Er det én ting skaden har lært meg, så er det å ta vare på alt det positive som skjer rundt oss og med oss. For meg betyr det konkret at det jeg kaller millimeter-framgangen er viktig. [...]
Dagfinn Enerly - Så fort kan livet snu, Jens. O. Simensen.
Sitatet er henta frå boka om Dagfinn Enerly og tida hans etter at han brakk nakken på ein fotballkamp mot Start i oktober 2005.
Eg er ikkje spesielt interessert i fotball. Riktignok så har eg sparka masse fotball på barneskolen, den gongen ute på skulegarden med ein tennisball, saman med gutta i klassen. Bestekompisen min var kaptein på det lokale fotballaget, og drømmen min var å spela fotball i eit lag.
Sidan eg var jente, så fekk eg ikkje lov av foreldra mine.
Dette var på 80tallet, og ikkje veit eg, foreldra mine var nok ganke konservative eller kva veit eg som er grunnen til at dei nekta meg å spela organisert fotball.
Basket var derimot heilt greitt...
![]() |
| Eg kan alltids spela fotball med Lukas. Han ELSKAR fotball! |
Og dei er jo det.
Når kroppen er livlaus og urørleg frå nakken og ned, er jo ein ørliten bevegelse i venstre handledd eit vanvittig stort framsteg.
Og å kunne ete ei brødskive aleine eit halvt år seinare enda større.
Og slik fortsetter det.
Han skriv i boka si at "... hodet var det same etter skaden, selv om armer og bein var litt slappe...", men sjølv om han virkar som eit positivt menneske i seg sjølv, så har han måtta jobbe med dei negative tankane som har dukka opp etter ulykka, og prøvd å vera positiv.
Eg tenker jo at det er like viktig å sjå på "millimeter-framgangen".
I alle for min del så veit eg at eg kan vera utruleg utolmodig.
Eg vil helst vera frisk med ein gong. Hurtig-therapi, liksom.
Trykke på ein knapp - slette negative tankar - sette inn nye, positive - ferdig.
Men så enkelt er det jo ikkje.
Og når det gjeld depresjonen, så er det å vera utolmodig direkte farleg.
For då blir dei små stega i riktig retning borte, viska ut.
På ein dag som går litt lettare så vil eg helst vera superwoman med ein gong:
Ta igjen det tapte, ringe alle venner, rydde leiligheten, gå lang tur med Lukas, sykle, svømme, betale alle rekningar, lage ein langtidsplan for året, ommøblere, vaske alle klærne mine, skrive brev til gamle tanter osv...
I staden for så skulle eg vel heller kjenner etter at eg har det lettare i hovudet, at eg faktisk er bedre enn dagen før, og bli glad for det?
Og så legge dagsplanen deretter.
Ikkje brenne av det vesle overskotet med ein gong igjen som eg har gjort så mange gonger.
Syntest det var fint uttrykk, "millimeter-framgang".
Ein millimeter er ganske kort.
Men er det ein millimeter med ønska framgang, så er det stort!
Det går tross alt i riktig retning.
Mange millimeter blir til centimeter, som blir til eit skritt, mange skritt i riktig retning og ein er godt på veg.
Eg har hatt mykje millimeter-framgang den siste veka.
Eg har også blitt inspireret av alle dei fine kommentarane som blei lagt inn etter det siste innlegget mitt.
Der var det mange gode råd å hente.
Den siste veka har eg fortsatt med "antidepressive tiltak", sjølv om eg kunne slappe av meir nå, sidan det har gått oppover heile tida, sakte men sikkert.
![]() |
| Visualisering er eit godt tiltak mot negative tankar. Dette er frå Jade-mountains i Karibien. Det er jo såå deileg ut! |
Eg har prøvd å få nok søvn og pausar gjennom dagane.
Dessutan har eg hatt møte med lege, terapeuten min bl.a. der me ha snakka om situasjonen min, og i eit slikt tverrfagleg team er det utruleg godt å kunne drøfte viktige tema rundt helsa mi.
![]() |
| Kanskje ikkje Karibien dette, men fint er det jo. Utsikt frå løpetur. |
Jepp, heilt frivillig!
Sjølv om eg eigentleg likar bedre å stå på brett, så har eg altså plutseleg hatt to rolege korte skiturar den siste veka.
![]() |
| To økter på ski, først i solnedgang, så med hodelykt. Ikkje verst!! |
Eg trur at i og med at forventningane mine til skiturane var ganske låge, så slappe eg godt av undervegs, og tenkte at det var kjekt å gjera noko som eg vanlegvis ikkje gjer.
Det har eg også tru på, å endre rutinene sine.
Gjera noko du vanlegvis ikkje gjer.
Det er som å lure hjernen litt, lokke den ut av sine vante baner.
Ein ny ting eg skal gjera denne veka er å møte han som skal vera coachen min fram til IM 70.3 Norway/Haugesund!
Og sidan det er sjølvaste THE MAN - Dave Scott, så hadde han vel eigentleg fortent eit eige innlegg, men, det kjem nok!
Eit steg av gangen, eller ein millimeter, det held :)













