Viser innlegg med etiketten energibar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten energibar. Vis alle innlegg

27. juli 2015

MuleBar - energibar HunzaNut - min nye favoritt

Utan energi kjem me ingen stad - verken i dagleglivet eller på trening.
Så energi skal til.

Og i tillegg til den mentale energi som får ein til å kaste seg ut døra ikledd løpetøy eller trillande på landeveissykkelen, så er det også viktig med energi i form av kaloriar.
Mat.
Eller drikke.
Energibarar er pakka ned til ein forutsigbar porsjon energi, har lang haldbarhet og også forutsigbar smak og energiinnhald, samanlikna med f.eks. brødskiver eller banan.

Eg har for fleire år sida prøvd energibarane frå Mulebar (les innlegget her), sidan eg likar konseptet deira. Den smaksretninga eg prøvde den gangen ("Apfelstrudel"), var veldig god også. Litt søt kanskje, men veldig god.
Men etter å ha prøvd fleire variantar av MuleBar, har eg fått meg ein ny favoritt: "HunzaNut".

Så denne har eg bestilt meg fleire av etterpå, og hatt den med i løpebelte som nødmat i tilfellet eg skulle gå tom for energi. Det har funka fint, sjølv om eg stort sett har ete den til tross for at eg eigentleg hadde nok energi igjen. Berre fordi den er så god..


Den har altså aprikos og valnøtter som hoved- og smaksgivande ingrediens. Det eg likar med Mulebar i tillegg til den gode smaken, er at dei brukar ein god del av ingrediensane frå Fairtrade-godkjente produsentar. Det gjeld ikkje alle smaksvarianter. Dessutan er emballasjen visstnok komposterbar. Det har eg ikkje prøvd, men tanken er god. Havnar emballasjen i naturen, blir den faktisk borte etterkvart. Vanleg plast er ikkje nedbroten for etter mange tusen år...

Denne energibaren er nok best eigna for rolege løpeturar, sykkelturar eller turar i fjell og mark der intensiteten ikkje er så høg, eller er ein kan ta seg ein pause. Konsistensen av sjølve baren er riktignok "saftig" nok og ikkje tørr, og dermed lett å svelge, men det er store bitar av aprikos i baren, så du kan ikkje berre stappe den i deg i stor fart og høg pustefrekvens. Den skal nytas.


HunzaNut'en er ikkje spesielt klissete, ikkje eingong etter å hva vore med i drikkebelte på rundt 25gradar i sola. Emballasjen er forresten også lett å opne (det finst andre barar som er heilt håplause - nokre må du dra og rive i, mens andre får du berre av ein flik av gangen).
Heile baren er på 56gram. Ein fin liten snacks. Det er mange barar som er rundt 50-60gramm. Du får i underkant av 200kcal per bar (192kcal for å vera nøyaktig).
Det som eg likar så godt ved akkurat "HunzaNut"-varianten er at den inneheld mest tørka aprikos, og ikkje syrup eller korn. Heile 32% er tørka aprikos. På dei andre variantane er det ofte rissyrup som er hovedingrediensen. Ikkje på denne her...
Dette er ingen energibar for folk med matallergiar derimot. Den inneheld jo nøtter, og korn (havre), og soya, noko som mange med matallergi reagerar allergisk mot.
Men - korleis er smaken da?
Den smakar aprikos - faktisk!
Ikkje alle energibarar som kallar seg "eple" eller "mango" smakar eple eller mango. Eller aprikos. Mens denne her smakar akkurat som navnet sitt antyder. Den smakar tørka aprikos, berre mindre påtrengande. Så har den ein meir saftig konsistens og nøttebitar - den glir liksom lett ned.
Det har hendt at eg har tatt meg ein slik også om eg ikkje har trent, f.eks. til lunsj. Berre fordi den er så god - med så mykje tørka frukt og litt valnøtt (7%) så er den også litt sunn, tenker eg. I alle fall på lik linje med ei brødskive. Berre at den smakar bedre.

Lukas fekk ikkje smake. Det syntest han ikkje var så greitt. Men han har ingen problem med varierande blodsukker og humør - han er aldri sur på tur - dessutan finn han mange - ehem - "godbitar" undervegs som gir han energi. Så han var berre bakgrunnspynt her :)

Eg er forresten (dessverre) på ingen måte sponsa av MuleBar, så denne testen her kjem rett og usensurert frå hjartaet - og magen sjølvsagt.


30. april 2014

Tre dagar igjen til årets første triatlonkonkurranse!

Jepp.
Det stemmer det.
På laurdag, så brakar det laus med vårens vakraste eventyr som det tidlegare blei kalla:
Eg hadde eigentleg ikkje planar om å delta, sidan kneet mitt nå eingong ikkje har vore brukande for litt ute i mars. Så eg trudde ikkje at eg skulle greie å løpe 5km i starten av mai.
Men det greier eg :D
Det var altså Helene sin idé, og same dag eg snakka med henne, så var eg også påmeldt.
Eg har deltatt fire gonger før, i 2007, 2008, 2009 og 2010.
ChiCqiloen i Bø i 2010. Ikkje min Iromansekk,
 men ein slik skulle eg få seinare same året, frå Ironman i Frankfurt.
Det var faktisk for fire år sida, i 2010, at eg tok min siste sprintdistanse.
Sidan har det berre vore langdistanse!
Så eg har ikkje så veldig store forventningar til farten min.
For sjølv om kneet fungerar ok nå, så kjenner eg løpesteget fortsatt er påvirka, og kondisen min er langt frå det den kunne vera.
Men alt i alt så trur eg at eg skal kome meg igjennom den greitt.

Når det gjeld svømming så har eg jo heller ikkje vore så ivrig/har kneskaden satt ein stoppar, så det har blitt heile to (2!) økter så langt i 2014: 500m i januar og 1000m i mars :D

Men i dag så tok eg faktisk ein materialsjekk, slik eg pleiar foran konkurransar.
Sjølv om det ikkje er så høgtideleg på laurdag, så har eg neppe lyst til å plutseleg få tekniske problem på syklinga.
Så i dag blei ChiCqiloen pussa og smørt. Ikkje vaska, riktignok.
Men pussa.
Nypussa og smørt Chicqilo.
Ja da, sykkellåsen skal av før konkurransen, og veska bak også.
Eg har også lurt på kva slags sko eg skal løpe i.
På ein sprintdistanse så har eg ikkje lyst til å bruke lang tid med å snøre skolisser. Så det må bli hurtiglissar av noko slag.
Hurtiglisser - det finst mange slag av dei .
Praktisk når det skal gå fort.
Eg har fortsatt blemmer etter mine to siste løpeturar.
Så det må bli noko anna enn ASICS Nimbus.
Valget falt på K-Swiss Kwicky. Og navnet seier jo alt: på sprintdistanse skal ein springe fort!
Mine konkurransesko: K-Swiss Kwicky med hurtiglisser.
Så var det tid for kombiøkt.
Eg skulle både sykle og løpe, og testa skoene med dei nye lissene i skiftinga.
Det blei

  • 11km (25min) sykling + 2,4km løp (12:10)
  • 8,5km (24min) sykling* + 2,3km løp (12:10)
* her måtte eg jo treffe på ein venn eg ikkje hadde prata med på ei stund, så eg tok meg ein deileg fem minutter pause her :D

Det var utruleg kjekt med ei slik kombiøkt.
Det var ikkje så tungt å løpe etter syklinga, men det har nok med løypa her å gjera, for eg starta i nedoverbakke med vinden i ryggen. Kjekt.
Nydeleg i vêr i dag også, sjølv om vinden var iskald
og eg måtte kle meg litt meir på sykkelen.
Pussig nok så var andre deløkt med sykling + løp ikkje tyngre enn den første. 
Skiftinga mellom sykling og løp tok 35sek og 25sek, mens eg tok meg litt bedre tid mellom deløkt 1 og 2, dvs 1min 49sek. 

Rask skifting skal planleggast! 
Moro var det!
Det blåste ganske kraftig, så pulsen blei nokså mykje høgare enn kva den har vore dei siste treningsturane.
Beina kjendest heilt ok, sjølv om eg trente knebøy igår med litt tyngre vekter.
Om ikkje kondisen, så var humøret i alle fall på topp.
Røsa stæsj hjelper også!
Noko som også er viktig å teste før ein triatlonkonkurranse, er svømmenbrillene.
Duggar dei? Er dei tette? Sit dei stramt nok, men ikkje for stramt?
Det får eg ikkje finne ut før under oppvarming på laurdag, men eg tippar og håpar på at svømmebrillene frå dei to siste øktene fortsatt funkar greitt.
Til alt hell så fekk eg ei diger levering av energigel i dag, og det er eg så glad for!
PowerGel Hydro frå Powerbar med kirsebårsmak. DIGG!!!!
På ein sprinttriatlon som berre varar til saman i rundt halvannan time (får me håpe) så er det ikkje nødvendig med mat/drikke undervegs eigentleg.
Men av erfaring kan det bli ein del venting mellom svømming og sykling, så all form for lettvin energi kan koma godt med i tillegg til niste, for eg går fort tom for energi for tida!
Det blei ei kjempemoro treningsøkt,
men måtte likevel flate litt ut på golvet etterpå -
og det er god restitusjon, det!
Eg er spent på korleis kneet mitt er i morgo, og korleis det har likt Kwicky'ane i dag.
Og ikkje minst - kva synst leggmuskulaturen mon tru?
Men eg har tross alt heile to dagar å restituere meg på, så det går bra.
Eg gledar meg faktisk til laurdag, for eg likar meg veldig godt i Bø. Eg flytta jo ikkje heilt frivillig derifrå den gongen, etter nesten sju år!
Så det blir gjensynsglede, både med Bø, gamle kjente (og ikkje minst - triatlonrivaler, haha, DET gledar eg meg også til, men kanskje meir om det etterpå) og venner.
Så nå er det jo berre å lade opp!
Lukas er alltid like omsorgsfull.
"Ligg du på golvet?  Du er svett. La meg hjelpe deg."

5. desember 2011

Produkttest energibar: MuleBar Megabites

Eg har tenkt at eg etterkvart skal legge ut vurderingar av dei energibarane eg har brukt/testa så langt. Eg synst det er spennande å prøve noko nytt. Dessutan er det så mykje å få tak i, at det kan vera vanskeleg å finne ut kva som passar, og då er det kjekt med produkttestar. Etter Ironman i Frankfurt og utallege langturar på sykkel og på beina har eg funne ut at det er også kjekt med variasjon på næringsinntaket undervegs. Det er ikkje uvanleg å gå lei av energibarane etter 6-7timar, og då er det godt å ha noko å velge imellom.
Energibaren eg begynner med her nå, har eg brukt minst av alle, men eg kjem nok til å bruke den meir.
Viss nokon har testa den her, så legg gjerne inn ein kommentar!
Eg set også pris på å få kommentarar på om det er noko av interesse som manglar i denne testen.


Produkttest energibar: MuleBar Megabites

Produktnavn: MuleBar Strudel Megabites Energy Bar


Produsentens nettside: www.mulebar.com
Smaksvariantar: Hunza Nut, Liquorice Allsports, Mango Tango, Strudel, Summer Pudding
Smak testa her: Apple Strudel
Næringsinnhald pr 100g (ifølge produsenten):

MuleBar har ein kul design.
  •  Energi kJ: 1445 
  •  Energi kcal: 345 
  •  Protein 7g
  •  KH 68g,      derav sukker: 50g 
  •  Fett 6g,       derav metta: 0,7g 
  •  Fiber 5 Natrium: 0,05g  
Ingrediensar ifølge produsenten: 
Rice Syrup 34%, Oats 12%, Apple 10%, Oatmeal 10%, Whey Protein 7%, Raisins 7%, Apricot Kernels 7%, Apple Juice 6%, Rice Crisps (Rice Flour, Sugar, Malt Extract, Sunflower Oil, Emulsifier: Sunflower Lecithin) 5%, Cranberries 2%, Cinnamon 0.5%, Vegetable Oil. 
Allergen information: Contains Nuts, Milk and Gluten. Produced in a facility that handles sesame seeds and soya. 
*Due to the natural content of this bar it may contain small pieces of shell.


Bruksområdet:
Ein energibar 30-60min før trening/konkurranse, og 1-2 barar pr time under trening/konkurranse.


Min omtale av produktet:

Emballasje/handterbarheit: 
MuleBar Megabites er lett å opne. Papiret let seg lett rive opp. Eg har ikkje fått testa dette på sykkelen enda, men tippar på at dette går greitt. Kan vera vanskeleg å handtere/halde fast med éi hand på grunn av den vesle størrelsen.


Mulebaren har heile bitar av tørka frukt
og korn. Saftig og litt klissete.
Konsistens:
Kornete, samtidig forholdsvis saftig, og litt klissete. Små bitar kan bli hengande fast mellom tennane. Dette kan vera ein fordel når du er ute og slit med motivasjonen, sidan du får andre ting å tenke på enn tunge bein. Men for min smak litt for klebrig. Men lett å ta bitar av, både når det er varmt, og når det er kaldt. Ikkje testa under frysepunktet. Baren er saftig nok slik at den ikkje smuldrar opp. Det er heile bitar av korn og tørka frukt i den.

Smaken og lukta er godkjendt av  to
kvalifiserte labradorar, Binna og Mille.
Smak:
"Apple Strudel" altså inspirert av det klassiske austerriske søte
bakverket ("Apfelstrudel")som er fylt med eple (kjempegod er det, forresten). Produsentens undertittel er "eple, rosiner og kanelbar". Det smakar sterkt av kanel, litt av eple, og av kornblanding og tørka frukt. Smaken minner meg meir om ei slags tørka fruktkake enn den klassiske energibaren. Den har ingen overtrekk av noko slag.

Brukbarhet ved varm/kald temperatur:
Baren har blitt testa ved ca 20 gradar og ved ca. 5 gradar. Konsistens var ganske lik, lett å ta bitar av og lett å tygge. Ikkje testa under frysepunktet.

Størrelse på bar:
Den vanlege energibaren er på 56g, mens eg testa "megabite" altså ein mindre variant, som var på 30g.

Pris:
Utan moms: kr 7,75 per energibar (56g), kr 4,25 (30g) for megabite (www.probikekit.com)

Tilgjengelegheit:
Har ikkje sett denne i norske butikkar enda. Eg har bestilt denne frå England.

Lett å opne, kul design, god smak.
Personleg oppleving/kommentarar:
Mitt første inntrykk av denne energibaren var at den var litt for søt. Den smakte sterkt av kanel, og sjølv om eg likar kanel, så minte det meg mest om kake. Eg syntest den var vanskeleg å få ned då eg var ute på løpetur i fjellet. Smaken var derimot god ved andre testturen, då det var blitt haust og eg gjekk med tung sekk i kjøleg vêr. Konsistensen var grei, men  litt for klissete. Eg ville ikkje bruke denne baren på konkurransar med høg intensitet pga at den inneheld heile bitar av korn og tørka frukt som ein kan risikere å puste inn. Den er lett å opne med ei hand, noko som eg synst er viktig.
Energibaren kjem i to størrelsar, noko som er praktisk når ein treng berre "litt" energi. Den vesle porsjonsstørrelsen er også lett å ha i lomma utan at den brukar for mykje plass, og ein blir også spart for halvspiste energibarar. På lange turar er det på den måten også lettare å variere smaken undervegs, og ein går ikkje så fort lei. Eg har ikkje kjendt noko ubehageleg i forhold til fordøyelighet, men dette er jo veldig avhengig av dagsformen og intensitet. På grunn av fiberinnhaldet og den grove konsistensen med heile bitar av frukt og korn er eg litt usikker på om denne baren hadde eigna seg for lange konkurransar som f.eks Ironman, der magen kan fort reagere på mat som er tungt fordøyeleg, men dette er veldig individuelt.

Positivt:
Kjekt med to produktstørrelsar, lett å opne, god smak, god konsistents, tøff og artig design, ny emballasje som er 100% komposterbar, produsenten er medlem i "1% for the planet", ein del av ingrediansar er Fairtrade-sertifisert (ikkje apple strudel smaken).

Negativt:
Litt klissete, sterk kryddersmak, ikkje tilgjengeleg i norske butikkar for tida, heile bitar som kan sette seg fast.

Konklusjon:
MuleBar er ein energibar som eg skal bruke vidare, spesielt på lengre turar med sekk. Den vesle størrelsen gjer at den er kjekk å ha i lomma som reserve også på kortare turar. Ingen energibar for høgintensitetstrening, men kjekk å ha med.

Binna er einig: MuleBar smakar godt. Men ho kunne vel heller tenkt seg ein
"SuperSizeMegaBite-variant", slik at det blir meir igjen å dele med henne ;)