Viser innlegg med etiketten treningsdagbok. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten treningsdagbok. Vis alle innlegg

12. juni 2013

Kva skal eg ha på meg? (Blir eg ein rosabloggar???)

Nå var det jammen på tide med litt bloggoppdatering.
Tida går fort nå, synst eg, og eg har hatt mange bloggetema i hovudet, men ingenting av dette blei brakt ned på papiret digitalisert og publisert.
Men nå!

Den siste tida har faktisk vore litt tung, både treningsmessig og ellers.
Eg har måtte droppe altfor mange økter.
Eg har nemleg blitt kronisk støl i ryggen.
Det er mest sannsynlegvis den iliopsoasen igjen, som eg har krangla med før.

Eg tok meg ein tur til fysioterapeuten for å avklare dette, men "dessverre" så var det ingen styrkeøving eg gjorde feil, eller ingen løpeteknikk som var for dårleg, ingen dårlege sko, dårleg haldning, feil sykkel eller andre eksterne faktorar som eg lett kunne ha fiksa.
Nei da, det er nok totalbelastninga som er litt stor for tida, og han beklaga at han måtte gje meg ei så kjedeleg forklaring.
Syklinga har ikkje skylda for støl hoftemuskulatur.
Pusten min har deretter også vore litt plagsam og har krangla.
Og det er berre så stressfult og frustrerande når eg ikkje får puste ordentleg!
Dårleg pust er virkeleg teikn på at det er litt too much for meg.

Så då prøva eg å kjenne litt bedre etter.
Og tok dei øktene som passa.

Treningsopplegget til Dave Scott likar eg eigentleg godt, men det berre litt for lite tid til restitusjon for min del.
Eg trur faktisk om eg hadde fordelt ein vekesplan på 10 dagar, så hadde det blitt optimalt for meg.
Men nå er det ikkje lenge igjen til IM 70.3 Haugesund, så eg skal gjera så godt eg kan.
Eg vil heller stille til start litt undertrent enn å ikkje stille i det heile tatt.
Løpeintervall har eg løpt ein gong i veka - sidan mars!
Det er jo mellom treningsøktene at kroppen hentar seg inn igjen og betrar formen, det er viktig å hugse på!
Restitusjon er nok ekstra viktig for meg, trur eg.
Sjølv om eg kan ta ein heil dag "fri" for trening, er det dermed ikkje sagt at eg er restituert til ny treningsøkt dagen etterpå.
Så det gjeld å ha litt is i magen og ikkje tenke på alle dei øktene eg ikkje greier å gjennomføre, men heller vera trygg på at det er den gjennomførte treninga som gir effekt!

Og apropos is i magen, så kjenner eg også at mat er noko eg kan bli flinkare med.
Når eg ikkje er i form, dvs ikkje greier å trene ein dag, så har eg også stort sett også dårleg matlyst, og får i meg altfor lite mat.
Så eigentleg burde eg ha is i magen, bokstaveleg talt!
Eller helst mat med bedre næringsinnhald enn is kanskje.

Sidan konkurransen nærmar seg, så brukar eg mykje av treninga for å teste utstyr og bruk av næring (=energibarar, gel og sportsdrikke). Våtdraktene blir også fortsatt testa.
Re-testing av ORCA-våtdrakt. Den er berre trang, den :/
Kva eg skal ha på under konkurransen er eg heller ikkje sikker på enda, det står mellom to "outfit" (hehe, blir snart sånn rosabloggar eg :D):

Blir det dette...
CRAFT tri singlet og 2XU - tri comp shorts

eller dette...?
Blue Seventy tri-drakt
Å finne om akkurat dette er berre moro eigentleg, og av erfaring så blir den siste beslutninga ikkje tatt før kvelden før konkurransen.
Fargane på det første alternativet er jo såå fine, men samtidig så er tri-drakta så utruleg behageleg å ha på, den sit som støpt. Ingenting som strammar rundt magen, og ingen top som kryper opp når ein løper...
Så kva blir det til slutt?

Det blir spennande :D

24. oktober 2012

"Motivation is what gets you started. Habit is what keeps you going."

Dette sitatet kom eg over i går.


Her er det TIMEX som brukar sitatet, men når ein googler sitatet, så er det brukt massevis iforskjellige samanhengar.
Bak dette sitatet står Jim Ryun, tidlegare løpar og politikar, som har skrive bøker om motivasjon, kvardagsheltar og løping.

Eg synst vel eigentleg at det er eit bra sitat, eller motto.
Det som eg har tenkt litt over i det siste, er jo kvifor det er så vanskeleg for mange å oppretthalde ein gode styrketreningsrutine. "Mange" inkluderar meg sjølv.

For meg så har treninga dette året vore veldig variert. Først pga leddbandskaden i kneet, der eg måtte først la skaden gro til eit nivå der kneet gjekk an å bruke, og så var det flyttesjauen i sommar etter ein ein strevsam vår med terapi.
Då ramla gode treningsrutiner litt i bakgrunnen.

Men dette har eg jo tenkt å gjera noko med!
Og nå, i den såkalla "prep-fasen" som det er for meg, så er det plass til å prøve ut forskjellige treningsrutiner, samt å belyse kva det er som gjer at eg er motivert, kva som dempar motivasjonen, kva er det som inspirerar, kva er det som funkar, er moro, gir god treningseffekt osv.
Treningsdagbok - om i papirform eller online -
det er lurt å føre treningsdagbok.
Ein del av dette er at eg har starta opp att med å føre treningsdagbok.
Og det er ikkje så dumt, det, både som oppslagsverk for den siste veka som var (eg har visst litt gullfiskhukommelse for tida - eg hugsar kva eg gjorde sånn i to-tre dagar, så er det borte), men også for seinare år.
Det er morsamt å lese  i dei gamle treningsdagbøkene mine!

Så nå ser eg at eg dei to siste vekene har faktisk hatt heile tre løpeøkter i veka.
Hurra!!!
Dette lovar godt.
Gode gamle NIKE Pegasus!
Og med knevarmar bretta ned - herleg  å kunne springe i 3/4 løpetights!
Og det var økter som ikkje var spesielt planlagt.
Eg har berre tenkt at: denne veka skal eg løpe tre gonger.
Og så har eg gjort det:

Veke 41: 
Tysdag: løpt 9,5km
Fredag: løpt 7km
Søndag: løpt 7km

Veke 42:
Tysdag: løpt 6,5km
Torsdag: løpt 5,6km
Søndag: løpt 9,5km
dessutan så har eg hatt to styrkeøkter denne veka, måndag og laurdag.
"Dumbbell Rear Deltoid Raise"
er ei øving som styrkar bakre skuldermuskelen. som eg gjer.
Eg skal fortsette med dette.
Dessutan skal eg gjera styrketrening til ein god vane.
For då slepp eg kanskje å hente fram motivasjon kvar einaste gong?
Spennande...
Det ser ut som Lukas set pris på løpeturane han også!

8. oktober 2012

Treningsplanlegging med Joe Friel

Eg er glad i treningsplanlegging.
Eg har alltid vore det, og planlagt treninga mi, heilt sidan eg begynte å løpe hausten 2006.
Då starta det vel med ei bok (som eg ikkje hugsar navnet av, kanskje noko slik som "Kom i form" eller noko) der det var lagt fram eit enkelt program frå å begynne ved "0" til å kunne springe 5km.
Programmet overførte eg til kalenderen min, følgte det - 5km løp - og vips- så var treningsplanlegginga i gang!

Då eg satsa meir på triatlon enn rein løping i 2007 trengte enda meir hjelp til planlegging av trening.
Nå skulle eg jo plutseleg ikkje lenger berre løpe, men også svømme og sykle!
Ei bok måtte til.
Kva bok ville da vera bedre eigna enn sjølve triatlonbibelen frå Joe Friel? tenkte eg meg.


Den blei først lånt på biblioteket, og så kjøpt inn.
Og boka har blitt lest i filler nærmast.
Den har eg brukt til planlegging av dei fleste triatlonkonkurransane mine.
Kanskje ikkje i år, då eg måtte "jukse" litt, og ta omsyn til leddbandskaden i kneet, så då trena eg mest på erfaring og godtru på at eg ville koma i mål også utanom Joe Friels treningsplanlegging.

Men nå er eg så veldig motivert til triatlontrening igjen! Eg har jo berre hatt éin triatlonkonkurranse i år.
Og det var heilt greitt. Men eg vil meir, og helst koma i gang med treninga med ein gong!
Aprops triatlonkonkurransar:
søndag, 13.oktober er det  Ironman World Championship på Hawa'ii!
Og viss det er nokon som kan dette med treningsplanlegging året rundt, så må det vera Joe Friel.
Det er store treningsmengder her, men alt er basert på treningslære, fysiologi, anatomi, alt grundig dokumentert og målt, og utprøvd.

Eg må innrømme at eg aldri har kome i nærleiken av treningsmengdene Joe Friel foreslår i sine treningsprogram og tabellar:
Tabell frå boka.
Men eg likar prinsippene han brukar i periodiseringa av året.
Og sjølv om slik planlegging av året kan fort få preg av overplanlegging og kontrollbehov, så kan ein i alle fall ikkje klage over at "ein ikkje veit kva ein skal trene på".

Joe Friel delar inn treninga fram til ein konkurranse i periodar med forskjellig fokus.
Tabellen finn du på Joe Friel's blogg, her.
Før ein i det heile tatt startar på treninga, er det lagt inn perioden "preparation" der ein skal forberede seg på strukturert trening.

I basisperiodane ("base 1-3") er det langt vekk på trening med låg puls og mange treningstimar i veka. Etter tre veker med auke i distanse/treningsvolum er det alltid ei veke med nedsatt treningstid.

I oppbyggingsperiodane, "build1-2(3)" går treningsvolumet ned, mens intensiteten aukar, slik at ein blir meir forberedd på den høge intensiteten konkurransen medfører.

Dei to siste vekene før ein konkurranse er "peak"-periodane på eit par veker, med enda mindre trening men same intensitet, og reduksjon i treningsmengda for å lade opp til konkurransen.

Så følger det "transition" altså overgangsfasen til neste treningssyklus.

Kort sagt, så tek ein utgangspunktet i årets viktigaste konkurranse, såkalla "A-race".
Så går ein tilbake i kalenderen frå konkurransedatoen, og legg inn dei forskjellige vekene og fasene.

Dette har eg gjort i dag. Sjølv om eg ikkje heilt veit når det blir konkurranse neste år.
Men mest sannsynlegvis blir det i mai eller juni, og då kan eg begynne å planlegge!

Utifrå tidlegare erfaring er det bra å heller planlegge romsleg, med tanke på at det alltids kan snike seg inn periodar med sjukdom. Hos meg så er det jo uansett ikkje sikker korleis formen er framover.
Men med ein halvironman i mai/juni er det greitt å legge ein solid basis i botnen gjennom vinteren.

Sjølvsagt har Joe Friel også svar på korleis ein kan fordele dei enkelte svømme-, sykle- og løpeøktene gjennom veka.
Men så langt har eg ikkje kome, og dette tek eg nok meir spontant når den tida kjem.

Så eg kan fortsatt kose med meg "prep-"fasen i mange veker framover!
Ustrukturert trening av alle slag, etter innfallsmetoden.
Moro, det.
Det er nesten yndlingsmetoden min, det, til tross for all planleggingsiver...
På spontan løpetur i går, i nydelege haustfargar.

11. mai 2012

Oppsummering av veke 1/9 fram til IM 70.3 Norway

Nå når eg endeleg har ein (opp)treningsplan, har eg til og med tenkt å skrive litt om korleis det går med følging av planen.
Eg er nemleg ikkje den mest disiplinerte når det gjeld treningsplanar, og justerar gjerne og raust undervegs.

Siste veke (30.juni-6.mai 2012, 9 veker igjen til IM 70.3) var forslag til trening som følgjande:

Løpeøkt 1: 4km eller 30min RLT (Roleg LangTur),
(Løpeøkt 2: 30min)

Sykling økt1: 1time30min RLT
(Sykling økt2: ein time veldig lett)

Styrke: ein time, heile kroppen
(styrkeøkt 2: lettare økt på 30min)

Så kva gjennomførte eg av dette?

Løping: 
4x1km (1km løp vekslar med 1km sykling, samla lengde: 40min)
4km jogging (delt op i 2km+1km+1km med sykkelpause imellom, ca 40min)

Sykling: 
Ein økt på ein time/23km. Vanlegvis brukar eg lengre tid på denne strekninga, så eg sykla fort :)
Transportsykling i form av bakkesykling med (av og til tung) sekk: 3x15min
Sykla med Lukas litt over ein time på fredagen, derav den tyngste delen ein lang motbakke i starten, ellers veldig lett.

Styrke: 
Styrke? Hm....det blei det dessverre ingenting av denne veka

Tur:
Eg gjekk skogstur med Lukas på til saman 2t30min, torsdagsturen til Morgedal, og to rusleturar laurdag og sundag på til saman to timar.

Alt i alt var det ei ganske bra veke. Eg prøva å gjennomføre det eg hadde satt opp, med nokre justeringar. Eg skal bli flinkare til å trene styrke, det kjenner eg at kroppen treng også.
Deileg å vera ute og løpe igjen!
Det som er viktigast, er å auke løpemengda sakte men sikkert.
Kneet skal vennast til dette, så eg må følgje godt med.
Innimellom kjenner eg at det stikkar i kneet dagen etter løpinga, så eg burde absolutt vera forsiktig.

Lukas og eg på skogstur.
Men det er godt å vera i gang igjen med meir strukturert trening. Herleg når eg kan planlegge løpeturar og sykkelturar og kjenne formen stig. Og sjølv om kneet ikkje er heilt bra enda, så er går det fullt an å springe med det!
Og det nyt eg virkeleg :)

28. mars 2010

Roleg langturjogging

Samanlikna med mine løpeturar i 2006-2008 er turane mine nå blitt mykje vanskelegare å loggføre.
I går hadde eg ei avtale med spreke Bjørg Irene om å jogge roleg, i ca. ein time. Eventuelt skulle gå over til gange i dei brattaste bakkane både på veg opp (for å halde intensiteten nede slik at me skulle kunne prate vidare uavbrutt) og ned (for at eg skulle skåne lår- og hoftemuskulaturen min).

På flate partiar så løp me roleg, i pratetempo.
Dette er ganske uvant for meg.
Eg har nemleg eigentleg ikkje så lett for å springe roleg.
På ein eller annan måte så er det alltid noko som driv meg fram.
Som gjer at eg sjeldan ville greidd å føre ein hyggeleg samtale samtidig.
Men saman med ein venn så er det praktisk å kunne prate samtidig, då får ein det hyggeleg og sosialt samtidig som ein trenar.

Eg har begynt å legge løpeturane mine inn på kart, under www.mapmytri.com, slik at eg får opp tilbakelagte høgdemeter, noko som er spennande å registrere når ein trenar her i Seljord.

Følgjande strekningar blei tilbakelagt i går:

Som den vesle figuren visar, så gjekk eg ned bakken frå huset mitt til Seljord sentrum, der det er relativt flatt.

Så var det sjølve løpeturen. Eit lite stykke langs Seljordsvatnet, så snudde me (derfor dei to heilt identiske men spegelvendte toppane), og så fortsette eg aleine frå km 8.

Då eg hadde brukt opp all drikke og sportsgel eg hadde med meg, hadde eg vore på beina i ca 1t30min (inkludert første bakken ned).
Det var så fint med sol og blå himmel at eg gjerne kunne ha halde på endå lengre, men frukosten og siste måltid begynte å bli frykteleg lenge sida, og eg ønskte at eg hadde tatt med meir mat.

For å ha litt variasjon valgte eg ein liten sti tilbake i staden for vegen, i håp om at den alt var blitt fri for snø. Det var den ikkje. Men eg tenker jo at variasjon på trening er bra, og eit ujamnt underlag styrkar gjerne mange fleire musklar enn einsformig løp på asfalt.

Etter 1t30min og tilbakelagte 13,5km valgte eg å GÅ opp bakken. Glatt snøslaps på dei første 500m gjorde ikkje anna mogleg heller. Så var eit ørlite stykke flat strekning og resten av bakken på tørr asfalt.

Då eg flytta til Seljord blei eg nok ganske oppgitt over alle desse bakkane.
Med mindre du er nede i Sentrum, så går det oppover - nedover, eller nedover - oppover når ein er på tur.
Men nå etterkvart har eg jo begynt å sette pris på stigningane.
Ved å gå i 10-15min før sjølve løpeturen får eg varma opp, Binna får snusa frå seg og gjort ferdig sine forretningar slik at det blir færre stopp på sjølve turen.
På veg tilbake så kan eg alltids velge om eg vil springe, og dermed gjera treningsøkta litt meir krevande, eller gå opp, slik at eg får strekt leggmuskulaturen og roa ned pulsen.

Heiter det ikkje også at det er i motbakken det går oppover...?


Utsikt frå løpeturen. På "eventyrøy" langs åi i Seljord. I bakgrunnen (u)synleg E134.


Godt å sjå at snøen snart er heilt borte.


Binna er uslåeleg bra som turkamerat, og dessutan likar ho å bere drikkeflaska mi. Kjekt om vintaren ved mange kuldegradar, for då frys ikkje innhaldet, men kroppsvarm sportsdrikke om sommaren er jo ikkje akkurat noko god smaksoppleving...

Binna er i toppform, og motivasjonen til tur nesten ubegrensa.

Mens det var sol og ganske vindstille nede i bygda, såg det ut til å blåse godt rundt omkring på fjelltoppane..Eg var glad for at eg hadde valgt løpetur framfor skitur!

29. november 2009

Trenings"følelse"

Eg skulle først gje innlegget tittelen: "Utsikt vs. innsikt".

Sidan utsikten som openbarte seg for meg i dag gjennom blå himmel, solskinn, glitrande iskrystallar og kvit snø på fjelltoppane gjorde at eg begav meg på ein tur utanom det vanlege, noko som førte til innsikt.
Men eg får spare denne bloggtittelen til eit anna innlegg.

I treningsdagboka pleier eg å notere meg "treningsfølelse". Der kan det stå alt frå "dårleg" til "god", "veldig god", "sliten" eller "super".
Det skal då gje ei peikepinn på korleis eg har opplevd treningsøkta, i motsetning til motivasjonen som eg har hatt i utgangspunktet.
Vanlegvis så er det ikkje så vanskeleg å fylle ut dette punktet. Eg er stort sett einig med meg sjølv.
I dag derimot lurar eg på om eg skulle dele denne posten i to:
Fysik og psykisk følelse.
Når eg la i veg på tur i dag, så jubla beine mine over å koma ut, dei kjendest sterke og spreke og klar til det meste. Hovudet mitt derimot var sterkt i tvil, og etter dei første motbakkane blei eg ganske trøtt og søvnig og tankane fekk ein litt negativ tone. Mens beina kosa seg så spente ryggen seg og eg blei i dårleg humør.
Kva i all verden skal dette bety?
Sterke bein, anspent rygg, utslitt hovud?
Dette lova ikkje godt..

Men høss starta det heile?
Eg har ingen fast vekeplan for treninga mi.
Eg pleier å ta mine rolege lange turar på laurdag og søndag, sidan det er stort sett då eg har best tid.
Det gjeld spesielt sykkelturane.

Og utan å planlegge for mykje, har eg tatt dei fleste lange løpeturane mine på søndagskvelden.
Eg likar å trene på kvelden. Eg kan også trene litt tidlegare på dagen, så lenge det er etter lunsj, og så lenge det ikkje er løping.
Eit par av mine spreke venninner kan lystig stå opp og hoppe ut av senga for å ta seg ein lengre gå- eller løpetur med ein gong, kanskje til og med før frukost, til og med før kl.8:00...
skrekk og gru..

Eg har til tider blitt inspirert og ville prøve det same: utan spesielt stor suksess.
Eg blir varm og svett om morgonen. Musklane derimot, blir ikkje varme. Dei held seg motvillige, anten stive eller slappe eller nektar samarbeid.
Hjernen blir fort lei av å bombardere resten av kroppen med kommando som ikkje gir respons, og koblar seg også ut ganske fort.
Det som er igjen då av meg, er eit sørgeleg syn og har ingenting felles med beskrivingar som "å ta ein deilig forfriskande løpetur før frukost", "rusle ein tur med ein gong om morgonen som gir energi" eller kva andre måtte finne på av ord for å beskrive det dei opplever.

Dei tidlegaste sykkelturane eg har tatt, har begynt i 11-12tida, og då vart to-tre timar. Det har funka fint.
Løpeturar før kl.15.00 er med 90%sannsynlegheit bortkasta og fører berre til frustrasjon og tomhetsfølelse og forvirring resten av dagen.

Men i dag var det altså denne flotte utsikten...
Blåååå himmel.. Kvite fjelltoppar i det fjerne. Tørre grusvegar.
Sol.
Eg tenkte at eg ville ta ein sjans og bryte rutinen med å ta lange løpeturar seint på søndagskveldane når det alt er mørkt.

Det finst dessutan ein bitteliten fjelltopp ikkje så langt unna der eg bur. Hattefjell. Sett på kartet, er vegen opp dit kort og bratt og sørvendt.
Noko som lova ein bra tur for lårmusklar, styrking av kne, høg puls, fin utsikt og solskinn.

Før eg kunne ombestemme meg, hadde eg pakka meg ein liten sekk med drikke, boller og ekstra jakke, skifta til løpetøy og terrengjoggesko (i optimistisk håp om tørre, bratte stiar), tatt med meg kart og Binna og lagt i veg.
Etter 20min gange nådde eg stien opp til Hattefjell. Den var innimellom merka med raud farge og gjekk etterkvart over til ein breiare og endå brattare skogsveg. Så blei denne meir og meir utydeleg og til slutt usynleg under steinar, lauv, mose og buskar. Attgrodd, med andre ord.
Samtidig kjende eg at frukosten plutseleg var farleg lenge sida, blodtrykket falt og hjernen hadde gått tom for raske karbohydratar.
Eit blikk på kartet bekrefta at eg eigentleg var på riktig veg, berre at denne vegen var usynleg.

Plutseleg skjønte eg at dette forsøket på fjelltur ikkje var noko god erstatning for min vanlege løpetur. Eg begynte alt å savne dette frirommet løpinga gir, når monotone bevegelsane blir skapt om til jamn rytme og tempoet justerar seg sjølv og tankane flyr...
Å kave seg opp denne skogsvegen over blaut gjørme og glatt lauv utan tydeleg retning gjennom buskar og kratt gjorde meg berre frustrert.

Sidan sola også var i ferd med å bleikne etter eit tynt skydekke, valgte eg å rusle (skli) ned att og fortsette turen i kjent terreng.

Turen blei tross alt på ein liten time, og bollene smakte eigentleg like godt foran ovnen etter ein varm dusj, saman med ein fersk kopp kaffe og ein hund som krøllar seg saman på teppet sitt på sofaen..

Eg må nok innsjø at sjølv om beina mine er spreke for tida, så er hovudet mitt fortsatt i "recovery"-fasen etter mastereksamenen for ei veke sida...

24. november 2009

Treningsmotivasjon

Når eg skriv treningsdagbok pleier eg blant anna å notere "treningsmotivasjonen" min. Og sidan eg lagar mi eiga treningsdagbok, kan eg justere og tilpasse postane i denne etterkvart som eg har bruk for dei.
Etter det Joe Friel skriv i triatlonbibelen sin, så kan forskjellige "symptom" hos ein atlet vera teikn på begynnande overtrening. Slik at det kan vera lurt å registrere slike symptom dagleg, for å unngå nettopp overtrening.
I treningsdagboka mi har eg først brukt posten "motivasjon". Altså motivasjon til å utføre dagens økt. Posten rett etterpå er "følelse", tatt over frå min PC-baserte treningsdagboka The Training Diary.
Kva er nå forskjell mellom følelse og motivasjon?
Tidlegare trudde eg at det nesten måtte vera det same.
Etterkvart blei eg flinkare til å kjenne etter, og det hendte at i staden for å skåre "god" og "god" nesten heile tida, så blei plutseleg motivasjonen berre "ok" eller "grei" eller til og med "liten" (sjeldan) og følelsen kunne varierer mellom "god", "super", "slapp", "trøtt" og "dårleg".
Ei økt som eg eigentleg ikkje knapt nok var motivert til å gjennomføre (motivasjon:"OK") kunne score "veldig god" på følelse. Sidan eg sannsynlegvis rett og slett var for lat denne dagen, eller sliten i hovudet, og sjølve treninga gjorde at eg fekk det så mykje bedre med meg sjølv, som vidare gjorde at eg slappa av og kosa meg under treninga.

I nokre variantar av treningsdagboka mi har eg hatt posten "treningslyst". Det er eigentleg denne posten Friel refererar til. Kor stor er treningslysten når eg står opp om morgonen? Er eg fortsatt grønsak etter førdagens løpetur, eller mørbanka etter for mykje styrketrening kombinert med sykling? Eller rett og slett sur og grinete og i alle fall ikkje utsoven?
Høyrest ut som om ei natts søvn ikkje var nok til restitusjon.
Då blei treningslysten kanskje berre "ok".
Så kunne det hende at eg seinare på dagen gjennomførte den planlagte økta likevel, og motivasjonen til denne var faktisk "god". Då har eg kroppen henta seg inn igjen i løpet av dagen og blei klar til ny innsats. Og "god" på "følelse" bekreftar at kroppen var restituert.
Men kan hende etter fleire slike dagar med desse scoringane, så synkar posten for følelse frå "god" til "ok" til "sliten".
Då er det kjekt å kunne bla tilbake og finne ut at kanskje var motivasjonen mest i hovudet desse dagane, eller kanskje så blanda eg motivasjon med "nyttighetsgrad" eller "flittighetsgrad" eller kanskje er det ein eller annan treningsplan eg hadde laga meg, som foreslå ein sykkeltur på 7 mil i friskt tempo med innlagte bakkar, og sidan eg mine treningsplanane endar med ein flott konkurranse, så er motivasjonen der med ein gong. Eg skal dit - eg skal datt.
Som om den eine økta var så avgjerande for det store og heile i treningsgrunnlaget mitt.

I den aktuelle (prøve)versjonen av treningsdagboka mi finst det berre ein post for motivasjon. Den som beskriv kor motivert eg var til økta som eg har gjennomført.
Dette passar dårleg i dag.
I dag er det igjen dag for svømming i Seljord, og som antyda i tidlegare innlegg, er tysdag DEN dagen for å svømme der.
God plass!!
Ikkje tvil at eg er i stor grad motivert for å svømme fleire tusen meter i dag.
Men eg har heller ikkje trent styrke på ei veke, og etter behandling hos fysioterapeuten min, som gav meg tips for tøying av hofte, lår, og som demonstrerte "lunge" for meg, diskuterte forskjell mellom pull-ups og "negativ", altså eksentrisk pull-ups, kva øvingar som er bra for skuldrene mine og når eg måtte passe meg litt, og etter at me blei einige om at "planken" er den absolutt mest kule øvinga, sidan den er så latterleg enkel men så grusamt effektiv, så auka motivasjonen min til neste styrketrening om det mangfaldige.
Men så blei det litt seint etter jobben i dag, og handle mat ville eg også, og rydde vekk alt det fine kildesorterte papiret som Binna hadde tatt seg bryet med å dra fram og sortere på nytt ved å legge det godt synleg over kjøkkengulvet,
og tida har gått og eg skulle helst ha trent styrke, svømt minst 2000m og gått ein luftetur på minst ein halv time med Binna før kl.21.00 (om halvannan time).

Og sidan dette er heilt umogleg å få til, sat eg meg like greitt ned og blogga litt.
Og lot maten synke.
Akkurat DETTE valget var det greitt å ta.

Men spennande blir det nå å finne ut:
- skal eg unne den slitne ryggen og dei spente skuldrane mine ein velfortent omgang med styrketrening?
- skal eg få blodsirkulasjonen i gang og nyte frisk (og faktisk tørr) luft ute i det fri og gå tur med Binna nå med ein gong?
- skal eg koma meg ned i badet nå slik at eg har god til for å svømme så lenge eg vil? Sidan det er berre tysdag ein gong i veka?

Hm..
Eller skal eg rett og slett finne fram treningsdagboka mi og fylle ut postane mine, sidan det er i alle fall ingen tvil om kva eg skal skrive under "motivasjon"?