Det eg har kjent nå etter ein haust og vinter med plantar fascitt er, at KEEN-støvlane mine er kjempegode. Det som gjer dei så gode trur eg er at dei er så veldig breie framme, dei har god plass til foten og tærne.
Dess meir eg les om fotens anatomi, og biomekanikk, kinesiologi mm. dess meir overbevist blir eg om at føtane mine har godt av, og fortener, betre plass.
Dessutan treng eg å forbedre styrken i fotmuskulaturen, sa fysioterapeuten min.
Ja, det jobbar eg med også.
Når eg trenar styrke, så har eg begynt å bruke mine fivefingers igjen.
Ikkje berre er dei superfine, synst eg, men dei er også skikkeleg gode å ha på.
Mine Vibram Five Fingers KMD Sport LS Women's |
Føtane mine "en naturelle" - her likar dei seg best :D |
Føtane mine i Fivefingers - ganske bra. |
Eg trur at kroppen min treng i så fall litt tid til å venne seg til.
Som eit alternativ har eg sett meg ut Altra sko.
Dei har "zero drop" dvs skoen har ikkje opphøgt hæl, noko som blir meir riktig for foten (meir tilnærma det kroppen vår er tilpassa til i utgangspunktet) men har samtidig rikeleg med demping (sidan kroppane våre i utgangspunktet ikkje er tilpassa å traske rundt på asfalt og betong heile dagen).
ALTRA Olympus. |
Når ein først googlar på "minimalist shoes" eller "barefoot shoes" og undersøkar meir, så er det ganske mange morsamme modellar som dukkar opp:
Inov-8 Evoskin |
Det er jo morsamt med så mange ulike fargar. |
XERO Sensori Venture - ja folk løper i desse her! |
Vibram Fivefingers Spyridon - terrengmodellen - med bedre grep på sålen. |
Perfekt kombinasjon! |
Det er i starten ganske mykje styr å sortere alle sine fem tær inn i dei separate lommene på Fivefingers - men det går lettare etterkvart.
Viss ein berre skal skille storetåa (som er visstnok viktigast å skille frå resten av tærne, sånn løpeteknisk sett), så kan ein jo vurdere slike sko:
Aldri hørt om desse før: Freet 4+1. |
FREET insole 2.0 |
Eg veit i alle fall at det framleis ligg snø her og eg må ha noko som er varm.
Overgangen til "zero drop" skal eg også ta gradvis.
Eg er ganske sikker på at eg vil ha eit par sko med god plass til tærne, for etter ein handle- og rusletur i ASICS løpesko i går kjendest den høgre hælen min ikkje godt.
Men det kan jo også vera fordi eg fram til nå ha gitt føtane mine veldig god avlastning med gelhæl og supermjuke vinterstøvlar?
Spennande er det i alle fall med sko.
Og det kjem stadig mye modellar og konseptar, så kjedeleg blir det aldri...
Heisann. Har sjølv dårlig erfaring med gradvis å gå over til minimal demping på sko, både i fritid og til trening. Vart litt for hekta etter " Born to run" -boka, dette resulterte og i plantar fasciitten som eg sleit med ifjor vinter. Pass på! Line
SvarSlett