Nå har det gått lenge sidan sist innlegg.
Igjen, så dukkar spørsmålet opp koffor det heiter Triatlondagbok.
Det blir jo aldri daglege innlegg !?
Men, dagbøker er tolmodige.
Og så er bloggen min.
Håpar berre at lesarane min er det også da, men akkurat dét er jo ikkje opp til meg.
Det ser endeleg ut som våren er i full gang med hestehov, blåveis og kvitveis, snøen smeltar fort, det skiftar frå tåke den eine dagen til strålande solskinn dagen etterpå, akkurat som det skal vera i april.
Og eg har hatt mange fleire terapisamtaler enn vanleg dei siste vekene, noko som eg har brukt mykje tid og energi på, så då blei det lite igjen til blogging.
Og det går framover.
Og så har det også blitt ein god del trening på meg.
Men framleis mindre enn det som står på treningsplanen,
og til og med mindre enn det som er målet mitt (nemleg 75% av treningsplanen).
Men det er vel likevel nok, vil eg tru.
Det er fortsatt moro å ha Dave Scott som coach.
Det blir aldri kjedeleg.
Han har mange gode råd.
Assistenten hans også.
Og ingen treningsøkter er like!
Min yndlingsøkt er framleis løpeintervall, ein gong i veka.
Sidan det er fortsatt snø på idrettsbanen her, blir det løp i rundar på grusveg.
Då slepp eg å passe på trafikken.
Og kan berre fokusere på å overhalde tida og trykke på "lap"knappen til riktig tid.
Og halde styr på GPSen.
("Heldigvis" har eg ikkje klokke med GPS - det er utruleg fort gjort å gje litt ekstra for å koma opp i ein viss fart, i staden for å styre farten etter intensiteten, noko som er målet med intervalløktene for tida).
Som sagt, intervall med Dave Scott er ikkje kjedeleg.
Den eine veka blir det 3,5min intensitet L1, så 2,5 intensitet L2, pause på 30 sekund, gjenta fire gonger, avslutt med 15 min lett.
Neste veka er det kanskje 2min intensitet L3, så 5min intensitet L1 så 3min L2, pause imellom 30 sekund og gjenta alt saman tre gonger.
Og roleg jogg i 15min som avslutning.
Så viss ein går lei av det gode gamle 4x4, så er mitt råd: variér intensiteten og varighet på intervalla!
Slå fantasien laus!
Gjer det litt krevande, så blir det ikkje plass til tunge tanker undervegs!
Denne veka var eg heldig med vêret.
Reinaste føn-vind på onsdagen!
Først kunne eg dra ned knevarmarane, så bytte jakke mot langerma trøye.
Det var herleg å springe i kortbukse!
På dei to siste rundane løp eg i singlet.
Berre for å få ein forsmak på sommaren.
Deileg med sol på huden.
![]() |
| Sliten og fornøydd etter intervalløkta i sola! Og solvett i form av solbriller - pass på øyne! |
Også desse intervalløktene varierar frå veke til veke i intensitet, varighet og lengde på pausane imellom.
Det er moro!
I tillegg så lot eg Lukas vera heime og sprang motbakkeintervalla bakke opp og ned.
På asfalt.
I tillegg bruka eg eit par lettvektssko.
Effekten av desse endringane er ikkje til å ta feil av:
Eg blei knallstøl i leggane, og er faktisk fortsatt støl!
![]() |
| K-Swiss K-Ona har vore innesko så langt, og lite i bruk. Dei er lette, men leggane kjendte at dette var uvant! |
Så stølheten i leggane tilskriv eg lettvektsskoene, som har mindre hældemping og mindre "høgdeforskjell" ("drop") frå hæl til tærne, mens lårmuskulaturen toler visst fint nedoverløping.
Dette synst eg er spennande.
Og eg ser alt fram til intervalløktene neste veke, både på flat grus og motbakke.
Eg får berre håpe at me fortsatt får mildvêr, det kan godt blåse og regne for min del (nåja, litt er greitt, berre det ikkje blir tåke) slik at også den siste snøen smeltar.
Eg er meir enn klar for vår og sommar.
Er så utolmodig.
Men men, det kjem!
![]() |
| Lykkelege Lukas på tur! :) |









