Det klassiske 5x5.
Nå har eg brukt det i fem veker ca.
Planen var å gjennomføre programmet som det er tenkt, der ein trenar tre gonger i veka og vekslar mellom to forskjellige økter.
Det finst mange variasjonar av 5x5, men slikt ser omtrent planen min ut:
Eg trenar ikkje på faste dagar, men dette visar berre korleis ein kan fordele øktene. |
Eg ville tross alt også løpe og sykle.
Triatlontrening står som før i fokus og har første prioritet.
Dessutan har eg dei første vekene trengt meir enn 48t timar til å restituere meg.
Så slik blei styrketreninga mi dei første fem vekene:
Sjølv om eg ikkje har trent tre gonger som planlagt, så har styrketreninga rykka opp mange hakk i rangordninga!
Den blir ikkje lenger "vekkprioritert".
Vektene har også stige eit hakk. |
Hurra!
Og det beste er at eg er faktisk motivert til å trene styrke.
Ja, riktig, eg har faktisk LYST til å trene styrke!
Eg ser fram til å ta manualane fatt.
Så utruleg!
Litt trøtt og oppgitt: Lukas synst også det er moro når eg trenar styrke og hiv seg med. Ikkje alltid like praktisk, men han meiner det godt. |
Men dette enkle 5x5-programmet har eg begynt å like altså.
For meg så har følgande gjort susen:
- 5x5 er enkelt og forutsigbart og dermed lett å gjennomførbare også for eit sliten hode
- 5x5 har berre fem repetisjonar, og då oppnår musklane sjeldan max belastning og ein blir ikkje så utmatta
- 5x5 kan gjennomføras på kort tid (på 30-40min pr økt)
- 5x5 skal gje stor og rask framgang på både muskelmasse og muskelstyrke - det motiverar meg
- eg har belønt meg sjølv under styrketreninga (nugatti - god sportsdrikke - god proteinshake etterpå)
- eg har hatt treningstøyet klart, på same plass - enkelt og greitt
- viss eg absolutt ikkje har lyst til å trene styrke, så slår eg på TVen for å ha underhaldning
- eg ryddar og støvsugar før eg skal trene styrke - då er det faktisk veldig deileg å sette i gang å løfte manualer i staden for støvsugaren ;)
Eg har også tatt bilde av meg sjølv for seinare å dokumentere muskeltilvekst.
Eg vil ha musklar.
Kroppen min treng meir muskelmasse.
Både fordi den kjennest bedre, og sterkare, men det er også ørten andre helsefordelar (sterkare beinbygning, bedre hormonbalanse, auka metabolisme og dermed fettforbrenning mm.)
Men akkurat for tida løfter eg tungt for å auke muskelmasse og styrke.
Men akkurat for tida løfter eg tungt for å auke muskelmasse og styrke.
Inspirert av Siljas innlegg om "store" overarmar måtte eg ta bilde av mine armar og skuldrene i dag:
Posering er noko eg ikkje kan noko om, så det her blei meir bilde i forbifarta à la instagram.
Men eg liker det eg ser.
Og eg vil ha meir.
I want muscle!
Jeg skjønner at du kan synes det er litt dumt at du ikke har fått trent de tre gangene i uken du hadde bestemt deg for, men hvis du snur på det, så har du jo faktisk fått to økter i uken med styrketrening. Mot kanskje null før? Og dét er jo fantastisk bra! :)
SvarSlettPluss at styrketrening to ganger i uken (ikke at jeg har noe kjempestor greie på det da) vel egentlig er "godt nok" styrke for kroppen din, siden det liksom ikke er "det" du driver med. (At du er mer mot de kondisjonslignende idrettsgrenene liksom?) ;)
Lurt å ta sånne bilder da, så har du "håndfaste" bevis etterhvert som du ser forskjeller på kroppen din.
Jeg syns ihvertfall du har vært kjempeflink til å trene styrke da! Fortsett sånn, så skal du snart se at resultatene bare blir bedre og bedre (og du blir sterkere og sterkere!) ;D
Takk for det, Guro!
SlettJa i etterkant tenkte eg at eg skulle ha skrive at eg var FORNØYDD med kva eg har fått til. Jepp, frå null gonger til to gonger i veka er jo utruleg bra!
Og ja, 2x/veka er vel ganske passe for meg som eigentleg driv mest med triatlon og litt andre sprell. I treningsplanar for triatlon er det gjerne anbefalt 1-2x/veka, spesielt nærmare konkurransen kan det faktisk vera lite hensiktsmessig å løfte tungt.
Men då kan eg jo berre "deloade" (hehe, eg har lært meg nokre fagutrykk eg da, eg prøver i alle fall ;D).
Ja eg skal fortsette slik.
Eg har ikkje det beste kroppsbilde av meg sjølv, men armane mine har eg alltid likt, fiskeboller eller ikkje. Og så er det noko med fettprosent, når den er "normal" (eg trur eg litt på sånn 23% kanskje?) så er ikkje alle dei flotte musklane så synlege, men å kjenne at eg blir sterkare er utruleg KULT.
Så det er første målet.
(Men å ta nokre bilder som motivasjonsboost er jo moro da - når dei blir fine :D)
Jeg er dessverre ikke motivert til å trene styrke - eller det er ikke helt riktig å si: jeg er motivert men jeg finner bare ikke overskuddet og energien til det akkurat nå :-/ MEN, armhevingene, de klarer jeg å gjennomføre! Og jeg tror noe av poenget med å ta armhevinger er rotet i nettopp dette med motivasjon: jeg innbiller meg nemlig at prosjekt armhevinger er noe som skal lede opp til en glidende overgang til mer systematisert styrketrening igjen..... så jeg tror at EN DAG våkner jeg opp og er klar for å sette styrke på programmet igjen og vet du; jeg gleder meg villt til den dagen jeg er klar for styrketrening igjen!! ;-)
SvarSlettEeh ja, men altså styrktrening er jo all form for trening som gjer at me blir sterkare, så då du tok dine armhevingar så dreiv du nå virkeleg med styrketrening!
SlettVektløfting er jo berre ein form for styrketrening, og det er denne eg har valgt meg ut, fordi den såg enkel ut og eg har manualar heime, og eg likar faktisk å løfte tungt.
Mens eg ikkje kan fordra armhevingar :D
(Noko med ansiktet i bakken og svake armar - huff)
Eg har tru på at overgangen til meir systematisk styrketrening blir lettare for deg når du i utgangspunktet har god styrke, for da blir du mindre støl og treninga blir lettare.
Om motivasjonen kjem over natta?
Ja kven veit?
Av og til skal det berre ein liten gnist til for å tenne eit bål ;)
Ja gled deg til den dagen!
Tenk, denne dagen kan koma når som helst - plutseleg ;)
OG: veldig fint bilde!!!! :-)
SvarSlettÅ tusen takk!
SlettEg blei litt fornøydd med bildet.
Berre at ein kan skimte dei ulike muskelgruppane er jo kult!?
Og så blei eg som sagt inspirert av bildet ditt, også.
Eg synst det er kult med jenter med musklar!