Her er det TIMEX som brukar sitatet, men når ein googler sitatet, så er det brukt massevis iforskjellige samanhengar.
Bak dette sitatet står Jim Ryun, tidlegare løpar og politikar, som har skrive bøker om motivasjon, kvardagsheltar og løping.
Eg synst vel eigentleg at det er eit bra sitat, eller motto.
Det som eg har tenkt litt over i det siste, er jo kvifor det er så vanskeleg for mange å oppretthalde ein gode styrketreningsrutine. "Mange" inkluderar meg sjølv.
For meg så har treninga dette året vore veldig variert. Først pga leddbandskaden i kneet, der eg måtte først la skaden gro til eit nivå der kneet gjekk an å bruke, og så var det flyttesjauen i sommar etter ein ein strevsam vår med terapi.
Då ramla gode treningsrutiner litt i bakgrunnen.
Men dette har eg jo tenkt å gjera noko med!
Og nå, i den såkalla "prep-fasen" som det er for meg, så er det plass til å prøve ut forskjellige treningsrutiner, samt å belyse kva det er som gjer at eg er motivert, kva som dempar motivasjonen, kva er det som inspirerar, kva er det som funkar, er moro, gir god treningseffekt osv.
Treningsdagbok - om i papirform eller online - det er lurt å føre treningsdagbok. |
Og det er ikkje så dumt, det, både som oppslagsverk for den siste veka som var (eg har visst litt gullfiskhukommelse for tida - eg hugsar kva eg gjorde sånn i to-tre dagar, så er det borte), men også for seinare år.
Det er morsamt å lese i dei gamle treningsdagbøkene mine!
Så nå ser eg at eg dei to siste vekene har faktisk hatt heile tre løpeøkter i veka.
Hurra!!!
Dette lovar godt.
Gode gamle NIKE Pegasus! Og med knevarmar bretta ned - herleg å kunne springe i 3/4 løpetights! |
Eg har berre tenkt at: denne veka skal eg løpe tre gonger.
Og så har eg gjort det:
Veke 41:
Tysdag: løpt 9,5km
Fredag: løpt 7km
Søndag: løpt 7km
Veke 42:
Tysdag: løpt 6,5km
Torsdag: løpt 5,6km
Søndag: løpt 9,5km
dessutan så har eg hatt to styrkeøkter denne veka, måndag og laurdag.
"Dumbbell Rear Deltoid Raise" er ei øving som styrkar bakre skuldermuskelen. som eg gjer. |
Dessutan skal eg gjera styrketrening til ein god vane.
For då slepp eg kanskje å hente fram motivasjon kvar einaste gong?
Spennande...
Det ser ut som Lukas set pris på løpeturane han også! |
Jeg skriver treningsdagbok. Liker det utrolig godt. Jeg skriver ned mål, tanker og hvordan jeg trener. Jeg bruker bare en vanlig kladdebok. Den du har bilde av ser vldig fin ut. Hvor kommer den fra?
SvarSlettJøss så flink du er!
SvarSlettTidlegare skreiv eg stort sett ned "fakta" men dei siste åra gjekk det opp for meg at målet med trening/øktene er jo utruleg viktig.
Og at det er plass for kommentarar.
Eg har av den grunnen laga meg ein eigen treningsbokmal i EXCEL, som eg printar ut.
Den på bildet stammar frå Velopress "The Cyclist's Diary" av Joe Friel, same forfattaren som "The Triathlete's Training Bible".
I "triatlonbibelen" som eg har heime er det printa same ark som ovanfor, slik at ein kan kopiere dei.
Men dei ferdiglaga kostar berre rundt 10£ på Wiggles, og har i tillegg masse plass til annan formasjon, målsetting, besttider, pulssoner osv.
Sjølv om dei er berekna for syklistar/triatletar, så er dei fullt brukelege for all slags trening, vil eg tru.
Hm nå fekk eg utruleg lyst på ein sånn eg :)
Takk for svar! Jeg skal sjekke om jeg finner boka et annet sted enn Wiggles. Har veldig dårlig erfaring med å bestille derfra. :-(
SvarSlettBerre hyggeleg :)
SvarSlettHar du dårleg erfaring med Wiggles?
Så leit å høyre, eg bestiller ein god del derifrå (men alt under 200kr så eg slepp moms) og det har gått bra så langt, men det kan vel alltids skje noko tull med nettbutikkar uanset..
Dei har boka også på THE BOOKDEPOSITORY, der har eg bestilt fleire bøker sjølv (den siste nå nyleg), dei sender fraktfritt, frå UK: (http://www.bookdepository.com/Cyclists-Training-Diary-Joe-Friel/9781934030080)
Berre eit tips :)