- Stimulation of the mind or emotions to a high level of feeling or activity.
- The condition of being so stimulated.
- An agency, such as a person or work of art, that moves the intellect or emotions or prompts action or invention.
- Something, such as a sudden creative act or idea, that is inspired.
- The quality of inspiring or exalting: a painting full of inspiration.
- Divine guidance or influence exerted directly on the mind and soul of humankind.
- The act of drawing in, especially the inhalation of air into the lungs.
Eller så ville eg omformulert det til: "Stimulation of the mind or emotions to a higher level og feeling or activity."
Etter at eg følgde med på live-sendinga frå Ironman World Championship (som forresten ikkje var første gong det blei sendt, som eg skreiv i forrige innlegg), blei eg utruleg inspirert!
Der var det superstemning heilt til den siste deltakaren kom i mål.
Det er nesten som om stemninga blir berre bedre og bedre når midnatt nærmar seg.
På ein full ironmandistanse der det er cut-off tid på 17timar, så har jo dei deltakarane som kjem i mål til slutt halde ut i mange mange fleire timar enn dei "raske".
Og det er så tøft. At det blir laga fest for desse. Det er ingen skam å bruke lang tid på å koma i mål.
Siste deltakar i år var Harriet Anderson, 77 år:
Klikk på bildet, så kjem du til sida der du kan sjå Harriet Anderson koma i mål. |
Ute var det riktignok skikkeleg haustvêr, masse vind og litt yr iblanda snø, men då eg først hadde kome meg ut, var det mindre ufyseleg enn det hadde sett ut gjennom vinduet.
Det er skikkeleg haust! |
Der er det ly for vind, og i skogen så synst eg uansett ikkje at det gjer så mykje om det er litt "dårleg" vêr. Dessutan var eg godt kledd.
Dagsformen var heilt ok, motbbakken var som forventa litt tung, men det kjendest overkomeleg, og Lukas fekk springe fritt, og det er deileg, og då eg såg på klokka på toppen hadde eg brukt ca 28 minuttar, og det er berre nokre få minuttar lengre enn om eg hadde sykla opp.
Joda, beina var ganske sterke i dag, ja :D |
Eg skal halde meg på grusvegen neste gong, |
Og han var så fornøydd!
Lukas kosar seg med elgbein. |
Bein er ganske tungfordøyeleg, og Lukas har følsam mage, så det fekk vera nok med ein liten smakebit.
Vidare på løpetur. |
Lukas krølla seg saman på sofaen nesten med det same.
Av og til er det jo ikkje nødvendigvis følelsen på sjølve løpeturen som er god, men dusjen og maten og avslappinga etterpå. Men dette kjem jo litt an på type treningsøkt.
Harde intervall på banen set jo gjerne ein stoppar for matlysten ei stund, men ein roleg løpetur i ruskevêr inviterar jo til te og mat og stearinlys og avslapning etterpå!
Blant venner fekk eg seinare høyre om fleire "tilfelle" av spontan inspirasjon og etterfølgande aktivitet etter Ironman Hawaii.
Kult!
Skal prøve maraton på Hawaii først. Du kan jo alltid dra for å løpe/svømme/sykle ironman der! JEg fikk inspirasjon fra ditt innlegg...til å ta Felix på lang tur i morgen. Det ser ut som dere har det kjempebra sammen!
SvarSlettNår det gujelder inspirasjon. Som barn og ungdom trente jeg svømming og hver gang jeg ser på svømmekonkuranse på TV så har jeg lyst å gå til svømmehalen. Det blir liksomt igjen i meg!
Ja nokre ting blir alltid i minne..
SvarSlettEg får lyst til å svømme når eg luktar klor. Så det må vera noko spesielt med svømminga også, når ein har drive med det som barn, trur eg.
Å så bra at du vil ta med Felix! Eg hugsar at du skreiv om at han, som Lukas, skulle liksom stoppe overalt og snuse og tisse og så måtte han dras vidare - og DET kan vera skikkeleg tolmodighetsprøve, det.
Ein ting som eg gjer når eg har med Lukas, er at eg GÅR i 10min først, både for å varme opp meg sjølv, og for at han skal få anledning til å gå på do.
(Så har eg bedre samvet etterpå til å slepe han med meg :D)
Dessutan har eg begynt å bruke sykkelhansker med lange fingre, dei har så godt grep rundt lina hans når eg må dra han med meg.
Så tenker eg virkeleg på at om han drar så mykje og eg må dra han, så blir eg jo sterkare av dette eg også.
Men i det siste så har han virkeleg blitt flinkare, spes. den siste halvtimen, då travar han fint og har begynt med "temposnusing" dvs han får litt line slik at han i full fart kan snuse med seg gode luktar mens me spring.
Og eg prøver å kose meg med han, han gjer jo også at eg føler meg trygg nå ute på kvelden når det er mørkt.
Lykke til på tur i morgo!! :)
Fy søren den dama var tøff! Ikke alle forunt å være i så god form når en nærmer seg de 80... Så flott at du ble inspirert til ut å løpe av å se på konkurransen! Løping med hund er for meg et nytt og ukjent tema. Gleder meg til jeg skal ut å løpe med hunden vår. Den er bare 6 mnd. Jeg tjuvstarta litt i dag, en rolig joggetur på 20 min. Vi løp i skogen så han løp fritt hele tiden. Jeg hadde ikke stor fart, da jeg ikke ville presse han. Det var så fint! Jeg har egentlig lyst til å vente enda lengre med å løpe med han, men så har jeg observert at han løper stort sett hele tiden når vi går i skogen likevel. Men det blir jo selvsagt flere pauser for han når jeg går. Så jeg skal være tålmodig og vente ei stund til. Ser frem til mange år med skogsløpeturer sammen med han :)
SvarSlettJa eg synst den dama var så tøff.
SvarSlettDet er mange inspirerande deltakarar på langdistansetriatlon, tenk om me hadde visst historiene bak?
Løping med hund er både moro og utfordrande, synst eg. Det kan vera lurt å ta det forsiktig i starten, som du gjorde. Og så å løpe i band er jo ikkje like morsamt i starten. Alle dei gode luktene langs vegen som dei ikkje får lov til å undersøke...
Med Binna var det enkelt etterkvart, ho begynte å sette pris på å springe, og blei utruleg sprek i hennes tempo, også då ho var 11år.
Lukas nå synst nok at det er kjedeleg i starten, men eg kjenner meir og meir at han begynner å like å løpe.
Det beste er jo om hundane kan springe fritt, då er det jo berre moro for hunden og eigaren.
Så nydeleg med 6mnd gamal valp, nå såg eg bilde også på bloggen din, Så fin han er :)
Flink du er som tek han med. Underlaget i skogen er jo snilt for valpebein, og 20min i roleg tempo er ein god start.
Ein flat er glad i å løpe, så då får du deg ein trofast venn på dine turar framover :)
Eg va i alle fall av dei som blei spontant inspirert av IM Hawaii!! :-)
SvarSlettHausten æ fanstastisk, klar god luft - fantastiske fargar! Hera gjekk det brått frå haust te rein vet, og no tebake te veldig våt haust att... Mæn fremdeles varmt inspirert te springe, og drømme - om værdsmesterskapet på Hawaii!! :-)
Så bra Marie :)
SvarSlettJa eg høyrde rykte om tidleg sno, men så blei den borte atte?
No om hausten må me jo vera klare for det meste og gjera det beste ut av det.
Hmmm bra at inspirasjonen hjå deg framleis er levande! --> same her!
Drømmen om Hawaii kan me vel gjerne halde levans lenge - då gjeng me aldri tom for energi te å springe ;)
Og fint er det :)