Plantar fascitten er på retrett, det er deileg.
Som tidlegare, så kjenner eg fortsatt litt kribling under foten, men det blir meir sjeldan nå, og mindre kjennbar.
Pussig nok, så er dei lengre turane i skogen på Fivefingers dei dagane eg kjenner ikkje vondt eller kribling i føtane/foten i det heile tatt!
Avkjøling av føtane i bekken mot slutten av løpeturen - DEILEG :) |
I og med at det ikkje blir noko konkurranse for meg i år (viss eg greiar det da) så kan eg trene med ein heilt annan fokus:
Eg ha for eksempel trent styrke minst 2x i veka dei fleste vekene, og i det siste har eg også fått til heile tre gonger. Noko som er målet.
Tre styrketreningsøkter i veka er jo vanvittig bra!
What me? Tre styrketreningsøkter i veka??? På treningssenter? (SterkeNils) |
Men målet framover er tre gonger. Jepp.
Inkludert i styrketreninge er eittbeina tåhev (one-legged calf raise på engelsk).
Eg gjer den utan ekstra vekt foreløbig, og senker foten ned sa-a-a-akte. |
Ved å løfte og senke foten kontrollert, får leggmuskulaturen ein god strekk, og undersida av foten får seg ein god strekk, og ein bygger styrke i muskulaturen slik at den får mindre juling når ein løper. Den styrkar også akillessenen, spesielt når fasen der ein senker ned foten sakte mot golvet.
Denne øvinga har eg gjort konsekvent kvar gong eg har trent styrke.
Eg har også nå utvida lengda på mine gå/løpeturar i skogen.
Når det ikkje er lenger snakk om "luftetur" med Lukas i skogen, nå har eg begynt å kalle det for det det er i treningsdagboka mi: løpetur. Hmm.... herleg klang :)
Eg er på løpetur igjen - i skogen. Kult! |
Eg tek på meg Fivefingers, løpetights, treningstøy, tar med meg litt drikke når det er veldig varmt og slår på GPSen, og går ut av døra.
Resten er improvisert.
Ofte er starten på turane den same. Inn i skogen, langs "kjærleiksstien" der Lukas kan lese hundenyheitar, tilføye sin meining og gjera andre viktige forretningar, og der eg sjølv koblar om og varmar opp.
"Skal me vidare oppover her eller?" Lukas er alltid fornøydd så lenge han er med :) |
Og når eg til tross for enno litt laber kondis synst det er moro å ta ein ekstra avstikkar "langs den fine stien i dalen berre for moro skyld altså" så er frihetsfølelsen stor.
Pause ved ein bekk der Lukas kan få drikke og eg kan fylle på drikkeflaska. Bilde av utsikten. Nyte himmelen, om den nå er blå, full av skyer eller lover regn.
Lukas må få lov til å kjøle seg ned og drikke og bade. |
Fin utsikt er alltid ei kjempebra belønning for å løpe opp ein bakke! |
Og oppover.
Eg har vunne tilbake litt av friheten min, nemleg den å kunne legge ut på løpetur og løpe der eg vil. Ja eg tek fortsatt omsyn, men føtane tåler meir og meir. Eg brukar også sunn fornuft, varierar skotøyet, har eit par dagar utan løping imellom dei lengre turane, osv.
Enda eit par sko som føtane mine set pris på: Merrell Bare Access 3. |
Den er nå borte, heldigvis.
Eg er ganske fornøydd.
Deileg!
Med Lukas på tur - og ikkje sur :D |