24. juni 2015

Det handlar om frihet

I det siste så er eg mindre og mindre plaga av vond hæl.
Plantar fascitten er på retrett, det er deileg.
Som tidlegare, så kjenner eg fortsatt litt kribling under foten, men det blir meir sjeldan nå, og mindre kjennbar.
Pussig nok, så er dei lengre turane i skogen på Fivefingers dei dagane eg kjenner ikkje vondt eller kribling i føtane/foten i det heile tatt!
Avkjøling av føtane i bekken mot slutten av løpeturen - DEILEG :) 
Eg tek det fortsatt forsiktig, men trena ofte.
I og med at det ikkje blir noko konkurranse for meg i år (viss eg greiar det da) så kan eg trene med ein heilt annan fokus:
Eg ha for eksempel trent styrke minst 2x i veka dei fleste vekene, og i det siste har eg også fått til heile tre gonger. Noko som er målet.
Tre styrketreningsøkter i veka er jo vanvittig bra!
What me? Tre styrketreningsøkter i veka???
På treningssenter? (SterkeNils)
Men om vêret er fint og det blir sykkelturar som erstattar ei av øktene, så er eg fornøydd med to gonger også.
Men målet framover er tre gonger. Jepp.
Inkludert i styrketreninge er eittbeina tåhev (one-legged calf raise på engelsk).
Eg gjer den utan ekstra vekt foreløbig, og senker foten ned sa-a-a-akte.
Og det er denne øvinga som er sterkt anbefalt for dei som slit med plantar fascitt.
Ved å løfte og senke foten kontrollert, får leggmuskulaturen ein god strekk, og undersida av foten får seg ein god strekk, og ein bygger styrke i muskulaturen slik at den får mindre juling når ein løper. Den styrkar også akillessenen, spesielt når fasen der ein senker ned foten sakte mot golvet.
Denne øvinga har eg gjort konsekvent kvar gong eg har trent styrke.

Eg har også nå utvida lengda på mine gå/løpeturar i skogen.
Når det ikkje er lenger snakk om "luftetur" med Lukas i skogen, nå har eg begynt å kalle det for det det er i treningsdagboka mi: løpetur. Hmm.... herleg klang :)
Eg er på løpetur igjen - i skogen. Kult! 
Og det er der frihetsfølelsen kjem inn.
Eg tek på meg Fivefingers, løpetights, treningstøy, tar med meg litt drikke når det er veldig varmt  og slår på GPSen, og går ut av døra.
Resten er improvisert.
Ofte er starten på turane den same. Inn i skogen, langs "kjærleiksstien" der Lukas kan lese hundenyheitar, tilføye sin meining og gjera andre viktige forretningar, og der eg sjølv koblar om og varmar opp.

Og så er det inn på grusvegen som kan føre opp, opp, opp... eller inn på stiane, og lenger opp, eller lit ned igen... Det er ikkje så mange stiar men kombinasjonane er mange. Valget er ikkje vanskeleg heller. Tørr grusveg eller smal sti eller skogsveg med fuktig myr? Bratt og steinete eller flat og snilt?
"Skal me vidare oppover her eller?" Lukas er alltid fornøydd så lenge han er med :) 
Valget er mitt.
Og når eg til tross for enno litt laber kondis synst det er moro å ta ein ekstra avstikkar "langs den fine stien i dalen berre for moro skyld altså" så er frihetsfølelsen stor.
Pause ved ein bekk der Lukas kan få drikke og eg kan fylle på drikkeflaska. Bilde av utsikten. Nyte himmelen, om den nå er blå, full av skyer eller lover regn.
Lukas må få lov til å kjøle seg ned og drikke og bade.
Det er nydeleg å kunne legge ut på løpetur, sjølv om det blir ein del gåing også, rett og slett for kondisen ikkje er den enno. Men det er greitt. Når intensiteten er passe, kan eg faktisk halde på i timesvis. Lengste turen var kanske berre på 1,5t og 7,5km, men med stor nytelsesfaktor.
Fin utsikt er alltid ei kjempebra belønning for å løpe opp ein bakke!
Eg er så glad for at det går framover.
Og oppover.
Eg har vunne tilbake litt av friheten min, nemleg den å kunne legge ut på løpetur og løpe der eg vil. Ja eg tek fortsatt omsyn, men føtane tåler meir og meir. Eg brukar også sunn fornuft, varierar skotøyet, har eit par dagar utan løping imellom dei lengre turane, osv.
Enda eit par sko som føtane mine set pris på: Merrell Bare Access 3.
Men det er frihet. Det er det eg har savna og lengte i vinter, når det sat ein spikar i hælen men.
Den er nå borte, heldigvis.
Eg er ganske fornøydd.
Deileg!
Med Lukas på tur - og ikkje sur :D 

4 kommentarer:

  1. Jeg er så glad på dine vegne! Virkelig! PF har vart lenge nok, og det er noe dritt, hurra for retrett! Måtte den bli borte for godt. Du har noen fantastiske omgivelser der du er. Skjønner godt at du beskriver turene dine for FRIHET :) flotte bilder - gi Lukas en god klem fra meg! Håper du får en FIN sommer!<3

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det Janne! Ja den PFen er seig, men det var eg innstilt på. Nå er det så deileg å kunne gå lengre turar, og løpe litt. Men eg er fortsatt ganske forsiktig, eg vil jo ikkje øydelegge den gode jobben eg har gjort så langt.
      Og det krevst plutseleg stålvilje for å ikkje melde meg på ein "bitteliten triatlon bare" ;)

      Ja det er nydeleg her. Ein av dei store grunnane eg har blitt buande her, naturen er fantastisk, fjellet er i gåavstand frå der eg bur, skogen eit steinkast unna, det set eg så pris på.
      Lukas skal få ein god klem, han ligg ute på plenen i sola og jobbar med brunfargen sin ;)

      Gratulerar med vel gjennomført IM 70.3 i Luxembourg! Eg er spent på korleis det gjekk, skal lese blogginnlegget litt seinare ;)

      Ha ein super fin sommar du også! <3

      Slett
  2. Så bra Imke! Endelig er det (nesten) helt godt igjen! Jammen har du vært flink til å bygge deg sakte opp igjen, og knallbra med 3 styrke-økter i uken! (Det er mye mer enn hva jeg klarer for tiden, hehe...) :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, Guro!

      Huff den der sakte-oppbygginga har eg nok blitt ganske god på, med så mange skadar dei siste åra, men denne plantar fascitten var den mest utfordrande - for det kan gå så mange vegar, og det finst ingen fasitt på kva som er riktig.
      Men det ser ut til at det eg gjer og har gjort passar for meg og kroppen min, så då fortset eg med det.
      Og ja den styrketreninga har gitt resultat, det er ikkje så enkelt å trene 3 gonger i veka, men samtidig er det ikkje så vanskeleg heller.
      Det blir faktisk lettare enn berre éin gong i veka. Og ellers blir det ikkje så mykje planlagt trening, så tida har eg jo.

      Du har jo vore så flink med styrketrening gjennom åra at du godt kan unne deg litt sommar med mindre, du tar det nok fort igjen.

      Ha ein super helg med forhåpentlegvis fint vêr hos deg også!
      Her er det heilt strålande :)

      Slett