24. juni 2012

Livstegn - og oppdatering på treningsfronten

Nå har eg hatt ein bloggepause på heile 14 dagar.
Det kjennest som om eg har vore på ein form for survivalcamp.
Det daglege strevet med å halde negative sjølvdestruktive tankar på avstand samtidig som eg skulle søke om /finne meg ein stad å bu, ha kontakt med legen min, terapeuten min, NAV, vera på gruppeterapi på dagpost og snakke om traumatiske hendelser i oppveksten min, det tok på.
Og det gjer det fortsatt.

Men eg har også halde fram med treninga!
Det har vore på eit minimum, men eg kjenner at med dei få lengre sykkel- og løpeturane, så stig også sjansen for at eg skal kunne koma meg sånn nokonlunde uskadd gjennom IM 70.3 Norway.

For dette er fortsatt målet mitt:
1. Eg skal kome til start.
2. Eg skal kome til mål.

Sidan sist blogginnlegg så tok eg meg to lange løpeturar, den eine siste veka på 1t40min, og den andre denne veka, på 1t50min.
Kneet heldt.
Det skjedde nemleg også at eg datt på det venstre kneet mitt for ei veke sida då eg var ute og rusla med Lukas, og han med sine 43kg med musklarkraft heiv seg rundt for å hilse på eit menneske me møtte. Eg gjekk i bakken og overstrekte leddbandet mitt, men det heldt :)
Ingen smil å få her, nei, eg er altfor sliten.
Men løpeturen gjekk greitt likevel ;)
Eg har også hatt to lange sykkeløkter, begge to på ca 2,5timar. 
Nå er eg også sikker på at det blir Marvil'n og ikkje ChiCqilo'n, som blir med til Haugesund.
Marvil'n er nesten heile 10cm høgare enn ChiCqilo'n, og dermed blir sittekomforten over fleire timar betraktleg bedre enn på tempo'n.
Eg var eit nervevrak denne dagen.
Men det hjelpte med eit par timar sykling.
På Marvil'n ser eg rett og slett meir av vegen foran meg utan å måtte bøye opp nakken i så stor grad.
Og når eg skal sykle ni mil så set eg pris på litt komfort, spesielt når overkroppen er litt slapp etter svømminga, og det etterpå ventar to mil med løp.

Apropos svømming, eg har til og med svømt også!
Både inne og ute.
Eg unna meg ei svømmeøkt i Gullbring i Bø ein dag, etter at eg hadde vore hos legen.
Det var kjempedeileg å svømme igjen!
Under vendingane skjønte eg nok at det var lurt å vente med svømminga pga kneet, men så lenge eg heldt knea samla under fråsparket ved veggen, gjekk det bra.
Første svømmeøkt ute med våtdrakt blei ganske bra.
Eg har også vore ute ein kveld og svømt saman med Lukas i Seljordsvatnet.
Vatnet heldt berre 14 gradar, men med våtdrakt og dobbelt svømmehette og neoprensokkar var det heilt greitt etter ei stund. Dessutan var det nesten like kjøleg i lufta, så vatnet kjendest faktisk lunka etter ei stund...
Sjå på Lukas! Han kan ikkje vente å koma ut i vatnet att!
Han elskar å svømme, og er ganske dyktig også!
Nå er det faktisk berre to veker igjen til Haugesund, men eg prøver å ikkje tenke på det så altfor mykje.
Eg har nemleg eit utruleg og forferdeleg høgt stressnivå for tida, der nervene ligg heilt blanke og eg føler meg som eit nervevrak.
Men så lenge eg småporsjonerar stressfaktorane (dessverre er Haugesund blitt ein stressfaktor, sjølv om eg også gleder meg til å delta) så går dagane forholdsvis greitt.

Det er litt synd at eg ikkje får delt mine forberedelsar til Haugesund i den grad eg hadde sett fram til.
Men livet går ikkje alltid heilt som planlagt, og det vil kome nye konkurransar der eg kanskje kan ha meir fokus på det idrettslege enn alt anna rundt, og vil kunne blogge om det rikeleg med både tekst og bilder.

For meg så er det helsa mi som for tida tek mesteparten av energien min, og då tenker eg på den psykiske helsa mi, kroppsleg så kan eg virkeleg ikkje klage.
Når eg tenker tilbake, så trur eg at det er trening og fysisk aktivitet som fortener ein god del av æra for at det tross alt går så bra med meg som det gjer.

Så sjølv om eg må ta meg litt bloggepausar innimellom, så er bloggen langt frå å bli nedlagt, og trening skal eg halde på med vidare!
Eg har jo så mange drømmer og planar, om både reiser og konkurransar, og det vil eg gjerne dele med andre, når den tida kjem.


Ha ein fortsatt god søndag!

4 kommentarer:

  1. Selv om du ikke føler at du er helt i rute så er ikke det nødvendigvis veldig negativt.... ofte skjerper man seg litt ekstra nettopp fordi man vet man ikke er helt i rute og vips går det mye bedre enn fryktet! jeg tror du kommer til å klare deg veldig bra og de øktene du beskriver er jo kjempebra! masse lykke til med alt, heier på deg ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Silja!
      Skal tenke på heiinga di neste gong eg er ute og løper :)
      Fordelen med å vera undertrent, er jo at kroppen stort sett er utkvilt, også om ein ikkje kjenner det slik.
      Og så blir det bedre kvalitet og større utnytte av dei få øktene også, vil eg tru.
      Eg ser fram til å stille til start i alle fall.
      Resten blir, som vanleg når det gjeld langdistansetriatlon, eit lite eventyr ;)

      Slett
  2. Lykke til om to uker. Det er under sv;mming man faktisk sjekker om kn'r og ankler osv holder og det ser ut at de holder! Trening er bra for det psykiske helsa s[ jeg tror at du gj;r alt riktig med tanken p[ helsa. N[r det gjelder Lucas. Jeg har samme problemmer med Felix, han vil hilse p[ alle og bryr seg ikke om at jeg er p[ den andre enden av halsb[ndet!!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Ania!
      Ja, treninga har eg virkeleg veldig godt av, hovudet mitt er alltid lettare etterpå, også om det ikkje er merkbart før etter at eg har kome ut av dusjen etterpå ;)
      Og fint å få tilbakemelding.
      Ja desse glade hundene våre, dei vil gjerne hilse på alle saman dei møter!
      Spennande å høyre om dine erfaringar med Felix, eg begynner å kjenne nå at ein hannhund som Lukas er mykje meir sta enn snille mjuke Binna var.
      Godt å høyre at eg ikkje er den einaste som heng bak leiebandet er ein glad logrande ustyrleg hund ;)

      Slett