24. august 2011

Tid for endring

Det er små endringar som kan gje store forandringar. Eller noko sånt høyrde eg på kurs i dag.
Eg har lenge tenkt på å endre litt på bloggen.
Den syntest å flyte litt på vatnet i bakgrunnen, så når har den fått solide runde vannslipte stein som støtte, sidan dei toler ein støyt.



"Gamle" bloggen min. Ikkje så forskjellig frå no eigentleg...Takk for nå!

Tittelen "triatlondagbok" blei også litt for smalt.
Sjølv om det er triatlon eg er mest fascinera av, og som er som regel hovudmål for konkurransar, så er eg nok like engasjert i andre formar for trening.
Eg synst rett og slett variert trening er mest morosamt!

Helseaspektet er viktig for meg også, kanskje fordi eg tidlegare aldri har måtta bry meg så mykje om helsa mi, heilt fram til for nokre år sida, då alt stoppa litt opp og eg blei dårleg. Då var det godt å drive med meir regelmessig trening, og etterkvart har eg kjent på den helsebringande effekten av regelmessig trening og mosjon.

Sjølvutvikling omfattar jo alt og ingenting?
Alt ettersom kor mykje ein driv med det, men etter mi meining så er ein heile tida i utvikling, og har alltid vore fascinert av å oppdage korleis ein kan utvikle seg vidare.
Eg tenker at dei fleste har anlegg og talentar som dei aldri trudde dei hadde, og det er spennande å oppdage nye sider ved seg sjølv, og tøye grensene sine.

Dessutan gjer "sjølvutvikling" i bloggtittelen meir rom for småblogging og skribleri utanom tema trening og triatlon, det er kanskje akkurat gjennom dei små tinga eg likar å utvikle meg.
Det er ofte ikkje så mykje som skal til...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar