Og det har sin god grunn, i ein hendelse frå i går, som eg kanskje skal koma tilbake til ein annan dag, og skrive meir om.
Foreløbig, så har eg likevel hatt meir lyst til å skrive om trening og helse, og då blei tittelen Selfmademultisportwoman ikkje inspirerande nok.
Hmmmm slik såg bloggen ut fram til i dag - nå er den NY! |
Eg har vel også funne ut at eg driv med så mykje forskjellig, at ein bloggtittel uansett på ingen måte vil omfatte alt eg har lyst å skrive om.
Men når det gjeld triatlon, så har eg skjønt at dette har større betydning i livet mitt enn det eg skulle ha trudd. Triatlon ER faktisk terapi for meg.
Happy - dette var Ironman Haugesund i 2012. |
Eg har også importert blogginnlegga frå gamle bloggen min, fordi eg har savna dei.
Nå er bloggen meir komplett igjen.
Eg håpar at dette oppsettet funkar.
Men me får sjå.
Ein blogg er for meg ein levande ting, og kan endrast. Plutseleg.
Eg synst det er litt deileg eg!
Bloggppsettet er ikkje heilt finpussa enda, tittelbildet fekk eg ikkje sentrert, så mens folk på Sørlandet pussar sine båtar i påska, så skal eg finpusse bloggen min i ferien.
Forandring fryder ;)
Forandring fryder og denne forandringa var veldig fin ;-) Kjempefin layout! God påske til deg!
SvarSlettTakk for det Silja!
SlettHa ei riktig god påske du også! :)