5. juli 2012

Rask status for IM 70.3 Norway

Nå er det snart tid for å reise vestover.
I kveld kjem Helene, og i morgon reisar me endeleg til Haugesund.
Den siste veka har vøre ganske tøff.
Likevel så kom eg meg ut på ein siste lang løpetur på 1time og 30min sist torsdag.
Ut og løpe. 
Dagen etterpå var eg hos tannlegen.
Tenk så utruleg statisk muskelstyrke kjevemusklane mine har som gjer at eg kan gape opp i ein time og ti minutter?

Siste helg var eg heilt, utruleg sliten, både psykisk og fysisk, og kjende eit stort behov for å kvile og ete og sova og vera i ro.
Så det var det eg gjorde.
Eg kjendte at eg eigentleg var kvalm heile tida, og hadde skikkeleg vondt i magen, så i tillegg til vanleg mat som eg måtte tvinge i meg (til tross for at eg var sulten så var matlysten på null), knaska eg paracet.

Måndag var min nestsiste dag på dagpost, og dermed var det tid for litt ekstra oppsummering og fokus, noko som krevde ein del ekstra. Etterpå var eg så utslitt at eg nesten ikkje visst kva eg skulle gjera av meg. Heldigvis kom eg meg ut med Lukas, og rusla ein times tur.

Tysdagen var det tid for avsluttande samtale ved DPS. Samtalen varte i halvannan time, og det var såpass krevande at eg etter ein time plutseleg berre braut ut i gråt... Så me tok ein liten pause og fortsette.
Eg har nå gjennom åra blitt vant til alle desse kraftige følelsane, så om det blir tårer, så greier eg stort sett å hente meg igjen ganske fort.
Seinare den dagen var det enda eit møte.
Så måtte eg faktisk også ein tur innom NAV.
Og den som har vore innunder NAV-systemet nokon gong, veit jo kor slitsamt slike møte kan vera.
Eit lite innblikk frå innsida av DPS'et i Seljord;)
Så sjølv om eg eigentleg trudde at eg heile ettermiddagen til disposisjon for å kanskje ta ein ørliten løpetur eller sykkeltest, så blei eg utslitt og oppgitt heime, inviterte ei venninne opp til meg for å koma på andre tankar, og så tusle ein liten tur med Lukas igjen. Dessutan skulle eg bruke tida til å forberede siste dagen på dagposten.

Onsdagen var då allersiste dag på dagposten, og også tid for sommarferie for resten av gruppa, så det blei litt avslutning for alle saman. Eg kjende at denne avslutninga, som inkludering min eigen oppsummering av dei siste 18 vekene ved DPS og tilbakemelding frå dei andre i gruppa, gjekk veldig innpå meg. Samtidig som eg var glad for å ha kome meg gjennom dei 18 vekene var eg også litt trist over at denne perioden er slutt nå. Til tross for at gruppeterapi er krevande, så hadde eg virkeleg nytte av den.
Også denne dagen blei lengre enn vanleg, med gjennomlesing av epikrisen o.l., så eg kom meg ganske seint heim og skulle gjerne sove resten av dagen.

Men så hadde eg ikkje heilt sykkelen klar til Haugesund.
Denne nye sykkelcomputeren var fort montert. Dekka hadde fortsatt bra trykk, så eg er ved godt mot når det gjeld punktering. Med heilt nytt dekk og slange framme, og eit bedre dekk bak, så håpar eg at det ikkje blir punktering på søndagen.
Dette er Marvil'n som blir med til Haugesund.
Dessutan skulle eg fort bestemme meg for kva slags bukse og topp eg ville bruke i Haugesund. Og ta ein siste liten løpetur også.
Så då klokka nærma seg 21 på onsdagskvelden, hadde eg henta meg inn igjen etter dagens strev, og kom meg av garde på sykkelen, fekk sparka igang sykkelcomputeren (den funka til slutt!), løp 12minutter og sykla heim att. For så å rusle med Lukas.
Siste sykkeltesttur.
I dag, torsdagen, tenkte eg at eg til tross for alt som fortsatt skulle ordnast, ville hatt godt av å få ein liten pause i form av ein tur med torsdagsgruppe, og eg blei ikkje skuffa.
Sola skein frå ein blå himmelen, bakken opp til bindingsnuten  var bratt som venta, og utsikten fin.
Eg rakk også mange gjeremål etter turen.
Så nå er det kveld og eg ser fram til i morgo, og turen til Haugesund, og IM 70.3 Norway.

Sjølv om eg ikkje er spesielt godt forberedd, treningsmessig.
Ikkje har eg spesielt mykje overskot psykisk.
Eg har heller ikkje råd til turen eigentleg.
Men eg treng absolutt å koma meg litt vekk og få oppleva litt god ironman- og triatlonstemning.
Litt havluft er heller ikkje forakte.

Så det blir spennande.
Første målet mitt er å koma til start.
Andre målet mitt er å koma til mål.
Spennande.

3 kommentarer:

  1. LYKKE TIL! Heier på deg :-)

    SvarSlett
  2. Lykke til. Krysser fingrene og venter spent på oppdatering!

    SvarSlett
  3. Anonym7/7/12

    Lykke til fra Linda og Hanne Gro!

    SvarSlett