Etter at eg har vore velsigna med eit overskot på energi, innsatsvilje, inspirasjon og motivasjon over eit par veker, var det både i går og i dag heller labert med treningsviljen.
Eller eigentleg begynte det fredagskveld med grusam utmattelse.
Sjølv om eg hadde lyst til å trene, så orka eg ikkje.
Fredagskveld blei det ein kompromiss: eg gjekk tur med Lukas, og hadde med tung sekk. Ikkje så super tung, men rundt 10-11kg.
|
Eg fekk litt drahjelp av Lukas: både for å koma meg ut i skogen, og opp dei bratte bakkane. |
Så gjekk me vår vanlege runde gjennom skogen. Eg likar nemleg godt å gå med sekk, ryggen har godt av det, beinmuskulaturen får også litt uthaldenhetsstyrketrening, og muskulaturen rundt kne og anklane blir styrka.
Alt dette treng eg, så det er alltid ok å gjera, gå tur med sekk i terrenget.
|
Fin "belønning" for slitet er jo den blide gutten min, som alltid er såå lykkeleg når me er på tur!
|
Laurdagen hadde eg først store planar om både det eine eller andre, men kroppen var matt og slapp, og innerst inne hadde eg mest lyst til å ligge i sola og lese.
Og da gjorde eg akkurat det.
Fekk lest om det elektriske ledningssystemet i hjartaet og hjarteklaffane.
På kvelden orka eg rett og slett ikkje nokonting anna enn å rusle tur med Lukas.
Med tok ein tur ned til sentrum der det går an å nyte den siste kveldssola, var innom venner, og tusla heim att.
Men skulle ikkje innlegget handle om innsatsmuskelen?
Musculus laboris, altså, kor sit den hen, tru?
På engelsk så heiter den effort muscle, og det er to psykologiprofessor som har æren for navnet. (
Ikkje for den latinske, musculus laboris, den har eg funne på :D).
Michael W. Otto og Jasper A. J. Smits forskar på samanhengen mellom fysisk aktivitet og mental helse. Mens Michael W. Otto skriv om strategiar for å forbedre behandling for angst, affektive lidelser (depresjon og bipolar og slikt) og rusavhengighet, så er Jasper A.J. Smits forskning fokusert på utvikling av tiltak som mosjon/trening for behandling og forebygging av angst og røykeavhengighet.
Klart eg måtte finne ut kva desse karane hadde å sei om temaet!
Dei skriv ein god del om motivasjon.
Motivasjon til trening, og det er jo eit ganske viktig tema.
Kven ønsker seg ikkje ubegrensa motivasjon til trening og kanskje også sunt kosthald?
Røykefrihet og regelmessig "riktig" fysisk aktivitet?
Kva stoppar oss?
Kvifor er ikkje alle friske, veltrente, røyekfrie, balanserte og glade mennesker?
Fordi det rett og slett ikkje lett å motivere seg sjølv til alt det som skal til for å bli akkurat dette: veltrent, røyefri, balansert og glad.
|
Sånne glansbilder av sunnhet og velvære gjer det ikkje lett å koma i gang for folk flest! |
Eg har alltid lurt på kvifor eg ikkje orkar å trene når kroppen er klar, når eg har tid, når eg har ete nok mat, når vêret er bra, osv.
For eg synst da at det er morsamt å trene?
Det er mange grunnar til at eg av og til ikkje kjem meg ut.
Eller at eg brukar fleire timar på å koma meg i løpesko og ut av døra.
|
Tenk det kan vera solskinn ute og eg kjem meg ikkje ut... sånne dagar finst det også! |
Merkeleg? Velkjent?
Ein teori av desse (forresten ganske spreke) psykologane er, at det krevst eit lite push for å få oss i gang. Det startar om morgonen, når ein er trøtt men likevel står opp.
Me skal jo stå opp, vekke barna, lage frukost, gå på jobb, osv?
Har me lyst, er me motiverte?
Ikkje alltid, men me gjer jo alt dette likevel.
På jobb e.eks. er det mange slike små push som får oss gjennom dagen. Mange gjøremål, ærend. Ein siste korrekturlesing. Ein siste telefon. Mest lyst til å koma heim, men innom butikken først.
Etter middagen så hadde det vore moro å sett på TV, men så var det nokre rekningar som venta.
You get it.
Så viss nå trening blir berre enda eit punkt på gjøremålslista, så kan det hende at vi alt har brukt opp denne innsatsmuskelen vår gjennom dagen. Slik at innsatsmuskelen vår blir utslitt nok i løpet av dagen, og me kan ikkje bruke denne til å gje oss eit ekstra push til å ta på treningstøy. Ta og løfte nokre vekter. Ta på løpesko. Til å opne døra. Gå ut. Løpe.
|
Blir trening berre eit kryss på gjøremålslista? |
Derfor burde me finne og bruke andre strategiar enn innsatsmuskelen for å koma oss ut på løpetur. Eller i skogen. Eller treningssenteret.
Men samtidig som altså den utslitte innsatsmuskelen kan vera årsaka til at det blir tungt å koma i gang, så er det akkurat fysisk aktivitet som også styrkar denne muskelen!
|
"The effort muscle is different from any of your other muscles." |
Mens me er ute (eller inne) og trenar eller mosjonerar, så overvinn me heile tida små øyeblikk der me blir slitne men likevel held ut, der me gir på litt ekstra i motbakken, der me spring litt raskare, fordi me veit at på lang sikt, så er dette godt foross og kroppen vår.
Kanskje er det ein konkurranse me har lyst å perse. Så me gir eit ekstra push.
|
IM 70.3 Haugesund gjer at eg pusher litt ekstra, som her på min tempoøkt på tysdag. |
Og neste gong me møter motgang, og trur me må gje oss, så hugsar me kanskje at det går an å gje eit ekstra push. Og innsatsmuskelen er sterkare enn før, så det kostar mykje mindre å pushe litt ekstra.
For min del så skjønte eg i dag at eg hadde sett på min lite brukte triatlontreningsplanen min som foreslo at eg anten skulle sykle minst seks mil eller løpe 14km.
Huff. Det hadde eg på ingen måte lyst til å gjera.
Så blei det meir hjarteanatomi.
Samtidig, innerst inne, så visst eg at eg ville hatt godt av å trene.
Så eg bruka ein halv time på å kartlegge kor hen eg skulle sykle, kor hen eg kunne løpe osv, men eg kom fram til at tanken uansett var avskrekkande.
|
Treningsplanen som heng på kjøkkenskapet. Eg trudde at den skulle motivere meg, men den er berre avskrekkande eigentleg. Rart? |
Men så kom eg på at eg kunne godt ha trent styrke denne veka. Den første økta denne veka greidde eg ikkje heilt å gjennomføre, og dessutan hadde eg fått ein kink i nakken på eit eller anna vis, og styrketrening pleier å hjelpe på det.
Plutseleg så var det ingen innsatsmuskel som meldte seg (
eg har kanskje ikkje nevnd det, men for min del så er teorien min om min tidvis manglande "motivasjon" for å trene betinga i at innsatsmuskelen min ser ut til å vera kronisk utslitt - sidan den sa stopp i 2006 og sidan berre har fungert sånn delvis. Men meir om det kanskje ein annan gong).
Styrketrening it is! Fram med treningstøy og treningsdagbok og oversikt.
Kort planlegging kva økter og i kva rekkefølge (eg held fram med 5x5 og har god progresjon, men må av og til stokke om på rekkefølga av øvingane etter dagsformem), og kva utstyr eg skal bruke (eg har henta heim vektstanga mi og kan nå bytte mellom manualar og vektstang. DIGG).
|
Velkomen heim igjen, vektstanga mi! |
Det var på ingen måte vanskeleg å sette i gang.
Eg bruka ganske god tid også, over ein time, og tok med tid til å teste ulike måtar å ta knebøy på, var nøye med oppvarminga osv.
Og så har eg forsatt god progresjon, og kan auke vekt på markløft og roing, så det er moro!
|
Nå må eg faktisk skaffe meg fleire vektskiver. Tyngre. |
Innsatsmuskelen min er under opptrening, denne.
Min teori er forresten at denne muskelen, viss me skal halde oss innanfor anatomiens verden, består av to hoder (og derfor burde heite musculus laboris biceps). Den eine delen er styrt
innanfrå, og er godt utvikla hos meg. Den får meg til å løpe maraton og trene for langdistansetriaton.
Den andre delen er styrt
utanfrå, dvs av omverda som jobb, familie og samfunnet. Denne delen blei lamslått hos meg i 2006 og har sidan vore på rehabilitering.
Kanskje musculus laboris biceps er best når den får brukt alle fibrane sine, og ikkje berre ein del, kva veit eg, nå driv eg berre og funderar. Eg har nådd slutten på dette lange innlegget og skal resten av filosoferinga overlate til lesarane mine. Det er nemleg Lukas som snart gir meg eit lite push er for å koma ut i skogen viss eg sit enda lengre..
|
Viss eg ikkje passar på, reisar Lukas aleine ut på tur - han har nemleg ingen problen med å koma seg ut. Aldri. |