26. april 2014

Slå av hovudet og la beina gjera jobben!

Eg likar den nye tittelen på bloggen min bedre og bedre.
Triatlonterapi.
Mange påstår kanskje at triatlon er galskap (og då blir uttrykket "triatlonterapi" ei motsetning i seg sjølv, ikkje sant?), men då tenker dei gjerne på ironmandistansen på 3,8km svømming, 180km sykling og 42,2km løping.

Det kan jo diskuteras om dette ikkje er sunn galskap?
Men kva som er sunt og kva ikkje, er jo ganske individuelt, og kvar enkelt synst eg skal finne ut om dette sjølv! For me er forskjellige.
For meg så handlar triatlon om meir enn ein dagleg løpetur.
Det blir rett og slett litt terapi.
For hovudet.
Jada, eg er nostalgisk.
Eg greier berre ikkje å ta av startnummerklistremerkene frå Haugesund ifjor...
Riktignok, så er eg også innom det folk flest tenker på når dei høyrer ordet "terapi".
Bortsett frå at eg aldri har plassert meg på ein sofa/couch for å snakke.
Og eg har snakka med både psykolog, psykiatrisk sjukepleiar og psykiater.
Sistnevnde hadde faktisk ein liten sofa på kontoret, men den var alt for kort til å ligge på, til og med for meg som er berre "fun-sized" med heile 160cm.
Ein bieffekt av kognitiv terapi er at du finn nye og bedre
 (og morsammare) tolkningar av situasjonen din.
Eg har hatt og har fortsatt, god utbytte av samtaleterapi.
Sist i går.
Me hadde blant anna evaluering av terapitilbudet på dagsordenen, og teraputen min og eg kom fram til at opplegget fungerar bra og skal fortsettes.

Sidan samtaleterapi for min del skjer i gjennomsnitt kvar tredje veke, er det god plass for annan type terapi i mellomtida.
Og det er da triatlontrening kjem inn!
Med ein halvironmankonkurranse som mål i juli, så kjem eg meg lettare ut av sofaen for å løpe eller sykle, sjølv om kroppen og hovudet føler for å synke saman i sofaen med eit halvsløvt blikk, for trøtt til å gjera noko, og for sliten til å sova.
Påminnelsar i nærområdet som minner meg
på at eg skal til Haugesund til sommaren!.
I går på ettermiddagen hadde eg det akkurat slik.
Etter eit par timar foran TVen og PCen, tilsynelatande "avslappande" med litt mat og te, så ville ikkje hovudet gje ro. "Huff, så sliten eg er, eg trur eg tek meg ein løpetur." tenkte eg.
YES!
Det er akkurat denne typen tankar eg håpar å få når eg er sliten. Som alternativ til "Huff eg er så sliten og orkar ingenting."
Eg var klok nok til å la Lukas vera heime.
Ein ting er løpesko og frisk luft og vårsol, ein annan ting er å dra 38kg muskelpakka stahet med meg på tur, når alt eg treng er å skru av hovudet og la beina gjera jobben.
La beina gjera jobben. Her med gode gamle Nimbus
(jepp, det går an å løpe i gamle løpesko),
Det tok meg snaue 10min, så kjente eg at dette var det beste eg kunne ha funne på.
Trøttheten blei igjen i leiligheten (saman med ein lettare oppgitt men fortsatt håpefull Lukas), hovudet slo seg av og beina tok over.
Ikkje at løpeturen var lett.
Ein kan og bør ikkje skille mellom kropp og sinn. Dei heng saman.
Med eit sliten hovud kan ein neppe forvente seg at kroppen yter på sitt beste.
Men av og til når hovudet har overload, så kan det hende at beina har den energien som trengst.

Med eit slitent hovud følgjer gjerne med stressmage og tilhøyrande oppblåsthet, så det var ikkje vanskeleg å velge meg den største treningstoppen eg hadde liggande for å skjule ballongmagen. Med "Tvedestrand triatlon" på brystet vakte dette gode minner til eit fint triatlonår i 2008, og vips, så hadde eg nokre positive bilder foran øyne.

Tvedestand Triatlon 2008. Min første utetriatlon.
Første kvinne opp av vatnet og annan plass til slutt.
Gode minner!
Og sjekk den solide hjelmen! Den har eg faktisk fortsatt ;)
Gode triatlonminner samanblanda med eit vårleg landskap og småhumpete grus, motvind og stigning langs elva gjorde susen.
Hovudet slo seg villeg av, og beina gjorde jobben sin.
Musikk på øyra som gav takten.
Beina som fylgde etter.
Hovudet gav ein liten beskjed: "Spring 5km så fort du kan utan å gå tom, og resten blir som den blir."
Ok.
Mottatt.
Med treningsapp som fartshaldar og riktig musikk gjekk det som smurt.
Ikkje at eg sprang spesielt fort.
Men det gjorde ikkje noko.
Vårstemning = oversvømming.
Eg kosa meg.
Beina gjorde jobben og hovudet fekk seg ein velfortent pause.
Motbakken heim att bruka eg til å få ned pulsen og ta innover meg landskapet, den fine vårstemning, fuglesong og utsikt mot vatnet og fjellet. Samt blomar langs vegen og lyden av mine urgamle men høgt elska ASICS nimbus mot nyfeidd asfalt.
I mykje bedre humør etter løpeturen -
plukka til og med blomar på veg heim!
Herleg.
Hjernekjemien min kom seg i balanse og dermed kunne hovudet etterkvart trygt slås på igjen.
Det høyrer med til historia at Lukas også fekk seg ein luftetur seinare den dagen.
Og som eg sat pris på at go'gutten drog meg opp dei bratte bakkane da!

Det trengst ingen formell evaluering for å fastslå at denne form for triatlonterapi fungerar godt for meg, og at eg skal fortsette med dette framover.
Vedtatt.
Og Lukas ventar tolmodig på tur...

2 kommentarer:

  1. Jeg liker så godt å lese det du skriver på bloggen. Det er nesten litt så jeg kjenner meg igjen i det du skriver. Så på en måte så blir dette nesten litt som "terapi" for meg :)
    Og jeg kjenner også at trening ofte kan virke som "medisin" for meg. Hvis det ikke blir det motsatte (som det av og til/ofte kan bli) at jeg føler at jeg må trene, for da er det ikke gøy..

    Ha en fin helg Imke! Og takk for at du deler disse tankene med oss :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Guro der var veldig koseleg å høyre at du likar å lese det eg skriv.
      Eg prøvar meir og meir å trene lystbetont, og spesielt med tanke på koma i betre humør, heller tenke på prestasjon og mål.

      Ja trening er medisin, absolutt.
      Det har også forskning vist.
      Men det får koma i eit anna innlegg ;)

      Ha ei riktig fin helg du også!

      Slett