Nå er det berre seks veker igjen til IM 70.3 Haugesund og sjølv om eg ikkje har dei store planar om prestasjon, så veit eg av erfaring av syklinga kan bli ei temmeleg slitsam affære utan nokre få lengre sykkelturar på temposykkelen.
Men eg må sei at lange sykkelturar er noko av det eg likar minst av all triatlontrening.
Ikkje at eg ikkje likar dei, for som regel så er dei fine så snart eg har kome meg ut.
Og spesielt når eg har kome meg heim att.
Men terskelen for å ta ein sykkeltur på over tre-fire mil er mykje høgare enn for tilsvarande løpetur, f.eks. 7-8km (1/3 konkurransedistansen).
I går måtte eg spela på alle mentaltriks for å koma meg ut.
For eksempel:
- Eg brukte ikkje innsatsmuskelen (nevnd i forrige innlegg), men skulle sykla så langt eg ville, og alt var godkjent på førehand uansett.
- Eg tok med belønning. Powerbar Gel av den nyaste sorten med kirsebærsmak. Den er kjempegod, men også nokså kostbar, så den fallar i kategorien "godteri" og funkar som belønning.
- Eg tok med pengar i tilfellet eg kom forbi ein butikk og fekk lyst på is.
- Eg tok også med Powerbar "Waffles" noko som eg er nødd til å skrive eit eige innlegg, dei er skikkeleg gode, og er i alle fall godteri.
Eit lite triks: belønning i form av godteri på sykkelsetet. Funkar for meg! |
Først ute på vegen, var eg temmeleg usikker på kor hen eg skulle.
Ok, rundt vatnet (42km).
Men huff, på den "gamle" sida blåste det nå så veldig...?
Me får prøve den "nye" sida av vatnet.
Ikkje betre her.
Kanskje mot Flatdal?
Det blåsar også i Flatdal, men her er det i alle fall flat. Det er det ikkje rundt Seljordsvatnet! |
Eg tenkte ikkje så veldig men tråkka i veg.
Musikk på eit øyra (som også er eit triks for å koma meg ut. Musikk er min beste venn på sykkeltur.
Temperaturen var utruleg deileg, reine sommaren.
Etter berre 4-5km sykla eg gjennom anleggsarbeid med trafikklysregulering, noko som gjorde at det var mindre trafikk bakfrå, og når den kom, så kom den i puljer. Så det var ganske avslappande å sykle.
Eg kan av og til ikkje tru at eg syklar på E 134, det er jammen ikkje mykje trafikk til tider.
Men å sykle mellom kl.16 og 18 ser ut til å vera ei fin tid.
Folk sit vel og et middag?
Nydelege sykkelforhold i dag! |
Bananer for energien sin del, og Haribo som belønning.
Eg blir sulten på sykkelsetet, og mat er tingen.
Det er ganske flatt i Flatdal - her utsikt mot Skorve frå vegen. |
Bratte, krappe svingar.
Ein skulle ikkje tru vogntog kunne køyre her, men dei gjer det.
Det er veldig solfylt opp dei bratte bakkane, og utsikten blir berre finare og finare med kvart pedaltråkk.
Det var så vidt eg greidde å la vera å stoppe.
Eg skulle ta bilder på veg tilbake.
Utsikt! Der nede er det flate Flatdal! |
Men altså - med så lite mønster på dekka (me snakkar om null og niks mønster på dekket bak) så er det lite sannsynleg at glass festar seg, men å sjekke tek jo berre eit par minutter!
På toppen av Nutheim var eg så fornøydd. Bakkane var faktisk ikkje så tunge, kanskje har styrketreninga mi hjelpt? Eg måtte stadig kikke bort på utsikten. Skorve låg og der, stor og mektig, med glinsande kvite snøflater og imellom mørk stein.
Eg fekk litt lyst på ein topptur dit!
Så svingar vegen bort frå utsikten, og stigningen fortsetter litt til. Det var nå eg måtte bestemme meg om eg skulle vidare, eller snu. For når ein trillar ned bakken på andre sida, ja da triller ein fort!
Og eg lot meg trille, gav litt blaffen eigentleg.
Og trilla, og trilla, og trilla...
Så kjente eg at dette ikkje var spesielt moro, for med så mykje lett fart, kor tungt ville det vera på veg tilbake mon tru?
Men skit au.
Forventningane mine til sykkelturen var jo ikkje så store, så eg kunne ikkje "øydelegge" noko.
Og sola skein, og det var fortsatt lite trafikk.
Men du verden så lenge det varte, eg hadde visst vinden i ryggen OG nedoverbakke.
Tenk om det alltid var så lett å suse langs vegen i 40km/t!
På veg tilbake hadde eg sola i ansiktet, og det var eigentleg fint, for viss det er ein ting ved sida av maten eg krev på sykkel, så er det å halde varmen.
Ingen fare for å fryse i går, så det var berre å trakke på.
Bratte fjellsider og granskog.
Lite trafikk.
Tørr og rein asfalt.
Sykkelen sykla.
Eg tråkka.
Deileg!
Fornøydd! |
Eg synst at eg er heldig som bur i Vest-Telemark og har så flott natur å trene i!
Det er nok mykje av både motivasjon og inspirasjon eg får av naturen her rundt meg.
Det fristar å både løpe, sykle og svømme her, for ikkje å snakke om turgåing og klatring og snowboard pg ski. Det er reine leikeplassen her!
Sykle på vegen eller i skogen? Eller opp i fjellet? |
Dagens prestasjon: 59,12km og ca 1300 høgdemeter stigning på 2t45min! |
Eg lurar på om trikset for å sykle lengre sykkelturar er å - nettopp - sykle lengre sykkelturar.
For å bli vant med dei.
Og for å kjenne at dette ikkje er så ille som ein trur.
Den lyseblå Crafttoppen er såå fin! Legg også merke til delinga mellom skulder- og brystmuskelen, haha, ha styrketreninga gir visst resultat :D |
Litt pengar til is, kaffe eller godter skal eg i alle fall ha med meg, og ha tid til pausar og for å ta bilder.
Eg treng nok litt ekstra belønning når eg skal ut og sykle, men det skal eg jammen unne meg også.
Det er lov å trikse litt, rett og slett!
Det er dette eg skal ha som mentalt bilde på lang sykkeltur: sol, blå himmel, tørr og rein asfalt og nydeleg utsikt. Og rosa styretape. Ganske bra bilde :) |
Lite som slår en lang sykkeltur i slikt fint vær :-)
SvarSlettLykke til med treningen fram mot konkurransen i Haugesund
Tusen takk!
SlettJa det er sant. Og eg føler meg heldig som får sykkelturar i slik nydeleg landskap! Så eg måtte berre ta mange bilder, sjølv om det blei mykje av det same. Kan ikkje vise mange nok bilder av slike fine sykkelturar ;)
En drømmetur rett og slett!
SvarSlettJa, det er alltid mye lettere (og gøy) når været er varmt og godt. Lite vind og masse sol, da er det herlig å suse avgårde på sykkelen! :)
Men du, jeg lurte litt på en ting; har du "racer-hjul" på sykkelen din? Jeg tenkte litt på det da du skrev om anleggsarbeidet på veien og at du syklet der, gikk det fint?
(Det er dét som bekymrer meg aller mest med den nye sykkelen min, hihi...)
Ja eg trur at når sola skinner så varmt og godt, då kan eg halde ut ganske lenge på sykkelsetet!
SlettNår det gjeld hjul, så ja, så har eg "racer"dekk, altså ganske smal hjul med dekk med veldig lite mønster.
Framme på originaldekket så er det ørlitegrann mønster, men bak har eg montert nytt dekk (som til å med heiter Michelin Race eller eit eller anna) som er heilt utan mønster.
Dei er jo laga for fart.
Men mykje veigrep får ein ikkje, så ein må først venne seg til at ein syklar på smale dekk!
Eg fekk god opplæring av ei venninne som dreiv med landeveissykling då eg fekk racern min den gongen.
Eg var nok ganske pysete, men eg såg nå kva som gjekk an. Og alle syklar+dekk er forskjellige, og ryttern også, så det gjeld berre å bli kjent med sykkelen sin og styret og bremsene og dekka og alt saman, så blir bekymringane berre borte ;)
Det går an å sykle korte strekningar på grus, men det blir ikkje noko spesielt veigrep. Når det ligg laus grus på asfalt er det i grunnen verre, så det er best å styre utanom.
Men har du f.eks. innkøyrsel i grus, går det fint an å sykle på den.
Når det regnar, så kan det bli glatt i svingane, så her må du passe på i starten, og her gjeld det også, og bli kjent med sykkelen.
Men på våt vegbane tek eg ingen sjansar, har ikkje lyst til å tryne i det heile tatt!
Men på tørr veg så kjenner eg meg ganske trygg, og har vore opp i 60km/t :D
Du blir nok snart gode venner med den nye sykkelen din! :)