22. desember 2014

Ut på snowboard - ein joletradisjon

Eg synst jo at det er utruleg moro å stå på snowboard - stå på brett, som det heitar.
Men dei siste vintrane har eg ikkje fått gjort det så mykje.

Vinter 2012 og 2014 ha eg jo faktisk greidd å pådra meg sidebandskade i kneet.
Og vinteren 2013? I fjor?
Den hugsar eg ikkje så myke av, eg trur det var rett og slett lite snø den vinteren. Og ja, det var triatlon med profesjonell coach (Dave Scott) det året, så då blei det triatlonbasistrening istadenfor.

Men denne vinteren!
Uansett kva det blir neste år, så må eg i alle fall få meg EIN tur.
Helst før jol.
Og det blei det på laurdag.
Det har kome nok snø lenger oppe i bygda, og det er der treningsbakken min er.
Den bakken er så lite bratt at den fortener i grunnen ikkje navnet sitt.
Men til første økta så held det massevis.
Dessutan er den såpass nærme at eg kan gå dit til fots med snowboardet under armen, og ha med Lukas, og han kan springe laus ved sida av meg.
Det blei nokre turar opp og ned (ned og opp), og det var kjempegøy!
Snowboard er jo berre leik.
I og med at eg går opp bakken i djup snø, så blir det også litt gratis kondistrening.
Og det treng eg absolutt.
Kondisen min er ikkje den beste for tida, og i tillegg så er rygg og nakke stiv og støl og vond og pusten dårleg, men eg satsar på at når det blir bedre når jola først er avvikla.
Når det gjeld plantarfascittfoten min, så er den fortsatt vond til tider, men det er meir "murring" enn smertefult, og det å tråkke i laus snø i gode, romslege og varme snowboardstøvler tek den ikkje skade av, virkar det som.

Men eg savnar løping noko grusamt - eg savna dei fine løpeturane i knirkande (blytung) snø, med stjerner og måneskinn på fjelltoppane omkring. Det er så enkelt å løpe - det er dette eg savnar.
Så eg skal fylle vinteren med vintertrening - snowboard og ski.
Eg har henta mine turski heim (har jo mykje utstyr ståande hos venner pga plassmangel her), så forhåpentlegvis blir det nokre lufteturar med Lukas på ski.
På ein av lufteturane mine med Lukas måtte eg forresten ta bilde av brøytetraktoren som stod parkert langs vegen: han hadde med joletre, inne i førerhuset!
Koseleg :)

Så ønsker eg meg truger til jol, men eg tvilar på at eg får dei, sidan eg alt veit at eg skal få ny turjakke - så då får eg berre degradere truger ned frå "ønskeliste" til "nødvendig kvardagsgjenstand" og gå til innkjøps når kontoen min har kome seg etter joleinnkjøpene.

Så kan eg jo alltids også ønske meg meir snø - den kostar jo ikkje noko da - men gir ganske mykje glede den også ;)

God jol!

8 kommentarer:

  1. Anonym22/12/14

    God jul, Imke. Dette høyres jo ut som ypperlig trening for deg og foten din. Flotte bilder som gir håp om ein god vinter. Sjølv er eg på farten i ein annen verdensdel akkurat no. Line

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Line!

      Ein annan verdensdel høyrest spennande ut, ser fram til å lese om det og sjå på bilder viss du skal blogge om det!
      Ja alt hjelper for foten, og med litt snø så blir det moro ute, også utan løping.

      Ha riktig god ferie og god jol! :)

      Slett
  2. God Jul til deg også, Imke

    SvarSlett
  3. (snowboard har jeg hørt er livsfarlig, selv i slakke bakker -)

    God jul til deg også, måtte 2015 blitt lyst og komplett skadefritt.
    Hvordan vet man egentlig at man har plantarskit, mistenker noe lignende selv
    , men det kan også være overforbruk av brodder, selv om det også er litt rart

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Ingalill!

      Hahaha, du er berre så morsam altså :D
      Ja klart det er livsfarleg, snowboard er ikkje for pyser, det er alltid med livet som innsats :D
      Eg har også den skjerpande faktoren med Lukas som spring rett foran meg og rundt meg, med lina slepande etter seg som så på elegant vis surrar seg rundt beina mine - det er reine ekstremsporten det ;)

      Det mest typiske for plantar fascitt er stikkande smerter rett under hælen (og litt inn mot fotsålen) som ikkje går bort over lengre tid. Gjerne verst på morgon, men det er ikkje noko krav.
      Det kjennest gjerne for meg som om eg har ein spiker i hælen, eller ei nål (har tatt av meg sokkane for å sjekke - er det eit hundehår som har bora seg inn der, tru? For det har faktisk hendt, men nei da, ingenting der å sjå).

      Overforbruk av broddar?
      Min erfaring med broddar er at dei hjelper mot å bli dratt fram over isen av diverse firbeinte venner (du skulle ha sett meg hengande etter Lukas på glattisen då han skulle hilse på naboguten vår som er litt redd for hunder og la på sprang - eg hang etter Lukas som om eg stod på vannski - sikkert herleg bilde og eg kan le av det nå - gutten tok heller ikkje skade sånn mentalt), men broddar gir litt lite demping, synst eg, så for meg går det laus på knea.
      Men du kan jo også få ei endra fotstilling med broddar, og har du vondt under foten kan det også vera litt vak fotmuskulatur. Det har eg i alle fall, meinte fysioterapeuten min.
      Jaja.
      Du får ta og følge med på føtane dine da, stikkande smerter under hælen er som sagt det mest vanlege symptomet.

      Ja eg ønsker meg eit skadefritt 2015, og ønsker deg det same!
      Og mange gode turar ;)

      Slett
  4. God jul til deg også! Jeg håper du får en riktig så fin jul, og gjerne med masse snø så du får stått litt på brettet :)
    Men pass nå inderlig på så du ikke faller og ødelegger bena dine noe mer nå da ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Guro!
      Ja eg skal prøve å passe på føtar og bein og kne og alt anna strekk- og brekk- og overbelastbart ;)
      Det er litt i snø i lufta nå, så det er bra.

      Ha ei riktig god jolefeiring, og kos deg i jola! :)

      Slett