Viser innlegg med etiketten Sterke-Nils senteret. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sterke-Nils senteret. Vis alle innlegg

24. juni 2015

Det handlar om frihet

I det siste så er eg mindre og mindre plaga av vond hæl.
Plantar fascitten er på retrett, det er deileg.
Som tidlegare, så kjenner eg fortsatt litt kribling under foten, men det blir meir sjeldan nå, og mindre kjennbar.
Pussig nok, så er dei lengre turane i skogen på Fivefingers dei dagane eg kjenner ikkje vondt eller kribling i føtane/foten i det heile tatt!
Avkjøling av føtane i bekken mot slutten av løpeturen - DEILEG :) 
Eg tek det fortsatt forsiktig, men trena ofte.
I og med at det ikkje blir noko konkurranse for meg i år (viss eg greiar det da) så kan eg trene med ein heilt annan fokus:
Eg ha for eksempel trent styrke minst 2x i veka dei fleste vekene, og i det siste har eg også fått til heile tre gonger. Noko som er målet.
Tre styrketreningsøkter i veka er jo vanvittig bra!
What me? Tre styrketreningsøkter i veka???
På treningssenter? (SterkeNils)
Men om vêret er fint og det blir sykkelturar som erstattar ei av øktene, så er eg fornøydd med to gonger også.
Men målet framover er tre gonger. Jepp.
Inkludert i styrketreninge er eittbeina tåhev (one-legged calf raise på engelsk).
Eg gjer den utan ekstra vekt foreløbig, og senker foten ned sa-a-a-akte.
Og det er denne øvinga som er sterkt anbefalt for dei som slit med plantar fascitt.
Ved å løfte og senke foten kontrollert, får leggmuskulaturen ein god strekk, og undersida av foten får seg ein god strekk, og ein bygger styrke i muskulaturen slik at den får mindre juling når ein løper. Den styrkar også akillessenen, spesielt når fasen der ein senker ned foten sakte mot golvet.
Denne øvinga har eg gjort konsekvent kvar gong eg har trent styrke.

Eg har også nå utvida lengda på mine gå/løpeturar i skogen.
Når det ikkje er lenger snakk om "luftetur" med Lukas i skogen, nå har eg begynt å kalle det for det det er i treningsdagboka mi: løpetur. Hmm.... herleg klang :)
Eg er på løpetur igjen - i skogen. Kult! 
Og det er der frihetsfølelsen kjem inn.
Eg tek på meg Fivefingers, løpetights, treningstøy, tar med meg litt drikke når det er veldig varmt  og slår på GPSen, og går ut av døra.
Resten er improvisert.
Ofte er starten på turane den same. Inn i skogen, langs "kjærleiksstien" der Lukas kan lese hundenyheitar, tilføye sin meining og gjera andre viktige forretningar, og der eg sjølv koblar om og varmar opp.

Og så er det inn på grusvegen som kan føre opp, opp, opp... eller inn på stiane, og lenger opp, eller lit ned igen... Det er ikkje så mange stiar men kombinasjonane er mange. Valget er ikkje vanskeleg heller. Tørr grusveg eller smal sti eller skogsveg med fuktig myr? Bratt og steinete eller flat og snilt?
"Skal me vidare oppover her eller?" Lukas er alltid fornøydd så lenge han er med :) 
Valget er mitt.
Og når eg til tross for enno litt laber kondis synst det er moro å ta ein ekstra avstikkar "langs den fine stien i dalen berre for moro skyld altså" så er frihetsfølelsen stor.
Pause ved ein bekk der Lukas kan få drikke og eg kan fylle på drikkeflaska. Bilde av utsikten. Nyte himmelen, om den nå er blå, full av skyer eller lover regn.
Lukas må få lov til å kjøle seg ned og drikke og bade.
Det er nydeleg å kunne legge ut på løpetur, sjølv om det blir ein del gåing også, rett og slett for kondisen ikkje er den enno. Men det er greitt. Når intensiteten er passe, kan eg faktisk halde på i timesvis. Lengste turen var kanske berre på 1,5t og 7,5km, men med stor nytelsesfaktor.
Fin utsikt er alltid ei kjempebra belønning for å løpe opp ein bakke!
Eg er så glad for at det går framover.
Og oppover.
Eg har vunne tilbake litt av friheten min, nemleg den å kunne legge ut på løpetur og løpe der eg vil. Ja eg tek fortsatt omsyn, men føtane tåler meir og meir. Eg brukar også sunn fornuft, varierar skotøyet, har eit par dagar utan løping imellom dei lengre turane, osv.
Enda eit par sko som føtane mine set pris på: Merrell Bare Access 3.
Men det er frihet. Det er det eg har savna og lengte i vinter, når det sat ein spikar i hælen men.
Den er nå borte, heldigvis.
Eg er ganske fornøydd.
Deileg!
Med Lukas på tur - og ikkje sur :D 

17. september 2014

Diagnose: Plantar fascitt

Da har eg vore hos legen på mandag og fått bekrefta det eg frykta:
Det er plantar fascitt som fører til smerten i hælen(e).

Det tok berre eit par trykk med legetommelen på riktig stad, og saka var klar.
Morsamt er det når eg diskuterar med legen min og han seier "Eg går ut frå at du har lest alt om dette her og kan det meste?" Eg nikkar.
"Ja for det er den fascia som festar seg i forkant av calcaneus, ikkje sant?"
Jepp eg nikkar.

Eg er jo anatominerd. Dessutan synst eg at det er viktig å vite mest mogleg om ein skade eller sjukdom når ein først har fått den.
Fotens knoklar er mangfaldig og har rare navn. Bortsett frå tærne.
Calcaneus er berre hælbeinet, det.

Så kva vidare?
For det første, så hadde ikkje fysioterapeuten min noko ledig time før om to veker.
Kjedeleg.
Min telefon-fjerndiagnose-fysio har nå hjelpt meg med "første hjelp" (mjuke sko, avlaste hælen, mange pausar, unngå hardt underlag, R.I.C.E (bortsett frå Compression kanskje), og intens lytting etter kva signalar foten gir meg etter aktivitet og justering av neste aktivitet deretter.
Okidoki.

Vidare skal eg vera meir nøye med kosthaldet.
Kosthaldet mitt er ikkje så usunt, det.
Men det som er usunt er at sjølv om eg får i meg ein del grønsaker, litt fisk, grovt brød og magert kjøtt (bortsett frå den ukentlege sommarkoteletten som eg berre MÅ ha), så får eg i meg alt for lite.

I sommar har eg hatt så lite matlyst at eg rett og slett har kjøpt meg matlyst på boks.
Jepp, Nugatti. Matlyst på boks, dei tullar ikkje, eit par-tre teskjeier med nugatti får vekk den verste sult-og kvalmefølelsen og ein får lyst på meir (av noko anna - for det finst grenser for kor mykje nugatti det går an å ete utan å bli kvalm).

Når det gjeld maten, så fokuserar eg nå på å få i meg nok protein (oppbygging av kroppens strukturar), vitamin (som er verktøyet til oppbygging av kroppen), sunt fett (som skal byggast inn i cellemembranen til mine flotte fantastiske nybygde kroppsceller i foten, og antioksidanter (minske antall frie oksidantar etter vevsskade).
I tillegg til den daglege tranen min har eg kjøpt inn magnesium og vitaminbjørner.

Dei seier at vitamin i form av kosttilskot har langt ifrå same virkning som vitamin i sin naturlege form (pakka ned i frukt og grønsaker) men eg prøver nå likevel. Om det så berre er placeboeffekten eg får ut av det, greitt for meg!
Magnesium er bra for musklane og støttar opptak av kalsium. Eg trur nemleg at eg ikkje får i meg spesielt mykje magnesium gjennom kosten, så då blir det tilskot.
Vitaminbjørner er faktisk veldig gode -
Mg-tablettane derimot var store å svelge altså!
Når det gjeld trening, så skal eg fortsette med styrketrening - men utan å belaste føtane.
Eg skal også gå bort frå 5x5 programmet (er jo ikkje vits når eg ikkje kan utføre knebøy og markløft som er ein vesentleg del av programmet), og trene heile kroppen med øvingar som ikkje stressar fotsolane og skuldrene (for venstre skulderen er også blitt kronisk vondt i sommar).
Styrketrening utan å belaste føtane
(sjølv om skulderpress er ikkje så bra for skulderen min heller for tida :P)
Eg har også meldt med på ein gruppetime med "mattetrening" som blir leda av ei flott og kunnskapsrik dame som også er fysioterapeut (som eg faktisk har fått behalding frå for nokre år sida). På den måten kan eg kanskje også drøfte øvingar som er godt eller mindre godt eigna for føtane mine.

Eg håpar at eg også kjem meg ut i terrenget på sykkelen, slik at eg får nyte det flotte haustvêret og -landskap, og får blodsirkulasjonen i føtane i gang (og for å "get away from it all" liksom).

Eg skal også lære meg å tape foten med kinesiotape eller annan form for støttetape, slik at fotbogen min, spesielt på høgre foten, får støtte, og skaden får ro til å reparere seg.

Når det gjeld fottøy så brukar eg mine best dempa sko (ASICS Nimbus) med to par innleggsålar som gir litt støtte og ekstra demping.
Eg har også funne fram igjen mine "anti-sko": frå MBT (Massai Barefoot Technology).

Ikkje dei mest kule altså, men i 2009 gjorde dei underverk for min vonde rygg.
Dei trengte eg då eg jobba på museum (Skieventyret) for fem år sida, og gjekk og stod i mange timar på betonggulv og ryggen slo seg vrang. Skoene gir faktisk også avlastning for hælen, sjølv om eg er usikker på kva dei gjer med leggmuskulaturen/akillessenen. For sistnevnde har gjerne med eit ord i plantar-fascittdiskusjonen.
Eg blir usikker kor bra det er å plutseleg få "+18% lower limbs activiy"
Eg vurderar også å kjøpe meg eit par Hoka One One sko, sidan dei har veldig mykje demping.
Og fordi dei er mykje finare enn dei MBT-sko eg har frå før.
Men dei er svinedyre.
Så eg skal sjå om eg ikkje kan oppdrive eit par som ikkje tømmer heile kontoen denne månaden...
Hoka One One Stinson Trail - dei har eg mest lyst på, men dei er svinedyre!
Så driv eg og masserar føtane mine og leggane, og prøvar å legge inn noko avspenning i løpet av dagen. Fram med yogamatte og lett tøying og strekking og avspenning.

I går kveld gjekk eg tur med Lukas og kjente at dette er problematisk, fordi anten så drar han meg i skulderen som også er overbelasta, eller i magebeltet slik at eg må halde igjen med beina.
Og da blir det anten vondt i foten eller vondt i venstremenisk-kneet.

Eg tok fram krykkene som avlastningshjelp i nedoverbakkane, men eg fekk det ikkje heilt til å avlaste høgrefoten. I alle fall ikkje mens Lukas med full intensitet og snuten i bakken drog med full styrke i vegkanten etter eit spor som ei flott tispe hadde lagt etter seg. Den luringen! Damejegar!

Legen min anbefalte meg også å unngå "hard" trening, sidan den nedsatte allmentilstanden min (eg har så lite å gå på i år) har bidratt til overbelastninga. Og ein utslitt kropp er lite effektiv til å bedre ein overbelastningsskade, sidan den brukar opp alle ressursar til å berre "vera til".
Inge fleire fjellturar for tida - i alle fall ikkje til fots og med sekk! :(
Han syntest at det var ein god idé å gå på foto-tur i staden for.
Fotografere kan eg også i nærområdet.
Ellers skal eg ikkje belaste føtane.
Så enkelt er det.
"Keep your feet off the ground".

Samanlikna med å ha ein leddbandskade i kneet (som eg hadde i vinter) så er det ikkje så veldig mykje eg kan gjera aktivt, dessverre.
Bortsatt frå "snille" aktivitetar som får opp blodsirkulasjonen utan å belaste føtane.
Eg kan ikkje gjenta kor mykje eg ser fram til at svømmehallen opnar igjen her!
Rusleturar med Lukas - med mange mange mange sittepausar og fotografering - det går an - med ikkje langs vegen på asfalt der tispene legg igjen sine duftmarkeringar!!
Ha ein fin skadefri dag folkens!

6. august 2014

Kanskje du har blitt sterkare?

I går var eg igjen på Sterke-Nils senteret for å trene styrke.

Som vanleg (er det ikkje bra at eg kan faktisk skrive det? "Som vanleg"? Nå er styrketreninga blitt ein vane. Ein god vane), så stod det basisøvingar på programmet:
Benkpress, Roing, Markløft.

Sidan eg ikkje hadde trent på fire dagar, så valgte eg å supplere med resten av øvingane frå basisprogrammet.

Altså full pakke:

  • Benkpress
  • Knebøy med stang
  • Militærpress/skulderpres
  • Markløft
  • Nedtrekk (istadenfor roing)

På knebøy og markløft brukar eg olympisk vektstang pluss vektskiver.
På markløft kan eg fortsatt auke vekt (løfter 47kg nå :D), mens eg på knebøy held meg til 30kg, sidan eg skal forsatt skal trene på teknikken.
Ei olympisk vektstang veg 20kg. Så da kan eg legge på litt vekt til knebøy.
Men fortsatt så skal eg trene teknikk. 
Det som har forundra meg, er at eg blir svimmel på set 4 av 5.
Drøfta dette med ei venninne som også trenar og er utdanna sjukepleiar.
Varmen? Lågt blodtrykk (kombinasjon lågt blodtrykk+trøtthet+varme som gjer at blodtrykket fallar enda meir)? Dårleg allmenntilstand?
Spontan badetur à la "Keep calm and go swimming".
Eg er fortsatt sliten mentalt, men eg held ut.
Eg sendte melding til fysio'n, og til tross for at han var på ferie og på hytta med dårleg dekning, så var han så snill og kom med fjerndiagnose og råd frå hytta på fjellet (han er ikkje min faste fysioterapeut slik at eg kan tillate meg å gjera dette - ellers synst eg at alle som jobbar i helsevesenet skal ha ferie når dei har ferie - og skal ikkje bli forstyrra da!).
Han meinte at eg måtte hugse på å puste naturleg og ikkje halde pusten.
Da eg prøva dette i går, blei eg riktignok ikkje svimmel, men berre litt ør.
Så me får sjå.

For benkpress og skulderpress/militærpress ligg eg akkurat under 20kg/17kg, så da brukar eg mindre vektstenger. Dei er tross alt meir handterlege, og mindre i bruk på senteret:
Stativ med vektstenger frå 10kg til 35kg ca
Eller så brukar eg eit bodypumpsett:


Men så var spørsmålet:
Kor mykje veg ei slik bodypumpstang?

Den kjendest nemleg så utruleg lett.
For ei veke sida spurde eg ei jente som trena knebøy med ganske tunge vekter.
Ho må vel vite det, ikkje sant?
"Njaa, den var jo så lett, den kunne vel umogleg veie nokonting, denne, kanskje berre ein kilo?" foreslo ho.
Tja.
Eg tenkte meg at stanga på ein hantel veg gjerne 1,75 til 2kg, og er jo mykje kortare.
Og ei bodypumpstang skal i alle fall tole 20kg belastning og litt til, så den må da vera litt solid?

I går så spurte eg ein fyr som også såg ut til å ha trent ein god del.
Han hadde i tillegg tid, såg det ut som.
"Kor mykje trur du kan denne stanga veie?" spurte eg.
Han heldt litt i stanga og me måtte le litt.
For eg hadda akkurat tatt markløft på 47kg, mens han hadde tatt pull-ups, så stanga kjendest så lett som om den var av plast!! :D

Stanga var så lett. Var den virkeleg laga av metall?
"Nei, den var jo kjempelett" meinte han.
Eg hadde lest på nettet at vekta skulle vera på 3kg, men kunne det stemme?
Eller berre éin kilo?
Like mykje/lite som ein liter mjølk?

Neeei, me lo igjen, det kunne da heller ikkje stemme.
"Ja den kjennest jo så utruleg lett?" sa eg.
"Kanskje du har blitt sterkare?" foreslo han.
Det må det vera.
Det høyrdest ut som ei god forklaring.
Eg har blitt sterkare.
Og det er jo også det som er heile poenget med styrketrening.
Eg skal bli sterkare.
Og eg har alt blitt sterkare.
Moro!

(Psssssst ifølge Sportsmaster sine nettsider så er netto vekt på denne bodypumpstanga på 2,5kg.
Mystery solved :D).