18. desember 2013

Congratulations!

"Your entry into the IRONMAN 70.3 Norway 2014 has now been confirmed."

Need I say more?
"Ops I did it again?"


Eg kunne ikkje heilt la vera å melde meg på til IM 70.3 Haugesund/Norway 2014 - igjen - 
Det blir faktisk tredje gong på råd.

Og det bli første gong at eg blir med på ein konkurranse tre gonger på rad (kanskje bortsett frå Bø Sprinten tilbake i 2007-2009, men distansen og løypa blei forandra frå år til år, så det var aldri heilt det same).

Eg kan ikkje sei at eg er spesielt motivert mtp trening akkurat nå, men eg veit at dette kjem - og uansett, så har eg funne ut at ein ikkje treng å vera motivert heile tida, ein kan trene også når ein er umotivert og giddalaus.

Det hadde jo vore hyggeleg om eg hadde meldt meg på på sjølve joleftan, men for berre for eit par-tre veker sida var det berre 150 plassar igjen i Haugesund.
Dessutan har eg pengar .

Ein annan viktig grunn for å vera med igjen var at eg også funne ut at eg treng ein konkurranse for å halde treninga igang. Eg har veldig godt av regelessig, uthaldenhetsbasert trening, sånn mentalhelse-messig.
Og helsemessig ellers også.
Men eg er i grunnen ganske lat av meg, så utan eit mål så trur eg kanskje at eg hadde berre subba rundt og jogga utan mål og meining. Eg treng eit mål å  trene imot, og det MÅ vera ein distanse eg kan skryte av etterpå, og som eg ikkje berre kan fullføre på ein god dag.
Dette var frå første gongen i Haugesund, 2012.
Eg likar at det skal litt til for å koma i mål, og eg likar utfordringar.
Dessutan er det ein heil del andre utfordringar knytta til Haugesund, som ikkje har med trening og uthaldenhet å gjera. Og desse utfordringane er minst like vanskelege, men også nyttige.
Så er det mange kjente som skal vera med i 2014, og det likar eg!
Det skal bli godt med eit mål for treninga!
(Dette var frå 2013)
Akkurat nå er eg veldig i vintermodus.
Men motivasjonen for triatlontrening kjem nok, det veit eg.
Etter vinteren.
Eg ser fram til det.
Og til treningsplanlegginga. Det kosar eg meg med.
Til 2014 blir det nok ein blanding av Dave Scott og Joe Friel sine treningsmetodar.
Pluss mine eigne.
Så det blir spennande.

Nå kjenner eg at eg gledar meg alt nå likevel.
BRA :) :) :) 
Enn så lenge, litt vinterleg idyll frå Vest-Telemark.

7 kommentarer:

  1. Joe Friel har gode treningsmetoder. Jeg bruker mye av opplegget han er talsmann for. Lykke til i Haugesund

    SvarSlett
  2. Takk!
    Ja eg har veldig sans for Joe Friel. Samtidig så er det eit par treningsøkter frå Dave Scotts treningsprogram som eg likte godt (løpeintervall bla.), så dei skal eg også bruke igjen.
    Det blir spennande!

    SvarSlett
  3. Heiiiii! da ble det slik da! herlig! nå får jeg endelig treffe deg. Jeg ble selvsagt nysgjerrig når du sier at det er HELT andre utfordringer rundt konkurransen i Haugesund, enn treningen selv.....HVA er det?? at løypa er spes? og så må jeg spørre; nå i disse dager, så lenge i forkant, hvordan trener du? jeg trener bare 2 dager i uka....kommer liksom ikke i gang, men føler samtidig at jeg ikke har dårlig tid. Har du lange økter allerede nå? Joel Fril som nevnes over her må jeg Google. jeg har ikke råd til egen PT rundt oppkjøringa, så jeg er så veldig i tvil om de rette programmene. ....

    SvarSlett
    Svar
    1. Jaaaa det blir spennande å treffe deg også! Det var faktisk noko av motivasjonen å bli med igjen - i tillegg at det fleire frå klubben min blir med - samtidig som ingen av mine faste triatlonvenner er med.
      Så er det jo artig å samanlikne treninga undervegs. Tippar at me legg det opp ganske forskjellig, men kven veit?
      Dei andre utfordringane treng du ikkje tenke på. Dei har ingen ting med konkurransen å gjera, men med organiseringa rundt det heile. Sette bort Lukas (han er jo BARNET mitt, ikkje sant?), spare pengar til tur og opphald (det skal planleggast litt faktisk), så tolte eg veldig dårleg bussturen (eg blir voldsamt bilsjuk - og så fekk eg eit angstanfall i tillegg, og dette satt i kroppen i fleire dagar før konkurransedagen:/ - det kom brått på meg, for eg pleier ikkje å få slike eller berre veldig sjeldan - så alt det der er mine personlege helsegreier som kjem i tillegg).

      Eg har såvidt to løpeøkter i veka, er eg tilbakelegg 5-6km på sånn ca 50min - hahaha ja det er ikkje snakk om trening - eg luftar Lukas og meg sjølv og er for "lat" til å GÅ.
      Eg skal begynne med styrke igjen nå, ellers tenker eg ikkje triatlontrening enda.
      Planen er å lage meg ein treningsplan (Joe Friel - du får nok lånt alle bøkene hans på bibliotek rundt omkring, dvs frå idrettshøgskolen f.eks, da kan du finne ut om det er noko for deg) i løpet av januar, og så kome i gang med strukturert trening i begynnelsen av mars.
      Før dette blir det innfallsmetoden og "moro med snø"-opplegg ;)

      Slett
  4. Hei igjen!
    Phu...puster lettet ut. da henger jeg ikke så ille langt bak. Ja, planlegging av denne turen er et kapittel for seg selv. jeg jobber allerede nå med barnevakt, logistikk, hvem jeg skal kjøre med, skal jeg ta fly tilbake igjen...etc etc.... det blir IKKE billig, bare hotellet er jo superdyrt. Men men...bra helseinvestering vel? :) Min sønn skal på håndballcup i Sverige, så jeg drar rett derfra og til Haugesund. Vurderer også om jeg skal delta på sprint siste helgen i juni (Østfold Tri) - bare for å ha tatt en bra "økt" uka før. VELDIG usikker. Livredd for å bli skadet/utbrent i forkant. Kommer til å følge deg med argusøyne fremover. Du har så god erfaring, og jeg lærer mye av deg. Takk:)

    SvarSlett
  5. Anonym6/1/14

    Bra med målet ditt og lykke til med det! Har erfart akkurat det samme med å holde hjulene i gang og være engasjert mot et mål, det er viktig for det meste. Så ser jeg frem til å lese om opp- og nedturerene underveis til målet.

    Håper å komme i gang med triatlon selv dette året og delta på en halv eller kvart distanse.

    God mandag!

    SvarSlett