15. mai 2012

Roing (utan vatn)

Då eg begynte med styrketrening sommaren 2009, var dette basert på lausvekter i form av manualer, strikk, ankelvekter og ball.
Og det fungerar veldig bra.
Det er så mange fordelar med lausvekttrening heime at eg er nødd til å skrive eit eige innlegg om dette seinare.

Men eg har alltid vore fascinera av styrketrening med apparat.
Det er berre slik at det ikkje fantest noko treningssenter i Seljord fram til hausten i fjor, og Bø var litt for langt unna.
Og nå sjølv om Sterke Nils senteret har kome til Seljord, må eg fortsatt prioritere styrketrening heime, fordi eg rett og slett ikkje har råd til trening på senteret.

Men sidan eg nå er på dagpost ved sjukehuset her i Seljord to gonger i veka fram til sommaren (meir om dette seinare, det er eigentleg altfor viktig til å la vera å blogge om), så har eg også plutseleg tilgang til styrkerommet der!
Blant anna benk til benkpress, den gledar eg meg til å prøve!
Og dette passar utruleg bra, sidan eg har ekstra fokus til opptrening av kneet mitt og då kan det vera lurt å bruke apparat til styrketrening. Dessutan treng eg å styrke ryggen og nakken litt ekstra pga av at eg har litt dårleg tid igjen til lange sykkelturar foran IM Haugesund, og eg kjem ikkje til å få tid til å svømme noko særleg før konkurransen heller, så då blir det tørrtrening (styrketrening) istadenfor.
Mølle! Det blir bra for løpetreninga mi.
Det er ganske pussig å gå over frå trening med lausvekter til apparat.
Så mange innstillingar og handtak, og enda fleire handtak, og slynger, og karabinkroker og stenger og dingsebumsar...
Bodycraft XPress
Men mest nytt for meg var faktisk romaskina.
Eg har jo vakse opp ved ei stor elv, og brukt mykje båt, og er van med roing.
Romaskina.
Men roing utan vatn?

Og det skal jo vera så bra?
Eg blei såpass satt ut av enkeltheten av romaskina at eg måtte spørre Fysio'n littegrann om hjelp.
Etter at han tolmodig hadde høyrt på mine lange utgreiingar om å strekke beina/bøye beina, rett rygg versus bøyd, musklar mellom skulderbladene som eg ville bruke, tung vs lett belastning og antall rotak i minuttet og alle ørten hundre kombinasjonar av desse parametrane som var mogleg, antyda han at eg tenkte for mykje.
Og eg kunne godt berre sette i gang og ro.
Jo da.
Ok.

Roing er nemleg bra.
Det er trening for heile kroppen, for både lår og sete, men også overkropp og armar.
Roing er fint som oppvarming før styrketrening, fordi ein brukar også overkroppen i motsetning til både løping på mølle og sykling/spinning, meinte Fysio'n vidare.
Dessutan får eg fullt utslag for kneet mitt, som også er bra.
Ok.
"Ja da, ja da, eg skal slutte å tenke og begynne å ro."
Eg sat meg altså ned og rodde (etter at Fysio'n hadde gått igjen, eg ville nemleg allikevel sitte litt der på romaskina og tenke litt).
Og så rodde eg.
Ikkje hugsar eg antall rotak i minuttet, "tilbakelagt distanse", kalorier eller kva det nå var som stod der på displayet, men eg heldt nå på i 5min med max belastning og veit at eg skal ro mykje lengre neste gong.
I motsetning til roing på vatn kan eg i alle fall ikkje ro meg heilt bort her...
For moro var det!
Rart.
Den monotone trekk- og slepp- bevegelsen gjorde at eg greidde godt å tømme hovudet for tankar (som eg visstnok har altfor mange av, men det er jo virkeleg ikkje noko nytt).
Og hadde det ikkje vore for at eg ikkje hadde meir tid igjen, hadde eg kanskje halde på ei god stund til.

Men det kan eg jo gjera neste gong.
Nå skal eg gjera tysdagar til den faste styrketreningsdagen min.
Eg skal i alle fall forsøke det.
Sidan eg har fri på tysdagar.
Kanskje går det.
Det kan bli min ro-dag.
Kanskje får eg også meir ro da, sånn ellers?

Og med litt fantasi så er eg jo her mens eg ror...
(Bildet "Rowing at Sunshine 2" av Bill Cannon finn du her)


PS: Det er faktisk litt viktig med god teknikk likevel. Det viste seg berre at teknikken min med roinga eg har drive med før, nemleg sittande på golvet og med strikk, overførte eg heilt riktig til romaskina med eingong. 
Så for meg så var det virkeleg berre å sette i gang og ro.
For den som ønsker meir informasjon om god roteknikk, så har eg funne eit bra blogginnlegg om roteknikk her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar