30. mars 2015

Den gode løpefølelsen

Ja den gode løpefølelsen, den savnar eg.
Tull og tøys, tennkte Binna den gongen -
eg var berre i super humør etter å ha løpt opp ein laaaaang motbakkke -
det var DEN GODE LØPSFØLELSEN da! (Tilbake i 2012).
Nå har eg ikkje løpt på eit halvt år. E I T   H A L V T  Å R.
Jepp. Seks månader.
Tenk det!
Hadde du greidd det?
Å la vera å løpe så lenge?

Siste gong eg ikkje løp over så lang tid, var FØR eg i det heile tatt starta med løping, og det var hausten 2006.
Lett er det ikkje å la vera, eg savnar å løpe.
Samtidig så gir treninga mi nå resultat.
Eg har nemleg begynt å trene løpeteknikk.
Og det har eg faktisk ikkje gjort før.
Då eg starta med løping hausten 2006 starta eg med "intervall" dvs eitt minutt løp, to minutt gange, i ein halv time, så utvida eg løpedelen til eg kunne løpe ein halv time i strekk, osv.
På den måten fekk eg framgang veldig fort.

Fokuset mitt var stort sett på distanse, og ikkje fart. Dei fleste løpeturane var roleg, rundt 6min/km. Hunden min den gongen, Binna, var stort sett med. Ho trava også jamnt og støtt. Me var rett og slett eit godt løpeteam.
"Eg og Binna" eit løpeteam.
Med all triatlontreninga eg starta med i 2008 så trur eg kanskje at fokuset på løpinga blei borte, og dermed kvaliteten på løpetreninga dårlegare. Så eg treng rett og slett å fokusere meir på dette. Starte litt nytt igjen.
Så nå trenar eg løpeteknikk.
Det har vist seg at 15min er passe. Meir blir for mykje for føtane mine.
For å styrke dei indre fotmusklane gjer eg alle øvingar i fivefingers, eller barbeint, og ein god del øvinger på balansepute eller tjukk treningsmatte, slik at også små musklar blir brukt.
Eksempel på øvelse i løpeteknikk - den likar eg godt!
Dette har eg stor tru på.
For tida har eg heller ikkje vondt i føtane. Det berre kriblar litt i høgre fot.

I går gjekk eg først ein knapp time tur i skogen med Lukas, og så tok eg 15min med løpeøvelsar.
Eg prøvar også å auke kadensen for å engasjere fasttwitchmusklane (som visstnok blir dårlegare med alderen), og då får eg samtidig opp pulsen.
Eg avslutta så med 15min yoga, for yoga skal eg nå endeleg lære meg!
Screenshot frå Daily Yoga-app'en. Ein plass må eg jo starte.
Den kombinasjonen av skogstur, kort økt med løpeteknikk og avsluttande yoga var ganske bra.
Då eg stod i dusjen hadde eg følelsen av å ha løpt ein lang skogstur.
Eg stod jo igjen med inntrykket av å ha vore ute på beina i nesten ein time, og så kjente eg at eg hadde brukt musklane i leggane og føtane veldig godt.
Nesten som å ha vore på løpetur i skogen!

GODT var det!
Så sjølv om det fristar å tjuvstarte å løpe nå når det blir vår, skal eg heller fortsette med dette opplegget mitt, for dette likte eg virkeleg godt.
Nå, dagen etterpå, så kjenner eg meg heller ikkje spesielt stiv eller støl.
Kanhende eg kan få ein liten forsmak av den gode løpefølelsen likevel?
Minner om deilege løpeturar i sommarvarmen...

4 kommentarer:

  1. Bra! Løps-øvelser er noe vi alle kunne trenge å gjøre LITT oftere (jeg gjør det sånn cirka aldri!). Bra måte å avslutte en gåtur eller løpetur på!

    Og svar på første spørsmålet ditt er JA - jeg hadde fint klart det. Jeg løp ikke på et år da jeg var gravid - og det gikk helt fint det. Jeg var likevel aldri i tvil om at jeg skulle tibake i løpeskoene igjen så fort det lot seg gjøre. Og sånn er det alltid når jeg pådrar meg noe som gjør at jeg må slutte å løpe en periode - jeg vet alltid at jeg skal tilbake - og det skal du også! ;-) GOD påske!

    SvarSlett
  2. Ja pussig nok synst eg at det er like bra at ein greier å la vera å løpe når ein blir gravid, som at ein fortsetter med å løpe til tross for at ein er gravid - det må berre vera riktig (fekk du ikkje eit snev av PF også under svangerskapet?). Så BRA :)

    Eg kjenner jo at det kriblar i løpebeina nå når våren er her, men samtidig kjenner eg også at føtane mine langt ifrå er fornøyd med rehabiliteringa. I går så stakk det plutseleg i venstre hæl (som den ikkje har gjort før) då eg prøva å gå i Nike Pegasus.
    Nei vel liksom, då blir det ikkje Nike sko med det same - greitt.

    Ja eg skal tilbake - og du skal også alltid tilbake dit der du vil vera - me får ta tida til hjelp (og litt styrketrening og løpeteknikkøvelsar som me er så flinke til haha).

    GOD PÅSKE :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jeg hadde ikke noe valg da jeg var gravid så jeg kunne ikke løpe - og det gikk fint det altså. Jeg hadde ikke noe problem med å akseptere situasjonen. Og jo, jeg fikk PF da jeg begynte å løpe igjen etter å ha hatt løpepause ett år. Det kom såpass tidlig i opptreninga så jeg hadde da ingen problem med å ta 4uker løpepause før jeg prøvde å løpe igjen. Og jeg kjente PF i ca 1år før jeg kunne løpe mer fritt igjen.

      Og så må jeg bare si at inspirert av dette innlegget så kjørte jeg på med utfall, høye kneløft og noen andre drills og Guess what: jeg er DRITT støl :-) hahahahaha - det er nesten helt umulig å starte rolig nok for å tilvenne - jeg blir dønn støl uansett om jeg tar 3 utfall eller 30 liksom. Så, det er bare å ta lærdom og fortsette. For det er jo det det handler om - at man ikke må gjøre slike øvelser en gang i året med jevnlig, hehehe. Så jeg må bare fortsette nå!

      Slett
    2. Åå ja slike drills blir ein frykteleg støl av første gong - og så andre også, men så - eg kjenner i alle fall framgang sidan eg faktisk har greidd å gjera dette to gonger i veka ei stund nå. Det tek ikkje lang tid, men effekten er stor altså.
      Eg køyrer også mykje på høg kadens, sidan det aukar spensten og aktiverar fast-twitchmusklane, noko mr.Dave Scott meinte at me treng å vedlikehalde når me blir -ehem- eldre ;)

      Jaa den der PF'en altså - nå kjenner eg jo meir igjen i føtane ettersom eg utfordrar fotmuskulaturen - men det er fortsatt innanfor, håpar eg.
      Ja det tok deg eitt år før du kunne løpe symptomfritt?
      Eg kjenner i alle all at føtane mine er nokon skikkelege slappfiskar eigentleg - så dei treng meir trening før dei får kome seg ut på vanleg løpetur igjen.

      Godt at innlegget mitt inspirerte deg til drills! Utfall likar eg også godt, eg trur den er veldig nyttig for løping - og ja det er berre å køyre på! :)

      Slett