16. februar 2012

Kan hundar stå på snowboard?

Ja, dei kan.
I alle fall i mine tankar.
På tysdagen, dagar etter at eg måtte ta avskjed frå Binna, tok eg med meg brettet mitt opp til den vesle bakken eg brukar for å trene snowboardteknikk.

Dei siste turane har Binna vore med meg på desse turane:
Ho tråkka tappert gjennom snoen opp til toppen av bakken, planta beina godt i snøen, observerte meg interessert mens eg stramma bindingane, og begynte etterkvart å springe rundt meg og bjeffe.
Av rein glede og forventning.
Me skulle visst springe/køyre om kapp ned bakken!
Best å få på brettet så fort som mogleg.
Binnas begeistring var ustoppeleg!
Og bjeffinga hennes likeeins.
Viss eg skulle trene på bremsing/sakte køyring, så sprang ho utolmodig rundt meg og bjeffa.
Eller så sprang ho logrande etter meg.
I bunnen av bakken stoppa ho, og venta tolmodig mens eg tok av meg brettet.

Så tråkka ho friskt framfor meg gjennom snoen bakken opp att .
Som om ho var to år og ikkje elleve år og kreftsjuk.
Snakk om glede i bevegelse!

Dei to øktene på snowboard denne veka var kjempefine.
Snøen har blitt litt fastare i det siste, slik at det går fint an å køyre på uberørt laussnø utan å synke heilt nedi.
Nydeleg snø på Raudkleiv.
Utsikten frå Raudkleiv er heller ikkje å forakte.
Deileg!
Tysdagskvelden tok eg meg i tillegg ein tur i bassenget igjen - stillheten i huset mitt er litt vanskeleg å halde ut nemleg. Det viste seg at 100m-tida mi var like bra som ifjor, og det utan å ha trent noko særleg det siste halvåret. Det var betryggande.

Og idag var det tid for torsdagstur igjen, og denne gongen tok eg faktisk på meg turski eg også!
Det var fine forhold med nokre minusgradar fram til lunsj, og eit par plussgradar etterpå.
Eg fekk heller ikkje gnagsår (berre nesten - skal ha med sportstape neste gong).
Skitur på turski.
Men kven er denne karen (til venstre)?
Så dette er bra.
Eg kjenner fortsatt sorgen etter tapet av Binna, men merkar at det blir lettare når eg held meg i aktivitet, slik at kroppen får ro til å sove godt om natta, og eg får danna humørhevande seroton og endorfin.
Dessutan får eg tenke på noko anna.
Og i tankane mine, så er jo Binna med meg.
Også på snowboard ;)
Binna og meg på den siste turen vår saman, på søndag. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar