27. november 2013

♫ "Jeg syklet tur i skogen, og søkte skogens ro." ♫

Det går fortsatt an å sykle!
Akkurat idag var det jo faktisk heile sju varmegradar og opphaldsvêr, men også siste veka då det var kuldegradar, så tok eg meg ein sykkeltur i skogen.

Spesielt etter at den nye Hardrocx'en har kome i huset mitt så blir eg heile tida frista til å sykle, for sykkelen er så mykje lettare enn den gamle.
Både med tanke på vekt, men også sidan alle delar er fortsatt nye og velsmurte.
Eg elskar rett og slett å sykle med den!
Med den låge vintersola gjennom trærne var det ein kjempefin stemming i skogen.
Stiane var tørre, og det var berre delvis is.
Det er ikkje farleg med isete partier på stien, ein må berre passe på at ein ikkje bremser, svinger eller tråkkar.
Berre la sykkelen trille over ;)
Eg må ha sykla gjennom halvfrosen mose, for då eg kom opp på toppen av ein lang bakke, då var det is på felgen. Kjekt at eg fann ut, for med felgbremsar er det viktig å bli kvitt isen før ein set utfor igjen.
Ellers er jo bremseeffekten minimal...
Is på felgen! 
Det er ganske effektiv kondis- og styrketrening å sykle i terrenget. Spesielt med lange mot- og utforbakkar slik som der eg sykla.
Blir stien for bratt, er det jo god trening å dytte sykkelen. Eller bære den.
Terrengsykling kan bli trening for heile kroppen!
Pussig at motbakkar aldri ser bratte ut på bilder...
Stort sett gjekk det an å sykle både oppover og nedover. Og måtte eg av sykkelen, så bar eg den vidare. Det er god trening det også.
Ellers er læringskurva mi for stisykling også ganske bratt, for der eg tidlegare ikkje turde å sykle, kan eg nå med riktig teknikk koma meg heilskinna ned.
Eller opp.

Eg er så glad for at eg investerte i ny sykkel altså!
Har blitt skikkeleg glad i den!
Den nye Hardrocx'en min, aka "Black Beauty"
"Black Beauty" er jo ikkje berre svart, og med litt oransj på ramma så passar den perfekt inn i haustskogen:
Heile økta varte berre i ein knapp time, men jaggu er det effektiv trening, eg trur eg var bort i alle fem treningssoner!
Eg heldt også varmen godt,  heilt til sola var i ferd med å gå ned, for då droppa temperaturen fort.
Tærne mine var iskalde då eg kom meg heim!

Sjølv om eg gledar meg til snøen kjem, så synst eg det er HEILT TOPP at det fortsett er bart i skogen.
Hurra for haustsykling!
Kan ikkje motstå så fine forhold altså..

9 kommentarer:

  1. Det med at motbakker ikke ser flate ut på bilder sliter jeg også med, uansett hvor avskrekkende bakker jeg fotograferer og briefer med ser de bare ut som småhumper. Hva er det med det?? Superfin sykkeltur btw. Det lenger snøen holder seg borte og skogen er åpen - the better. Skifolket får bare smøre seg med tålmodighet!

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp. Snøen kjem uansett, den, så eg nyt det mens det er bart.
      Kanskje finst det seminarar i fotografering av motbakkar? "Hvordan fotografere motbakker slik at de ser ut akkurat så bratte som de er"?

      Eg gløymde å legge ut bilde av høgdeprofilen. Då kjem i alle fall bakkane fram :P

      Slett
  2. Du sier til meg at jeg er så flink til å trene styrke? Vel, da er du ihvertfall MINST like flink til å sykle utendørs, både i terreng, skog og på flata! I tillegg til alt det andre du får trent, som løping, fjellturer (og kanskje tom. litt svømming innedørs?) :)
    Du får det til å virke så gøy til å drive med terreng/skogsykling når du skriver og viser bilder fra turene dine. Nesten sånn at jeg får lyst til å finne frem sykkelen selv, til tross for stygt vær om dagen ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det har faktisk snike seg inn den første svømmeøkte for to veker sida - den har berre forblitt ublogga, sidan den var så hendelseslaus liksom :D

      Ja me har vel våre styrkar og yndlingsaktivitetar?
      Eg blir i alle fall inspirert av alle dine styrketreningsøkter, sjølv om min eigen styrketreningsaktivitet er heller laber for tida.

      Ja veit du, sykling i skogen ER GØY!
      Det er spennande med mange røter og stein, det er ingen bilar (og her er det lite turfolk også), litt fart og spenning, høg puls, roleg puls...
      Heilt nydeleg!
      Etter å ha lest kommentaren måtte eg berre ut ein tur på sykkelen igjen - kosar meg skikkeleg da!

      Slett
    2. Hihi, så bra! Da har jeg på en måte "motivert" deg til å sykle enda mere da ;)
      Og ja, du motiverer iallefall meg med den type trening du driver med. Altså :)

      Slett
  3. Høres ut som en deilig økt! Og Black Beauty er rett og slett BEAUTIFUL:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jaaaa ikkje sant?
      Eg har blitt så glad i denne sykkelen etter berre to månader, den er så mykje lettare enn den gamle, og så velsmurt og velfungerande og blank og fin.
      Som ein liten villig ponnie å ta ut på tur altså :)

      Slett
  4. Hard Rocx er skikkelige saker. Min kjøpte jeg for 2 år siden og har hatt mye glede av den.

    http://www.hardrocx.no/wp-content/uploads/2013/02/C4.jpg

    Håper du får mange fine turer med din.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det!
      Oi, sykkelen såg ut som ein skikkeleg spreking!
      Den er nok litt raskare enn min (eg ser at det er ein "Crossmachine" mens min er "Shockmachine".

      Hardrocx lagar så gode syklar!
      Den første Hardrocxen min (gamal 2002-modell av den som eg har nå) skal eg restaurere til våren, for eg har etter 10år ikkje trengt å fikse meir på den enn byte skjerm og bremseklossar.
      Og den har vore med på konkurransar og berre punktert EIN GONG!! Så det er kvalitet.

      Håpar du får mange gode turar med sykkelen din også!

      Slett