Og når det gjeldd reise, så er det for min del sjeldan at eg ikkje skal på ein konkurranse.
Det er faktisk ikkje så veldig overdrive, når eg tenker meg tilbake på dei siste åra, så har eg reist veldig lite, og dei få reisene har vore til triatlonkonkurransar.
Eller, så har eg reist på besøk til triatlonvenner.
Uansett, så har bagen vore stappfull med både våtdrakt, treningstøy, løpesko, badedrakt, og når eg køyrte i eigen bil, låg det gjerne ein sykkel i bagasjerommet.
Men nå skal eg ut og reise, og besøke broren min, og vera i konfirmasjon til niesa mi.
Så tok eg i dag og pakka bagen, og då såg den altså slik ut:
Ikkje sant, og kva ser me der?
Løpesko, badetøy, treningstøy, klatresko (!), tridrakt...
Jada, finskoa er også med. Kjolen var enda ikkje pakka ned, så eg skal ikkje stille i løpeskjort eller liknande altså!
Broren min antyda at han hadde nokre klientavtaler til veka som han ikkje kunne avlyse, og meinte, at eg sikkert ville bruke tida til ein løpetur blant anna...?
Ja da, det hadde eg jo!
Sightrunning!
Sjekk DET kirketårnet! Det er nok mykje å sjå på i Landshut, så det er berre å ta løpeskoa fatt, så rekk eg jo ein del? (Bildet er frå Wikipedia) |
Det er jo deileg med litt treningsavbrekk rundt alle festlighetane, så noko skal eg finne på.
Men då eg sjekka treningstidene til den lokale triatlonklubben, ja då skjønte eg at eg er passe triatletisert, så viss eg skal svømme, skal eg gjera det på eige hand.
Så då fekk våtdrakta heldigvis ligge heime ;)
Her ein stad gjekk eg tur saman med broren min for mange år sida - det fristar jo med ein dykkert, ikkje sant? Men det skal eg la vera. (bildet er herifrå, under common licence) |
Hm eg trur ikkje at musklane er blitt større sidan sist, ' men dei har blitt meir definert, og det synst eg er så kult!! DET gir motivasjon! |
Eg var ute på kveldstur med Lukas. Og så måtte eg plutseleg leike meg litt. Måtte berre :D |
Go'gutten min :) |
Lukas skal tilbringe nokre dagar saman med Akira, det kjem han til å sette pris på! |
Håper du får en fin ferietreningstur Imke!
SvarSlettDet ser ikke ut som om du kommer til å legge på deg noe kaker på sidene, så mye som du har med deg i bagen av "treningsfasiliteter" ;)
Det så jo helt fantastisk ut med det området du viste over her, det med alle bassengene. Skikkelig badeland jo! :D
Åh, flaks at jeg tilfeldigvis ramlet innom her nå i kveld hos deg. Like før jeg skal stikke på trening.
Har visst tenkt å trene litt styrke igjen i dag (alt for mye vind til å trene ute i dag)- etter nesten to hele uker (!!!) uten styrketrening, fant jeg ut at jeg er litt nødt for å løfte i dag... Så det passet fint at du ga meg litt motivasjon til å komme meg avgårde ;)
Kos deg masse på "ferie"! Og spis masse gode kaker :D
Takk for det! Eg har visst alt tjuvstarta med kakespisinga i dag ;)
SlettTo veker utan styrketrening? Det hender jo virkeleg ikkje ofte! Kjekt at eg kunne gje deg litt ekstra motivasjon da!
Badelandet har det enno ikkje blitt noko av, det var faktisk kaldare her enn i Norge (!?!), men eg håpar på betre varmare vær etterkvart. Det finst derimot både einhjulssykkel og stang til chin-ups her, så noko kan eg leike meg med imens (broren min hadde også fått seg terrengsykkel, åå klart nå gleder eg meg til å koma heim att og sykle ;)