8. april 2015

Å sykle seg frå sans og samling.

Her i bygda har med i fleire år hatt ei gruppe som driv og syklar.
Det finst både ei stor gruppe med terrengsykling, og ei litt mindre på landeveissykkelen (som eg prøva meg på for tre år sida, men gutta var altfor spreke til at eg greidde å henge med).
Dei fleste har eit sykkelritt som mål, mens nokon berre er med for "moro skyld".
Eg hadde eit forsøk på å bli med på gruppa for tre-fire år sida, men måtte rett og slett gje meg, sidan dei gutta der sykla aaaltfor hardt.
Men nå skal gruppa visstnok vera større, og har fleire nivå av syklistar, dvs nokon som vil sykle hardt, mens andre vil sykle roleg.
Så dette ville eg prøve!
Slik er mine sykkeløkter - aleine og med god tid til å stoppe og ta bilde!
Så igår var det vårens oppstart for sykling.
Me var ein gjeng på ca 12stykke, derav ni karar og tre jenter.
Dei fleste trenar sykling til diverse ritt, og ville sykle hardt, mens eg heldt meg til gruppeleder og gruppas andre nye medlem (i tillegg til meg). Me tok det med ro (og drog på innimellom) og trena på rullering i felt.
Det var utruleg moro eigentleg, det er lenge sida eg sykla i felt, og det er heilt klart ein fordel å ligge på hjul, og dra nytte av dragsuget.

Tørre og nysopa vegar, heilt nydeleg diffust kveldslys der fjellkonturane teikna seg skarpt mot ein lyseblå kveldshimmel (me starta kl.18.30).
Etter ei mil skulle ei gruppe sykle vidare opp ein ganske lang og krevande bakke ("Nutheimkleiane"), mens noko snudde og sykla tilbake.
Eg elskar den bakken. Du får så fort utsikt, vegen er litt smal så trafikken går sakte, og det er vidunderleg moro å greie seg heilt til toppen.
Gårsdagens sykkelløypeprofil
(kva var det mobilen min gjorde oppe i lufta ved km 23???)
Eg låg sist heile vegen. Greitt.
Etterkvart var det eit par-tre stykke som stoppa og snudde, mens hovedgruppa var kome langt ut av synet for meg.
Ville dei stoppe på toppen og venta på meg, tru?

Det er jo spennande å sykle med folk ein ikkje kjenner, og ein må jo først bli kjent med kva som er vanleg skikk og bruk der.
Men jo da, i toppen stod gjengen og venta.
Kult.
Det beste med bakken er turen ned att. Sååå moro å suse ned på tørre vegar utan trafikk.

Nede på flata samla med gruppa igjen.
Så kom den delen eg hadde grua meg til: Eg skulle nå halde følge med den "raske" gruppa, sidan vår lille "moderat fart"-gruppa hadde alt snudd og sykla heimover.
Hm.
Det tok faktisk berre 200m så fall eg ifrå.
Den gjengen er jo ekstremt sprek!!!

Eg hadde mest lyst til å sykle den siste mila heim att aleine.
Men - i felt så har ein som sagt drahjelp når ein ligg på hjul.
Og ein hyggeleg mann foran meg passa på at eg låg på hjulet hans heile tida, sakna farten, "henta meg" tilbake slik at eg kunne ligge i feltet.
Enkel fokus i gruppesykling: riktig avstand til hjulet foran deg.
Men eg var heilt tom.
Det var altfor hardt.
Eg har berre trent roleg i vinter, og veldig lite.
Intensiteten låg på det nivået eg ville hatt på ein triatlonsprintdistanse på siste 2-3km. Gje alt.
Snart framme liksom.
"Dette er altfor hard!" kommenterte eg fleire gonger til medsyklistane mine.
Men eg smilte jo samtidig.
Jo da, hardt er moro.

Det var nydeleg å koma fram til der me starta.
Folk prata alt om spinning dagen etterpå og landeveissykling.
Eg tenkte berre på den siste bakken eg hadde å sykle heim att.
Jaja.
Men eg var i godt humør. Eller berre letta?

Fint var det at eg kunne sykla heim att aleine, utan å ha nokon å dra foran eller bak.
Herleg var det å kome heim.
Lukas tok meg godt imot.
Fram med vannflaska og så la eg meg på golvet for å roe ned pulsen.
Eg slo på TV for ikkje å overanalysere blodslitssyklinga.

Det var da det skjedde:
- Merkeleg, tenkte eg, det er noko galt med TVen.
- Nei da, det er berre refleks av lampa bak.
- Kanskje er det noko på skjermen?
- Hm, det var merkeleg.
Eg kikka til sides men opplevde ein blind flekk midt i synsfeltet. Akkurat der eg skulle sjå, var det ingenting. Hm...
Eg stod opp og kikka meg rundt og oppdaga at eg hadde fått synsforstyrrelsar: nokre rare greier som låg foran øynene liksom.
Hmmmm...
Jepp, nå flytta det seg til sides. På begge øyne?
Hm.
Eg blei litt uroleg.
Så ante det meg at det kunne vera ein såkalla "aura" som kan oppstå i forkant av migrene eller epileptisk anfall. Og migrene har eg hatt før.

Eg kom meg i dusjen.
Kanskje hjelpte det å slappe av, få blodsirkulasjonen igjen (føtane mine var fortsatt numne i 15min etter sykkelturen)?
I dusjen blei det enda tydelegare: ei stor sigdforma greie av krystallar i alle slags fargar som lea litt på seg, endra litt posisjon, i venstre kant av synsfeltet.
Urg.
Hm.
Me har bemanna legevakt her og eg kjenner dei fleste av sjukepleiarane, og dei er alltid hjelpsamme og god å prate med så eg tok ein telefon for å finne ut.
Og om det var behov for å sjekke dette.

Det var det.
Drosja kom, og til tross for milde 10gradar ute så var det på med lue og skjerf og tjukk fleecejakke, eg var fortsatt heilt arm etter sykkelturen.
Legen var visst uansett på legevakta, så då var det ikkje meir styr enn at eg drog ned for å sjekke.

Det er så godt at nokon tek slikt på alvor, eg har kanskje skrutt av legevakta her før, men eg gjer det igjen: dei er flinke! Spesielt sjukepleiarar visar stor omsorg, og forståelse, og tek seg god tid.
Det er nok ein fordel med å bu på bygda, trur eg.
Her er det ikkje kø på legevakta, ikkje hastverk, dei tek seg tid.
Mitt bilde av sjukepleiarane på legevakta her ♥ 
Alt etter at eg hadde kome fram på legevakta så var synsforstyrrelsen blitt mindre, og forsvann heilt i løpet av undersøkinga. Eg kom på at eg hadde opplevd dette før, under sist flytting der eg stod under ekstrem stress - men eg fekk aldri følgt opp dette, sidan det var midt i fellesferien.

- Ja har du pressa deg litt for hardt da? spurte legen.
- Jo, altså det gjer eg jo. Men det er jo ikkje noko nytt, sa eg.

Slik aura er altså eit fenomen som kan oppstå i forkant av eit migreneanfall, eller også epileptiske anfall (Norsk Helseinformatikk). Men ein treng ikkje få migrene om ein får aura.
Når eg tenker tilbake så har eg nok hatt aura utan migrene i går, mens eg ellers ofte har migrene utan aura (haha, skal ein vera litt spesiell, så skal ein vera spesiell på alle slags måtar :P).
Ein eller annan har laga denne illustrasjonen for korleis aura ser ut,
og denne liknar på den eg hadde i går - berre litt mindre "krystallar".
Legen meinte eg skulle nok få utreda dette med fastlegen, men altså, eg er usikker på kva nytte eg har av det.
Det eg har fått bekrefta er at eg er god til å presse meg, og enda bedre til å presse meg enda litt til.
Kanskje skulle eg ha stått på mitt i går, og latt gruppa dra?
Eller fått nokon frå gruppa til å sykle bittelitt saktare?

For ofte er det jo ikkje meir enn, la oss sei, 3-4km/t forskjell i fart som hjelpar, og held intensiten låg nok. Eg hadde ikkje greidd å halde den intensiteten aleine ("utan grunn").

Eg fekk meg ein god prat med sjukepleiaren også, drosje heim att rundt kl.22 og til tross for at eg prøva å "slappe" av og roe ned var eg kvalm og uvel resten av kvelden (men utan migrene :P), og det blei lite søvn den natta.

Ja da har eg lært den leksa.
Kroppen seier ifrå - igjen - også når eg ikkje skulle vente det.
Nei kjedeleg blir det jo ikkje på den måten.
Eg gledar meg i alle fall til rolege sykkelturar framover i mitt tempo!
Og er spent på neste tysdag når det blir felles sykling igjen.
For eg må jo prøve igjen.
Eg skal jo få til dette.

4 kommentarer:

  1. Dette høyrtes skummelt ut! Stå på, Imke, det virker som om det gav deg mykje og det å være med denne tøffe sykkelgruppa på tur....

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det Line!
      (Jøss, las du heile innlegget, eg såg ikkje før etterpå at det blei kjeeeeempelangt :D).
      Ja eg skal ikkje gje meg med det same. Har faktisk restituert meg godt i beina i dag, kjenner ingenting ?! berre sliten i hodet faktisk.
      Det må vera alle dei bratte bakkane her i Vest-Telemark som gjer folk så spreke - eg har berre budd her i fem år, men men - med litt trening så skal det gå bra.
      Det var skummelt i går, men det var ganske "harmlaust" likevel heldigvis.
      Så då veit eg det.
      Og kondiskurva skal stige framover, det er sikkert ;)

      Slett
  2. oj for en historie og for en opplevelse!! Ble du redd da du fikk synsforstyrrelser eller opplevdes det ikke så skummelt liksom?? Håper du er tipp topp igjen nå!!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg blei litt uroleg. Mest fordi eg i starten hadde ein blind flekk midt i synsfeltet, akkurat der ein fokuserar - det synst eg var skummelt. Me har ingen historie av slag i familien, men slike nevrologiske symptom synst eg er ekkelt altså.
      Så då det utvida seg til å bli ein "halv ring" blei det nesten bedre - men så ringte eg også til legevakta for å drøfte, og eg kjente sjukepleiaren så då roa eg meg med det same, og da var det ikkje skummelt lenger.

      Var pussig nok i god form igjen fysisk dagen etterpå, berre sliten i hodet. Og i går var alt tipp topp igjen :)

      Slett