Viser innlegg med etiketten Trail Runner 100 Mile Challenge. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Trail Runner 100 Mile Challenge. Vis alle innlegg

8. september 2012

Trail Challenge - halvvegs! Litt oppsummering.

I dag er det laurdag og det er dag åtte på Trail Runner 100 Mile Challenge.
På tide å ta ei lita oppsummering og evaluering!

Først, kort om dag 4, 5, 6, 7 og 8 (uuuups her har eg visst ikkje blogga på nokre dagar nei, kanskje ikkje så rart, det tek på med ein dagleg løpetur...det tek i alle fall tid!).

Dag 4, tysdag: 10,4km - 395m stigning
Eg hadde med løpesekken min, litt drikke og eit par geler i tilfellet (hadde ikkje ete noko særleg den dagen). Været var fint sjølv om eg ikkje rakk sola i Kivledalen. Det går tydelegvis mot hausten, og dagane blir kortare...
Lukas blir tvangsfotografert. 
Dag 5, onsdag: 7,3km og 341m stigning
Denne onsdagen hadde eg eigentleg planar om å springe ein stad i Bø, sidan eg skulle dit uansett pga av legetimen eg hadde på ettermiddagen. Men eg blei så stressa av turen te Bø at eg fort forkasta denne planen. Etter legetimen blei det ein tur på kafé saman med ei venninne eg ikkje hadde sett på lenge, og så køyrde eg heim, og orka eigentleg ingen løpetur.
Men prøve skulle eg, så løpetur blei det, om enn ganske seint.
Utsikt frå Venås utover Seljordsvatnet - ein klassiker på bloggen min!
Dag 6, torsdag: 5,5km og 253m stigning (+ 3,3km og 155m stigning)
Denne dagen måtte eg virkeleg motivere meg til å ta ein løpetur på kvelden. Eg hadde sove dårleg og var så trøtt og søvnig at eg gjespa meg gjennom heile torsdagsturen (som står i parentes ovanfor).
Blomar på tur.
Det blei ein kort rask løpetur også ganske seint på kvelden. Men pussig, då eg først hadde kome meg ut, så var beina i superform!!!
Dette bildet tok eg dagen før,
men det illustrerar godt følelsen av lette bein i skogen!
Dag7, fredag: 3,7km 103 høgdemeter
Fredagen hadde eg også sove dårleg, og var supertrøtt og uopplagt heile dagen.
Eg vasa rundt på byggmakar og heldt på å kjøpe dei raraste tinga fordi "dei hadde så fin grønfarge" eller fordi "dei var morsamme", men kom heldigvis ut av butikken med den eg skulle kjøpe (spesiell lyspære).

På kvelden var motivasjonen for å springe minimal.
Dessutan hadde eg kjøpt meg eit nytt slags brød, med masse frø, som smakte kjempegodt, men som magen min ikkje likte, så då blei det smertestillande og varmeflaske på sofaen eit par timar.
Derfor blei det mest berre ein kort tur, mest i gåtempo og i halvmørkre, for å lufte Lukas.

Det er på tide å ta med hodelykt på tur nå på kvelden!
Dag 8, laurdag:13,2km og 138m stigning)

I dag skulle eg "unne" meg ein lengre løpetur i fint landskap, kjøpte meg bombillet og køyrde opp mot Lifjell/Mæfjell, altså Grunningsdalen, der eg skulle springe.
Eg hadde med sekk denne gongen, og jakke og mat og drikke, og Lukas.
Der i Grunningsdalen hadde eg vore på tur fleire gonger med torsdagsgruppe, og landskapet og utsikten er heilt nydeleg!!
Utsikt mot Mælefjell
Likevel, beina var tunge, men tankane enda tyngre og negative, og verre blei det for kvar kilometer.
Eg hadde også sove dårleg, men lengre (til kl 10, og eg skulle berre hat sove enda lengre, trur eg), og var ikkje i slag.
Det nytta ikkje med fint landskap.
Skåkavatn, dagens vendepunkt for turen.
Eg var gått lei av all den springinga.

Mens eg hadde køyrd opp den lange stigninga til parkeringsplassen med bil, tenkte eg ved meg sjølv, at her er det morsammare å sykle opp!
Det er også morsammare og sykle ned.
Eg har lyst til å sykle.
Nydeleg veg å både springe og sykle eller gå tur på.
Eg kunne heller tenkt meg å gå tur.
Og så vidare.
Etterkvart skjønte eg at turen var lengre enn det eg trudde (trudde det var 4km bortover til vendepunktet, og ikkje over 6,5), og ville berre heim og legge meg...


Snart ved bilen! Takk og pris!
Det hjelpte ikkje på humøret at Lukas etterkvart måtte springe i band på grunn av alle sauene, og turfolka me møtte, og at han begynte å like smaken av sauebæsj. Han bryr seg heller ikkje så mykje om eg kjefter på han, han ser berre rart på meg...
Til og med Lukas ville heim, trur eg.
Han fekk vel nok av det dårlege humøret mitt...

Oppsummering/evaluering så langt:
Inkludert torsdagsturen, men ekskludert den laaaange skogsturen sist søndag så har eg tilbakelagt 75km og klatra 2183 høgdemeter på åtte dagar.
Når det gjeld Trail Challenge, så er eg blant jentene alltid på posisjon 60-70 av ca.337 deltakarar (tilsaman er det over 2000).
Eg ligg altså ganske godt an, formelt sett.

Følgjande erfaringar har eg gjort så lang med fleire dagars terrengløp på rad:

  • det er kjekt med enkelt fokus: eg treng ikkje lura på kva eg skal trene den dagen, det er terrengløp, og helst 10km/dag i snitt - det synst eg var deileg dei først fem dagane 
  • å drive med same treningsform, terrengløping over fleire enn fire-fem dagar på rad, blir kjedeleg!. Eg er nok meir triatlet/multisportatlet enn rein terrengløper/trailrunner, og likar best variert trening/aktivitet
  • beina mine tåler bra belastning med 10km/dag i snitt over ei veke, på slikt variert underlag - dei blei berre sterkare!
  • terrengløping er effektiv kondistrening - det kjennest best i bratte bakkar - dei blir heilt klart lettare - du blir god det du trenar på!
  • det er nydeleg med så mykje fint landskap rundt meg på løpeturane, men eg savnar faktisk å jogge rundt i Seljord - der er det så mykje å kikke på
  • eg likar å jogge med sekk i fjellet - det kjennest trygt å ha med seg ekstra tøy spesielt på løpeturar i fjellet 
  • eg savnar sykling, styrketrening, og svømming, veldig!!!

I morgo skal eg enda ei gong på skogstur med ei venninne og bikkjene, og det er også ein grunn til at eg kanskje ikkje kjem til å gjennomføre heile Challengen: eg har ikkje lyst til å velge bort mitt sosiale liv til fordel for ei mil terrengløp om dagen.
Og formen min er ikkje så god at eg kan drive med all slags ting heile dagen - det er tydeleg at den tøffe våren og sommaren har satt sine spor.

Terrengløping er ein fantastisk form for trening!
Eg skulle ikkje trudd at beina mine ville restituert seg så bra kvar dag, uansett om det er lange joggeturar eller korte raske. Dei tåler nok meir belastning enn det hovudet mitt gjer om dagen, og det er jo kjekt.


3. september 2012

Trail Runner 100 Mile Challenge - dag 3

Dette er dag 3 av 16 på 100 Miles Challengen, og eg er fortsatt i gang, ikkje verst!
Eg må jo berre nyte kvar dag av den, for det er jaggu ikkje sikkert at eg greier å gjennomføre det heile.
Men som sagt, ein dag av gangen, og eg får sjå kor langt eg kjem.

I dag skulle eg altså "jogge" ein tur rundt ei mil.
Turen plotta eg inn på kartet først.
Når beina blir tunge undervegs er det lurt å ha eit konkret mål å springe imot.
Frå Hanakamjuvet og mot Lomma.
I dag gjekk løpeturen gjennom Hanekamjuvet og langs Sundsbarmsvatnet.
Eg starta nede ved Hanakamjuvet.
Der er det litt stigning, og så mykje fint å sjå på at eg tok denne delen i intervall:
eitt minutt jogg, eitt minutt gange.
Det heile i 10min, og så flata det ut, og eg jogga litt lengre, og tok pausar etter form.
Løping i Hanakamjuvet.
Ved bedre lysforhold skal eg ta fleire bilder ein gong.
Hanakamjuvet er vanvittig fint, og eg likar meg veldig godt der.
Men det er bratt på begge sider, så det er best å vera der når det er overskya, ellers kan ein fort få følelsen av å gå i "skyggens dal"...

Vidare frå Hanakamjuvet mot dammen til Sundsbarmsvatnet, og i krysset valgte eg vegen til venstre, mot Lomma. Det er fint og ope landskap, ein del velstelte hytter og jammen møtte eg to ryttarar, ein hund, ein familie på tur, ein liten flokk sauer, ein mopedturist (!) og ein som klipte plenen rundt hytta.
Og alt dette på ein sein måndagsettermiddag!
Sundsbarmvatn.
Langs Sundsbarmsvatnet er det ikkje mykje stigning, og her fekk eg meg snart ein god rytme.
Sekken min var pakka med vindjakke, langerma trøye, lause armer, niste, ein liter vatn, ein halv liter sportsdrikke, ei lite flaske cola,to gel og to mobiltelefonar. Den vog 3,5kg.
I enden av løypa.
Og ein av mange pustepausar.
Det var varmt nok å springe i singlet i starten, men etter vendepunktet blei det litt sur vind, og eg var glad for å ha med sekk, der eg kunne velge mellom lause armar, trøye og vindjakke.
Så får eg satse på at den ekstra vekta av sekken gjer at beina mine blir ekstra sterke etterkvart!
Heilt greitt med sekk.
Lukas var flink i dag også. Han var heilt roleg i møte med hestane, ikkje veldig interessert i sauene heller, men veldig glad over å sjå familien på tur som han helst ville kaste seg over i ekstrem glede.
Hm. Sauer. Ikkje så veldig spennande.
Då me sat oss i bilen sovna Lukas momentant.
Og eg trur eg kjem til å gjera det same når eg legg meg i kveld.
Og bra er det, for det blir nytt møte med terapeuten min i morgo tidleg, ei lita avveksling frå ultra-løper-livet...

Trail Runner 100 Mile Challenge - dag 2

Nå må eg nesten halde bloggen litt ajour viss eg virkeleg skal drive med denne challenge'n.
It's ultra time. Run 100 miles in 16 days. 
I går, på dag to, blei det først ein laaang skogstur med gode venner.
Tre jenter og hundar.
Det tok oss lang tid før me hadde gått opp heile den bakken til der me skulle vera.
Og mens eg kleiv opp der tenkte eg: "Kanskje dette kvalifiserar som trail running? Eg har tross alt terrengløpesko på meg, og singlet, me er på ein sti i skogen, hallo? Hadde eg prøva å springe opp her, så hadde eg jo måtte gå uansett!?!".
Hm.
Eg får sjå kva eg gjer, det går alltids an å finne turen på kartet og registrere det i etterkant.
På blåbærtur i nydeleg skog.
Uansett, eg kom meg heim rundt kl.19, Lukas var heldigvis heilt utslitt etter å ha herja i timesvis med dei to kompisane sine, og fekk vera heime.
Eg var så sulten då eg kom heim at eg først skulle ete litt pasta og så springe etterpå, magen var berre full av blåbær, så det var ikkje særleg å springe på.
Lukas og kompisar.
Men eg kjendte også eit snev av at mensen begynte å sette inn (ja da gutta der ute, sånn er det å vera kvinne, eg skal ikkje legge skjul på dette, det er nemleg slik at me som kvinner må leve og trene med dette, og det er til tider såpass upraktisk og eg får faktisk ganske store smertar av dette og eg blir lei av å ikkje snakke om dette),
så eg ombestemte meg og drog ut på løpetur med det same.
Denne stien har eg sprunge på mange gonger. 
Eg skulle berre på ein liten 5km. Valgte meg ein variant av mine godt kjendte skogsstiar.
Etter 25min der eg skulle ta av vidare på ein sti lenger opp, ante det meg at eg kanskje hadde gløymt å slå av komfyren.
Nei!!??!!
Eg tok ein sti som førte meg heller i retning heim og vurderte i eit par minutter kva eg skulle gjera.
Hadde eg slått av plata??
Eller berre tenkt at eg skulle gjera det???
Kor lang tid ville det ta for at vatnet er koka bort?

Sjølvsagt var det ingen sjansar å ta her, og eg satte inn spurten heimover.
Ein bratt sti ned, over ei bru, med raske steg og i makspuls den bratte skogsvegen opp att, og så den siste kilometeren i full sprang ned mot heimen.

Nå skulle eg gjerne hatt fartsmålar og visst farten min!

Fem minutter seinare kom eg andpusten og med ein ansiktsfarge som låg mellom solmoden tomat og nedfallsfrukt-plomme fram til leilegheiten min og kikka gjennom kjøkkenvinduet:
Ja da, komfyren var slått av og alt var stille og roleg.
Heldigvis.

Det er moro å løpe i terrenget.
For å jogga ned tok eg ein liten tur opp Bringsåsnuten, tok meg ein pustepause og nokre bilder av utsikten og jogga heim att.
Registrerte så turen, som låg litt over 5km og 200m stigning.

Alt gjekk jo bra.
Det blir spennande kva eg skal finne på i dag.
Eg hadde tenkt meg ein roleg joggetur, sånn på rundt ei mil. Helst utan nevneverdig stigning.
Men finst dette her?
Spennande...
Kor skal neste løpetur neste dag gå hen, tru?