Mens andre drar ut i verda (Barcelona) for å hive seg inn på fleire ironmaneventyr, sit eg altså trygt og godt og ganske bekvemt i sofaen og puslar med blogglayout.
(For å vera ærleg: mest for å distrahere meg. Eg skulle ønskje at eg hadde ressursar til å vera der sjølv. Ressursar i form av energi, helse og god økonomi. Men det får bli eit anna år...)
Til tross for den fine blåfargen i den siste bloglayouten, som eg likte godt, så savna eg VATN som tema.
|
Kjempefin bakgrunn. Himmel og fjell. Men eigentleg er det jo vatn eg likar best... |
Så er det jo lettvint å finne på noko nytt i blogspot-bloggar. Kanskje skulle eg få tilbake bassengvatnet frå min første blog? Eg er tross alt glad i svømme i basseng. Faktisk. Eg elskar klorlukt også. Slik er det når ein alltid har likt å svømme, frå ein er liten, og berre har fått gode assossiasjonar til basseng frå 5-årsaldern...
|
Eit alternativ med bakgrunnstema som eg likar godt. |
Men så oppdaga eg plutseleg opplastingsfunksjonen. Den har tidlegare ikkje funka for bloggen min. Men den gjorde det nå. Ivrig bladde eg i bildealbum for å vinne fint vatn.
|
Min blogglayout frå og med oktober 2010. Er veldig fornøydd. Vatn, men ikkje berre blått, men honning og gjenspeiling av blå himmel. Og vatn med smak av sjøorm er det også :) |
Så fann eg eit fint bilde der den blå himmelen speiler seg så fint i vatnet ved Bjørgesanden. Hm.. eg trur det kan vera ein fin bakgrunn å ha, spesielt når vinteren nærmar seg...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar