Det er jo lenge sida eg har deltatt i ein triatlon kortare enn halvironman (faktisk fire år sida).
Bøsprinten er altså organisert på følgande måte:
Dei 750m svømming blir absolvert i basseng, der ein stort sett delar banen med ein medsvømmer. Tida blir tatt ved hjelp av ein chip, og så startar ein på syklinga basert på svømmetida. Det blir altså jaktstart på sykinga, slik det også ofte blir praktisert på skiskyting.
Tidtaking med chip førte til at alle deltakarar skulle klatre over den høge kanten langs den grunne delen av bassenget.
Tenk det, Bøsprinten inneheldt altså svømming - klatring - sykling - løp!
Lett for denne karen på 180cm eller noko her å klatre over "kanten". Dei svarte boksane til venstre er tidtakarboksar. |
For andre er kanten ganske høg. Da gjeld det å ha sterke musklar, som Michael her f.eks. |
15min på 750m er ikkje spesielt raskt, men tatt i betraktning at eg berre har svømt 500m i januar, og 1000m i mars, så er dette meir enn godkjent!
Tilbakemelding frå Helene og mammaen hennes på svømmestilen var at det såg raskt og "uanstrengt" ut, og at det var lite plask.
Det er ikkje første gong eg høyrer dette. Eg lar nå berre beina henge bak, så mykje plask blir det neppe, nei. Delvis er dette for å spare beina, men det er også for å halde intensiteten nede.
Ikkje mykje plask her - takk til Helene og mammen hennes som tok bilder! |
Det synst eg er herleg, på den måten fekk eg prata masse med folk, sett på Helene svømme, me fekk ete i ro og fred og forberede skiftesonen i god tid.
Det blåste ganske kraftig og kaldt den dagen, så det var vanskeleg å vite kor mykje klær eg skulle ha på. Eg bestemte meg heldigvis for heller å kle med for tynt enn med for mange lag. For løpeløypa var ganske kuppert, så det blei fort varmt nok med alle bakkane.
"Kor mange lag skal du ha på?" ==> sjekk denne godt kledde karen med lange bukser, jakke og buff! |
Men til slutt kom alle seg ut.
Som vanleg hadde eg min gode klubbkamerat og -konkurrent like bak meg (han svømte på nøyaktig same tid som meg, sjølv om han påstod noko anna - we will never know).
Eg og Øyvind med HEILT LIK starttid! |
High Five Zero electrolyte sports drink |
Men så rota eg med giringa, og kjeda hoppa av.
På utsida av skiva, dvs mot pedalen!
Wtf...Eg tenkte eg skulle stoppe ved nærmaste vakt, men då eg nærma meg, hadde eg fått kjeda på igjen ved hjelp av girskiftaren. Men så blei eg litt satt ut at det heile at eg ikkje fekk med meg at vaktene markerte vendepunktet, og var altså i full fart på veg mot refleksvesten eg såg 2-300m unna. Men den var berre der for å regulere og varsle trafikken...
Jaaada, eg blei heldigvis ropt tilbake, og fekk snudd, og tråkka med tilbake til ryggen til den bakre jenta eg nettopp hadde sykla forbi. Lurte først på om eg skulle ligge bak, men tenkte at eg sikkert kunne "psyke" ut desse to jentene ved å vise at eg hadde superbein den dagen, og sykle forbi enda ein gong.
Og det gjorde eg.
Super ChiCqiloen min gjorde jobben sin på Bøsprinten! |
Nå var det også berre mokre få km igjen, og eg ville ha litt forsprang på løpinga.
Løpeløypa var nemleg ganske kupert, og me skulle løpe denne fire gonger.
Då er det godt ikkje å ha nokon rett bak seg.
Inn til skiftesona frå syklinga - fokusert! |
Skoene viste seg å vera utruleg deileg å ha på løpinga!
Ikkje dumt med ein utstyrstest nokre dagar før konkurranse. Skoene var i alle fall supergode! |
Den kjendest derimot i skuldrene...
Eg løp altså med krampe i venstre skuldern halvparten av den første runden, men så gav den seg heldigvis.
Det var greitt å løpe fire runder, og eg vil heller løpe fire runder enn to eller berre éi runde. På den måten er det alltid andre triatletar rundt ein, og ein spring ikkje aleine. Det er alltid ein rygg ein kan henge seg på, eller nokre muskuløse leggar å beundre, eller nokre raske jenter som susar forbi som ein kan la seg inspirere av til vidare trening.
Superglad. Det er starten på den fjerde og siste løperunden! |
Det er kjekt å ha full kontroll over fart og distanse og intensitet, men når dei tekniske duppedingsar ikkje funkar, kan ein jo bli frustrert. Så eg løper med vanleg "stoppeklokke".
Etter første runde hadde eg brukt 5-6min og sa til meg sjølv "Jaja, dette er ikkje spesielt raskt, men det er tross alt kupert, og uansett, fortare går det berre ikkje. Så eg får vera fornøydd."
Høgdeprofilen på løyperunden. Ein runde = 1,25km. |
Ein runde bestod jo av 1,25km og ikkje berre av éin kilometer...
Det gjekk ikkje opp for meg før lenge etter at eg hadde kome i mål.
Så tida mi på løpinga blei ganske bra til å vera meg (24:44).
Eg er alt i alt super fornøydd med resultatet mitt.
Pusten min var god, så eg fekk i grunnen jobbe så hardt eg ville. Beina var utruleg trege på syklinga, men funka eigentleg bra på løpinga, og dessutan greidde eg å løpe heile samanlikna med Bøsprinten frå tidlegare år, der eg måtte gå opp bakkane.
Dessutan hadde eg ikkje ein einaste negativ tanke undervegs.
Godt å vera i mål! |
Dusjen etterpå i bygningen til høgskolen var heilt herleg.
Den var såpass god at me til og med gjekk glipp av premieutdelinga.
Men av erfaring er det lite premiering av deltakarane på Bøsprinten. Ein får verken deltakerpremie, deltakermedalje, og vinnerane i årsklassene får ingen premie osv.
Det er litt kjedeleg faktisk!
Men slik har det vore gjennom alle år, så det var heilt greitt at me berre fekk med oss den siste setning av avlsutninga. Me premierte oss sjølv med god middag med kaffe og dessert etterpå. For eigentleg hadde me nemleg fått palleplass.
Artig med triatlonstemning, og utruleg moro å prate med folk!
Blant anna så møtte eg ei jente som hadde meldt seg på via ein av restplassane som blei delt ut fire dagar før konkurransen, og ho hadde verken trent løping eller sykling, men dreiv med styrketrening. Ho hadde med terrengsykkel og hadde som mål å koma i mål. KULT!
Så møtte eg ein fyr som hadde nettopp lært seg å kråle og skulle nå delta i sin første triatlon. Han var ved godt mot og kosa seg, og hadde alt planar om lengre distansar.
Eg prata med ganske mange mens me såg på svømminga. Det er så artig å høyre dei forskjellige historiane om motivasjonen til folk! |
Les meir om desse to unge jentene på Mandals nettavisa. |
Men såå kult at ho var med! Tøft altså!
Det fine bassenget i Bø, der har eg svømt mange tusen meter! Eg fekk nå virkeleg lyst til å svømme meir, så det må eg få til. |
Eg er fornøydd!
"Vårens vakreste eventyr" dvs Bøsprinten er over for i år, men våren er fortsatt ganske vakker! |
Så gøy at det gikk så bra! Det er alltid morsomt å lese triatlon-innleggene dine. :-)
SvarSlettTusen takk!
SlettGodt du synst at dei er morsamt å lese dei, for dei kan fort bli litt lange - det er mykje som skjer og det skal skrivast om! ;)
Høres ut som at du har hatt en veldig fin konkurranse :)
SvarSlettSyns du skriver så bra "logg" etter de tingene du deltar på/trener. Liker godt å lese det, nesten så jeg fikk litt lyst til å prøve meg på én jeg også, litt senere. Når "ting" funker litt bedre ;)
Veldig imponerende med hun jenta da. Tenk bare 14år!
Takk for det!
SlettJa eg håpar jo at det eg skriv er inspirerande og fristar noko til å prøve triatlon ;)
Eg ser heller ingen poeng til å få fram det som gjekk galt i konkurransar, og det som ikkje funka. Akkurat på Bøsprinten gjekk vel eigentleg alt som det skulle uansett (bortsett frå tabben med å sykle litt for langt, men det er heller ikkje første gong eg gjer på ein konkurranse - har både sykla og løpt feil før :D).
Ja både ho henta og kusinen hennes var jo utruleg spreke, Og det såg ut som dei hadde det skikkeleg moro også.
Tøft ja, berre 14 år og alt med på triatlon.
Imponerande ja.
GRATULERER igjen! spennende lesning dette her altså! Så bra at kroppen fungerte! du skal virkelig være stolt av deg selv - ikke lett å komme tilbake etter en slik skade du hadde i vinter. Triathlon sitter virkelig i kroppen din! tenk å svømme på en slik tid etter relativt lite trening. BRA! og så gøy å sykle forbi noen underveis...yes! boost!
SvarSlettVeldig glad på dine vegne!
Tusen takk!
SlettJa eg er faktisk littegrann stolt eg. Men mest av alt fornøydd at eg kosa meg - eg trur eg hadde blitt glad uansett berre eg hadde kome meg i mål utan tårer liksom :D
Ja eg er ein fisk, det har eg vel visst frå då eg var fem år, så snart eg kjem i kontakt, veks det svømmehud på meg ;)
Men triatlon trur eg ja, den har satt seg i kroppen min.Og det er jo bra ;)
Det var skikkeleg motivasjonsboost heile Bøsprinten altså. Moro!
Herregud så lyst jeg fikk til å svømme. Bildet av det urørte bassenget helt til slutt var strategisk gull, for etter den bassengkantbeskrivelsen i begynnelsen hadde jeg slått fra meg krålinga for godt. Jeg hadde seriøst aldri kommet meg opp - og det er ikke koketteritull engang, men erfaring. Det var nemligen ganske mange år i min barndom for jeg forsøkte hver dag. Da var jeg liten og lett med svømmearmer, nå, mhhauah. Men det bassenget på slutten fikk meg til og glemme alt om kanten . (helt til jeg begynte å skrive om den.)
SvarSlettJeg liker at det var pause mellom svømming og sykling, dette klesskifte ser alltid så kronglete ut - og det å sykle avsted våt osv osv. Denne varianten høres både sosial og hensiktsmessig ut.
Får si som de andre.
Det er rett og slett imponerende at du er i så godt slag igjen etter denne knefadesen. Det viser hvor flink og tålmodig du har vært gjennom opptreningen.
(Jeg hengte meg også opp i de pene leggemusklene og de fancy sykkelsetene - og lo godt over hva folk tenker på underveis i konkurranser.)
Ja Bøsprinten er ein perfekt første konkurranse innan triatlon.
SlettNår det ikkje er full sommar, så kan det fort bli litt kaldt å sykle med vått hår (spesielt når ein har langt hår), men pussig nok har eg aldri blitt sjuk av dette, og dessutan tørker vinden det meste, og det har ein deileg avkjølande effekt, slik at ein kan sykle fortare (dette høyrest nesten litt hyperpositivt ut, men bloggen heiter ikkje triatlonterapi for ingenting akkurat nå :D ).
Huff altså denne kanten - kan ikkje skjønne at den er der ein gong. Altså det pleier å vera kant med startblogg på den djupe enden av bassenget, ikkje sant? Men på den grunne?
Eg grua meg noko heilt forferdeleg til den klatringe. Eg følte meg som ein gamal overvektig sel som klaska seg til kanten av ein mur og blei liksom hengande der (er såå glad for at eg bruka triatlondrakt med bein i staden for badedrakt som kanskje hadde blotta litt her og der :P ).
Ja bassenget med vannflata var strategisk plassert på slutten av innlegget for å påvirke alle blant oss som berre MÅ svømme når dei ser ei vannflate ;)
Eg visste ikkje at du var ein av desse, men det var hyggeleg å høyre! Kanskje blir du bitt av triatlonbasillen du også ein dag?
Ja kneet var snilt med meg. Eg ser så glad for at eg kan bruke det. Men det var berre to dagar sida at Lukas med sine 38kg lente seg inntil feil side av kneet, og då kjente eg at det stakk godt! Men det var over med det same, heldigvis (fysioterapeuten min ville berre kalle det stresstest, og sagt at det var berre bra :D).
Det lønte seg heldigvis å vera tolmodig. For det er jo ikkje akkurat ei av mine sterkaste sider.
Hmmm ja tenk på alt det fancy stæsjet du kan unne deg som triatlet...hmmmm ja det sykkelsetet mitt er berre 100% perfekt...