25. mai 2012

Dagpost

Eg tenkte at eg skulle skrive eit kort innlegg om kva "dagpost" er for noko.
Sidan eg antar at dei fleste som les bloggen min, ikkje har vore borti det før.

Det hadde i alle fall ikkje eg høyrt om før eg skulle begynne på dette opplegget.
Eg har vore usikker på om eg skulle skrive om dette, sidan temaet psykisk helse/psykiske lidelsar osv framleis er tabubelagte, ikkje blir snakka om utan ubehag og framkallar usikkert spesielt hos den som ikkje har hatt nokre sterke psykiske plagar sjølv.
Og det er ganske forståeleg, sidan "psykisk helse" kan vera så mangt.
Psykisk helse er eit omfattande og komplekst tema.
Derfor skal eg heller ikkje skrive meir om dette generelt, det er altfor omfattande.
Dessutan skal triatlonbloggen vera ein blogg der eg skriv om mine eigne erfaringar med trening, då spesielt triatlontrening, og livet rundt dette.
Og at livet mitt utanom triatlontrening ikkje består av mann og barn og hus og jobb, har kanskje dei fleste av lesarane mine skjønt så langt?

Marihand som me såg på torsdagstur i går.
For meg har det vore lett å ta utdanning. Kunnskap har eg lett for å ta til meg, og derfor har eg tatt utdanning innanfor pedagogikk, så eit par på universitet i Tyskland, utdanning som agronom i Norge, så ein bachelor i naturforvaltning, og så ein master innan helse og miljø, med tema genetikk.

Dette skal ikkje vera skryt, på ingen måte.
Grunnen til at eg har tatt så mykje utdanning gjennom livet er, at eg alltid har køyrt meg i grøfta på dei arbeidsforholda eg har hatt så langt, sånn helsemessig.
Det er merkeleg, fordi eg synst det er heilt ok med lange treningsøkter, springe maraton, drive med langdistansetriatlon...
Men når det kjem til ein "vanleg" arbeidsdag på 7,5t så knekk eg berre saman over tid.

Det er ganske upraktisk.
Eg har jo ein del studielån nå.
Og til og med den siste deltidsjobben eg har hatt, blei for mykje.
Praksisplassen min i kommune her var lærerikt og hyggeleg, men der heldt eg heller ikkje ut.

Så kva gjera?
Eg har hatt mange timar med terapi hos psykolog over ein periode på fem år, mens eg studerte.
Det har vore til veldig stor hjelp.
Men så kom me ikkje vidare.

Kvifor skulle det vera så vanskeleg å fungere?
Eg begynte å lur på om det var noko alvorleg galt med meg.
Eller kva "triks" er det dei andre brukar, som kjem seg uskadd gjennom arbeidsdagane?
Kva gjer eg feil?
Hm. Vent litt. What?? Psykiatrisk? Er ikkje det galskap og slikt?
Men så er det faktisk hjelp å få her :)
Ei utredning på DPS her i Seljord viste at eg ikkje gjer noko feil, eigentleg.
At eg gjer så godt eg kan.
Utifrå mine forutsetningar.

Men at det også går an å jobbe med det som ikkje funkar.
Så då fekk eg tilbod om å begynne på "dagpost".
Det er eit behandlingsopplegg som går over 18veker, to dagar i veka.
Det er gruppebasert, og består av kognitiv terapi, samtaleterapi, kunst-og utttrykksterapi og fysisk aktivitet.

Eg har kome halvvegs i dette opplegget nå.
Dagane på dagpost er ganske intense, krevande, og ofte slitsame.
Men me er ein flott gjeng der, og alle jobbar med sine utfordringar.
Eit lite innblikk i DPS i Seljord.
Alle midlar tas i bruk for å styrke sjølvfølelsen. 
Men eg kjenner at dette tek på, og derfor har treninga mi vore så varierande i den siste tida.
Det med partiell ruptur i kneet var i forhold som ein liten filleting å rekne, eigentleg.

Men uansett, så skal eg stå på vidare, og ikkje gje meg.
Det eg jobbar med på dagpost er altfor viktig, og eg er nødd til å få det til.
Morsamt er at eg blir ferdig på dagpost den same veka som IM 70.3 Haugesund er.

Så nå då blir det nokre veker framover med intens jobbing, både fysisk og psykisk.
Det er krevande, men spennande samtidig.
Sola skin også ved DPS i Seljord :)
Men nå er det pinse snart, og dette sommarvêret er berre heilt nyyyyydeleg!
Eg kjenner at eg får energi av solskinn, og blå himmel, og gode dufter, og fuglesong, blomane som dukkar opp overalt, skogen som plutseleg har fått innslag av intenst lysegrønt lauv.

Då er det virkeleg lett å få restituert meg mellom slaga...

Rusletur i kveldssola med Lukas.
Rein restitusjon!


6 kommentarer:

  1. Hei
    Jeg vet ikke hvorfor er det så vanskelig for deg å klare heldagsjobb. Vet nok alt for lite om deg. Men jeg vet at man må ha jobben man elsker for å trives i livet. For meg må jeg føle at jeg gjør noe med mening og at jeg er viktig, at noen trenger meg. Det hjelper at tiden går fort, at det er noe(ofte mye) å gjøre hele tiden.
    Jeg har også mye utdannelse og mye forskjellig er både utdannet lærer, reiselivskoordinator og bioingeniør. I tillegg har jeg mellomfag i organisk kjemi og masse kurs i det ene og det andre. Og jeg har hatt masse jobber, noen var skikkelig bommer. Jeg tåler ikke kontorjobb, da føler jeg at det jeg gjør er bortkastet og jeg har ingenting å prate om hjemme. Nå er jeg sliten etter jobben, veldig sliten både psykisk og fysisk, men jeg føler atjeg lever og at jeg gjør noe som andre har virkelig nyte av!!! Det er nok det som er meningen. Lykke til både i jobben og med trening. Kos og klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Ania!
      Takk for mange gode ord!
      Det er mykje sant og klokt i det du skriv, og mykje av dette gjeld i høgaste grad for meg også.
      Følelsen av at det eg gjer er viktig/nyttig, er veldig viktig for meg. Og når ein har litt å gjera heile tida, så flyr tida utan at ein merkar det.
      Eg har jo også hatt jobbar der eg har hatt lange dagar, og det har gått fint ein periode, så det gjeld vel og undersøke kva som funkar for meg og kva som ikkje var bra?
      Ja, kontorjobb er faktisk ikkje noko for meg heller, eg slit med å sitte stille så lenge, eg har faktisk hatt feltseng på kontoret mitt på den siste praksisplassen (sjølv eg heller ville ha ribbevegg der eg kunne trene litt, men det var det ingen som hadde :D)
      Eg hugsar også periodar med jobbar der eg var GODsliten etterpå. Heilt køyrt liksom, men på ein god måte.
      Og det var bra det du skreiv, nå blei eg inspirert til å finne meir ut om akkurat dette.
      Og jøss, du har jo virkeleg bredde på utdanningane dine. Det likte eg :)
      Klem

      Slett
  2. Flott at du forteller! Jeg har ikke sååååå mye greie på "alle disse tingene" men jeg tror jo at alle har sine ting de strir med i større eller mindre grad. Og at noen har perioder i livet hvor ting ikke går helt uproblematisk, forskjellen ligger vel i at noen snakker om det mens andre ikke sier noen ting.... selv tror jeg at det er smart å snakke om både de positive så vel som de mindre positive delene av livet! Lykke til og jeg vil veldig gjerne høre mer om hvordan det går! Silja

    SvarSlett
    Svar
    1. Så godt å høyre, Silja!
      Eg er jo litt usikker på kor mykje folk orker å lese om mindre positive ting/sjukdom/utfordringar, osv.

      Men eg har jo alltid tenkt at det må vera inspirerande for andre å vise at ein f.eks. kan drive med trening, og til og med delta og gjennomføre store konkurransar sjølv om resten av livet ikkje heng saman og ein slit med helsa, om det nå er fysisk eller psykisk.
      Eg er ganske open om mine tfordringar/problem med venner og bekjente, men å snakke om det er jo éin ting, å blogge om det er ein heilt annan...

      Men som sagt, eg håpar at det inspirerar andre til å prøve.
      Og triatlon er jo nå blitt ein folkevenleg sport, og snill med kroppen, sidan den er så allsidig, så den kan passe for mange.

      Så håpar eg at eg ikkje skremmer vekk lesarar for mykje ved å skrive om psykiske lidelsar o.l., men at det tvert imot virkar avdramatiserande.

      Eg har berre ikkje hatt mot nok til å skrive om det.
      Så takk for god tilbakemelding!

      Slett
    2. Jeg er ikke lettskremt og jeg synes alt rundt det å være et menneske er interssant; så jeg synes det er veldig positivt at folk "kommer ut av skapet" med det de har innabords ;-)

      Slett
  3. Du æ tøff Imke! Gledar meg veldig te kåma på besøk imorgo, Imke!! Kaffe, is og sol!! :-) OG sø ser eg veldig fram te helse på Lukas!! :-) God klem

    SvarSlett