Læringskurva mi om temaet er like bratt som stien opp til Skorve (fullstendig ubrukeleg samanlikning for alle som aldri har gått opp til Skorve, men - berre bytt ut "Skorve" med navnet på ein fjelltopp med den brattaste stien du veit om).
Altså - det er mykje å lære om plantar fascitt.
For å spare dikkøn der ute som ikkje orkar å lese om belastningsskadar, sjølv om det sikkert er nyttig å vite mykje for å forebygge slike skadar i framtida, så begynner eg alle desse innlegga med "Plantar fascitt" og så tittelen på temaet på innlegget.
På den måten er det berre å bla vidare for dikkøn som ikkje er interessert. Eg skal altså ikkje begynne med "snikundervisning" om eit tema som eigentleg burde fått etiketten "skrekk og gru", "løpernes mareritt" "plantar fa-skit" osv.
Dagens innlegg blir ikkje store greier, men eg blei inspirert til å avdekke ein stor myte om plantar fascitt:
Det er ingen betennelse!
I medisinen blir endinga -itt brukt på betennelsestilstander.
Men forskninga har vist at det er ingen teikn på betennelse i føtane til folk som er plaga av plantar fascitt. Sett bort frå akutt betennelse da, som er ein reaksjon på vevsskade. Men, det er ikkje kronisk betennelse i seg sjølv om er, eller er årsak til, plantar fascitt.
Blei du usikker nå?
Da kan du følge linken til ein artikkel som har tatt seg av denne forskninga ("Plantar fasciitis: a degenerative process (fasciosis) without inflammation" av Lemont H, Ammirati K.M og Usen N).
Berre klikk HER så kjem du til artikkelen i den store NCBI-databasen.
Faktum er at plantar fascitt er ein skade ("fragmentation and degeneration") som er oppstått pga overbelastning, og vevet i den plantare fascia (det sterke bandet under foten som dannar fotbuen, ikkje sant) er delvis skada/øydelagt/nedbrote. Og treng derfor ro og tid til å bygge seg opp igjen.
Så "enkelt" er det.
Dermed hjelper ikkje Ibux og andre NSAIDs (non-steroide anti-inflammatory drugs), sjølv om ein får lindring av smertane i føtane. Men, som det er med smertestillande, du fjernar symptom (=smerten) og ikkje årsaken.
Eg brukar mykje tid på å lese om plantar fascitt, men skal halde meg til forskningsbaserte artiklar, for det er veldig mykje rart av tips og råd der ute.
Eg er likevel fortsatt interessert i å høyre om andre sine erfaringar med plantar fascitt, så har du erfaringar, kom med dei!
Eg skal nok kome med mine.
I morgo for eksempel skal eg få hjelp til å lære meg å teipe.
Altså med slik kinesiotape.
For mekanisk støtte, om det nå dreier seg om skada sener, leddband eller bein, er viktig og bra for å gje dei skada strukturane ro til å lege seg.
Så det.
Ha ein fin skadefri sundag alle saman :)
Har slitt med plantar fasitt i over 2 år.Jeg trur nå operasjon er veien å gå! Er 27 år,normalvektig.Vært opptatt av trening hele livet.Jogget mye på asfalt tidligere.Jobbet som sykepleier i 100%-stilling siden jeg var 21 år(gått på betonggulv altså). Ble operert i desember i fjord med forlengelse av akillessenen og gastrocnemius muskelen i venstre benet.Hadde da begynnende plantar facitt i høyre fot også.Etter 1 1/2 mnd rehabilitering var smertene borte og jeg var lykkelig.Startet opp i 100 % jobb.Smertene i høyre ben forsvant etter avlastning før operasjonen(9 mnd av og på med sykemelding og nesten total immobilisering pga smerter).Skal sies at jeg prøvde innleggsåler,tøying,kortisonsprøyter og trykkbølgebehandling uten effekt i disse 9 mnd,jeg var desperat.
SvarSlettNå sitter jeg å skriver dette midt på natta da smertene i venstre fot(foten som er operert), samt høyre fot er tilbake.Søvn er ikke noe vanlig lenger.Smertene har kommet snikende i de siste mnd og fortvilelsen er stor.Det er tydlig at gange på betong ikke har gjort underverker.Denne runden vil jeg spare meg forsøk på å avlaste og immobilisere meg i nesten et år,slik jeg ble anbefalt. Jeg møtte først forståelse da jeg selv undersøkte og fant en ortoped på et privat sykehus som er spesialist på blant annet operasjon av sener i føtter.Jeg har konsultasjon hos denne ortopeden som opererte meg i fjord om få dager.Er spent på hans synspunkt og råd.Lykke til videre! Har du vært hos ortoped/spesialist på fotplager?
Hei Lilly!
SlettHuff for ein prosess du har bak deg med operasjon og rehabilitering! Og så kjem smertane tilbake... som sjukepleier er du vel i den yrkesgruppa som har stor sannsynlegheit for å få PF, i alle fall viss du går og står mykje, og du skriv jo sjølv at du går på betonggulv - DET er jo føtane våre i utgangspunktet ikkje laga for heller. Ikkje rart at kroppen protesterar eigentleg, da nytter det jo heller ikkje med godt trent kropp og normalvekt.
Eg har ikkje vore hos ortoped, sjølv om eg har nevnd det for fysioterapeuten min.
Bakgrunnen er ikkje så mykje at eg treng hjelp til å få fikse føtane, får det ha eg innsett at tek tid pga at kollagenremodellering i fascien tek rett og slett mange månader, akkurat som med andre skader på sener og leddband. Hadde nesten vore betre å fått brudd i bein, det blir fortare bra faktisk.
Eg kunne tenkt meg å drøfte med ein ortoped om korleis det er best å belaste foten/beina osv for å få best utnytte av trening/tøying osv, om det er lurt med sykling eller skigåing, og skjønne litt meir av biomekanikken bak fascien, og ikkje minst: har føtane nytte av innleggsålar med god støtte eller ikkje, handlar det mest om ikkje å utsette føtene får støyt, eller burde fascien fått støtte, eller helst ikkje?
Det er mange meiningar rundt PF og det er få som er oppdaterte. Eg har vore hos fysioterapeutspesialist på sjukehuset i Telemark for å få tatt ultralyd av føtane (det bekrefta at fascien i høgre fot var hardest ramma, den var dobbelt så tjukk som den i venstre fot). Bortsett frå å anbefale meg hælinnlegg trudde han fortsatt på at det dreidde seg om betennelse og at det hjelper med kortison (det er ein myte, betennelsesfasen går over etter få veker og etterpå hjelper kortison berre på smerter, men injekjsonane kan faktisk skade fascien på lang sikt).
Eg har fått kontakt med ein fysioterapeut i USA som virker dyktig på PF, i alle fall har han utruleg mykje kunnskap og innsikt og gode forslag om trening og tøying osv.
"heldigvis" så er eg heime for tida og kan derfor avlaste og belaste føtane mine slik det passar meg, utan å tenke på sjukmelding osv. Det er jo ein kjempefordel.
Ellers hadde eg også blitt ganske fortvila, for PF, i likhet med Akilles tendinopati o.l. er jo frykteleg langvarig og komplisert.
Har du høyrt/prøvd injeksjon av PRP (platerik plasma) eller autolog blodinjeksjon?
Det er visst utprøvd med gode resultat på tennisalbue og akillesplagar, men dekkast enda ikkje av det offentlege, og kostar flesk. Og er mest prøvd i USA også.
Det framskynder helingsprosessen ved å tilføre kroppens eigne vekstfaktorar osv, noko som det er lite av i føtane rundt fascien pga lite blodtilførsel - så hadde eg hatt råd hadde eg prøvd det.
Har du vore hos ortopeden din nå da og fått synspunkt og råd? Det hadde vore spennande å høyre om det.
Ha fortsatt god bedring!
Hei, inntresant å lese om dette her fra andre. ja det er mange som ikkje veit hvordan du kan få det vekk. Eg har hatt det siden eg var 8-9år legene trudde det var vokse-kramper hadde då vondt under i pl og helsener beinhinne-betendelser osv. vel eg har opperert beinhinnene men det blei ikkje betre. har utviklet akutt lumbago som eg trur kan komme av problemene med føttene. mr bildene viser at senefestene (fulle) av betendelse som dei sier.Har støypte innleggs-såler som eg får dekket av folketrygden(har hatt såler i 12 år nå) HAR PRØVD ALT og ingenting hjelper. NÅ er eg 53år og eg har forsonet meg med det.
SlettHei Anonym!
SlettHuff det var ein tidleg start å få trøbbel med føtane!
Men når eg tenker meg om, så har eg også brukt innleggsålar frå kanskje 10-12års-alderen - vondt under føtane + skeiv rygg den gangen.
Så blei det bedre i løpet av tenåringstida kanskje fordi eg gjekk med "alternative" hippi-sko (=Birkenstock)??
Eg har blitt kvitt plantar fascitten, men samtidig så kjenner eg fortsatt at det kan "murre" litt under føtane, under hælane, anten etter tunge løft på treningssenter, eller lengre turar i skogen - men det virkar ikkje som nokon direkte samanheng heller, av og til går det heilt fint også.
Eg tenker at slik kan hos nokon vera forbigåande plagar, mens hos andre så er det rett og slett noko me må ta litt omsyn til resten av livet - slik som du må og som eg også gjer.
Godt at du får dekka utgiftene dine for innleggsålar! Det hjelpar jo. Og godt at du har forsona deg med at slik er det.
Det har eg også.
Dvs, eg har forsona meg med at kroppane våre ikkje er perfekte, og nokre blir fortare slitt og slitne enn andre, og det er fleire dagar der det er vondt ein stad enn dagar der ingenting gjer vondt - og det er greitt - skal det vera slik så får me akseptere det og gjera det beste ut av det. Klaging gjer det berre verre.
Håpar du har ein ok kvardag til tross for plagene dine!