fri" for trening, droppa svømmeøkten på laurdag, men det hjelpte lite.
Søndagen skar det seg like mykje som dagane før.
Tidlegare ville eg vel kanskje tenkt at det er best å droppe søndagens trening også.
Men motivasjonen var faktisk der.

Men løpe og sykle i 3,5t var heilt umogleg.
Når eg blir dårleg over fleire dagar, så går matinntaket drastisk ned.
Og då går det sjølvsagt dårleg å trene.
Men eg ville så gjerne!
Så kva var det coach sa?



Eit raskt blikk på treningsplanen for veka viste at eg kunne anten sykle ein time eller løpe bakkeintervall, dette var to økter eg hadde droppa.
Eg valgte meg bakkeintervall, tok på meg sko og treningstøy, fekk med meg ein overlykkeleg Lukas (han har måtta bli heime ganske mange løpeøkter nemleg, stakkars - men han synst jo ikkje noko om å løpe intervall - med mindre det er HANS intervall - dvs - full fart - full stopp - snuse leeeenge - full fart - full stopp - snuse leeenge og markere - full fart - full stopp - osv - men DET blir eg ikkje med på!)
og la på veg.

Så løp eg bakkeintervall i skogen - fortløpande opp for å få fin utsikt etterpå, for det er jo ein ting som gir meg motivasjon seinare - utsikt som belønning.
Det blei 20min oppvarming med innlagte tempodrag, 5x70sek intervall, 6min lett jogg, og så 4x45sek intervall - så var det nok. Eigentleg skulle eg ha tatt 9 x 45 sek. Men eg blei kvalm.
Magen syntest ikkje det var greitt å få trøkt ned to brødskiver med banan og sjokoladepålegg like før økta, men noko energi måtte eg jo få i meg den dagen.
Men kvalmen opphørte straks etter at eg var ferdig med intervalla, og begynte å jogge ned igjen.
Og då var det deileg å løpe faktisk!

Her kjem det tips om teknikk for å løpe i mot- og nedoverbakke. By - who else? - coach Dave Scott:


Så det var DET som var mogleg denne dagen, det var det eg kunne gjera "in the moment" og då gjorde eg det.
Ferdig.
Og eg er fornøydd med det.
Sjølv om eg var spyferdig etter økta så hadde eg likevel ein god opplevelse og faktisk gjennomført ein del av treningsopplegget som planlagt.
Og det er bra, det.

Ei anna sak blir å høyre kva coach synst om at eg berre har svømt éin gong sidan sist nettmøte ("Imke, you have to get in the water!") for fire veker sida... Det er nemleg nettmøte med gutta igjen i kveld, så la oss håpe at fokuset ikkje blir på svømming denne gongen...




9. mai 2013

mo·ti·va·sjon

"Samlebetegnelse for de faktorer som setter i gang og som styrer atferden. Det første omtales ofte som motivasjonens energikomponent (hva som setter oss i sving, og hva som bestemmer innsats og utholdenhet), det andre handler om motivasjonens retning (hvilke mål vi setter oss, og hvilke valg vi tar)." Det Store Norske Leksikon (motivasjon – psykologi. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Hentet fra: http://snl.no/motivasjon/psykologi)

For eit par veker sida fekk eg endeleg den boka i posten som eg hadde venta på:
"The Triathlete's Guide to Mental Training" av Ph.D. Jim Taylor og Teryy Schneider.

The Triathlete's Guide to Mental Training.
Sidan eg har gitt ansvaret til å lage treningsprogram over til coachen min (sjølvaste Dave Scott - men det visste de vel nå :D ), og slepp å bruke tid på å sette saman treningsøkter, kan eg ta meg av andre aspektar som er viktig i forhold til treninga, nemleg den mentale sida.

Mental Trening
(høyrest det skummelt ut?)

Dave Scott & David Glover er flinke til å dele treningskunnskap med oss som blir coacha, men det meste er så langt mest basert på den idrettsfysiologiske delen.
På mitt spørsmål til Dave Scott om kva eg kunne gjera med at eg synst trening er så tungt og at eg opplever konkurransedagen som mykje lettare, så svarte han "Get more race day in your training!".
Men dette gjeld altså berre akkurat meg.
For andre kan oppleve at det er lettast å trene, og dei presterar optimalt, men når dei skal konkurrere, så går nervene løpsk og prestasjonen blir dårlegare enn forventa.
Så her kjem den mentale biten inn.
Eg har lest dei første to-tre kapitlane av boka ovanfor og er begeistra så langt!

Kjempespennande lesing!

Og sjølv om boka har triatletar som hovudmålgruppe, så er teknikkane som blir beskrive også nyttige i livet utanom trening og konkurransar (seier Mark Allen i forordet, fritt oversatt).

Noko av essensen som er viktig å ta med seg heilt frå starten av når det gjeld mental trening/mental innstilling er, at mental trening/innstilling ikkje er medfødd, som så mange trur. Det dreier seg derimot om teknikkar som ein kan utvikle og jobbe med på same måte som dei fysiologiske og tekniske aspektane av treninga (her: triatlon).


I mangel på noko som passar bedre har bokas forfattarar skapt uttrykket "Prime Triathlon".
Det blir definert som "prestasjon på eit vedvarande høgt nivå under dei mest utfordrande forhold".

Det handlar ikkje om å yte 100% heile tida (ingen kan dette), men om å yte best utan dei veldig store opp- og nedturar.

Høyrest det litt uoppnålege ut?
Er ikkje opp- og nedturar ganske vanlege?
(Jepp, det er det, men dei meinar at det går an å redusere desse svingninane til eit minium).


Det handlar om å gjera sitt beste spesielt under utfordrande forhold.
For kven likar ikkje å sykle i solskinn?
Eller ta seg ein løpetur i flatt terreng på mjukt underlag med fantastisk utsikt?

Eller svømme i varmt vatn i roleg sjø?
Men kva skjer når du møter motgang, når det pøsregnar ute på sykkeltur og du punkterar, skoene er blaute på løpetur og skodda sig på, og bølgjene kastar deg rundt slik at du ikkje får puste utan å svelge eit par munnful med vatn og blir sjøsjuk?

I bokas begynnelse blir det satt opp ein pyramide med seks mentale faktorar som i størst grad påvirkar prestasjonen i triatlon (og gjerne også annan idrett som er basert på uthaldenhet, altså ikkje på teknikk/lagspel osv).


Prime Triathlon Pyramid
 (fig 1.1 frå boka "The Triathlete's Guide to Mental Training, p.13)

Nederst som basis for pyramiden er motivasjon.
Denne er heilt grunnleggande for å oppretthalde ønsket og determinasjonen om å trene (jamfør den norske definisjonen i starten av innlegget).

Motivasjonen er den bidragsfaktoren du har størst kontroll over.
Motivasjonen vil avgjera kva rolle trening spelar i livet ditt,
og kva slags valg du tek.
Motivasjonen vil påvirke alle aspektar av prestasjonen din:
- kondisen din
- teknisk trening
- taktisk trening
- mental forberedelse
- og livsstilen din generelt, inkludert søvn, kosthald, relasjonar og forpliktelsar i forhold til skule, jobb og andre aktivitetar.
Kva med kosthald når du trenar?
Motivasjonen er ein viktig faktor som me faktisk har størst kontroll på.
Fysiologisk sett kan me alltid forbedre kondisen vår, men ein gong vil me nå våre grenser sett av genene me er fødd med. 
Me kan heller ikkje påvirke klimaet vårt eller vêret, kor sterke konkurrentane våre er eller korleis ein konkurranse er lagt opp (stigning, underlaget, bratte svingar, dei er det same for alle).
Men motivasjonen vil avgjera korleis du møter desse faktorane. 
Sykling hausten 2011. Er du motivert nok,
går det an å sykle sjølv om det eigentleg er "for kaldt".
Motivasjon er den energien som får deg ut på trening, som bestemmer kor ofte, kor mykje og kor intenst du trenar. 
Den vil også få deg til å trene når du er trøtt, stressa, sliten, ikkje gidd, er tung og tom i kroppen og ikkje har det moro i det heile tatt.
(For meg betyr det gjerne nå at om eg ikkje er "motivert" ein dag, så går eg ut og gjer denne planlagte treningsøkta likevel - sjølv om eg ikkje har lyst. Eg har jo det store målet i bakhovudet - IM 70.3 Haugesund - og det er min kilde for motivasjon - og då treng eg ikkje har lyst til å trene dagleg - eg kan gjera det til tross for at eg ikkje er "motivert"!)

Så for å ha størst motivasjon er det viktig å spørre seg sjølv om kvifor ein held på med dette ein held på med.
Kva er grunnen til at eg driv med triatlon?
Kva er det som gjer meg glede med triatlon, er det sjølve treninga, eller godfølelsen etterpå, er det dette fantastiske spennande og mangfoldige triatlonmiljøet, er det vennane eg trenar saman med, er det reisen til konkurransen, er det å teste grensane mine, er det å prøve stadig noko nytt, er det helsegevinsten?

Kva er grunnen til at du driv med den idretten du driv på med?
Kva er det som gjer at du trenar?

Eller at du deltar i konkurransar?
Veit du eigentleg det?


Ha ein fortsatt fin himmelfartsdag!