27. juni 2012

Eg likar jo å svømme!

Nå skal eg prøve å skrive littegrann om korleis eg har hatt dei siste dagane sidan sist innlegg.
Det nærmar seg avslutning på dagposten.
Det er berre neste veke igjen, faktisk.
Så det blir rart.
Men litt godt også.
Det kjennest nemleg som eg har fått ein litt for stor dose av traumebehandling på dagposten.
Eg har rota rundt i minner som er aldeles ubehagelege og som eg eigentleg ikkje har hatt lyst å snakke om.
Så etter sommaren skal eg ha møte med terapeuten min om korleis me skal fortsette.
Dagpost blir det definitivt ikkje meir av, men ein annan form for behandling vil det bli.

Så same veke som eg avsluttar dagposten, så blir det også avslutting i treninga mi mot Haugesund.
Eg er forresten heldig som har Helene som tek seg av det praktiske med tanke på overnatting og køyring.
Utan henne hadde eg vel neppe fått organisert meg.
Så det set eg så utruleg pris på!
Det skal bli moro å dra på konkurranse saman igjen.

Men har det skjedd noko treningsmessig sidan søndagen, tru?
I dag hadde eg først tenkt meg på løpetur, men etter dagposten så hadde eg eit møte om "kriseplanen" for sommaren, saman med terapeuten min og psykiastrisk sjukepleiar.
Det er alltid bedre å vera føre var.
Når det er sommerferie så stoppar jo gjerne mykje av det vanlege tilbodet innan helsevesenet opp, så då er det best å ha planen klar og ha god oversikt over kven som kan kontaktast når det blir for ille.
Og etter møtet var det absolutt ingen energi igjen til å løpe...

Men søndagen var eigentleg ein bra dag. Eg tok det veldig med ro, og tok meg ein spontan liten løpetur opp Hattefjell.
Då veksler eg mellom å springe eitt minutt og gå eitt minutt, fram til eg når stien opp til toppen, og den er såpass bratt at det ikkje er mogleg å springe. Dessutan var det vått og glatt, og eg ville ikkje risikere noko strekk i kneet såpass kort tid før Haugesund.
Eg brukar faktisk under 40min til å koma på toppen, og det er faktisk den beste tida eg har hatt så langt!
Det var utruleg moro!
Litt mange regntunge skyer på sundagen,
men Hattefjelltoppen er det alltid like artig å vera på.
Måndagen var eg ganske støl, spesielt på kvelden så kjendte eg setemuskulaturen og faktisk akillessenen som hadde fått køyrd seg, så det var fint å rusle ein times tur i skogen med Lukas.
På skogstur.
På tysdagen hadde eg ein dårleg dag, og stort sett nervevrak og litt småpanisk og uroleg og på gråten og fortvila slik at eg måtte avlyse ein tur til ei venninne og istadenfor bruke alle krefter til å roe meg ned igjen.


Men sånn i ni-tida på kvelden derimot hadde eg fått nok av det bedande blikket til Lukas, og tenkte at eg likar jo så godt å svømme, så eg pakka svømmeutstyr og våtdrakt og neoprensokkar og reiste ned til stranda for å svømme saman med Lukas.
Det var utruleg deileg å svømme igjen!
Vatnet heldt berre 13gradar, men våtdrakta held godt på varmen, og spesielt neoprensokkar hjelper veldig!
Kjempefine svømmeforhold i Seljordsvatn i går. 
Det var fint at eg kom meg ut for å svømme.
Eg gløymer alltid kor godt eg likar meg i vatn.
Men nå skal eg koma meg ut på ein rusletur med Lukas, han har vore så tolmodig heile dagen, men nå kjenner eg at han snart blir ganske fortvila.
Og med litt frisk luft for leggetid trur eg også at søvnen min blir ekstra god.
Og det treng eg.


4 kommentarer:

  1. Masse lykke til; du er strek!! ;-)

    SvarSlett
  2. Hei Imke,

    Superbra at du er så ærlig om dette. Virkelig imponerende. Dessverre er det fortsatt altfor mange som holder det skjult både for seg selv og andre at man sliter psykisk. Og man blir neppe bedre av det...

    Psyken påvirker fysikken og vice versa - så det er ikke å forvente at man presterer på sitt beste i en slik periode. Hodet må være med for at man skal orke. Men å holde seg i bevegelse skader helt klart ikke.

    Lukas så forresten ut til å være en skikkelig strålende livsledsager. Labrador ikke sant?
    Vi hadde en svart labrador som var min beste venn i hele oppveksten. Savner ham stadig vekk. :)

    Heia deg! Ha en fin sommer.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Adelheid for så fin kommentar!

      Ja eg var forsiktig i starten med å vera open i bloggen min. Det er jo greitt å snakke med venner og bekjendte om dette temaet, men å blogge om det? Då er det jo plutseleg ute i verda, tilgjengeleg for alle...
      Men eg håpar jo at nokon der ute som les dette her, blir kanskje inspirert av det eg driv på med treningsmessig.
      Som du seier, så presterar ein ikkje så godt når ikkje hovudet er heilt med. Men samtidig har ein jo veldig godt av å koma seg ut og trene. Då er jo hovudet nødd til å bli med.
      Og ein blir som regel bedre etterpå!

      Eg kjenner at det er lettare å blogge når eg er meir open om den psykiske helsa mi, det er jo ein del av pakka.
      Som sagt, eg håpar at det inspirerar andre. Eg vil gjerne formidle kor godt trening kan vera når den psykiske helsa skrantar...

      Jepp, Lukas er ein sjokoladebrun labrador på herlege 43kg (musklar), og eg har hatt han sidan påske i år.
      Han er virkeleg flott, og inspirerar neg til både aktivitet og kvile (han er god til å slappe av på ein haug med putar på sofaen :D)
      Så fint at du hadde ein labrador i oppveksten din, labradorar elskar jo barn, og er snille og leiken og tillitsfulle og trufaste,den perfekte bestevenn ;)
      Høyrest ut som du hadde ein fantastisk bestevenn ja.

      Ha ein fin sommar du også! :)

      Slett