3. juni 2015

Bakketrening og nye Merrell Allout Rush

Både i går og i dag var eg ute på "bakketrening".
Det er det eg kallar det, i treningsdagboka, forkorta "bt".

Det er altså verken intervall, eller motbakkeløp, men det handlar om å ta seg opp ein bakke i litt raskare tempo og litt høgare intensitet enn det ein ville gjort om ein berre skulle nyte utsikten.
Klar for bakketrening!
For tida så går eg uansett mykje tur i skogen, gjerne på Fivefingers, for å trene opp føtane. Og kondisen.
I går skulle eg først berre ta den vanlege runden med Lukas, men så var det så godt å vera i skogen at eg like godt tok også ein liten topp. Den toppen likar eg godt, den er ikkje så høg men den er ganske bratt på den eine sida, og der kan ein småklatre litt på veg opp. Altså gjera det dei kallar for "scrambling" på engelsk.


Det er spesielt morsamt å bruke Fivefinger til å "scramble" med. Glatt berg har dei godt grep på. På våt mose og lav derimot var det mindre grep, men der trur eg er det ingen skotøy som dugar.

I dag skulle eg først trene styrke, men så var eg framleis ganske støl etter måndagens innsats, så då gav det meir meining å ta ein tur i skogen med Lukas.
Eg skal etterkvart trene føtane mine opp til å kunne bera meir vekt igjen, og derfor tok eg på meg ein liten løpesekk som då veidde ca 2kg. Ein kan jo ikkje starte med 10kg, ikkje sant?

Til hausten skal eg nemleg vera med igjen og gå pilegrimstur frå Grungedal til Røldal, og det er jo mange mil. Dessutan skal eg ha med dagstursekk, og sidan det er berre 2,5mnd igjen, så er det godt å venne føtane til. Eg har jo absolutt ikkje lyst til å gå på ein smell igjen og få plantarfa-skit igjen, slik som i fjor.
Nå skal eg ta tilvenninga s-a-k-t-e!

Turen i går blei på 6,4km med 315m stigning, så i dag ville eg helst ta litt fleire meter stigning og bittelitt lengre tur, men ikkje så altfor mykje meir.

Ein god regel er jo å auke belastninga med 5-10%. Så dette i dag skulle ikkje bli blodslit!
Tvert imot, eg hadde lyst til å kose meg.
Me må ha det litt gøy også, det er lov å kose seg på tur, også når det samtidig er "trening",

I staden for den eine planlagte runden blei det faktisk to rundar, for sola skinte så fint og i skogen var det ly for vinden, så eg tok rett og slett og snudde og tok same runden tilbake.
Heile turen blei på 7,75km med 475m stigning. Altså litt meir enn i går, heilt perfekt.
Mens eg bruka SPYRIDON Fivefinger i går, så bruka eg mine Merrellsko i dag.
Dei er fortsatt i testfasen.

Og etter å ha nå testa dei i ca to veker, er eg sikker: dei er utruleg stilige, har fine fargar, kjempegod mjuk sole med godt grep, tørkar fort, har supergod plass til tærne framme og gode lissar å knyte skoene med.
Merrell Allout Rush på sti.
Men - dei eignar seg nok best for flate grusvegar, stiar eller asfalt.
Så snart underlaget blir meir ujamnt, krevande, eller stien ligg litt på skrå i terrenget, så gir ikkje skoene tilstrekkeleg støtte.



Dvs, dei har godt grep mot underlaget, men dei er rett og slett veldig glatte og mjuke på innsida, slik at foten glir rundt i skoen. Nå brukar eg anten bambussokkar som er jo ganske glatte, eller tynne ullsokkar som også er forholdsvis glatte, men likevel så savnar eg god kontakt med skoen på innsida, føtane blir ikkje godt nok støtta, til dette er materialet litt for mjukt og glatt. Men knottane på sålen likar eg godt, dei har som sagt godt grep og lagar "god lyd" når ein går på asfalt (dei er ganske stille).



Det som eg likar veldig godt med skoen er at den er veldig god på hardt underlag som asfalt, betong og grusveg, der er dei heilt glimrande. Det virkar som eg ikkje treng å leite etter eit nytt par løpesko som kan brukas på asfalt, sidan dei har nok demping til mitt bruk.

Forøvrig så har dei liten "drop" dvs høgdeforskjell mellom hæl og tå, nemleg på 6mm. Eg har tru på at for mine føter og spesielt min rygg, så er det gunstig å redusere denne drop'en. Då har ryggen det bedre, og føtane slappar litt meir av, virker det som.
Merrell Allout Rush - utruleg fine, utruleg gode, plass til tærne og mjuk såle, 6mm drop, og her vist for det eg synst dei er eigna best: på jamnt underlag som f.eks.grusveg.
Eg diggar at skoane har så god plass til tærne, det er herleg, samtidig så sit dei som støypt rundt foten. Eg trur til og med at folk med breie føtar eller høg fotrygg vil kanskje synast at skoen er for smal eller trang, men dei går greitt for meg.
Dei har alt blitt ein trufast kvardags- og tursko, og som sagt, på fine stiar og grusvegar er dei heilt nydelege, så der skal dei nok blitt mykje brukt framover. For bakketreninga i dag gav meirsmak!
Utsikt frå bakketrening i dag. Vind- og solfylt og masse deileg skog! 

3 kommentarer:

  1. Ah, digger begge parene med sko da!! Har alltid hatt lyst til å teste ut sånne barfot-sko, men har ikke turt enda, hihi...

    Kult at du skal gå på den turen i høst! Håper det går bra :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja me får sjå undervegs kva som skjer med føtane. Den høgre var ikkje heilt fornøydd i går, men tur til hausten blir det, kanskje berre dei siste tre av fem dagar, for å sleppe den lengste etappen nr.2 ;)

      Ja eg synst jo dei lilla skoene er berre såååå fine :)
      Utruleg knæsj i fargane, det trengte eg, blir veldig motivert til å gå tur med så fine sko.
      Men - dei blå Fivefingers er best i skogen. Nydeleg å ha så god bakkekontakt, det er berre morsamt å bruke dei altså. Eg har vent meg til dei veldig forsiktig - fem minutter av gangen den første veka, og hatt med meg vanlege sko på tur også, slik at eg kunne bytte.
      Mange får skadar når dei byttar for fort.

      Men eg kan absolutt anbefale dei som eit par sko i tillegg til vanlege løpesko, dei er både morsamme, kule og gode :)

      Slett