På ein klatrevegg er utfordringane mange, og konkurranseinstinktet kan bli trigga voldsamt!
Det førte hos meg til at eg faktisk tok ein andreplass i ein klatrekonkurranse, og blei kun slått av ei jente som hadde lengre armar enn meg og derfor og greidde å berøre eit punkt lenger oppe i veggen, men på ingen måte greidde å klatre lenger opp enn det trinnet eg hadde kome til!
Så det så! :D
Min klatreerfaring ute begrensar seg til dags dato til ei klatrehelg i det berømte klatreområde Sächsische Schweitz i Elbsandsteingebirge (norsk: sandsteinsfjella ved Elben) søraust i Tyskland på grensa mot Tsjekkia, og også litt buldring i Norge.
Men den erfaringa har eg lyst til å utvide etterkvart!
"Barbarine" i Sächsische Schweiz ("Sachsen-Sveits") med eit av dei typiske fjellnålene av sandstein. |
Eg har ein bror som er ein veldig dyktiv og aktiv klatrar, og søker utfordringar både i klatrehallen såvel som i Alpane og i Kroatien gjennom fleire taulengder.
Flinke broren min! |
Eg har tatt fram og børsta støvet av mine gode gamle klatresko! |
Ein av to boltar eg fann i fjellet her i Seljord. På Bringsåsnuten. |
Så lenge får eg boltre meg med buldring på eige hand. Sånn 50cm over bakken og med Lukas som tilskuer...
Det er meir enn nok utfordringar å klatre sidelengs også om det berre er 50cm over bakken. Det skjønner kanskje berre den som har prøvd buldring? |
Potensialet er ganske stort trur eg.
Vakre fjell er det mykje av!
"Gulfeberveggen" kalla eg den pga den gule laven. |
Dette var også ein fin vegg. |
Mange gode naturlege klatregrep her altså! |
Friksjonsklatring anyone? |
Rissklatring her kanskje? Lukas blei sliten av alle dei bratte veggane. |
Deileg med tørre fjell i solskin! |
Nokre etablerte klatreområde i Telemark:
Bø i Telemark (klatregruppa i Bø har oversikt, her)Nissedal
Fyresdal
Rjukan (kjent for isklatring)
Klatrefører for Telemark frå 2007:
Klatrefører for Telemark som dekker 22 klatrefelt og 5 buldreområder, fra Rjukan i nord til Porsgrunn/Skien området i sør.
Blant anna: Våer (Rjukan), Bolkesjø, Tveiten, Gygrestolen, Uvdal, Choppingsenteret, Pornocragget, 17. mai cragget, Espedalen, Skoe, Erikstein, Carlsberg, Flåveggen, Hemmelighetsveggen, Løveid, Ramberget, Avfallsveggen, Trettarberget, Grenlandsbrua, Lerstang, Valle, Hvarnes. I tillegg 5 buldreområder: Nissedal, Notodden, Erikstein, Breisås, Gvålaåsen.
Føreren kan du bestille her på klatreinfo sine nettsider, her.
Og så har me:
Om klatring i Sør-Norge: Hægefjell, Fyresdal og Nissedal, skrive av Götz Wiechmann, på norsk og tysk.
Andre nyttige lenker:
Norsk Klatringmerklatring
Fjellboka.no, "fra fjell til ord", skriv bl.a. om klatring på Hægefjell i Nissedal her
Klatreinfo
"På tur med Olsen" ein blogg om klatring, her finn ein også lenker til andre klatrebloggar.
Fjellfører ("Faktablogg, om turer/ruter, føremeldinger, ideer, tips, utstyr og hva det enn måtte være om fjellet")
OSI Fjell (Studentgruppe for fjellsport og friluftsliv ved Universitetet i Oslo)
(det er nok fleire lenker som kjem her etterkvart).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar