9. juni 2015

Heile 7,5km i skogen - det går framover!

I dag var det så fint vêr så tidleg på dagen, og hodepinen så irriterande at eg bestemte meg for like greitt å koma meg ut med det same, og få litt frisk luft og sol på meg.
Lukas er jo alltid klar for tur og det er deileg å få lufta han ordentleg før lunsj, då har eg litt bedre tid (og samvittighet) til å gjera andre ting etterpå.

Sidan det var så varmt i dag tok eg like greitt på meg kort tights og treningstopp. Med bakkane her i skogen blir det nesten alltid svettedrivande turar, uansett om det er sommar eller vinter.
I dag var det også dagen for Fivefingers igjen.
Som planlagt så brukar eg Fivefingersane annankvar dag.
Vibram Fivefingers Spyridon MR min favoritt på tur i skogen!
Sjølv om eg har lyst til å bruke dei oftare, i alle fall i skogen.
Og etterkvart kan eg sikkert trygt gjera det. På asfalt ser eg ingen poeng med Fivefingers, men på ujamnt underlag i skogen, med steinar og røter og mose og myr og lauv og sand og grus så er dei berre så utruleg morsamme å ha på.
Eg diggar å gå og småløpe tur med Fivefingers!


For å ha hendene fri gjekk eg også i dag med belte der eg kunne feste bandet til Lukas, eg hadde nemleg også idag tenkt å legge inn små løpe"intervall".

Det har eg fram til nå gjort god erfaring med.
Både føtane ser ut til å akseptere det, kondisen blir bedre, koordinasjonen, balansen, nytelsen...

Apropos nytelse så var det ein rein nytelsestur i dag. Med solskinn og lite vind og og temperaturar rundt 18gradar var det reine sommarstemning.
Utsikt frå motbakken over Seljordsvatnet.
Eg tok det veldig med ro, og gjekk mykje,
Når eg løp, så jogga eg.
Eg tenkte eg ville gjera som Kenyanarane visstnok gjer, dei spring visst så sakte ofte at dei knapt kjem av flekken.
Det same gjorde eg i dag.
Og tok masse bilder.

Eg synst jo at vêret den siste tida har vore så skiftande at eg vil nyte finvêret så godt eg kan.
Så eg knipsa i veg.
Det blei mange stopp.
Og så blei det mange stopp fordi Lukas måtte bade og drikke.

Den første halvdelen var det berre motbakke på tørr grus på sørvendt bakke, så sola steikte godt og me stoppa ved alle vannpyttar og bekkar me kom forbi.
Stakkars Lukas blir veldig påvirka av varmen, og eg hadde ikkje akkurat lyst til å slepe han etter meg oppover bakkane.

Med ein del bekkar langs vegen kom forfriskningane med jamne mellomrom, og Lukas kunne til tider springe "laus i band" dvs med lang line slepande etter seg.
Starten på gå/løpeturen var heller tung, men så løsna det etterkvart.
Eg sprang nok sjeldan meir enn 30sekund av gangen, bakken er ganske bratt, og også på mine sprekare dagar har intervalla her vart frå 30-45 sekund, så det var godkjent.


Tilbake i skogen på mjuk sti og med halvskugge frå trea gjekk det litt raskare, og sidan stien førte oss sakte nedover, var det ganske uanstrengt og forfriskande å jogge her.
Her jogga eg kanskje ein km av gangen, to gonger.
Det var faktisk godt å jogge litt i halvskuggen!

Men i løpet av den 7,5km lange turen så trur eg kanskje at eg maksimalt "løp" halvparten av strekninga, og gjekk resten.
Det er bra.
Det kjendest lett og uanstrengt ut, og føtane mine protesterte ikkje heller i etterkant.

Sånne turar er herlege, og eg er så glad for at eg får det til.
At foten blir bedre og ikkje verre.
At kondisen veldig sakte, men sikkert, blir bedre.
Og sommaren er her.

Eg skal samle på inntrykk av slike turar, slik at eg har noko å sjå tilbake på når vintaren kjem.
Solen og varmen og dei gode turane med Lukas skal eg ta med meg.
Då kjenner eg at det er "helse i kvart steg" nesten.
Er berre deileg med sånne turar!

6 kommentarer:

  1. Anonym11/6/15

    Herlig tur, eg liker og å stoppe underveis for å ta bilder ��Line

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra! Eg kjenner at spesielt om sommaren så gir det ein ekstra kvalitet på turen. Og ein får mange gode minner som sit liksom ekstra godt.
      Det er ikkje mange som tek seg tid, men eg synst det er herleg. Så kan eg heller ta tempo- og intervalltrening på banen.
      God helg til deg! :)

      Slett
  2. Ah herlig! De bildene tror jeg overtaler meg til å finne frem mine VFF og ta en tur i marka med litt svømming etterpå. Få ting kan måle seg med å kjenne skogen så tett under føttene i tillegg til de vanlige sansende opplevelsene. God helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra!
      Ja det var vel noko av poenget, vise fram nydeleg skog og inspirere te skogstur - løpande, gåande eller kva nå som passar ein best. Og svømmande, åå ja då hadde eg blitt lykkeleg altså, men her er det fortsatt i-i-iskaldt i Seljordsvatnet, og ingen små vatn i skogen.
      Ha riktig god tur da!
      Og god helg! :)

      Slett
  3. Virker til å ha vært en aldeles herlig tur! Med fin temperatur (?) og sol, skog og mark, og en trofast venn som aldri svikter deg :)
    Det er slike ting man skal huske på når hverdagen ikke er så god mot deg... :)

    Sikkert veldig lurt å bruke skoene annenhver dag ja, sånn at du venner føttene forsiktig til bruken av så tynne "såler" ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det var ganske varmt. Denne vegen er i ly for vinden, og heile Seljord er jo ein stor sørvendt bakke som varmast opp fort av Seljord, så temperaturen var veldig fin :)

      Ja dette blir det gode minner av eg kan tenke på når det røyner på ellers :)

      Det er vanskeleg å la være å bruke Fivefingers kvar dag, sidan dei er så "morsamme" å bruke, men annankvar dag ser ut til å funke bra for meg, så det fortset eg med.

      Ja det var ein herleg tur. Eg tok litt av same turen i går, og løp/jogga ein god del av den, så nå kan eg vel kalle det "løpetur" snart. Da blir det enda bedre, synst eg ;)

      Slett