Det stemmer det.
På laurdag, så brakar det laus med vårens vakraste eventyr som det tidlegare blei kalla:
Eg hadde eigentleg ikkje planar om å delta, sidan kneet mitt nå eingong ikkje har vore brukande for litt ute i mars. Så eg trudde ikkje at eg skulle greie å løpe 5km i starten av mai.
Men det greier eg :D
Det var altså Helene sin idé, og same dag eg snakka med henne, så var eg også påmeldt.
Eg har deltatt fire gonger før, i 2007, 2008, 2009 og 2010.
ChiCqiloen i Bø i 2010. Ikkje min Iromansekk, men ein slik skulle eg få seinare same året, frå Ironman i Frankfurt. |
Sidan har det berre vore langdistanse!
Så eg har ikkje så veldig store forventningar til farten min.
For sjølv om kneet fungerar ok nå, så kjenner eg løpesteget fortsatt er påvirka, og kondisen min er langt frå det den kunne vera.
Men alt i alt så trur eg at eg skal kome meg igjennom den greitt.
Men i dag så tok eg faktisk ein materialsjekk, slik eg pleiar foran konkurransar.
Sjølv om det ikkje er så høgtideleg på laurdag, så har eg neppe lyst til å plutseleg få tekniske problem på syklinga.
Så i dag blei ChiCqiloen pussa og smørt. Ikkje vaska, riktignok.
Men pussa.
Nypussa og smørt Chicqilo. Ja da, sykkellåsen skal av før konkurransen, og veska bak også. |
På ein sprintdistanse så har eg ikkje lyst til å bruke lang tid med å snøre skolisser. Så det må bli hurtiglissar av noko slag.
Hurtiglisser - det finst mange slag av dei . Praktisk når det skal gå fort. |
Så det må bli noko anna enn ASICS Nimbus.
Valget falt på K-Swiss Kwicky. Og navnet seier jo alt: på sprintdistanse skal ein springe fort!
Mine konkurransesko: K-Swiss Kwicky med hurtiglisser. |
Eg skulle både sykle og løpe, og testa skoene med dei nye lissene i skiftinga.
Det blei
- 11km (25min) sykling + 2,4km løp (12:10)
- 8,5km (24min) sykling* + 2,3km løp (12:10)
* her måtte eg jo treffe på ein venn eg ikkje hadde prata med på ei stund, så eg tok meg ein deileg fem minutter pause her :D
Det var utruleg kjekt med ei slik kombiøkt.
Det var ikkje så tungt å løpe etter syklinga, men det har nok med løypa her å gjera, for eg starta i nedoverbakke med vinden i ryggen. Kjekt.
Nydeleg i vêr i dag også, sjølv om vinden var iskald og eg måtte kle meg litt meir på sykkelen. |
Pussig nok så var andre deløkt med sykling + løp ikkje tyngre enn den første.
Skiftinga mellom sykling og løp tok 35sek og 25sek, mens eg tok meg litt bedre tid mellom deløkt 1 og 2, dvs 1min 49sek.
Rask skifting skal planleggast! |
Det blåste ganske kraftig, så pulsen blei nokså mykje høgare enn kva den har vore dei siste treningsturane.
Beina kjendest heilt ok, sjølv om eg trente knebøy igår med litt tyngre vekter.
Om ikkje kondisen, så var humøret i alle fall på topp. Røsa stæsj hjelper også! |
Duggar dei? Er dei tette? Sit dei stramt nok, men ikkje for stramt?
Det får eg ikkje finne ut før under oppvarming på laurdag, men eg tippar og håpar på at svømmebrillene frå dei to siste øktene fortsatt funkar greitt.
Til alt hell så fekk eg ei diger levering av energigel i dag, og det er eg så glad for!
PowerGel Hydro frå Powerbar med kirsebårsmak. DIGG!!!! |
Men av erfaring kan det bli ein del venting mellom svømming og sykling, så all form for lettvin energi kan koma godt med i tillegg til niste, for eg går fort tom for energi for tida!
Det blei ei kjempemoro treningsøkt, men måtte likevel flate litt ut på golvet etterpå - og det er god restitusjon, det! |
Og ikkje minst - kva synst leggmuskulaturen mon tru?
Men eg har tross alt heile to dagar å restituere meg på, så det går bra.
Eg gledar meg faktisk til laurdag, for eg likar meg veldig godt i Bø. Eg flytta jo ikkje heilt frivillig derifrå den gongen, etter nesten sju år!
Så det blir gjensynsglede, både med Bø, gamle kjente (og ikkje minst - triatlonrivaler, haha, DET gledar eg meg også til, men kanskje meir om det etterpå) og venner.
Så nå er det jo berre å lade opp!
Lukas er alltid like omsorgsfull. "Ligg du på golvet? Du er svett. La meg hjelpe deg." |