På min siste løpetur, sist fredag, så prøva eg å halde hodet kaldt.
Det funka ikkje.
Så då kan eg jo heller prøve å haldet hodet varmt.
Så nå har eg funne fram bilder av luer eg har laga.
Lett var det ikkje å bla gjennom hundrevis av bilder, men til slutt så fann eg i alle fall fleire fargevariantar av ein av yndlingsmodellane mine.
For moro skyld har eg kalla den "Equinox", noko som betyr at natt og dag er like lang, og dette skjer på haust- og vårjamndøger, altså rundt 20.marks og 22.september.
Det er nemleg rundt denne tid at lua eigner seg best til bruk - det er ei haust- og vårlue, rett og slett.
Luen er baggy i fasongen, og hekla med halvstavar.
Den sit godt inntil hodet, men utvidar seg etter bruk.
Garnet er frå Viking of Norway og heitar Bjørk. Det består av 90% bomull og 10% merino og er supermjuk mot huden. Til og med eg greiar å ha den rett på utan å klø!
Garnet er superwashbehandla, dvs at lua kan vaskast i maskin, med ullvaskemiddel på 40gradar (men utan skyllemiddel!). Det finst i mange fine fargar:
Den lilla farga lua er den første eg laga, og så laga ein blå variant:
Lua er kjempegod når det er er litt småkjøleg om hausten og våren, eller når ein er i aktivitet om vinteren.
Pga merinoulla i garnet held lua litt fuktighet unna (rein bomull ville suge til seg fukt og bli våt).
Det som er fint med baggy luer er at ein kan dra dei langt nedover ørene, eller lenger opp, alt ettersom om ein treng å halde hodet kaldt eller varmt ;)
Denne lua er min absolutt favoritt, men til vinterbruk er den kanskje litt tynn, så eg vurderar å lage ein variant som er fôra med fleece.
I stil med både sykkel og yndlingsbukse måtte eg lage meg ei lue i svart og oransj:
Sjølv om eg ikkje er så glad i svart og oransj, så er akkurat denne lua bitt den absolutte favoritten min.
Eg elskar den, rett og slett!
Lua falt viss i smak hos andre også, for plutseleg så fekk eg bestilling av heile tre luer via venner av meg.
Men eg er ganske treg til å lage luer på bestilling, så blir det salg av luer etterkvart, så blir det salg av eksisterande luer (og det finst det faktisk nokre av).
Enn så lenge kosar eg eg med å lage luer akkurat som det fallar meg inn - innfallsmetoden er nemleg ikkje berre nyttig i off-seasontrening, men også når det gjeld lueproduksjon!
wow! Og jeg digget umiddelbart den sorte og oransje ;-)
SvarSlettTakk!
SlettJa det ser ut som den oransje har noko for seg. Den er min favoritt også :)
Ååå, så kuule!!!! Dritstilige faktisk! Og så så mange du har laget! Kan godt forstå at du har fått bestilling på de der, for de var jo kjempefine! :D
SvarSlettKult navn også foressten. Og takk for god info om garnet. Tror jeg må prøve meg på en sånn lue, i hekling denne gangen istedet for strikking.
Hvor mange masker har du heklet med?
Takk for det Guro!
SlettGarnet synst eg berre er utruleg godt å hekle med, strikka er det sikkert fint også.
Når det gjeld antall masker, så ligg antallet til slutt rundt 90.
Men eg begynner lua i toppen, legg opp 10m, aukar kvar omgang 10m,
dvs
10m
20m
30m
40m
osv
til det er 80, ein omgang utan auke, så 90m.
Men det kjem an på kor fast du heklar da, eg brukar nål nr 3,5.
Du kan jo måle på omgang med 80m kor stor omkretsen blir.
Hekla luer er ikkje så elastiske som strikka, men med det tynne garnet og så mange masker så blir lua litt elastisk. Og den utvidar seg ved bruk ein god del.
Så heklar du berre nedover så lang som du vil ha lua.
Ganske enkelt :)
(Beklagar seint svar, håpar at du ikkje sat der klart med heklenål og garn og skulle starte...o_o )
Jahajaa... Så smart da, å starte i toppen og så "vie den ut etter behov".
SlettLitt usikker på hvordan jeg øker masker i hekling, tror ikke jeg har gjort det før... Men det kan vel ikke være så vanskelig (?)
Hihi, nei jeg satt ikke "på vent", men hadde satt på varsling, så jeg fikk med meg svaret ditt :)
Bare ta den tiden du trenger du, jeg får det med meg til slutt! ;)
Tror absolutt jeg må prøve meg på disse luene, ja!
Takk for svar :)
Bra! Kjekt med kommentarvarsling, det brukar eg også.
SlettNår du aukar masker ved hekling, så hekler du to masker i éi maske.
Altså
1.omg: 10m
2.omg: hekle 1m, hekle 2m i éi maske (=20m)
3.omg: hekle 2m, hekle 2m i éi maske (=30m)
4.omg: hekle 3m, hekle 2m i éi maske (=40m)
osv.
Det er ein veldig vanleg måte å hekle luer på, så framgangsmåten er beskrive mange stadar på nettet også.
Du kan også auke akkurat der du vil, men det blir fort ujamnt.
Du får det nok til!
Er spent på kva du kjem til å lage da! :)
Okey. Hehe, ja det er jeg også spent på, hvordan resultatet blir mener jeg ;)
SlettJeg har jo aldri heklet en lue før, så det viste jeg ikke at var måten man gjorde på. Takk, nå vet jeg dét! :)
Wish me luck!
Lyyyyyyykke til!!
Slett(eg visste heller ikkje at ein heklar luar på den måten - begynte først nedanfrå, slik som med strikka luer - men den oppleggskanten blir ganske uelastisk og litt hard og ubehageleg, så ovanfrå-ned er heilt topp)
Kos deg! :)
Så flott å ha en slik hobby. Vil tro du kobler helt av da. de er veldig fine - både du og Guro er superflinke!
SvarSlettTakk Janne!
SlettJa det er ikkje så dumt å ha noko å halde på med, og eg har sånn fargedilla, slik at det er kjekt å få utløp for det ved å lage fine ting i fine fargar.
Ja Guro er så flink ho altså, blir veldig inspirert av det ho lagar.